Kategoriarkiv: Tradisjonar

Lilla advent

Dei fleste av oss har eit forhold til adventen, som er dei fire siste vekene før jula kjem. For meg har desse vekene alltid vore lilla, sjølv no når jula og raudfargen kryp fram i butikkane og heimane i oktober-november allereie. I år har eg gått til innkjøp av ein ny lilla løpar, eg har hengt opp adventskrans og så brukar eg ei lilla veske.

Bilete av ein adventskrans på ei dør.
Advent: Ei lilla tid

Sjølve bakgrunnen

Midt i julestria er det enkelt å mista sjølve årsaka til pyntinga og lysa av syne, men jul og advent er først og fremst ein kristen tradisjon (ja, eg veit at sjølve lysfesten er ein heidensk tradisjon, men i dag skal me sjå på adventen og kristendomen). Ordet «advent» kjem frå det latinske uttrykket «adventus» som tyder tilkomst. Eigentleg er det ein kortversjon av uttrykket «adventus Christi» som tyder «Kristi tilkomst». Me ventar altså på Jesus-barnet.

Lilla og faste

I den norske tradisjonen er første søndag i advent den første dagen i kyrkjeåret, men i andre kyrkjetradisjonar er det andre skikkar og tider som vert rekna som advent.

Grunnen til at lilla er adventsfargen er at det er den liturgiske botsfargen. I mange tradisjonar er nemleg adventen ei bots- og fastetid. For meg personleg vert det lite fasting i denne perioden, og heller ikkje mykje botsarbeid. Det vert i staden overeting og panikkhandling av ynskte og uynskte gjenstandar til folka rundt meg. Likevel pyntar eg opp med lilla. Eg har for så vidt mitt på det reine for fasting og botsarbeid er heller ikkje noko det vert lagt vekt på i den protestantiske tradisjonen generelt.

Bilete av ein solnedgong over eit snøkledd fjell (Sogndalsdalen) og av eit snøkledd fjell som speglar seg i Sognefjorden.
Advent: Ei vakker tid

Ein fin tanke

Bakgrunnen til adventsstaken er litt uklår, men ei myte, som eg tykkjer er fin å tenkja på, seier at ei kvinne starta tradisjonen då ho ville laga ein kalender til ein funksjonshemma son som gledde seg til jul.

Heilt til slutt

Uansett korleis du markerer denne tida før jul, så ynskjer eg deg ei fantastisk førjulstid! Eg vert, som vanleg, glad dersom du trykkjer på like- eller deleknappen under, eller legg att ein kommentar til meg. Eg set stor pris på at du var innom her i dag.

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

Kjelde: WIkipedia

 

Ord på m …

Har du nokon gong høyrt om månesjuke? Har du tenkt over kvifor det heiter måndag? Eller månad? Dagens innlegg tek føre seg ordet måne og korleis det har påverka utviklinga av språket vårt. (Veldig forenkla, altså, eg har ikkje tenkt å skriva noka bok om emnet).

Bilete av fullmånen som blant anna speglar seg i Sognefjorden.
Fullmånen den 27. oktober 2015

Som sagt, skal eg ta føre meg ord og språk, altså etymologien til ordet måne, og litt om avleiingar frå det. Månen er den einaste naturlege satelitten som går rundt jorda vår. Ordet me nyttar i dag stammar frå det norrøne ordet máni. Me måler tida vår etter månesyklusen. Ein månad er om lag like lang som ein månesyklus. Det faste uttrykket «i ny og ne» viser til månefasane. Så lenge månen veks, er han i ny-fasen, medan han står i ne-fasen når han minkar og vert mindre. Uttrykket tyder «av og til».

Måndagar og annan galskap

Måndag tyder eigentleg «månedag», og var fram til den 1. januar 1973 rekna som den andre dagen i veka i Noreg. Då vart det bestemt at kalendarsystemet skulle følgja arbeidsveka. Det er rart å tenkja på at det er såpass kort tid sidan søndagen vart flytta frå først til sist i veka her i landet, i mange andre land er søndagen framleis den første dagen i veka. Før eg oppdaga dette, tenkte eg at det var noko veldig rart med amerikanske kalendarar, der søndagen alltid stod først i veka.

