Godt nyttår eller godt nytt år?

No nærmar me oss årsskiftet med raske steg, og då er det mange helsingar som skal sendast til nære og kjære. Me nyttar jo helst sosiale medier til den slags no for tida. Det skal skje raskt og effektivt, og då er det litt ugreitt når ein vert usikker på skrivemåtar midt oppe i det heile. Difor tenkte eg at me kunne sjå på nyttårshelsingar i dette blogginnlegget.

Lys og røykelse, og ein katt inni ein pose med pakkar.
Jula ebbar snart ut i det nye året.

Orddeling eller ikkje?

Enkelte er så overivrige etter å retta på orddelingar at dei nesten vert irriterte dersom du ynskjer dei godt nytt år. Dei reagerer anten høglytt eller murrar på for seg sjølve om nordmenn som ikkje kan skriva skikkeleg osv.

Har dei rett i det dei seier? Tja, orddeling er jo ein utbreidd problematikk blant skrivelyste nordmenn for tida, men i dette tilfellet kan ein vel seia at dei er litt for kjappe på avtrekkaren.

Feiring eller år?

Du kan gjerne ynskja nokon godt nytt år. Når du gjer det, er det inga tvil om at du ynskjer dei alt godt i det nye året. Dersom du seier godt nyttår, derimot, kan det vera tvil om kva du meiner.

Om ein vil vera vrien, kan ein påstå at du berre ynskjer folk ei god nyttårsfeiring, og ikkje seier noko om det nye året.

Uansett kvar ein snur seg har ein altså «røvi» bak.

Snølandskap med ein solnedgang i bakgrunnen.
Romjulsskitur til Høgehaug frå Hodlekve, med ein nydeleg solnedgang som toppa det heile.

Valfri helsing

For å oppsummera det heile, kan me seia at det ikkje spelar noka rolle om du ynskjer folk godt nytt år eller godt nyttår, du kan til og med ynskja dei eit godt nyår, om du vil. Alt er lov i følgje nynorsk- og bokmålsordboka, og då er det vanskeleg å protestera på det. For eigen del, plar eg å ynskja dei eg kjenner eit godt nytt år etter nyttår.

Heilt til slutt

Takk for at du var innom bloggen min i dag, dersom du likte det du las, eller fann det nyttig, vert eg kjempeglad dersom du trykkjer på dele- eller likeknappen, eller legg att ein kommentar under.

Elles ynskjer eg deg eit fabelaktig nytt år, og håpar me snakkast i det nye året!

Klem,

Rønnaug

 

God jul!

Eit veldig kort innlegg i dag. Med masse bilete for å skapa julestemning. Ynskjer deg som er innom og les på bloggen ei retteleg god jul!

Bilete av ei adventsstjerne og snødekte fjell.
I Sogndal har me fått massevis av snø til jul.
Bilete av vinterlandskap og julepynt.
God jul til store og små!
Bilete av lys, nissar og englar - julepynt
Juletid
Bilete av diverse nissar og englar.
Ei trivelig tid!
Bilete av baking av smoltringar og peparkaker.
Litt julebakst må til. Smoltringar og peparkaker.
Bilete av peparkakeform og julekuler.
Kos deg i jula!

Eg ynskjer deg ei fantastisk flott juletid!

Ta deg gjerne tid til å lika eller dela posten, dersom du fekk litt ekstra julestemning som du vil dela med andre!

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

Lussekattar og Luciadagen

Då eg var lita hadde me ikkje den same tilgongen på krimskrams som ein har i dag. Det gjorde at me (og foreldregenerasjonen vår) måtte vera meir kreative enn no. Nei, det er ikkje hundre år sidan, då var ikkje den moderne Lucia-feiringa komen til Noreg ein gong. Luciadagen, den 13. desember, vart feira kvart einaste år i min barndom.

Martyrdød og Lussinatt

Tradisjonelt er Lucia-feiringa ein skikk som kjem frå den katolske kyrkja. Sankta Lucia var ei dame som leid martyrdøden på Sicilia rundt år 300. Det er mange legender kring kva som eigentleg skjedde den gongen, men det hadde truleg med usemje rundt kristendomen å gjera.

Lussinatt var her til lands særs viktig i høve til Oskoreia og denne sine herjingar, som eg tok føre meg i førre innlegg.

Bilete av fleire typar lussekattar.
Lussekattar skal vera gule og søte.

Moderne feiring og dorullar

Moderne feiring av Luciadagen er slik som eg hugsar det frå min barndom, meir eller mindre. Då gjekk me ungane i tog rundt til naboane og delte ut lussekattar og song Lucia-songen til dei.

