Tenester:

Illustrasjonsbilete til pynt. Helvik tekst

Helvik tekst har som mål å forenkla skriveprosessen din. Det kan ofte vera vanskeleg å vita akkurat kva ein treng hjelp til, så nedanfor finn du forslag til tenester eg kan hjelpa deg med, og kva dei går ut på. Dersom du treng noko meir skreddarsydd, er det berre å ta kontakt med meg.

Korrektur:

Korrekturlesing er det du vel når du berre vil ha nokon til å lesa gjennom teksten og sjekka han for eventuelle grammatiske feil og rettskrivingsfeil. For at du skal ha full kontroll, brukar eg Spor endringer-funksjonen i Word, slik at du ser kva endringar som er gjort.

Språkvask:

Dersom du treng nokon til å gå djupare inn i teksten og gjera setningane litt klårare, kanskje retta opp i ordval, setningsbygnad og tekststruktur, vel du språkvask. Her er fokuset at teksten skal verta meir velformulert og betre strukturert.  Språkvasken gjev høve til å bruka tid på aspekt ved ein tekst som ein vanlegvis ikkje får tid til når ein korrekturles, og er difor ein meir tidkrevjande prosess. Spor endringer-funksjonen i Word vert nytta, slik at du har kontroll over endringane som vert gjort. Dersom det er noko som er uklårt, eller treng nærare forklaring, vert dette kommentert direkte i teksten ved hjelp av elektroniske merknader.

Omsetjing:

Dersom du har ein tekst som skal omsetjast frå engelsk, svensk eller dansk til norsk, eller mellom dei to målformene våre, kan du få hjelp til det. Ein hovudregel er at ein omsetjar omset til morsmålet sitt som eit ledd i å kvalitetssikra teksten. Det er likevel ikkje alltid mogleg å finna ein omsetjar som omset frå norsk til engelsk, sidan dette er ein stor marknad, det hender difor at eg også omset frå norsk til engelsk. Med hovudfag i engelsk har eg ein del trening med å skriva engelske tekstar. Som hjelpemiddel i arbeidet vert ordbøker, referansemateriale og omsetjingsprogramvare (Trados) nytta.

Redigering:

Har du ein tekst som du føler er litt for lang, litt for kronglete og der fokuset er litt uklårt? Då kan det vera at du har nytte av å få redigert teksten. Ved ei redigering vert teksten stramma opp. Her konsentrerer me oss om god struktur og klår kommunikasjon. Du får nyttige kommentarar og spørsmål til teksten din, og du får hjelp til å kutta ut dei avsnitta og setningane som forvirrar eller som ligg litt utanfor temaet du skriv om.

Tekstutforming:

Dette er for deg som har ein idé om kva teksten skal handla om, og som har sett opp nokre punkt om kva som skal vera med, men som ikkje ynskjer å skriva sjølve teksten sjølv. Då kan du få hjelp til utforminga av teksten.

Kurs:

Treng du eit skrivekurs? Eg har mange inspirerande tips og forslag til arbeidsmåtar som kan gjera skriveprosessen trivelegare og meir ryddig. Ta kontakt for ein prat. Kurs kan skreddarsyast til føretak.

Bilete av nokre små briller i gamal stil framfor ei bok.
Brillefint…

Klem,

Rønnaug

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.