Månesjuke er eit ord som i stor grad har gått ut or språket vårt. Det var eit ord som vart nytta om psykiske endringar knytte til månesyklusen som enkelte opplevde. Nyare forsking har hinta om at folk flest søv dårlegare under fullmånen, og at det difor er noko i fenomenet. På engelsk nyttar dei ordet lunacy som kjem av det latinske ordet for måne, nemleg luna.

Varulvar, påske og tidevatn

Mytologiens varulv er eit menneske som skifter ham tre dagar rundt fullmånen, og forvandlar seg då til ein ulv. Dei får ein unaturleg styrke og vert galne. Resten av månaden er dei heilt vanlege menneske.

Det er kanskje ikkje så rart at slike myter har oppstått, når ein tenkjer på kor mykje anna som vert påverka av månen. Kvar fullmåne og nymåne, til dømes, er det springflo og springfjøre. Det vil seia at vatnet er på sitt høgaste og lågaste når månen, sola og jorda står om lag på linje. Dette skjer kvar full- og nymåne.

Nippflo og nippfjøre oppstår ved halvmåne når kreftene til sola og månen på tidevatnet motverkar kvarandre. Då er floa på sitt lågaste og fjøra på sitt høgaste.

Påska vert også fastlagd etter månen. Det er difor ho endrar seg frå år til år. Påskedagen vert feira på den første søndagen etter den første fullmånen etter vårjamdøgn.

Ordet menstruasjon kjem frå det latinske ordet mensis og ordet menisk tyder faktiskt «liten (halv)måne».

Heilt til slutt

Takk for at du har lese bloggen min i dag! Eg håpar du lærte noko du ikkje visste frå før. Kjempeflott om du trykkjer på like- eller deleknappen, eller legg att ein kommentar under her. Elles håpar eg at du får ein flott dag vidare!

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

Kjelder: Store norske leksikon, Wikipedia og Norsk etymologisk ordbok av Yann de Caprona.

Eventyrleg oppskrift

I dagens innlegg vil eg atter ta føre meg eventyr. Du finn eit tidlegare innlegg om emnet her. Eventyr er noko dei aller fleste av oss har eit forhold til, og då kan det vera spennande å plukka det litt frå kvarandre. 

Bilete av ei gamal bok.
Eventyr

Å skriva noko som aldri har vore laga tidlegare

Det første me må gjera er å skilja mellom kunsteventyr og folkeeventyr. Skilnaden er enkel. Eit kunsteventyr har ein kjend forfattar (tek H.C. Andersen). Folkeeventyra er munnlege overleveringar som har vandra rundt i generasjonar. Opphavet til historia er ukjent. Eit døme på folkeeventyr er Askepott, som visstnok er funne i 360 ulike variantar. Dersom du lurer på å skriva eit eventyr, men er redd det ikkje vert originalt nok, kan eg fortelja deg med ein gong at du ikkje kjem til å laga ei forteljing som ikkje har vorte fortald tidlegare. Det er ikkje poenget heller, sjølv Shakespeare bygde tekstane sine på segner og forteljingar som var kjende frå før. Å skriva noko nytt handlar meir om måten du fortel det på enn på kva du faktisk fortel.

Tid og stad

Både kunsteventyr og folkeeventyr unngår som oftast å leggja vekt på tid og stad. «Det var ein gong i ein by langt, langt vekke …» osv. Det gjev teksten eit tidlaust preg og gjer at tematikken kan vera aktuell kva tid som helst, samstundes som du får ein distanse som gjer det meir generelt og mindre støytande.

Dersom du har ein sjef som held på å gjera deg tullete, kan eit tips vera å laga eit eventyr om situasjonen og håpa på at han/ho plukkar opp noko utan at du gjer det personleg. (Det er jo veeldig naturleg å fortelja sjefen sin eventyr …).

Det er alltid ein helt … eller ei heltinne …

Dersom du gjer det, må du hugsa å gjera deg sjølv til helten i historia. Det er nemleg alltid ein helt/ei heltinne i eit eventyr. Ofte er det slik at ingen av karakterane har namn (tenk Guten og trollet osv.), men me får alltid følgja reisa til ein spesiell karakter. Det er helten. Helten får ei oppgåve som må utførast, og på vegen møter han både hjelparar, motstandarar og hindringar. Motstandarane og hindringane skaper ubalanse i forteljinga, medan hjelparane prøver å gjenoppretta balansen. At helten får motstand, er viktig for å driva forteljinga framover, medan hjelparane er viktige for å gjenoppretta harmonien på slutten.