Alle veit at i eit Lucia-tog må det vera ein person som symboliserer Sankta Lucia og som har ein lyskrans på hovudet, i tillegg lyt alle i toget ha kvite kjortlar (eller kjolar). Eg har alt nemnt at me laut vera kreative då eg voks opp, så kva gjer ein når ein ikkje har alt dette?

Då lagar ein ei lyskrune. Me nytta eit gamalt, gullfarga belte som me festa dorullar på. Oppå dorullane limte me bomull og på bomullen helte me lim og strødde glitter på.

Og kjortlane? Nokre gamle, kvite gardiner gjorde susen. På hovudet hadde ternene juletreglitter i ein krans og terneguten hadde ein spiss papirhatt med gullstjerner klistra på.

Me var eit syn. Eg bryr meg ikkje om kva biletprov og kritiske attendeblikk kan fortelja meg i ettertid. Med dorullane på hovudet og ei gamal gardin slengt rundt skuldrene – då var eg ei prinsesse.

Lussekattane

Me hadde, som sagt, lussekattar med oss då me gjekk rundt og underheldt naboane med song. Det er ein tradisjon eg held på framleis, sjølv om eg har slutta å gå rundt til naboane med dorullar på hovudet. Eg er ikkje heilt sikker på om dei ville ha teke i mot bollane dersom eg gjorde det i dag.

Oppskrifta eg nyttar er om lag slik:

1 liter mjølk (noko av det kan erstattast av anna væske)

300 g smør

200 g melis

1-2 teskeier gurkemeie (eg er ikkje glad i safransmaken)

2 teskeier kardemomme

100 g gjær

2 egg

Mjøl til passe deig (han må vera fast nok til å kunna formast)

Rosiner til pynt og egg til pensling. Det skal visst vera bra med bakepulver (1 teskei) og salt (om lag ½ teskei) i deigen også, så det hender at eg slenger oppi det òg. Dette er ein ganske stor porsjon. Vanlegvis plar eg berre ha oppi ingrediensane utan å måla opp, men i år tok eg meg tid til å måla opp og skriva ned, slik at du kunne få ein mal, om du ynskjer det. Dei er gode!

Bilete av deig forma i ulike typar lussekattar.
Her er nokre ulike måtar ein kan forma lussekattane på. Eigentleg er det berre typen du ser til venstre som er ein katt. Som regel ser dei ut som nokre store krosstroll når dei har heva ferdig og er steikte, uansett korleis eg formar dei. Det er verdt å merka seg at det er dei største bollane som er best på smak. Dei vert ikkje så turre som dei nette små.

Kattar til å skrema vekk djevelen med

Lussekattane skal vera gule fordi dei tradisjonelt sett skulle skrema vekk djevelen. Eg er ikkje heilt sikker på kvifor han var redd for gulfargen, men det kan vera at det er fordi gulfargen skal symbolisera lyset, som djevelen ikkje skal vera så glad i.

Lag deigen slik du vanlegvis vil laga ein gjærdeig. Pass på at væska held 37 grader før du blandar ho med gjæren og bland i det turre til ein glatt og ikkje altfor laus deig. Du kan velja å heva han før du triller ut bollane. Eg plar gjera det. Når bollane er trilla, skal dei etterheva i 30 minutt under eit klede. Deretter steiker du dei i omnen på 220 grader til dei er gylne.

Bilete av lussekattar.
Eg hadde visst hatt nok bollar til naboane i år òg…

Heilt til slutt

Takk for følgjet gjennom innlegget i dag! Dersom du lo litt eller fann noka nytte i det, er det supert om du trykkjer på like- eller deleknappen under, eller legg att ein kommentar til meg.

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

 

Oskoreia og jólablót

No når det me er i desember og det nærmar seg jul er folk flest opptekne av kakebaking og andre tradisjonar. Julepakkane byrjar å koma på plass og huset vert pynta med lys. Jula er jo full av koselege ting som nissar, juletre og god mat, så i bloggen i dag skal me ta føre oss nokre av dei mørke sidene ved desember og julefeiringa. Alt kan jo ikkje berre vera kos og hyggje.

Bilete av Havet. Konturar av eit fjell og eit tre.
Frå helgeturen til Drage på Stadlandet. Ikkje så mykje som minna om ei kvit jul, men det var melis på toppane.

Oskoreia i desembermørkret

Oskoreia er eit følgje med underjordiske og daude folk. Det fer gjennom lufta og skaper uhyggjelege tilstandar. Tradisjonelt sett var dei på ferde i desembermørkret og stelte i stand bråk, slåsting og drap. Dei kunne også stela med seg dyr og gjenstandar frå gardar.

Det var om å gjera å ikkje få auge på dette følgjet, for gjorde du det, hadde du ikkje lenge att å leva. For å verja seg mot Oskoreia måla folk tjørekrossar på gjenstandar og fe.

Dumt å vera seint ute

Ekstra farleg var det visst for dei som ikkje vart ferdige med alt som måtte gjerast til jul, så her er det berre å hengja i. Slike stakkarar kunne nemleg verta tekne med i flokken og ført langt av garde. Heldigvis kunne ein verja seg mot følgjet ved å kasta seg ned og leggja seg til som ein kross med armar og føter, så det er jo håp om ein er litt seint ute til jul.

Personleg kjenner eg historiene om Oskoreia gjennom teikneseriar og folkeeventyr, som underhaldning med andre ord.

Tre bilete av det same juletreet, opplyst av måneskinet (månen er bakom treet).
Juletreet på Torget i Sogndalsfjøra, opplyst av vakkert måneskin.

Jólablót

Ordet jul eller jol kjem frå ordet jólablót, som var ein heidensk offerfest som gjekk føre seg midtvintersdagen (12. januar). Den kaldaste dagen i året. Verkeleg noko å markera. Under kristninga av Noreg på 900-talet kom Håkon den gode med påbod om at markeringa skulle flyttast til den 25. desember som i resten av Europa. Namnet vart med for å hindra at den heidenske ofringa heldt fram i landet.

Heilt til slutt

Lukka til vidare med juleførebuingane! Det er heldigvis mest kos knytt til høgtida. Dersom du lærte noko nytt eller likte innlegget, vert eg kjempeglad om du trykkjer på like- eller deleknappen under, eller legg att ein kommentar til meg.

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

Veit du kven som fortel?

I bloggen i dag skal me sjå litt på tekstarbeid, som er noko eg er glad i. Me skal ta ein liten titt på forteljaren. Når det gjeld munnlege forteljingar, er det tydeleg kven som fortel historia – det er nemleg ein fysisk person. Men har du nokon gong tenkt over kven som fortel når du les ein skriven tekst?

Kanskje har du ikkje tenkt over kor avgjerande augo som ser er. Lat oss sjå på eit døme:

Dei stod tett saman. Sjølv på denne avstanden kunne eg sjå at det var alvorleg. Det var som om den grå kulda hadde flytta inn i dei to skikkelsane. Det kvite skinet frå gatelyset berre understreka motløysa mellom dei. Hetta på den altfor store parkasen luta over andletet til den høgaste. Den mørke fargen skilde seg ikkje nemneverdig utifrå buskaset bak han, grumsete og nesten kamuflerande, som om han visste at dette var ein kveld som var til for å gløymast. Skorne var halvvegs dekte av den kornete snøen, blanda med skiten som bilane hadde virvla opp.

To bilete frå Karl Johan, ei med ein allé, det andre av brustein. Eit bilete av snødekt fjord- og fjell-landskap.
Gater, fjord og snø.

Og om me snur og vender på det

Trur du historia vert farga av den som fortel? Me kan jo prøva å sjå på den same situasjonen, men med ein annan forteljar, og finna ut av det.

Me stod der saman . . . som om me var ute av stand til å flytta føtene frå kvarandre . . . som om dagslyset hadde stole all viljestyrke i verda, som om sjølve jordkloden hadde gått av hengslene og nekta å lova at morgondagen ville koma. At dette var alt. Rå kulde og skiten snø. Handa som eg strekte fram var knapt mogleg å skimta i det grå mørkret. Akkurat som framtida . . .

Eg-forteljar

I desse døma har me ikkje skifta forteljartype. Begge er førstepersons-forteljarar (eg-forteljar), men me har skifta forteljarperson. Begge forteljarane er ein del av forteljinga, men ein av dei ser på scena, medan den andre deltek. Ingen av dei har tilgong til andre tankar enn sine eigne.

Stemning

Forteljaren er ein viktig del av stemninga og historia du vil dela. Tenk over det neste gong du les eller skriv ein tekst. Kven ser dette? Kva rolle spelar det at eg ser det gjennom denne personen sine auge?

Val av forteljar er nøye gjennomtenkt av den som skriv teksten, og det er kjempemoro å leika litt med det når ein skriv eigne tekstar. Me kjem attende til forteljaren ved seinare høve.

Heilt til slutt

Takk for følgjet denne gongen. Kunnskap om skriveteknikkar legg ein heilt ny dimensjon til lesing og skriving, tykkjer eg. Dersom du sette pris på innlegget, er det kjempeflott om du trykkjer på like- eller deleknappen under. Eller legg att ein kommentar til meg.

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug