Episk…?

Landskapsbilete av eit fjellvatn.
Halsavatnet

«Kva meiner du at eg skal gjera?» Spørjande auge rommar eit litt desperat blikk. Dette er ein situasjon eg finn meg sjølv i relativt ofte.

Folk spør meg om råd. Og eg deler ut råd. I aust og vest. Eg gjev det eg trur er det beste rådet i den situasjonen det gjeld. Dersom nokon spør «Skal eg stå ned den skråninga på rullebrett, sjølv om det er femten år sidan sist eg prøvde meg på noko slikt?», så svarar eg «Nei».

Betrevitar?

Ikkje ein kjeft høyrer på meg. Dei lyttar til det eg har å seia, og så bestemmer dei seg for å velja ei anna løysing. Alltid. Og det endar med at vedkomande går på trynet. Alltid. (Dette er sjølvsagt ei sanning med modifikasjonar, men det er eg som fortel historia, så difor går me for alltid!).

Når dei så har landa på nasen, kjem dei attende og klagar si naud. Då ser eg sjølvsagt på dei med eit blikk fullt av medkjensle og seier uttrykkslaust: «Uff, så dumt. Hadde det berre vore nokon som kunne ha fortalt deg det på førehand…»

Og då kjem det : «Eg veit at du sa det, men dersom det hadde gått bra, ville det ha vore episk!», seier vedkomande med stjerner i augo.

Norsk-engelsk

Episk? No kan eg nok engelsk til at eg forstår at det dei meiner å seia er: «Det ville ha vore storslagent!». Men eg kan også tilstrekkjeleg norsk til at eg veit at det dei eigentleg seier er: «Det ville ha vore forteljande!».

Bakgrunnen for ordet episk er epos. Episk dikting er ein av dei tre hovudsjangrane innan litteraturen: episk, lyrisk og dramatisk dikting. Det er altså snakk om «forteljande dikting».

Det kan vera greitt å tenkja på neste gong du har lyst til å skildra noko som episk. Er det eigentleg forteljande eg meiner no?

Heilt til slutt

Tusen takk for at du var innom bloggen min i dag! Eg set stor pris på det. Dersom du likte innlegget, eller lærte noko nytt, vert eg veldig glad dersom du trykkjer på like- eller deleknappen under her, eller legg att ein kommentar til meg. Elles ynskjer eg deg ein strålande dag vidare!

Me snakkast!

Klem frå Rønnaug

Dritsekk

«Dritsekk» er eit daglegdags uttrykk for dei fleste av oss. Det er eit veldig enkelt ord å gripa til i mange situasjonar, det rommar så mangt.

Det er eit uttrykk med såpass mange tydingar at det er vanskeleg å forklara akkurat kva som ligg i det. Likevel føler mesteparten av oss at me veit slik om lag kva det tyder. Ein ting er sikkert – det er i alle fall aldri positivt.

Eit durabeleg våpen

Me nyttar, som sagt, dritsekk i ulike situasjonar. Kor alvorleg me meiner det varierer også i grad, men visste du at opphavet til uttrykket er historisk og mykje meir bokstavleg enn du kanskje var klar over?

Ein dritsekk var frå gamalt av eit mektig våpen. Ein stor sekk vart fylt med ulike typar avføring, små dyrelik og andre «godsaker», deretter vart sekken lagt på katapulten (ei kastemaskin) og skoten over murar og inn til fienden, der han eksploderte. Etterpå var det berre å venta til sjukdom og smitte spreidde seg blant fiendefolket. Kjemiske våpen er altså ikkje noko nytt menneska har funne på.

Bilete av ein «hundepose».
Dritsekk i ny form

I ny form

I seinare tider har det dukka opp ei ny form for dritsekk. Dei er svarte, små og vert lagt ut overalt, verkar det til. Hundeigarar er ofte flinke til å bruka dei, men det verkar ikkje som at alle har forstått at å få hundeskiten inn i posen berre er halve arbeidet. I staden for å ta med seg posen til ei bosbøtte, heng dei dei opp i eit tilfeldig tre dei passerer, eller legg dei frå seg attmed stien på fjellturen, eller legg dei på trammen til andre folk.

I våre dagar er det nok ikkje smittefaren som er den verste trusselen. Det er nok heller plasten me pakkar det inn i. For ville, og beitande, dyr er det farleg å eta plasten, men ein slik liten pose ser veldig fristande ut når dei kjem over han. Noko me alle kan tenkja på når me ser ein slik «dritsekk» ute i naturen.