Eventyr i praksis

Om me går utifrå at du har tenkt å ta deg ei eventyrstund med sjefen din, er det du som er helten/heltinna, som får ei oppgåve du må løysa. Deretter legg du inn sjefen som motstandar (blant andre hindringar), du kan leggja inn kollegaer eller dine eigne, fantastiske eigenskapar som hjelparar, og så vinn du til slutt. Harmoni! Dette er jo oppskrifta som vert nytta i dei fleste Hollywood-filmane, så du står fritt til å modellera helten (deg sjølv) på Bruce Willis i Die Hard-filmane t.d.

Mange eventyr handlar nemleg om menneskelege relasjonar og kjensler. Til dømes dumskap, tilgjeving, å vera grisk, å vera raus osv. Det er jo tematikk ein kjem over overalt i dagleglivet.

Bilete av ulike fjell-lanskap.
Det finst nok av lanskap i Noreg som inspirerer til eventyr og forteljingar.

Oppskrift/hugseliste

  1. Vel deg ut ein helt/ei heltinne.
  2. Gje vedkomande ei oppgåve.
  3. Tenk ut hindringar og motstandarar.
  4. Tenk ut hjelparar, anten som personar eller eigenskapar (eller hendingar).
  5. Start forteljinga med «Det var ein gong …»
  6. Ta følgje med hovudpersonen, men gjer det gjennom ein tredjepersonsforteljar, slik at du skaper distanse til hendingane og karakterane.
  7. Såkalla magiske tal du kan nytta deg av er 3, 7, 9 og 12. Desse kan vera greie å smetta inn innimellom.
  8. Når du brukar slike tal, fører det ofte til gjentakingar av hendingar. Kanskje hovudpersonen mislukkast to av tre gonger på same oppgåva osv.
  9. Som med dei fleste andre tekstar, ynskjer du å kommunisera noko til tilhøyraren. I eit eventyr er det ofte snakk om ein moral: Ikkje gjer slik, men slik … Det er betre å vera slik enn slik … osv …

Heilt til slutt

Takk for at du var innom bloggen min i dag! Eg set stor pris på det! Dersom du tykte innlegget var nyttig eller inspirerande, er det flott om du trykkjer på like- eller deleknappen under, eller legg att ein kommentar til meg. Elles håpar eg du får ein fantastisk dag vidare!

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

Til gangs eller gagns og andre ting me seier feil

Det hender det går litt fort i svingane når ein skriv eller seier noko. I alle fall er det slik for meg. Det resulterer i at eg kan koma til å seia ting som ikkje heilt heng på greip.

Språket vårt er oppbygd av ein del faste uttrykk, og berre i innleiinga her brukte eg to stykkje. Når noko «går fort i svingane», vil det seia i overførd tyding at det er snakk om hastverksarbeid. Eg har ikkje teke meg god nok tid til å gjera skikkeleg arbeid. Eg tykkjer ikkje at det alltid er ein negativ ting, tidvis lyt ein gjera ting fort og gale, dersom alternativet er å ikkje gjera det i det heile.

Grep? Greip? Hæ?

At noko ikkje heng på greip, viser til at det ikkje er logisk, det gjev inga meining. Greip er ein reiskap nytta i bondeyrkjet, det liknar litt på ein (høy)gaffel, men har fleire taggar, og vert blant anna brukt til å skufla møk. Det som fell mellom taggane heng ikkje på greip. Om forklaringa di ikkje heng på greip, fell ho, i overførd tyding, mellom taggane for det som gjev meining.

Kammar og generalisering

Å «skjera alle over éin kam» er eit anna mykje nytta fast uttrykk. Dette er det mange som tullar litt med. Er det under kammen? Kva kam er det snakk om?

Det hjelper som regel å ha eit visst oversyn over kva opphavet til sjølve uttrykket er, då gjev det som regel litt meir meining. Som du ser på skrivemåten over, er det snakk om ein kam, som i eintal, ikkje artikkel. Uttrykket stammar frå tida før saksa, og viser til måten barberarane klypte håret til folk. Barberarane hadde truleg mange ulike kammar dei kunne nytta til ulike typar hår og til å etterkoma kundane sine ynskje. Éin einaste kam ville ikkje vera nok til å imøtekoma kvar kunde. Sveisen ville verta feil. I overførd tyding er det snakk om at ein ikkje kan døma alle utifrå dei same prinsippa, eller berre basert på nokre få stereotypar/fordomar. Unngå generalisering med andre ord.

Haustbilete av Sognefjorden, av skog og av fjellvatn.
Frå diverse haustturar i nærområdet her i Sogn.

Ein stol eller to

Eit anna uttrykk som det vert rota mykje med er «å stikka noko under stol». Mange legg til ein artikkel framføre ordet stol her, men då mister uttrykket den overførde meininga si. Med ein gong du legg til ein snakkar du om ein handfast stol og ei spesifikk handling. Dersom du, derimot, snakkar om «å stikka noko under stol» handlar det om å prøva å skjula noko. Me snakkar oftast om at noko er for opplagt til at det kan stikkast under stol. Det er vanskeleg å stikka ei handling under ein fysisk stol, til dømes, så då er det best å droppa artikkelen framføre.

Uttrykket «til gagns» (til nytte) trudde eg lenge at skulle skrivast «til gangs». Eg anar ikkje kvifor, men eg trur ikkje eg er åleine om å surra med dette. Truleg er årsaka berre at orda liknar på kvarandre.

Heilt til slutt

Det er ein jungel av faste uttrykk der ute, og det skal litt til å navigera mellom dei alle. Eg håpar at du hadde litt nytte av, og fann litt glede i, innlegget mitt i dag. Då er det fint om du trykkjer på like- eller deleknappen under. Eg er takksam for at du har teke turen innom bloggen! Ynskjer deg elles ei flott dag vidare!

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

 

Eit snes eller ein skokk?

«Kor mange var dei, sa du?»

«Eg anar ikkje, men dei såg ut som ein heil skokk!»

Om lag

Skokk er eit ord som eg ikkje kan hugsa at eg ikkje har nytta. Eg må likevel innrøma at det er blant dei orda som eg har hatt eit «om lag»-samband til. Om lag i den meining at eg berre til ei viss grad har forstått kva det tyder. Eg har tenkt på det som ein flokk. På same måten som hop og horg. Det er snakk om ei røys med folk, dyr eller kva som helst anna, men eg har aldri trudd at ein skokk kan talfestast nøyaktig. Men det går altså an.

Schock

Ordet kjem frå det lågtyske ordet schock, som tyder «seksti». Skokk er ei gamal måleeining, og når det er snakk om ein skokk, er det snakk om seksti stykk. For å gjera det endå meir tydeleg, kan skokk delast opp i tre snes. Snes vil altså seia tjue stykk.

Bilete av eple- og plommetre.
Eg håpar på eit par skokkar med eple og plommer i haust.

Finn ein pinne og træ dei på…

Snes kjem frå det norrøne ordet sneis, som tyder «pinne», og viser til kor mange av noko du kan træ på ein pinne. Eg vil jo tru at dei hadde ei ordning for kva storleik denne pinnen skulle vera av, etter kva som skulle festast på han, men dette har eg ikkje undersøkt nærare.

Tylft

Ein skokk kan også delast inn i fem dusin. Det vil altså seia at eit dusin er tolv stykk. Ti dusin vert kalla eit storhundre (120) og tolv dusin er eit gross (144). Ein kan også byta ut ordet dusin med tylft.

I dagegtala nyttar dei fleste i dag ordet skokk som ein ikkje-talfesta flokk, og eg tvilar på at denne kunnskapen vil føra til at den indre pedanten vaknar i meg sjølv eller andre, og at me neste gong me høyrer ordet skokk, hyver oss rundt og tek ei oppteljing. «Femtifire – femtifem . . . og der er ein til . . . Nei, du, du tek feil! Det der er ikkje ein skokk!»

Heilt til slutt

Tusen takk for at du var innom bloggen min i dag. Dersom du likte det du las, eller kanskje lærte noko nytt, legg gjerne att ein kommentar eller trykk på like- eller deleknappen under.

Elles ynskjer eg deg ein strålande dag vidare! Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

Kjelde: Wikipedia

Eventyr og leseglede

Det er ikkje til å koma ifrå at eg alltid har vore glad i gode forteljingar. Såleis er eventyr noko som står hjartet mitt nært. Då eg var lita og skulle velja godnatteventyr, var det spenning som galdt. Eg valde helst det blodigaste og skumlaste eventyret eg kunne koma over, og så kosa eg meg.

Eg likte spesielt godt folkeeventyr som tok føre seg daudingar og galgar og folk som kom krypande opp av grava si og slikt. Desse eventyra vart jo ofte laga både for å underhalda og formana, eller skremma folk (og kanskje særleg ungar). Eg kan ikkje hugsa anna enn at eg elska dei. Det var noko med kontrasten mellom det skumle som gjekk føre seg i forteljinga og tryggleiken med å vera i si eiga seng. Det var alltid tydeleg for meg at det skumle var på liksom. Eg likte at det var fjernt frå kvardagen min.

Alternativ verd

I ettertid ser eg at det var gjennom eventyra eg først oppdaga den alternative verda som finst i forteljingar. Eg følte, og føler framleis, at eg kan leva fleire liv gjennom å lesa og kjenna på historiene som andre har laga.

Bilete av hand- og fingerdokker. EIn sjiraff, ein bjørn, ein rev, ei larve og tre små griser og ulven.
Sjølv om eg er glad i dei mest makabre folkeeventyra, er det helst syster mi sine eventyr eg har lese i dei seinare tider. Ho jobbar i barnehage og driv Samlingsboksen, og lagar koselege eventyr. Desse dokkene har eg fått frå ho.

Det finst mange sjangrar innan eventyr og reglar for korleis dei skal spela seg ut. Dei kan handla om menneske, dyr med menneskelege eigenskapar og underjordiske vesen, for å nemna noko. Eit eventyr har, som alle andre gode historier, ei melding til tilhøyraren. Det er laga til for å forklara noko eller for å læra deg noko, eller kanskje skremma deg frå å gjera noko.

Som barn kan det vera fint å danna seg ei forståing av livet gjennom ulike karaktertypar og faste forteljingsrammer.

Bilete av bøker og fingerdokker (gris).
Dokker frå Samlingsboksen.

Å drøyma seg vekk

Det er ei stund sidan sist eg las eit skikkeleg blodig folkeeventyr, men det er mogleg eg skal finna fram att ei eventyrsamling og setja meg til i godstolen. Eg er framleis glad i forteljingar som får grensene mellom det moglege og det uoppnåelege til å forsvinna. Det er fint å forsvinna inn i ei verd utan grenser i nokre timar.

Heilt til slutt

Takk for at du var innom bloggen min i dag. Veldig stas! Dersom du likte innlegget, er det flott om du trykkjer på like- eller deleknappen under. Elles vil eg oppfordra deg til å finna fram ei eventyrbok og drøyma deg vekk. Legg gjerne att ein kommentar om eit eventyr du er glad i. Ynskjer deg ein fantastisk dag vidare!

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

Nettsida til Samlingsboksen: http://samlingsboksen.no/

Å halda nokon i sjakk

Dei siste vekene har eg delvis nytta til å læra meg sjakk. Eg veit kva du tenkjer, akkurat det burde eg ha lært meg tidlegare, men det har eg ikkje. I dette høvet, har eg tenkt at me tek føre oss det faste uttrykket «å halda noko/nokon i sjakk».

Sjakkspelet har alltid vore litt gåtefullt i mine auge. Visuelt sett er det jo flott, det rutete brettet, dei fine, utskårne figurane, det litt høgtidlege med det heile. Spelet oppstod truleg i Asia på 600-talet og kom til Europa via arabarane. Dagens spelereglar oppstod sannsynlegvis i Spania på 1400-talet.

Bilete av eit sjakkbrett.
Kongen, med dronninga attmed seg, er den viktigaste brikka i sjakk (øvst til høgre).

 

Forvirrande greier

At sjakken har vore ein viktig del av dagleglivet til mange folk, er tydeleg i språket vårt. Me snakkar til dømes om sjakkruta golv eller klede. Noko som er ganske enkelt å tenkja seg fram til opphavet til. Men så har du uttrykk som «å halda i sjakk», der meininga ikkje er like rett fram.

Når eg seier at eg har lært meg sjakk, meiner eg at eg har lært meg grunnreglane. Eg veit no korleis ein har lov til å flytta dei ulike brikkene og nokre få av dei grunnleggjande reglane for sjølve spelinga. Eg har tapt kvar einaste gong eg har spelt, og framstega mine er nok avgrensa til at eg etter kvart har forstått korleis eg har tapt. I byrjinga var det noko uklårt.

Pass på kongen

Attende til det å halda noko i sjakk. Eg har alltid hatt ei viss peiling på kva det tyder. Når du held noko i sjakk, held du det under kontroll, men eg har aldri heilt forstått opphavet til det, sidan eg ikkje har kunna sjakk. No veit eg at den viktigaste brikka i sjakkspelet er kongen, dersom du mister kongen, har du tapt. Alle dei andre brikkene er til for å verna om kongen.

For å setja nokon i sjakk, må du setja fast kongen deira. Når nokon seier «Sjakk», vil det seia at dei er eitt trekk unna å slå ut kongen din. Då har du ikkje anna råd enn å flytta kongen, eller setja ei anna brikke i mellom i neste trekk. Når nokon seier «Sjakkmatt», er det fordi dei har sett deg heilt fast, du kan ikkje parera trusselen mot kongen, og har difor tapt. Akkurat dette har eg aldri opplevd (å slå nokon i sjakk), men eg må innrøma at eg vart skammeleg stolt første gongen (den einaste gongen, får eg vel leggja til) eg greidde å setja nokon i sjakk . . .

Vil du verkeleg halda det i sjakk?

Attende til språket. Eg er nok ikkje den einaste som har ei litt uklår oppfatting av opphavet til dette faste uttrykket. Folk seier til dømes at «dei held helsa i sjakk» eller «held kroppen i sjakk» med medisinar, kosthald eller trimming. Men om ein skal vera pirkete, er det å setja noko i sjakk ein negativ ting. Det er noko ein motstandar gjer. Dersom du held helsa i sjakk, vil det seia at du gjer ditt beste for å halda ho på eit så lågt nivå som mogleg. Dersom du held kroppen i sjakk, prøver du å halda han nede så godt som du berre kan.

Noko å tenkja på neste gong ein sleng rundt seg med faste uttrykk.

Ulike fjell-landskap, blomar og tre.
Ein kan ikkje berre sitja inne heller…

Heilt til slutt

Takk for at du var innom bloggen i dag! Dersom du likte innlegget eller det var til nytte for deg, vert eg veldig glad om du trykkjer på dele- eller likeknappen under, eller om du legg att ein kommentar. Elles ynskjer eg deg ein strålande dag vidare!

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

Kjelde: Wikipedia

 

 

 

Ord du ikkje visste at du sakna: bufaring

«Stopp han! STOPP HAN!!»

Han det er snakk om er ein sau, og eg er nokre tiår attende i tid.

Reint strategisk hadde eg tenkt at dagens innlegg skulle handla om noko anna enn ord. Det er viktig med variasjon i tema, liksom. Men når alt kjem til alt, er det min blogg, og eg skriv om det eg får lyst til – så her kjem endå eit innlegg om min fasinasjon for ord.

Lesarforslag og gamal kunnskap

Dagens ord – bufaring – kjem som eit resultat av eit lesarforslag. Eg var litt skeptisk til å trekkja det inn her, sidan det ikkje er eit så uvanleg ord å nytta på desse kantar – altså her i Sogndal. I alle fall ikkje dersom du vandrar i dei meir rurale kretsane, noko eg gjer. Grunnen til at eg likevel tek det opp er at eg innser at det kanskje ikkje er ein del av daglegtala til dei fleste lenger, og då er det fint å kunna friska litt opp i kunnskapane.

Kyr enklare enn sauer?

Attende til sauen. Sjølv om sauer har ord på seg for å vera dumme flokkdyr, er dette ei sanning med modifikasjonar. Bufaring er når du flyttar dyra til eller frå støls, eller eigentleg til eller frå fjellbeitet. Sauer er, etter mi erfaring, vanskelegare å halda samla enn kyr. Dette varierer sjølvsagt frå husdyrhald til husdyrhald, men når dei først spring ut, er sauene sprekare enn kyrne. Du kan jo prøva å beina etter ein sau og sjå korleis det går (ikkje på ordentleg, altså – ser du ein sau oppfordrar eg deg IKKJE til å jaga han!). Bufaring av sau kan såleis vera livlege saker. Lamungar er søte og små, men også mykje sterkare enn dei verkar til. Det er ikkje alltid spøk å halda dei fast når dei skal få ymse kurar eller liknande.

Vêråtak og pinlege situasjonar

Kalvar er ei anna sak enn kyr. Der kyrne er meir mogne og rolege, har kalvane liv i alle endar og ei livsglede ein berre må ta av seg hatten for.

Den største flausa (er ikkje dét eit fint ord? Det går diverre ofte i gløymeboka til fordel for ordet tabbe, men dette er ei avsporing) eg har hatt når deg gjeld flytting av dyr, har med kalvar å gjera. Dei skulle ikkje bufarast, berre flyttast frå eit heimebeite til eit anna. Eg hadde ingenting med kalvejaget å gjera, men dukka tilfeldigvis opp i motgåande retning, på full fart for å henta ferieposten til nokre kjenningar på kortast mogleg tid.

Bilete av eit lam, nokre gamle løvetannar og ei kløvereng.
Lamungen lengtar nok etter årets bufaring.

Eg veit ikkje heilt kva det er, men noko skjer i uventa situasjonar. Hjernen sluttar å fungera, i alle fall på nokon fornuftig måte. No stod eg altså midt i vegen og mot meg kom to store kalvar i fullt firsprang. Såpass erfaring har eg med dyr, at eg veit at det i slike situasjonar er om å gjera å gjera seg usynleg så fort som råd. Kalvar kan vera vare og skvetne overfor folk, slik at dei anten spring i heilt andre retningar enn den tiltenkte, eller så kan dei verta olme og springa deg ned (ikkje så ofte akkurat det skjer, men ein gong vart eg faktisk stanga ned av ein vêr. Eg var lita (minst i flokken eg gjekk i) og skulle henta posten (noko som altså kan by på problem rett som det er). Vêren lurde seg innpå meg bakfrå og stanga meg rett ned. Sauer er ikkje dumme – han visste korleis han skulle velja ut og nedleggja «bytedyret»).

Begge alternativa ovanfor er slikt ein vil unngå. Så kva gjorde eg då eg plutseleg hamna midt i eit kalvejag? Eg kunne busa på for å få gjort unna ærendet mitt, eller eg kunne kasta meg inn i ei buske og venta til dei hadde passert. Eg valde alternativ nummer tre, eg trekte meg til sides og opp i grøfta, men vart så forfjamsa at eg heldt fram med å lea meg halvvegs framover i liten fart.

Usynleg? Eg?

Kva var det eg trudde? At kalvane skulle oppfatta meg som eit tre som berre seig litt framover? Ingen trussel i det heile . . .

Bonden, som var ein kjenning av meg, hadde gardert seg med hjelpemenn til kalvejaget, så bak kalvane kom det fire(!) mann. Kva kalvane gjorde? Dei sprang i alle retningar, på den måten berre to kalvar kan gjera slikt. Dei fire karane fekk i alle fall trimmen sin den dagen, der dei beina etter. Litt turt kom det frå bonden: «Rønnaug! Du jagar feil veg!». Kva eg gjorde? Strekte ut armane og veiva litt medan eg med svevande stemme sa: «Eg er eit tre…» (dersom eg ikkje sa det, kunne det jo verka forvirrande).

Nei då, eg er jo ikkje gal, så eg såg berre skamfullt ned i bakken og mumla fram ei spak orsaking. I ettertid ser eg meg litt betre føre før eg hentar posten.

Lanskapsbilete av snø i fjellet.
Det vert nok ei lita stund før lamungen kjem på fjellbeitet sitt. Slik ser det ut der i slutten av juni 2015.

Bufaring kjem av ordet «bufar» som eigentleg viser til å flytta frå ein stad til ein annan. For tidlegare var det nett det du gjorde – du flytta folk, eigedelar og fe til støls for heile sommaren. No er det mindre vanleg, og du er nok uansett meir mobil dersom du jobbar som budeie no til dags.

Heilt til slutt

Tusen takk for at du var innom bloggen min i dag! Dersom du likte det du las, er det kjempeflott om du trykkjer på dele- eller likeknappen under, eller om du legg att ein kommentar til meg. Uansett ynskjer eg deg ein strålande dag vidare!

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

Avlange, flate, tunne plankar

No er det ei stund sidan sist innlegg. Opphaldet var ikkje planlagt, men somme tider vert det slik. Dagens innlegg handlar om ski. Mest fordi det er vår og eg er byrja å venta på neste sesong i fjellet, med varme dagar og fjellvatn.

Ski er jo noko dei fleste som har vokse opp i Noreg har eit forhold til. Sjølv hadde eg ein beste som var veldig glad i ski og som gjekk på treskiene sine til han var over åtti. Diverre går ikkje alltid skidugleik i arv, men ski har alltid vore ein del av vinterhalvåret for min del. Og sjølv om det skortar noko på dugleiken på plankane, så prøver eg, og det får vera det viktigaste. Moro er det i alle fall!

Ulike bilete av snølandskap
Bilete frå helgas High Camp på Turtagrø i Jotunheimen.
Ulike bilete av snølandskap og skispor.
Desse bileta er frå skiturar i Sogndalsdalen.

Ordet kjem frå det norrøne ordet «skið», som tyder «kløyvd ved(stykke)». På walisisk heiter det sgi, på spansk esqui og på italiensk sci. Ganske likt over heile fjøla, altså.

Sjølv om me i Noreg gjerne føler ein viss eigarskap til skiene, er det funne eldre restar etter ski både i Sverige, Finland og Russland. I Sverige, faktisk, det er noko å tenkja på. Det er òg funne holemåleri av jakt på ski i Kina. Truleg har ski vore eit framkomstmiddel i 10 000–20 000 år, men dei eldste som er funne i Noreg er om lag 5 000 år gamle, og er frå Nordland.

Noko eg tykkjer er litt interessant er at fram til 1700-talet var det vanleg å nytta ei ski på om lag tre meter saman med noko som vart kalla andoren, som måla om lag to meter. Den lange skia vart nytta til å gli på, medan andoren, som var kledd i skinn, vart nytta til å sparka ifrå med. Eg kan ikkje anna enn å undra meg over korleis det må ha vore å styra noko slikt. Anten må dei som nytta dei ha vore usannsynleg dyktige på plankane, eller så er det mogleg at eg hadde følt meg elegant i den flokken …

Takk for at du var innom bloggen min i dag! Eg set stor pris på besøk! Håpar innlegget var til nytte og inspirasjon for deg. Eg vert veldig glad dersom du trykkjer på like- eller deleknappen under her, eller legg att ein kommentar til meg! Uansett ynskjer eg deg ein fortreffeleg dag vidare!

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

Kjelder: Wikipedia og Norsk etymologisk ordbok av Yann de Caprona

God jul!

Eit veldig kort innlegg i dag. Med masse bilete for å skapa julestemning. Ynskjer deg som er innom og les på bloggen ei retteleg god jul!

Bilete av ei adventsstjerne og snødekte fjell.
I Sogndal har me fått massevis av snø til jul.
Bilete av vinterlandskap og julepynt.
God jul til store og små!
Bilete av lys, nissar og englar - julepynt
Juletid
Bilete av diverse nissar og englar.
Ei trivelig tid!
Bilete av baking av smoltringar og peparkaker.
Litt julebakst må til. Smoltringar og peparkaker.
Bilete av peparkakeform og julekuler.
Kos deg i jula!

Eg ynskjer deg ei fantastisk flott juletid!

Ta deg gjerne tid til å lika eller dela posten, dersom du fekk litt ekstra julestemning som du vil dela med andre!

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug