Om Helvik tekst:

 

Illustrasjonsbilete til pynt. Helvik tekst

Historia mi

Skriving og forteljingar har alltid vore ein viktig del av livet mitt. Frå eventyra som vart lesne for meg som barn, eller endå betre dei sjølvopplevde forteljingane som folk med meir livserfaring enn meg kunne fortelja om. Verda mi vart alltid større gjennom menneske, bilete og forteljingar.

Det er framleis slik. Eg elskar gode historier. Samankrulla i godstolen med boka mi er eg i eit eige univers. I eit univers der det meste kan skje, og der ingenting er umogleg.

Bokstabel oppå ei større bok, heklebord over.
Desse bøkene…

Slik er historia om kvifor Helvik tekst vart til. Etter studiedagane som gjekk med til å læra meir om litteratur, tekst, språk (engelsk), samfunnsfag og pedagogikk, var vegen kort til læraryrket. Etter å ha jobba nokre år som lærar, og deretter gått vidare til eit dagleg virke som forlagsredaktør, var tida inne for å gjera noko eige. Det måtte vera kreativt, det måtte involvera forteljingar og skriven tekst.

Utifrå interessa for forteljingar og gode bøker, sprang det naturleg ut ei hang for godt språk. Eg har ikkje tal på kor mange gonger eg har vrie meg i pedantisk smerte over skrivefeil som dukkar opp histen og pisten. Aller verst er det når skrivefeila er mine eigne. Mange menneske er redde for å uttrykkja seg skriftleg nettopp på grunn pirkete tullingar som meg, og det tykkjer eg er trist.

Det er ein av grunnane til at bloggen min såg dagens lys. Der tek eg opp småtips om språk, tekst og litt andre ting, som kanskje kan gjera skrivinga enklare for enkelte. I alle fall håpar eg det.

Eit bilete av ei dame kledd i blått som sit under eit tre i eit vinterlandskap.
Det er kjekt å leika, både når det gjeld språk og ute.

Eg har mange visjonar og planar for Helvik tekst, men den aller viktigaste visjonen min er å yta ein liten del i det å ufarleggjera skriving, og kanskje dela noko av den gleda eg finn i skriven tekst.

Takk for at du har teke turen innom sidene mine i dag, eg set utruleg stor pris på det!

Klem,

Rønnaug

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.