Kategoriarkiv: Kommunikasjon

Ord du ikkje visste at du trong: neveklask

Det er litt merkelege tider me lever i nett no, så eg tenkte det var på sin plass å løfta fram eit litt merkeleg ord når eg no stikk hovudet fram att etter ei laang pause.

Det er mogleg dette ordet ikkje er heilt ukjent for andre, men eg oppdaga det første gongen som omsetjing i eit tv-program. Eg hugsar ikkje kva programmet heitte, men det var opprinneleg på engelsk, og den som hadde teksta det, hadde valt å omsetja «high five» til «neveklask». Eg ELSKA det. Tykte det var noko av det artigaste eg hadde høyrt på lenge.

Bilete av tre neveklask.

Yrkjesskade

Grunnen til at eg vart så oppglødd er nok delvis på grunn av at eg alltid har vore litt nerdete når det gjeld ord, og delvis på grunn av at eg jobbar som omsetjar. Det fell seg naturleg at eg legg merke til kva val andre gjer når det kjem til norsken. Ironisk nok, med tanke på at eg har utdanna meg med hovudvekt på engelsk, brenn eg veldig for at me skal bruka norske ord på norsk.

Kampen i heimen

Av den grunn har eg innførd neveklask som eit daglegdags ord heime hjå oss. Noko som nok hadde fungert dersom eg hadde drive eit diktatur. Diverre kjem den frie viljen inn og øydelegg heile innføringa mi. Det har nemleg ikkje heilt slege an i heimen enno, sjølv om eg stadig prøver. Kvar gong det kan vera naturleg med ei lita feiring, gaular eg av full hals «NEVEKLASK!» med labben klar.

På grunn av tidene me no er inne i, skal eg ikkje oppmoda deg til eit klassisk neveklask, men her er eit virtuelt eit frå meg til deg! Gjer deg nytte av ordet neveklask du òg!

Heilt til slutt

Tusen takk for at du var innom bloggen min i dag! Eg set stor pris på det. Dersom du likte innlegget, eller er nøgd med å høyra frå meg att, vert eg veldig glad dersom du trykkjer på like- eller deleknappen under her, eller legg att ein kommentar til meg. Elles ynskjer eg deg ein strålande dag vidare!

Me snakkast!

Klem frå Rønnaug

Episk…?

Landskapsbilete av eit fjellvatn.
Halsavatnet

«Kva meiner du at eg skal gjera?» Spørjande auge rommar eit litt desperat blikk. Dette er ein situasjon eg finn meg sjølv i relativt ofte.

Folk spør meg om råd. Og eg deler ut råd. I aust og vest. Eg gjev det eg trur er det beste rådet i den situasjonen det gjeld. Dersom nokon spør «Skal eg stå ned den skråninga på rullebrett, sjølv om det er femten år sidan sist eg prøvde meg på noko slikt?», så svarar eg «Nei».

Betrevitar?

Ikkje ein kjeft høyrer på meg. Dei lyttar til det eg har å seia, og så bestemmer dei seg for å velja ei anna løysing. Alltid. Og det endar med at vedkomande går på trynet. Alltid. (Dette er sjølvsagt ei sanning med modifikasjonar, men det er eg som fortel historia, så difor går me for alltid!).

Når dei så har landa på nasen, kjem dei attende og klagar si naud. Då ser eg sjølvsagt på dei med eit blikk fullt av medkjensle og seier uttrykkslaust: «Uff, så dumt. Hadde det berre vore nokon som kunne ha fortalt deg det på førehand…»

Og då kjem det : «Eg veit at du sa det, men dersom det hadde gått bra, ville det ha vore episk!», seier vedkomande med stjerner i augo.

Norsk-engelsk

Episk? No kan eg nok engelsk til at eg forstår at det dei meiner å seia er: «Det ville ha vore storslagent!». Men eg kan også tilstrekkjeleg norsk til at eg veit at det dei eigentleg seier er: «Det ville ha vore forteljande!».

Bakgrunnen for ordet episk er epos. Episk dikting er ein av dei tre hovudsjangrane innan litteraturen: episk, lyrisk og dramatisk dikting. Det er altså snakk om «forteljande dikting».