Heilt til slutt

Det er ei god stund sidan førre innlegg no, så tusen takk for at du tok turen innom i dag! Eg set stor pris på det. Dersom du lærte noko nytt eller berre likte innlegget, vert eg veldig glad dersom du trykkjer på like- eller deleknappen.

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

 

Ingen har lyst til å lesa skiten din

Det aller beste skrivetipset du nokon gong kan få er dette: «Ingen har lyst til å lesa skiten din». 

Eg forstår at det kan høyrast litt merkeleg ut, så eg skal prøva å forklara det litt nærare. Dette innlegget er til ære for ein av dei absolutte favorittane mine innan «folk som skriv om skriving»-sjangeren, nemleg Steven Pressfield.

Bilete av eit fjellvatn med to naust.

Lat egoet kvila

Han har nyleg kome ut med ei ny bok om skriving, og ho har den passande tittelen (som eg så skamlaust har stole) Nobody Wants to Read your Shit. Pressfield tek her opp noko han lærte då han jobba med annonseskriving innan marknadsføring. Folk har betre ting å gjera enn å lesa det du skriv, så dersom du vil at dei skal lesa det, må du gjera det så tydeleg, inspirerande og underhaldande som du kan. Og kort. Så kort som mogleg. Du skriv ikkje til deg sjølv, med mindre du skriv i dagboka di, så difor må du setja deg inn i lesaren sitt perspektiv før du byrjar å skriva.

Den viktige lesaren

Dette var noko eg prøvde å læra vekk då eg jobba som lærar og fortalde elevane mine at «Eg vurderer dykk ikkje utifrå det de kan, men utifrå det de viser meg at de kan». Det er ein skilnad der. Du må alltid tenkja etter kva lesaren er oppteken av (dersom der er snakk om ein lærar har du sannsynlegvis fått retningsliner på førehand). Truleg gjer du dette dagleg på sosiale medier. Det er rart at me tenkjer meir på å vera tydelege og engasjerande når med oppdaterer Facebook-profilen vår enn når me skriv ein lengre tekst.

Det er i alle fall noko å tenkja på. Eg skal fortsetja å kosa meg med boka til Steven Pressfield, og er viss på at fleire gullkorn dukkar opp.

Heilt til slutt

Takk til deg for at du tok turen innom bloggen min i dag! Eg set stor pris på det, og vert veldig glad dersom du trykkjer på like- eller deleknappen under eller legg att ein kommentar til meg dersom du las noko du likte. Eg vert, som dei fleste andre, glad når nokon les skiten min…

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

 

Forvirrande skrivefeil

Språket vårt er i endring heile tida, men nokre gonger snik det seg inn direkte skrivefeil og skvisar ut den opprinnelege skrivemåten. Dersom du legg merke til det, kan det irritera vitet av deg. Berre prøv!

Det er jo som regel enkle og uskuldige ting, som ein ekstra bokstav her og der, slik som i ordet potensial, som i dei seinare åra nesten utan unnatak vert stava med ein ekstra e på slutten. Både ved skriftlege og munnlege høve. Potensial-e, seier folk. Eg er ikkje heilt sikker på kvar e-en kom frå i utgangspunktet, men no verkar det nesten uråd å verta kvitt han.

Bilete av ei tavle med tal på, omkransa av spreidde bøker.

Forvirrande tal

Særleg i det siste har eg lagt merke til at norske aviser, magasin og elles folk som skriv anten for hand eller på data, har byrja å skriva tal med punktum inni. I staden for å skriva 1500, skriv dei 1.500. Og når det er snakk om større tal, set dei til og med punktum fleire stader, som 1.500.000 når det er snakk om ein og ein halv million. Den korrekte, og enklare, måten å skriva det på på norsk er 1 500 000. Me nyttar vanlegvis mellomrom i staden for punktum mellom tala. Dette er heller ingen skrivemåte me har plukka opp frå engelsk, sidan dei nyttar komma når dei skal skilja mellom tal: 1,500,000. Dersom det hadde vore desimalar (øre på norsk), ville dei ha skrive det slik: 1,500,00.60, medan me på norsk skriv det slik 1 500 000,60.

Kontinentale vanar

Etter det eg kan forstå er skrivemåten med punktum noko som er plukka opp frå Kontinentet (Fastlands-Europa med unnatak av Skandinavia og Storbritannia). Eg er litt usikker på kvifor denne skrivemåten har slege rot i Noreg, men det kan vera at han ser meir komplisert ut enn den vanlege? At me prøver å høyrast litt meir sofistikerte ut med ein kontinental skrivemåte?

Forvirrande er det i alle fall, og lukka til dersom du prøver å innføra kontinentale skrivemåtar i nettbanken din, det er mogleg han vert litt humørsjuk. Akkurat slik som eg når eg les i aviser eller nettsider.

Heilt til slutt

Dette var dagens hjartesukk, eg håpar det var til nytte for deg som er innom. Tusen takk for at du tok turen innom her i dag. Eg vert veldig glad dersom du trykkjer på like- eller deleknappen under, eller om du legg att ein kommentar til meg.

Elles ynskjer eg deg ein strålande dag vidare!

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

Interessante folk

Hender det at du tenkjer gjennom kva som gjer ei historie spennande å lesa? Eller ein film spennande å sjå, for den saks skuld?

Me trur ofte at det har med handlinga å gjera. Dersom det er eit spennande plot, så er det spennande å følgja med. Dette er eg heilt samd i, men for at handlinga skal framstå som truverdig, er det viktig at ho samsvarar med personane som utfører henne, dei såkalla karakterane. Som tilskodar må me greia å tru på at karakteren, slik me kjenner han, faktisk vil handla på den måten plottet utspelar seg.

Bilete av ei opa bok, notatbøker og datamaskin og bartre mot ein blå himmel.

Folk er folk

Menneske er mest interesserte i andre menneske. Dette er noko forfattarar har bite seg merke i. Då Ibsen ein gong vart spurd om kvifor hovudpersonen i Et dukkehjem vart heitande akkurat Nora, skal han ha sagt noko slikt som at «Ho heiter eigentleg Eleonora, men dei kalla henne berre Nora som barn». Sjølv om me får skildra berre nokre timar av livet til Nora i skodespelet, kjende Ibsen til heile livshistoria hennar.

Det seier litt om kor mykje arbeid som ligg bak det å utvikla ein truverdig karakter, og skriva ei fengjande historie. Eit godt tips å ta med seg dersom du sjølv syslar med skriving eller berre likar å lesa.

Heilt til slutt

Det vart eit kort innlegg i dag, for å koma i gong att med blogginga. Eg tykkjer det er inspirerande å høyra om korleis andre går fram når dei skriv, og det håpar eg du gjer òg.

Eg er veldig takksam for at du er innom bloggen min i dag. Dersom du likte innlegget, og kanskje vart litt inspirert, vert eg glad dersom du trykkjer på like- eller deleknappen under, eller legg att ein kommentar til meg.

Elles ynskjer eg deg ein strålande dag vidare! Me snakkast.

Klem,

Rønnaug

Bøying av substantiv – inkjekjønn

Det er på tide med eit nytt grammatikkinnlegg på bloggen. For ei tid attende skreiv eg nokre innlegg om bøying av substantiv (du finn koplingane til dei nede på sida). I dag skal me ta føre oss bøying av inkjekjønnsord.

Som eg har sagt tidlegare finst det fire former ein kan bøya eit substantiv i – eintal – ubunden/ubestemd, eintal – bunden/bestemd, fleirtal – ubunden/ubestemd og fleirtal – bunden/bestemd.

Bilete av eit tre i eit vinterlandskap.
Eit tre … eit fjell …

Bøyinga av inkjekjønnsord er ikkje like komplisert som bøying av han- og hokjønnssubstantiv, men det er likevel nokre ting å hugsa på.

Dei vanlege

Eit inkjekjønnsord skal vanlegvis bøyast på denne måten:

Eint., ubun.                 Eint., bun.                   Fl.t., ubun.                   Fl.t., bun.

hus                                huset                          hus                                  husa

eple                               eplet                          eple                                epla

Det som kan vera verdt å leggja merke til er fleirtal i ubunden form, der me i inkjekjønnsord ikkje får noka ending. Me skal altså ikkje putta på nokon r i fleirtal der. Elles er bøyinga ganske rett fram.

Dei jamstelte

Dette er dei inkjekjønnsorda som har fleire variantar av korleis du kan bøya dei.

Eint., ubun.                 Eint., bun.                   Fl.t., ubun.                   Fl.t., bun.

auga                              auga                         augo                             augo

auge                             auget                         auge                             auga

øyra                             øyra                          øyro                             øyro

øyre                              øyret                         øyre                             øyra

hjarta                        hjarta                         hjarto                          hjarto

hjarte                        hjartet                        hjarte                          hjarta

Her ser me at det er litt meir å passa på, men det er heldigvis ikkje så mange av desse substantiva, så her er det eigentleg berre å pugga. Me ser at kva type ending du vel i eintal ubunden form styrer korleis du skal bøya det vidare. Her hender det rett som det er at eg syndar sjølv, men eg skal prøva å skjerpa meg.

Dei framande

Framandord har for vane å oppføra seg litt annleis enn dei vanlege substantiva.

Eint., ubun.                 Eint., bun.                   Fl.t., ubun.                   Fl.t., bun.

museum                      museet                       museum                       musea

studium                       studiet                       studium                        studia

Her ser me at ordet mister -um-endinga si i dei bundne formene.

Personleg tykkjer eg at bøying av substantiv tidvis kan vera vanskeleg, men det hjelper å friska opp i reglane innimellom.

Heilt til slutt

Takk for at du tok turen innom bloggen min i dag! Eg set stor pris på det! Dersom du tykte innlegget var nyttig, vert eg veldig glad om du trykkjer på like- eller deleknappen under, eller om du legg att ein kommentar til meg. Elles ynskjer eg deg ein god dag vidare.

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

Bøying av hokjønnssubstantiv

Bøying av substantiv – hankjønn

Nestekjærleik og korleis me oppfører oss

Det er den siste dagen i 2015, og det er på tide med litt tankeverksemd rundt året som har gått. 

2015 har vore eit år med opp- og nedturar for dei fleste, som alle år. Flyktningekrisa har gjort at me i Noreg har måtta sett litt på verdisynet vårt og kanskje gjort oss nokre tankar om kva me har å vera takksame for i landet vårt.

Bilete av juletrepynt.
Godt nytt år!

Den nærmaste?

Ordet eg har lyst til å sjå nærare på i dette innlegget er nestekjærleik. Det er samansett av orda neste og kjærleik. Den første delen av ordet er nytta mest i religiøs samanheng, og me finn det i Bibelen, der det tyder medmenneske. Det er omsett får det latinske proximus, som tyder «den nærmaste».

Den andre delen av ordet er kjærleik. I Noreg skil me tradisjonelt sett mellom elskhug og kjærleik. Elskhug er eit meir innskrenka omgrep enn kjærleik, og ein kan seia at kjærleik er meir oppofrande og mindre egoistisk enn elskhug.

Kva får me så når me set desse to orda saman? I følgje Wikipedia er nestekjærleik «omsorg for andre menneske og det å kjenne seg ansvarleg for velferda til alle medmenneske utan omsyn til religion, kjønn, politisk standpunkt eller andre særpreg.»

Køkultur og julebord

Grunnen til at eg kom til å tenkja på dette temaet no når me går inn i det nye året, er at jul og nyttår kjem rett etter julebordsesongen. Tida då mange menneske møtest i sosiale lag, og diverre tida då me ikkje alltid viser oss frå vår beste side.

Før jul var eg ein tur ute på byen, og måtte følgjeleg stå i kø for å koma inn på utestadane. I den eine køen, vart eg vitne til eit opptrinn som omhandla både køkultur og folkeskikk. Eg og følgjet mitt kom litt seint, og måtte difor stilla oss i ein nesten stilleståande kø. Me stod og snakka oss imellom, medan køen framfor oss minka. Ikkje fordi nokon slapp inn på utestaden, men fordi dei føre oss ikkje gadd å stå i kø meir, og forlet han ein etter ein. Brått vart me ståande bak ein gjeng med ungdomar som hadde oppdaga ein eldre kar dei meinte sneik i køen. No er det godt mogleg at han gjorde det, men akkurat på dette tidspunktet var me dei einaste i køen bak dei, og me hadde definitivt kome etter han.

