Ord du ikkje visste at du sakna: bufaring

«Stopp han! STOPP HAN!!»

Han det er snakk om er ein sau, og eg er nokre tiår attende i tid.

Reint strategisk hadde eg tenkt at dagens innlegg skulle handla om noko anna enn ord. Det er viktig med variasjon i tema, liksom. Men når alt kjem til alt, er det min blogg, og eg skriv om det eg får lyst til – så her kjem endå eit innlegg om min fasinasjon for ord.

Lesarforslag og gamal kunnskap

Dagens ord – bufaring – kjem som eit resultat av eit lesarforslag. Eg var litt skeptisk til å trekkja det inn her, sidan det ikkje er eit så uvanleg ord å nytta på desse kantar – altså her i Sogndal. I alle fall ikkje dersom du vandrar i dei meir rurale kretsane, noko eg gjer. Grunnen til at eg likevel tek det opp er at eg innser at det kanskje ikkje er ein del av daglegtala til dei fleste lenger, og då er det fint å kunna friska litt opp i kunnskapane.

Kyr enklare enn sauer?

Attende til sauen. Sjølv om sauer har ord på seg for å vera dumme flokkdyr, er dette ei sanning med modifikasjonar. Bufaring er når du flyttar dyra til eller frå støls, eller eigentleg til eller frå fjellbeitet. Sauer er, etter mi erfaring, vanskelegare å halda samla enn kyr. Dette varierer sjølvsagt frå husdyrhald til husdyrhald, men når dei først spring ut, er sauene sprekare enn kyrne. Du kan jo prøva å beina etter ein sau og sjå korleis det går (ikkje på ordentleg, altså – ser du ein sau oppfordrar eg deg IKKJE til å jaga han!). Bufaring av sau kan såleis vera livlege saker. Lamungar er søte og små, men også mykje sterkare enn dei verkar til. Det er ikkje alltid spøk å halda dei fast når dei skal få ymse kurar eller liknande.

Vêråtak og pinlege situasjonar

Kalvar er ei anna sak enn kyr. Der kyrne er meir mogne og rolege, har kalvane liv i alle endar og ei livsglede ein berre må ta av seg hatten for.

Den største flausa (er ikkje dét eit fint ord? Det går diverre ofte i gløymeboka til fordel for ordet tabbe, men dette er ei avsporing) eg har hatt når deg gjeld flytting av dyr, har med kalvar å gjera. Dei skulle ikkje bufarast, berre flyttast frå eit heimebeite til eit anna. Eg hadde ingenting med kalvejaget å gjera, men dukka tilfeldigvis opp i motgåande retning, på full fart for å henta ferieposten til nokre kjenningar på kortast mogleg tid.

Bilete av eit lam, nokre gamle løvetannar og ei kløvereng.
Lamungen lengtar nok etter årets bufaring.

Eg veit ikkje heilt kva det er, men noko skjer i uventa situasjonar. Hjernen sluttar å fungera, i alle fall på nokon fornuftig måte. No stod eg altså midt i vegen og mot meg kom to store kalvar i fullt firsprang. Såpass erfaring har eg med dyr, at eg veit at det i slike situasjonar er om å gjera å gjera seg usynleg så fort som råd. Kalvar kan vera vare og skvetne overfor folk, slik at dei anten spring i heilt andre retningar enn den tiltenkte, eller så kan dei verta olme og springa deg ned (ikkje så ofte akkurat det skjer, men ein gong vart eg faktisk stanga ned av ein vêr. Eg var lita (minst i flokken eg gjekk i) og skulle henta posten (noko som altså kan by på problem rett som det er). Vêren lurde seg innpå meg bakfrå og stanga meg rett ned. Sauer er ikkje dumme – han visste korleis han skulle velja ut og nedleggja «bytedyret»).