Det kan vera greitt å tenkja på neste gong du har lyst til å skildra noko som episk. Er det eigentleg forteljande eg meiner no?

Heilt til slutt

Tusen takk for at du var innom bloggen min i dag! Eg set stor pris på det. Dersom du likte innlegget, eller lærte noko nytt, vert eg veldig glad dersom du trykkjer på like- eller deleknappen under her, eller legg att ein kommentar til meg. Elles ynskjer eg deg ein strålande dag vidare!

Me snakkast!

Klem frå Rønnaug

Ingen har lyst til å lesa skiten din

Det aller beste skrivetipset du nokon gong kan få er dette: «Ingen har lyst til å lesa skiten din». 

Eg forstår at det kan høyrast litt merkeleg ut, så eg skal prøva å forklara det litt nærare. Dette innlegget er til ære for ein av dei absolutte favorittane mine innan «folk som skriv om skriving»-sjangeren, nemleg Steven Pressfield.

Bilete av eit fjellvatn med to naust.

Lat egoet kvila

Han har nyleg kome ut med ei ny bok om skriving, og ho har den passande tittelen (som eg så skamlaust har stole) Nobody Wants to Read your Shit. Pressfield tek her opp noko han lærte då han jobba med annonseskriving innan marknadsføring. Folk har betre ting å gjera enn å lesa det du skriv, så dersom du vil at dei skal lesa det, må du gjera det så tydeleg, inspirerande og underhaldande som du kan. Og kort. Så kort som mogleg. Du skriv ikkje til deg sjølv, med mindre du skriv i dagboka di, så difor må du setja deg inn i lesaren sitt perspektiv før du byrjar å skriva.

Den viktige lesaren

Dette var noko eg prøvde å læra vekk då eg jobba som lærar og fortalde elevane mine at «Eg vurderer dykk ikkje utifrå det de kan, men utifrå det de viser meg at de kan». Det er ein skilnad der. Du må alltid tenkja etter kva lesaren er oppteken av (dersom der er snakk om ein lærar har du sannsynlegvis fått retningsliner på førehand). Truleg gjer du dette dagleg på sosiale medier. Det er rart at me tenkjer meir på å vera tydelege og engasjerande når med oppdaterer Facebook-profilen vår enn når me skriv ein lengre tekst.

Det er i alle fall noko å tenkja på. Eg skal fortsetja å kosa meg med boka til Steven Pressfield, og er viss på at fleire gullkorn dukkar opp.

Heilt til slutt

Takk til deg for at du tok turen innom bloggen min i dag! Eg set stor pris på det, og vert veldig glad dersom du trykkjer på like- eller deleknappen under eller legg att ein kommentar til meg dersom du las noko du likte. Eg vert, som dei fleste andre, glad når nokon les skiten min…

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

 

Forvirrande skrivefeil

Språket vårt er i endring heile tida, men nokre gonger snik det seg inn direkte skrivefeil og skvisar ut den opprinnelege skrivemåten. Dersom du legg merke til det, kan det irritera vitet av deg. Berre prøv!

Det er jo som regel enkle og uskuldige ting, som ein ekstra bokstav her og der, slik som i ordet potensial, som i dei seinare åra nesten utan unnatak vert stava med ein ekstra e på slutten. Både ved skriftlege og munnlege høve. Potensial-e, seier folk. Eg er ikkje heilt sikker på kvar e-en kom frå i utgangspunktet, men no verkar det nesten uråd å verta kvitt han.

Bilete av ei tavle med tal på, omkransa av spreidde bøker.

Forvirrande tal

Særleg i det siste har eg lagt merke til at norske aviser, magasin og elles folk som skriv anten for hand eller på data, har byrja å skriva tal med punktum inni. I staden for å skriva 1500, skriv dei 1.500. Og når det er snakk om større tal, set dei til og med punktum fleire stader, som 1.500.000 når det er snakk om ein og ein halv million. Den korrekte, og enklare, måten å skriva det på på norsk er 1 500 000. Me nyttar vanlegvis mellomrom i staden for punktum mellom tala. Dette er heller ingen skrivemåte me har plukka opp frå engelsk, sidan dei nyttar komma når dei skal skilja mellom tal: 1,500,000. Dersom det hadde vore desimalar (øre på norsk), ville dei ha skrive det slik: 1,500,00.60, medan me på norsk skriv det slik 1 500 000,60.

Kontinentale vanar

Etter det eg kan forstå er skrivemåten med punktum noko som er plukka opp frå Kontinentet (Fastlands-Europa med unnatak av Skandinavia og Storbritannia). Eg er litt usikker på kvifor denne skrivemåten har slege rot i Noreg, men det kan vera at han ser meir komplisert ut enn den vanlege? At me prøver å høyrast litt meir sofistikerte ut med ein kontinental skrivemåte?

Forvirrande er det i alle fall, og lukka til dersom du prøver å innføra kontinentale skrivemåtar i nettbanken din, det er mogleg han vert litt humørsjuk. Akkurat slik som eg når eg les i aviser eller nettsider.

Heilt til slutt

Dette var dagens hjartesukk, eg håpar det var til nytte for deg som er innom. Tusen takk for at du tok turen innom her i dag. Eg vert veldig glad dersom du trykkjer på like- eller deleknappen under, eller om du legg att ein kommentar til meg.

Elles ynskjer eg deg ein strålande dag vidare!

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

Interessante folk

Hender det at du tenkjer gjennom kva som gjer ei historie spennande å lesa? Eller ein film spennande å sjå, for den saks skuld?

Me trur ofte at det har med handlinga å gjera. Dersom det er eit spennande plot, så er det spennande å følgja med. Dette er eg heilt samd i, men for at handlinga skal framstå som truverdig, er det viktig at ho samsvarar med personane som utfører henne, dei såkalla karakterane. Som tilskodar må me greia å tru på at karakteren, slik me kjenner han, faktisk vil handla på den måten plottet utspelar seg.

Bilete av ei opa bok, notatbøker og datamaskin og bartre mot ein blå himmel.

Folk er folk

Menneske er mest interesserte i andre menneske. Dette er noko forfattarar har bite seg merke i. Då Ibsen ein gong vart spurd om kvifor hovudpersonen i Et dukkehjem vart heitande akkurat Nora, skal han ha sagt noko slikt som at «Ho heiter eigentleg Eleonora, men dei kalla henne berre Nora som barn». Sjølv om me får skildra berre nokre timar av livet til Nora i skodespelet, kjende Ibsen til heile livshistoria hennar.

Det seier litt om kor mykje arbeid som ligg bak det å utvikla ein truverdig karakter, og skriva ei fengjande historie. Eit godt tips å ta med seg dersom du sjølv syslar med skriving eller berre likar å lesa.

Heilt til slutt

Det vart eit kort innlegg i dag, for å koma i gong att med blogginga. Eg tykkjer det er inspirerande å høyra om korleis andre går fram når dei skriv, og det håpar eg du gjer òg.

Eg er veldig takksam for at du er innom bloggen min i dag. Dersom du likte innlegget, og kanskje vart litt inspirert, vert eg glad dersom du trykkjer på like- eller deleknappen under, eller legg att ein kommentar til meg.

Elles ynskjer eg deg ein strålande dag vidare! Me snakkast.

Klem,

Rønnaug

Nestekjærleik og korleis me oppfører oss

Det er den siste dagen i 2015, og det er på tide med litt tankeverksemd rundt året som har gått. 

2015 har vore eit år med opp- og nedturar for dei fleste, som alle år. Flyktningekrisa har gjort at me i Noreg har måtta sett litt på verdisynet vårt og kanskje gjort oss nokre tankar om kva me har å vera takksame for i landet vårt.

Bilete av juletrepynt.
Godt nytt år!

Den nærmaste?

Ordet eg har lyst til å sjå nærare på i dette innlegget er nestekjærleik. Det er samansett av orda neste og kjærleik. Den første delen av ordet er nytta mest i religiøs samanheng, og me finn det i Bibelen, der det tyder medmenneske. Det er omsett får det latinske proximus, som tyder «den nærmaste».

Den andre delen av ordet er kjærleik. I Noreg skil me tradisjonelt sett mellom elskhug og kjærleik. Elskhug er eit meir innskrenka omgrep enn kjærleik, og ein kan seia at kjærleik er meir oppofrande og mindre egoistisk enn elskhug.

Kva får me så når me set desse to orda saman? I følgje Wikipedia er nestekjærleik «omsorg for andre menneske og det å kjenne seg ansvarleg for velferda til alle medmenneske utan omsyn til religion, kjønn, politisk standpunkt eller andre særpreg.»

Køkultur og julebord

Grunnen til at eg kom til å tenkja på dette temaet no når me går inn i det nye året, er at jul og nyttår kjem rett etter julebordsesongen. Tida då mange menneske møtest i sosiale lag, og diverre tida då me ikkje alltid viser oss frå vår beste side.

Før jul var eg ein tur ute på byen, og måtte følgjeleg stå i kø for å koma inn på utestadane. I den eine køen, vart eg vitne til eit opptrinn som omhandla både køkultur og folkeskikk. Eg og følgjet mitt kom litt seint, og måtte difor stilla oss i ein nesten stilleståande kø. Me stod og snakka oss imellom, medan køen framfor oss minka. Ikkje fordi nokon slapp inn på utestaden, men fordi dei føre oss ikkje gadd å stå i kø meir, og forlet han ein etter ein. Brått vart me ståande bak ein gjeng med ungdomar som hadde oppdaga ein eldre kar dei meinte sneik i køen. No er det godt mogleg at han gjorde det, men akkurat på dette tidspunktet var me dei einaste i køen bak dei, og me hadde definitivt kome etter han.

Ungdomane var derimot ikkje så opptekne av fakta, som dei var av å vera irettesetjande og moraliserande (om enn på ein grovkjefta måte). Dei kjefta fyren ut for at han sneik og ikkje kunne oppføra seg. Tenk på alle dei bak han som måtte svi for at han ikkje kunne stå i kø. Me prøvde litt forsiktig å ymta frampå om at det gjekk fint, sidan me hadde kome etter han, og var dei einaste som stod der. Men dette var sint, norsk,  ganske stor og ganske full ungdom, så me heldt oss litt i bakgrunnen. Dessutan var dei meir interesserte i prinsippet enn i det som hadde skjedd. Han burde gå og stilla seg bak alle som hadde kome etter han som ei symbolsk botgjering for syndene sine. Til slutt greidde dei å kjefta den eldre mannen ut av køen.

Moral og dobbeltmoral

Er det ikkje fint at den høgmoralske parten vann fram? Me trøysta oss med det, sidan me ikkje hadde hatt mot til å gripa skikkeleg inn i opptrinnet. Det som skjedde etterpå var derimot eit slag i trynet for moralismen. Då dukka det nemleg opp to jenter som kjende ungdomane, og dei vart tekne rett inn i køen framfor oss. Me pikka dei forsiktig på skuldra og lurde på om dette eigentleg var ok, med tanke på prinsipp og allting. Me fekk oss ei overhaling sidan dette var noko heilt anna. Mannen hadde snike heilt på eiga hand, medan dei hadde «teke opp plass» til jentene. Det enda med at me putla oss ut av køen og til neste uteplasskø me også.

Nestekjærleik

Moralen? Tja, dersom du har lyst til å mobba folk ut av ein kø, er det kanskje mest fruktbart å konsentrera seg om dei som står framfor deg i køen?

Moral kan vera ein skummel ting, i alle fall i julebordsesongen. Me kan heller starta det nye året med å tenkja gjennom korleis me vil at andre skal vera mot oss, og prøva å oppføra oss deretter. Det har i alle fall eg tenkt å prøva. Ein vil ikkje alltid lukkast, men det er eit bra mål å ha som utgangspunkt.

Heilt til slutt

Takk for at du tok turen innom bloggen i dag! Eg ynskjer deg eit strålande nytt år! 2016 vert det beste så langt! Dersom du likte innlegget, set eg stor pris på om du trykkjer på like- eller deleknappen under, eller legg att ein kommentar. Nyt dagen og det komande året!

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

 

 

Eventyrleg oppskrift

I dagens innlegg vil eg atter ta føre meg eventyr. Du finn eit tidlegare innlegg om emnet her. Eventyr er noko dei aller fleste av oss har eit forhold til, og då kan det vera spennande å plukka det litt frå kvarandre. 

Bilete av ei gamal bok.
Eventyr

Å skriva noko som aldri har vore laga tidlegare

Det første me må gjera er å skilja mellom kunsteventyr og folkeeventyr. Skilnaden er enkel. Eit kunsteventyr har ein kjend forfattar (tek H.C. Andersen). Folkeeventyra er munnlege overleveringar som har vandra rundt i generasjonar. Opphavet til historia er ukjent. Eit døme på folkeeventyr er Askepott, som visstnok er funne i 360 ulike variantar. Dersom du lurer på å skriva eit eventyr, men er redd det ikkje vert originalt nok, kan eg fortelja deg med ein gong at du ikkje kjem til å laga ei forteljing som ikkje har vorte fortald tidlegare. Det er ikkje poenget heller, sjølv Shakespeare bygde tekstane sine på segner og forteljingar som var kjende frå før. Å skriva noko nytt handlar meir om måten du fortel det på enn på kva du faktisk fortel.

Tid og stad

Både kunsteventyr og folkeeventyr unngår som oftast å leggja vekt på tid og stad. «Det var ein gong i ein by langt, langt vekke …» osv. Det gjev teksten eit tidlaust preg og gjer at tematikken kan vera aktuell kva tid som helst, samstundes som du får ein distanse som gjer det meir generelt og mindre støytande.

Dersom du har ein sjef som held på å gjera deg tullete, kan eit tips vera å laga eit eventyr om situasjonen og håpa på at han/ho plukkar opp noko utan at du gjer det personleg. (Det er jo veeldig naturleg å fortelja sjefen sin eventyr …).

Det er alltid ein helt … eller ei heltinne …

Dersom du gjer det, må du hugsa å gjera deg sjølv til helten i historia. Det er nemleg alltid ein helt/ei heltinne i eit eventyr. Ofte er det slik at ingen av karakterane har namn (tenk Guten og trollet osv.), men me får alltid følgja reisa til ein spesiell karakter. Det er helten. Helten får ei oppgåve som må utførast, og på vegen møter han både hjelparar, motstandarar og hindringar. Motstandarane og hindringane skaper ubalanse i forteljinga, medan hjelparane prøver å gjenoppretta balansen. At helten får motstand, er viktig for å driva forteljinga framover, medan hjelparane er viktige for å gjenoppretta harmonien på slutten.

Eventyr i praksis

Om me går utifrå at du har tenkt å ta deg ei eventyrstund med sjefen din, er det du som er helten/heltinna, som får ei oppgåve du må løysa. Deretter legg du inn sjefen som motstandar (blant andre hindringar), du kan leggja inn kollegaer eller dine eigne, fantastiske eigenskapar som hjelparar, og så vinn du til slutt. Harmoni! Dette er jo oppskrifta som vert nytta i dei fleste Hollywood-filmane, så du står fritt til å modellera helten (deg sjølv) på Bruce Willis i Die Hard-filmane t.d.

Mange eventyr handlar nemleg om menneskelege relasjonar og kjensler. Til dømes dumskap, tilgjeving, å vera grisk, å vera raus osv. Det er jo tematikk ein kjem over overalt i dagleglivet.

Bilete av ulike fjell-lanskap.
Det finst nok av lanskap i Noreg som inspirerer til eventyr og forteljingar.

Oppskrift/hugseliste

  1. Vel deg ut ein helt/ei heltinne.
  2. Gje vedkomande ei oppgåve.
  3. Tenk ut hindringar og motstandarar.
  4. Tenk ut hjelparar, anten som personar eller eigenskapar (eller hendingar).
  5. Start forteljinga med «Det var ein gong …»
  6. Ta følgje med hovudpersonen, men gjer det gjennom ein tredjepersonsforteljar, slik at du skaper distanse til hendingane og karakterane.
  7. Såkalla magiske tal du kan nytta deg av er 3, 7, 9 og 12. Desse kan vera greie å smetta inn innimellom.
  8. Når du brukar slike tal, fører det ofte til gjentakingar av hendingar. Kanskje hovudpersonen mislukkast to av tre gonger på same oppgåva osv.
  9. Som med dei fleste andre tekstar, ynskjer du å kommunisera noko til tilhøyraren. I eit eventyr er det ofte snakk om ein moral: Ikkje gjer slik, men slik … Det er betre å vera slik enn slik … osv …

Heilt til slutt

Takk for at du var innom bloggen min i dag! Eg set stor pris på det! Dersom du tykte innlegget var nyttig eller inspirerande, er det flott om du trykkjer på like- eller deleknappen under, eller legg att ein kommentar til meg. Elles håpar eg du får ein fantastisk dag vidare!

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

Til gangs eller gagns og andre ting me seier feil

Det hender det går litt fort i svingane når ein skriv eller seier noko. I alle fall er det slik for meg. Det resulterer i at eg kan koma til å seia ting som ikkje heilt heng på greip.

Språket vårt er oppbygd av ein del faste uttrykk, og berre i innleiinga her brukte eg to stykkje. Når noko «går fort i svingane», vil det seia i overførd tyding at det er snakk om hastverksarbeid. Eg har ikkje teke meg god nok tid til å gjera skikkeleg arbeid. Eg tykkjer ikkje at det alltid er ein negativ ting, tidvis lyt ein gjera ting fort og gale, dersom alternativet er å ikkje gjera det i det heile.

Grep? Greip? Hæ?

At noko ikkje heng på greip, viser til at det ikkje er logisk, det gjev inga meining. Greip er ein reiskap nytta i bondeyrkjet, det liknar litt på ein (høy)gaffel, men har fleire taggar, og vert blant anna brukt til å skufla møk. Det som fell mellom taggane heng ikkje på greip. Om forklaringa di ikkje heng på greip, fell ho, i overførd tyding, mellom taggane for det som gjev meining.

Kammar og generalisering

Å «skjera alle over éin kam» er eit anna mykje nytta fast uttrykk. Dette er det mange som tullar litt med. Er det under kammen? Kva kam er det snakk om?

Det hjelper som regel å ha eit visst oversyn over kva opphavet til sjølve uttrykket er, då gjev det som regel litt meir meining. Som du ser på skrivemåten over, er det snakk om ein kam, som i eintal, ikkje artikkel. Uttrykket stammar frå tida før saksa, og viser til måten barberarane klypte håret til folk. Barberarane hadde truleg mange ulike kammar dei kunne nytta til ulike typar hår og til å etterkoma kundane sine ynskje. Éin einaste kam ville ikkje vera nok til å imøtekoma kvar kunde. Sveisen ville verta feil. I overførd tyding er det snakk om at ein ikkje kan døma alle utifrå dei same prinsippa, eller berre basert på nokre få stereotypar/fordomar. Unngå generalisering med andre ord.

Haustbilete av Sognefjorden, av skog og av fjellvatn.
Frå diverse haustturar i nærområdet her i Sogn.

Ein stol eller to

Eit anna uttrykk som det vert rota mykje med er «å stikka noko under stol». Mange legg til ein artikkel framføre ordet stol her, men då mister uttrykket den overførde meininga si. Med ein gong du legg til ein snakkar du om ein handfast stol og ei spesifikk handling. Dersom du, derimot, snakkar om «å stikka noko under stol» handlar det om å prøva å skjula noko. Me snakkar oftast om at noko er for opplagt til at det kan stikkast under stol. Det er vanskeleg å stikka ei handling under ein fysisk stol, til dømes, så då er det best å droppa artikkelen framføre.

Uttrykket «til gagns» (til nytte) trudde eg lenge at skulle skrivast «til gangs». Eg anar ikkje kvifor, men eg trur ikkje eg er åleine om å surra med dette. Truleg er årsaka berre at orda liknar på kvarandre.

Heilt til slutt

Det er ein jungel av faste uttrykk der ute, og det skal litt til å navigera mellom dei alle. Eg håpar at du hadde litt nytte av, og fann litt glede i, innlegget mitt i dag. Då er det fint om du trykkjer på like- eller deleknappen under. Eg er takksam for at du har teke turen innom bloggen! Ynskjer deg elles ei flott dag vidare!

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

 

Latmannsblogginnlegg

Er det ikkje fantastisk korleis me set saman ord på norsk? I overskrifta mi denne gongen har eg sett saman fire ulike ord til eitt!

Samansette ord er sette saman av fleire sjølvstendige ord til eitt. Som regel har me ikkje bindestrek eller mellomrom mellom dei. Det finst likevel unnatak, desse kallar me særskrivingar og viser til ord/uttrykk som av garde, etter kvart, for så vidt osv…Ord som høyrer i lag, men som likevel ikkje vert skrivne i eitt.

Overskrifta mi viser til at eg i dag har valt å fokusera meir på bileta enn på sjølve teksten.

Bilete av ein fullmåne og nokre andre kveldshimlar.
Gårsdagens supermåne og andre flotte himmelfenomen (om ein ser litt stort på det).

Bilete av diverse blomar, eit fjellvatn og ei gamal løe over Sognefjorden.
Det hender orda ikkje strekkjer til. Naturen er ikkje så verst.

Bilete av ei einsleg molte, eplekake og kaffi og nokre kyr på fjellbeite.
Molter og eple er ein del av seinsommar og haust, kyr også.

Bilete av fjellvatn, hav og solnedgongar.
Ein kan aldri få nok av fjellvatn, hav og solnedgongar, kan ein?

Takk for at du var innom her i dag! Eg vert veldig glad dersom du trykkjer på like- eller deleknappen! Elles ynskjer eg deg ein strålande dag vidare!

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

Eit snes eller ein skokk?

«Kor mange var dei, sa du?»

«Eg anar ikkje, men dei såg ut som ein heil skokk!»

Om lag

Skokk er eit ord som eg ikkje kan hugsa at eg ikkje har nytta. Eg må likevel innrøma at det er blant dei orda som eg har hatt eit «om lag»-samband til. Om lag i den meining at eg berre til ei viss grad har forstått kva det tyder. Eg har tenkt på det som ein flokk. På same måten som hop og horg. Det er snakk om ei røys med folk, dyr eller kva som helst anna, men eg har aldri trudd at ein skokk kan talfestast nøyaktig. Men det går altså an.

Schock

Ordet kjem frå det lågtyske ordet schock, som tyder «seksti». Skokk er ei gamal måleeining, og når det er snakk om ein skokk, er det snakk om seksti stykk. For å gjera det endå meir tydeleg, kan skokk delast opp i tre snes. Snes vil altså seia tjue stykk.

Bilete av eple- og plommetre.
Eg håpar på eit par skokkar med eple og plommer i haust.

Finn ein pinne og træ dei på…

Snes kjem frå det norrøne ordet sneis, som tyder «pinne», og viser til kor mange av noko du kan træ på ein pinne. Eg vil jo tru at dei hadde ei ordning for kva storleik denne pinnen skulle vera av, etter kva som skulle festast på han, men dette har eg ikkje undersøkt nærare.

Tylft

Ein skokk kan også delast inn i fem dusin. Det vil altså seia at eit dusin er tolv stykk. Ti dusin vert kalla eit storhundre (120) og tolv dusin er eit gross (144). Ein kan også byta ut ordet dusin med tylft.

I dagegtala nyttar dei fleste i dag ordet skokk som ein ikkje-talfesta flokk, og eg tvilar på at denne kunnskapen vil føra til at den indre pedanten vaknar i meg sjølv eller andre, og at me neste gong me høyrer ordet skokk, hyver oss rundt og tek ei oppteljing. «Femtifire – femtifem . . . og der er ein til . . . Nei, du, du tek feil! Det der er ikkje ein skokk!»

Heilt til slutt

Tusen takk for at du var innom bloggen min i dag. Dersom du likte det du las, eller kanskje lærte noko nytt, legg gjerne att ein kommentar eller trykk på like- eller deleknappen under.

Elles ynskjer eg deg ein strålande dag vidare! Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

Kjelde: Wikipedia