Ungdomane var derimot ikkje så opptekne av fakta, som dei var av å vera irettesetjande og moraliserande (om enn på ein grovkjefta måte). Dei kjefta fyren ut for at han sneik og ikkje kunne oppføra seg. Tenk på alle dei bak han som måtte svi for at han ikkje kunne stå i kø. Me prøvde litt forsiktig å ymta frampå om at det gjekk fint, sidan me hadde kome etter han, og var dei einaste som stod der. Men dette var sint, norsk,  ganske stor og ganske full ungdom, så me heldt oss litt i bakgrunnen. Dessutan var dei meir interesserte i prinsippet enn i det som hadde skjedd. Han burde gå og stilla seg bak alle som hadde kome etter han som ei symbolsk botgjering for syndene sine. Til slutt greidde dei å kjefta den eldre mannen ut av køen.

Moral og dobbeltmoral

Er det ikkje fint at den høgmoralske parten vann fram? Me trøysta oss med det, sidan me ikkje hadde hatt mot til å gripa skikkeleg inn i opptrinnet. Det som skjedde etterpå var derimot eit slag i trynet for moralismen. Då dukka det nemleg opp to jenter som kjende ungdomane, og dei vart tekne rett inn i køen framfor oss. Me pikka dei forsiktig på skuldra og lurde på om dette eigentleg var ok, med tanke på prinsipp og allting. Me fekk oss ei overhaling sidan dette var noko heilt anna. Mannen hadde snike heilt på eiga hand, medan dei hadde «teke opp plass» til jentene. Det enda med at me putla oss ut av køen og til neste uteplasskø me også.

Nestekjærleik

Moralen? Tja, dersom du har lyst til å mobba folk ut av ein kø, er det kanskje mest fruktbart å konsentrera seg om dei som står framfor deg i køen?

Moral kan vera ein skummel ting, i alle fall i julebordsesongen. Me kan heller starta det nye året med å tenkja gjennom korleis me vil at andre skal vera mot oss, og prøva å oppføra oss deretter. Det har i alle fall eg tenkt å prøva. Ein vil ikkje alltid lukkast, men det er eit bra mål å ha som utgangspunkt.

Heilt til slutt

Takk for at du tok turen innom bloggen i dag! Eg ynskjer deg eit strålande nytt år! 2016 vert det beste så langt! Dersom du likte innlegget, set eg stor pris på om du trykkjer på like- eller deleknappen under, eller legg att ein kommentar. Nyt dagen og det komande året!

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

 

 

Lilla advent

Dei fleste av oss har eit forhold til adventen, som er dei fire siste vekene før jula kjem. For meg har desse vekene alltid vore lilla, sjølv no når jula og raudfargen kryp fram i butikkane og heimane i oktober-november allereie. I år har eg gått til innkjøp av ein ny lilla løpar, eg har hengt opp adventskrans og så brukar eg ei lilla veske.

Bilete av ein adventskrans på ei dør.
Advent: Ei lilla tid

Sjølve bakgrunnen

Midt i julestria er det enkelt å mista sjølve årsaka til pyntinga og lysa av syne, men jul og advent er først og fremst ein kristen tradisjon (ja, eg veit at sjølve lysfesten er ein heidensk tradisjon, men i dag skal me sjå på adventen og kristendomen). Ordet «advent» kjem frå det latinske uttrykket «adventus» som tyder tilkomst. Eigentleg er det ein kortversjon av uttrykket «adventus Christi» som tyder «Kristi tilkomst». Me ventar altså på Jesus-barnet.

Lilla og faste

I den norske tradisjonen er første søndag i advent den første dagen i kyrkjeåret, men i andre kyrkjetradisjonar er det andre skikkar og tider som vert rekna som advent.

Grunnen til at lilla er adventsfargen er at det er den liturgiske botsfargen. I mange tradisjonar er nemleg adventen ei bots- og fastetid. For meg personleg vert det lite fasting i denne perioden, og heller ikkje mykje botsarbeid. Det vert i staden overeting og panikkhandling av ynskte og uynskte gjenstandar til folka rundt meg. Likevel pyntar eg opp med lilla. Eg har for så vidt mitt på det reine for fasting og botsarbeid er heller ikkje noko det vert lagt vekt på i den protestantiske tradisjonen generelt.

Bilete av ein solnedgong over eit snøkledd fjell (Sogndalsdalen) og av eit snøkledd fjell som speglar seg i Sognefjorden.
Advent: Ei vakker tid

Ein fin tanke

Bakgrunnen til adventsstaken er litt uklår, men ei myte, som eg tykkjer er fin å tenkja på, seier at ei kvinne starta tradisjonen då ho ville laga ein kalender til ein funksjonshemma son som gledde seg til jul.

Heilt til slutt

Uansett korleis du markerer denne tida før jul, så ynskjer eg deg ei fantastisk førjulstid! Eg vert, som vanleg, glad dersom du trykkjer på like- eller deleknappen under, eller legg att ein kommentar til meg. Eg set stor pris på at du var innom her i dag.

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

Kjelde: WIkipedia

 

Ord på m …

Har du nokon gong høyrt om månesjuke? Har du tenkt over kvifor det heiter måndag? Eller månad? Dagens innlegg tek føre seg ordet måne og korleis det har påverka utviklinga av språket vårt. (Veldig forenkla, altså, eg har ikkje tenkt å skriva noka bok om emnet).

Bilete av fullmånen som blant anna speglar seg i Sognefjorden.
Fullmånen den 27. oktober 2015

Som sagt, skal eg ta føre meg ord og språk, altså etymologien til ordet måne, og litt om avleiingar frå det. Månen er den einaste naturlege satelitten som går rundt jorda vår. Ordet me nyttar i dag stammar frå det norrøne ordet máni. Me måler tida vår etter månesyklusen. Ein månad er om lag like lang som ein månesyklus. Det faste uttrykket «i ny og ne» viser til månefasane. Så lenge månen veks, er han i ny-fasen, medan han står i ne-fasen når han minkar og vert mindre. Uttrykket tyder «av og til».

Måndagar og annan galskap

Måndag tyder eigentleg «månedag», og var fram til den 1. januar 1973 rekna som den andre dagen i veka i Noreg. Då vart det bestemt at kalendarsystemet skulle følgja arbeidsveka. Det er rart å tenkja på at det er såpass kort tid sidan søndagen vart flytta frå først til sist i veka her i landet, i mange andre land er søndagen framleis den første dagen i veka. Før eg oppdaga dette, tenkte eg at det var noko veldig rart med amerikanske kalendarar, der søndagen alltid stod først i veka.

Månesjuke er eit ord som i stor grad har gått ut or språket vårt. Det var eit ord som vart nytta om psykiske endringar knytte til månesyklusen som enkelte opplevde. Nyare forsking har hinta om at folk flest søv dårlegare under fullmånen, og at det difor er noko i fenomenet. På engelsk nyttar dei ordet lunacy som kjem av det latinske ordet for måne, nemleg luna.

Varulvar, påske og tidevatn

Mytologiens varulv er eit menneske som skifter ham tre dagar rundt fullmånen, og forvandlar seg då til ein ulv. Dei får ein unaturleg styrke og vert galne. Resten av månaden er dei heilt vanlege menneske.

Det er kanskje ikkje så rart at slike myter har oppstått, når ein tenkjer på kor mykje anna som vert påverka av månen. Kvar fullmåne og nymåne, til dømes, er det springflo og springfjøre. Det vil seia at vatnet er på sitt høgaste og lågaste når månen, sola og jorda står om lag på linje. Dette skjer kvar full- og nymåne.

Nippflo og nippfjøre oppstår ved halvmåne når kreftene til sola og månen på tidevatnet motverkar kvarandre. Då er floa på sitt lågaste og fjøra på sitt høgaste.

Påska vert også fastlagd etter månen. Det er difor ho endrar seg frå år til år. Påskedagen vert feira på den første søndagen etter den første fullmånen etter vårjamdøgn.

Ordet menstruasjon kjem frå det latinske ordet mensis og ordet menisk tyder faktiskt «liten (halv)måne».

Heilt til slutt

Takk for at du har lese bloggen min i dag! Eg håpar du lærte noko du ikkje visste frå før. Kjempeflott om du trykkjer på like- eller deleknappen, eller legg att ein kommentar under her. Elles håpar eg at du får ein flott dag vidare!

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

Kjelder: Store norske leksikon, Wikipedia og Norsk etymologisk ordbok av Yann de Caprona.

Eventyrleg oppskrift

I dagens innlegg vil eg atter ta føre meg eventyr. Du finn eit tidlegare innlegg om emnet her. Eventyr er noko dei aller fleste av oss har eit forhold til, og då kan det vera spennande å plukka det litt frå kvarandre. 

Bilete av ei gamal bok.
Eventyr

Å skriva noko som aldri har vore laga tidlegare

Det første me må gjera er å skilja mellom kunsteventyr og folkeeventyr. Skilnaden er enkel. Eit kunsteventyr har ein kjend forfattar (tek H.C. Andersen). Folkeeventyra er munnlege overleveringar som har vandra rundt i generasjonar. Opphavet til historia er ukjent. Eit døme på folkeeventyr er Askepott, som visstnok er funne i 360 ulike variantar. Dersom du lurer på å skriva eit eventyr, men er redd det ikkje vert originalt nok, kan eg fortelja deg med ein gong at du ikkje kjem til å laga ei forteljing som ikkje har vorte fortald tidlegare. Det er ikkje poenget heller, sjølv Shakespeare bygde tekstane sine på segner og forteljingar som var kjende frå før. Å skriva noko nytt handlar meir om måten du fortel det på enn på kva du faktisk fortel.

Tid og stad

Både kunsteventyr og folkeeventyr unngår som oftast å leggja vekt på tid og stad. «Det var ein gong i ein by langt, langt vekke …» osv. Det gjev teksten eit tidlaust preg og gjer at tematikken kan vera aktuell kva tid som helst, samstundes som du får ein distanse som gjer det meir generelt og mindre støytande.

Dersom du har ein sjef som held på å gjera deg tullete, kan eit tips vera å laga eit eventyr om situasjonen og håpa på at han/ho plukkar opp noko utan at du gjer det personleg. (Det er jo veeldig naturleg å fortelja sjefen sin eventyr …).

Det er alltid ein helt … eller ei heltinne …

Dersom du gjer det, må du hugsa å gjera deg sjølv til helten i historia. Det er nemleg alltid ein helt/ei heltinne i eit eventyr. Ofte er det slik at ingen av karakterane har namn (tenk Guten og trollet osv.), men me får alltid følgja reisa til ein spesiell karakter. Det er helten. Helten får ei oppgåve som må utførast, og på vegen møter han både hjelparar, motstandarar og hindringar. Motstandarane og hindringane skaper ubalanse i forteljinga, medan hjelparane prøver å gjenoppretta balansen. At helten får motstand, er viktig for å driva forteljinga framover, medan hjelparane er viktige for å gjenoppretta harmonien på slutten.

Eventyr i praksis

Om me går utifrå at du har tenkt å ta deg ei eventyrstund med sjefen din, er det du som er helten/heltinna, som får ei oppgåve du må løysa. Deretter legg du inn sjefen som motstandar (blant andre hindringar), du kan leggja inn kollegaer eller dine eigne, fantastiske eigenskapar som hjelparar, og så vinn du til slutt. Harmoni! Dette er jo oppskrifta som vert nytta i dei fleste Hollywood-filmane, så du står fritt til å modellera helten (deg sjølv) på Bruce Willis i Die Hard-filmane t.d.

Mange eventyr handlar nemleg om menneskelege relasjonar og kjensler. Til dømes dumskap, tilgjeving, å vera grisk, å vera raus osv. Det er jo tematikk ein kjem over overalt i dagleglivet.

Bilete av ulike fjell-lanskap.
Det finst nok av lanskap i Noreg som inspirerer til eventyr og forteljingar.

Oppskrift/hugseliste

  1. Vel deg ut ein helt/ei heltinne.
  2. Gje vedkomande ei oppgåve.
  3. Tenk ut hindringar og motstandarar.
  4. Tenk ut hjelparar, anten som personar eller eigenskapar (eller hendingar).
  5. Start forteljinga med «Det var ein gong …»
  6. Ta følgje med hovudpersonen, men gjer det gjennom ein tredjepersonsforteljar, slik at du skaper distanse til hendingane og karakterane.
  7. Såkalla magiske tal du kan nytta deg av er 3, 7, 9 og 12. Desse kan vera greie å smetta inn innimellom.
  8. Når du brukar slike tal, fører det ofte til gjentakingar av hendingar. Kanskje hovudpersonen mislukkast to av tre gonger på same oppgåva osv.
  9. Som med dei fleste andre tekstar, ynskjer du å kommunisera noko til tilhøyraren. I eit eventyr er det ofte snakk om ein moral: Ikkje gjer slik, men slik … Det er betre å vera slik enn slik … osv …

Heilt til slutt

Takk for at du var innom bloggen min i dag! Eg set stor pris på det! Dersom du tykte innlegget var nyttig eller inspirerande, er det flott om du trykkjer på like- eller deleknappen under, eller legg att ein kommentar til meg. Elles håpar eg du får ein fantastisk dag vidare!

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug