Eventyrleg oppskrift

I dagens innlegg vil eg atter ta føre meg eventyr. Du finn eit tidlegare innlegg om emnet her. Eventyr er noko dei aller fleste av oss har eit forhold til, og då kan det vera spennande å plukka det litt frå kvarandre. 

Bilete av ei gamal bok.
Eventyr

Å skriva noko som aldri har vore laga tidlegare

Det første me må gjera er å skilja mellom kunsteventyr og folkeeventyr. Skilnaden er enkel. Eit kunsteventyr har ein kjend forfattar (tek H.C. Andersen). Folkeeventyra er munnlege overleveringar som har vandra rundt i generasjonar. Opphavet til historia er ukjent. Eit døme på folkeeventyr er Askepott, som visstnok er funne i 360 ulike variantar. Dersom du lurer på å skriva eit eventyr, men er redd det ikkje vert originalt nok, kan eg fortelja deg med ein gong at du ikkje kjem til å laga ei forteljing som ikkje har vorte fortald tidlegare. Det er ikkje poenget heller, sjølv Shakespeare bygde tekstane sine på segner og forteljingar som var kjende frå før. Å skriva noko nytt handlar meir om måten du fortel det på enn på kva du faktisk fortel.

Tid og stad

Både kunsteventyr og folkeeventyr unngår som oftast å leggja vekt på tid og stad. «Det var ein gong i ein by langt, langt vekke …» osv. Det gjev teksten eit tidlaust preg og gjer at tematikken kan vera aktuell kva tid som helst, samstundes som du får ein distanse som gjer det meir generelt og mindre støytande.

Dersom du har ein sjef som held på å gjera deg tullete, kan eit tips vera å laga eit eventyr om situasjonen og håpa på at han/ho plukkar opp noko utan at du gjer det personleg. (Det er jo veeldig naturleg å fortelja sjefen sin eventyr …).

Det er alltid ein helt … eller ei heltinne …

Dersom du gjer det, må du hugsa å gjera deg sjølv til helten i historia. Det er nemleg alltid ein helt/ei heltinne i eit eventyr. Ofte er det slik at ingen av karakterane har namn (tenk Guten og trollet osv.), men me får alltid følgja reisa til ein spesiell karakter. Det er helten. Helten får ei oppgåve som må utførast, og på vegen møter han både hjelparar, motstandarar og hindringar. Motstandarane og hindringane skaper ubalanse i forteljinga, medan hjelparane prøver å gjenoppretta balansen. At helten får motstand, er viktig for å driva forteljinga framover, medan hjelparane er viktige for å gjenoppretta harmonien på slutten.

Eventyr i praksis

Om me går utifrå at du har tenkt å ta deg ei eventyrstund med sjefen din, er det du som er helten/heltinna, som får ei oppgåve du må løysa. Deretter legg du inn sjefen som motstandar (blant andre hindringar), du kan leggja inn kollegaer eller dine eigne, fantastiske eigenskapar som hjelparar, og så vinn du til slutt. Harmoni! Dette er jo oppskrifta som vert nytta i dei fleste Hollywood-filmane, så du står fritt til å modellera helten (deg sjølv) på Bruce Willis i Die Hard-filmane t.d.

Mange eventyr handlar nemleg om menneskelege relasjonar og kjensler. Til dømes dumskap, tilgjeving, å vera grisk, å vera raus osv. Det er jo tematikk ein kjem over overalt i dagleglivet.

Bilete av ulike fjell-lanskap.
Det finst nok av lanskap i Noreg som inspirerer til eventyr og forteljingar.

Oppskrift/hugseliste

  1. Vel deg ut ein helt/ei heltinne.
  2. Gje vedkomande ei oppgåve.
  3. Tenk ut hindringar og motstandarar.
  4. Tenk ut hjelparar, anten som personar eller eigenskapar (eller hendingar).
  5. Start forteljinga med «Det var ein gong …»
  6. Ta følgje med hovudpersonen, men gjer det gjennom ein tredjepersonsforteljar, slik at du skaper distanse til hendingane og karakterane.
  7. Såkalla magiske tal du kan nytta deg av er 3, 7, 9 og 12. Desse kan vera greie å smetta inn innimellom.
  8. Når du brukar slike tal, fører det ofte til gjentakingar av hendingar. Kanskje hovudpersonen mislukkast to av tre gonger på same oppgåva osv.
  9. Som med dei fleste andre tekstar, ynskjer du å kommunisera noko til tilhøyraren. I eit eventyr er det ofte snakk om ein moral: Ikkje gjer slik, men slik … Det er betre å vera slik enn slik … osv …

Heilt til slutt

Takk for at du var innom bloggen min i dag! Eg set stor pris på det! Dersom du tykte innlegget var nyttig eller inspirerande, er det flott om du trykkjer på like- eller deleknappen under, eller legg att ein kommentar til meg. Elles håpar eg du får ein fantastisk dag vidare!

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.