Begge alternativa ovanfor er slikt ein vil unngå. Så kva gjorde eg då eg plutseleg hamna midt i eit kalvejag? Eg kunne busa på for å få gjort unna ærendet mitt, eller eg kunne kasta meg inn i ei buske og venta til dei hadde passert. Eg valde alternativ nummer tre, eg trekte meg til sides og opp i grøfta, men vart så forfjamsa at eg heldt fram med å lea meg halvvegs framover i liten fart.

Usynleg? Eg?

Kva var det eg trudde? At kalvane skulle oppfatta meg som eit tre som berre seig litt framover? Ingen trussel i det heile . . .

Bonden, som var ein kjenning av meg, hadde gardert seg med hjelpemenn til kalvejaget, så bak kalvane kom det fire(!) mann. Kva kalvane gjorde? Dei sprang i alle retningar, på den måten berre to kalvar kan gjera slikt. Dei fire karane fekk i alle fall trimmen sin den dagen, der dei beina etter. Litt turt kom det frå bonden: «Rønnaug! Du jagar feil veg!». Kva eg gjorde? Strekte ut armane og veiva litt medan eg med svevande stemme sa: «Eg er eit tre…» (dersom eg ikkje sa det, kunne det jo verka forvirrande).

Nei då, eg er jo ikkje gal, så eg såg berre skamfullt ned i bakken og mumla fram ei spak orsaking. I ettertid ser eg meg litt betre føre før eg hentar posten.

Lanskapsbilete av snø i fjellet.
Det vert nok ei lita stund før lamungen kjem på fjellbeitet sitt. Slik ser det ut der i slutten av juni 2015.

Bufaring kjem av ordet «bufar» som eigentleg viser til å flytta frå ein stad til ein annan. For tidlegare var det nett det du gjorde – du flytta folk, eigedelar og fe til støls for heile sommaren. No er det mindre vanleg, og du er nok uansett meir mobil dersom du jobbar som budeie no til dags.

Heilt til slutt

Tusen takk for at du var innom bloggen min i dag! Dersom du likte det du las, er det kjempeflott om du trykkjer på dele- eller likeknappen under, eller om du legg att ein kommentar til meg. Uansett ynskjer eg deg ein strålande dag vidare!

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

Ord du ikkje visste at du sakna: kassett

Sjå føre deg eit høgteknologisk opptakssystem. To kassettspelarar ståande på bordet med høgtalarane mot kvarandre, ein finger som er klar til å trykkja på pauseknappen, opptakskassetten klar, tidspresset og kravet om presisjonen enormt. På radioen: «Ti i skuddet». Dagens innlegg handlar om ei av barndomens små gleder.

Det viktigaste for ein røynd opptaksdame var å unngå å få med for mykje av røysta til Vidar Lønn Arnesen, men mest mogleg av musikken. Dersom låta var kort, gjekk dette noko lunde greitt, men det er mange av barndomens heltesongar som eg i seinare tid har oppdaga at er ein god del lengre enn opptaka mine frå «Ti i skuddet». Og sjølv om eg er glad brukar av lydfiler og youtube-videoar i dag, kan dei ikkje heilt måla seg med gleda eg fekk frå opptakskassettane med den karakteristiske skurrelyden i barndomen.

Ei bokhylle full av bøker ute i naturen. Bilete av blant anna Fantomet på Nostalgisk orbok av Petter Schjerven. Kvit løvetann i graset.
Nostalgiske bilete på ei nostalgisk ordbok, ei bokhylle i det fri og ein gamal løvetann.

Eige lydstudio

Eg er altså i det nostalgiske hjørnet i dag. Kassettane er for lengst erstatta av CD-ar og seinare direkteavspelingstenester, men då dei dukka opp på 60-talet var dei svære greier. Kassetten var verkeleg stor på 70- og 80-talet og opptakskassettane fungerte som dagens nedlasting av musikk. Det var om å gjera å fanga ein kul song frå radio, LP eller ein annan kassett, og dersom resultatet vart bra, vart kassetten lånt vekk og kopiert til andre kassettar som hadde endå meir skurrelyd enn det originale opptaket.

Bruksområdet var stort. Ein kunne blant anna laga eigne radioprogram eller høyrespel. Opptaksfunksjonen var enkel, i alle fall i teorien. Ein skulle trykkja på avspelingsknappen (play) og opptaksknappen (rec) på same tid, for så å trykkja på pause når ein ville ha eit opphald i opptaket.

Det same galdt for videokassettar. Desse vart flittig nytta til å ta opp tv-seriar og filmar, som ein seinare kunne ha glede av. Dersom ein skulle filma, trong ein derimot eit videokamera og eigne kassettar som passa til dette. Det hjelpte ikkje å setja videospelaren på opptak for å få til det. Teknologien har hatt ei rivande utvikling og tek nye stormsteg kvar dag.

Nostalgi og magi

Grunnen til at eg kom til å tenkja på kassettar no er at eg har lese i Nostalgisk ordbok av Petter Schjerven. Eg trur slaget er tapt for kassetten, så eg skal ikkje prøva meg på å føra han inn att i dagleglivet til folk, eg veit ikkje heilt om eg ynskjer det heller. Men det er fint å mimra, og om det er mogleg, å høyra på gamle opptak både av musikk og eigne produksjonar. Det er viktig å kjenna på barndomens magi innimellom.

Heilt til slutt

Takk for at du tok turen innom bloggen min i dag! Eg vert glad dersom du trykkjer på like- eller deleknappen, eller legg att ein kommentar til meg under. Elles ynskjer eg deg ein flott dag vidare!

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

Den raustleiken her i verda kan fylla ein med age

I dag har eg fått fat i ei synonymordbok som heiter På godt norsk, og som handlar om omsetjingar frå bokmål til nynorsk. For ei lukke!

Eg er generelt sett veldig entusiastisk når det gjeld synonymordbøker, og denne var jo fin. Vanlegvis har eg nytta slike bøker i samanheng med omsetjingar eller når eg skriv engelske tekstar. Men når eg ser kor mykje snodig ein kan finna i slike bøker, er det umogleg å ikkje lura på om eg kan ha gjort nokre bommertar når eg har funne eit flott og imponerande ord som eg aldri har høyrt før, og som kanskje ikkje høyrest så naturleg ut som det eg hadde tenkt at det skulle.

Bilete av eit daudt tre i ein skog, bløming og av ein solnedgang.

Synonym

Eit synonym er eit ord som har same eller liknande tyding som eit anna. Det er der ordet berre har liknande tyding at det kan verta litt komplisert. Raustleiken i overskrifta er eit synonym til hjelpsemda (bm: hjelpsomheten). Fylla ein med age er føreslege i staden for overvelda. Det er jo ganske fint! Og i den rette samanhengen kan det passa godt inn. Helst i ein litt lyrisk tekst.

Litt peiling kan vera greitt å ha

Eit synonym for botemiddel, som finst på både nynorsk og bokmål, er rådgjerder. Ein kan setja inn førebyggjande rådgjerder (eller også åtgjerder) mot sniglar i hagen, til dømes. Ord som kan nyttast i staden for kvit (hvit) er blakk, blass, falma og gusten (blant andre). Ein som har fått eit draugslag er plaga med hekseskot og har vondt i ryggen.

Det er mange flotte ord å velja i, men det er ein liten fordel å ha så noko lunde oversyn over kva dei ulike orda tyder. Eg tvilar på at det hadde slege an om eg sa til nokon at «Du har så fine og gustne tenner!».

Heilt til slutt

Takk for at du var innom bloggen min i dag! Dersom du likte innlegget, er det strålande om du trykkjer på like- eller deleknappen under, eller legg att ein kommentar til meg. Finn deg gjerne ei synonymordbok sjølv og leit fram nokre ord du ikkje har nytta på lenge, eller som du kanskje aldri har nytta før. Det er moro! Ynskjer deg elles ein flott dag vidare!

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

Kjelde: På godt norsk av Magne Rommetveit