Eit snes eller ein skokk?

«Kor mange var dei, sa du?»

«Eg anar ikkje, men dei såg ut som ein heil skokk!»

Om lag

Skokk er eit ord som eg ikkje kan hugsa at eg ikkje har nytta. Eg må likevel innrøma at det er blant dei orda som eg har hatt eit «om lag»-samband til. Om lag i den meining at eg berre til ei viss grad har forstått kva det tyder. Eg har tenkt på det som ein flokk. På same måten som hop og horg. Det er snakk om ei røys med folk, dyr eller kva som helst anna, men eg har aldri trudd at ein skokk kan talfestast nøyaktig. Men det går altså an.

Schock

Ordet kjem frå det lågtyske ordet schock, som tyder «seksti». Skokk er ei gamal måleeining, og når det er snakk om ein skokk, er det snakk om seksti stykk. For å gjera det endå meir tydeleg, kan skokk delast opp i tre snes. Snes vil altså seia tjue stykk.

Bilete av eple- og plommetre.
Eg håpar på eit par skokkar med eple og plommer i haust.

Finn ein pinne og træ dei på…

Snes kjem frå det norrøne ordet sneis, som tyder «pinne», og viser til kor mange av noko du kan træ på ein pinne. Eg vil jo tru at dei hadde ei ordning for kva storleik denne pinnen skulle vera av, etter kva som skulle festast på han, men dette har eg ikkje undersøkt nærare.

Tylft

Ein skokk kan også delast inn i fem dusin. Det vil altså seia at eit dusin er tolv stykk. Ti dusin vert kalla eit storhundre (120) og tolv dusin er eit gross (144). Ein kan også byta ut ordet dusin med tylft.

I dagegtala nyttar dei fleste i dag ordet skokk som ein ikkje-talfesta flokk, og eg tvilar på at denne kunnskapen vil føra til at den indre pedanten vaknar i meg sjølv eller andre, og at me neste gong me høyrer ordet skokk, hyver oss rundt og tek ei oppteljing. «Femtifire – femtifem . . . og der er ein til . . . Nei, du, du tek feil! Det der er ikkje ein skokk!»

Heilt til slutt

Tusen takk for at du var innom bloggen min i dag. Dersom du likte det du las, eller kanskje lærte noko nytt, legg gjerne att ein kommentar eller trykk på like- eller deleknappen under.

Elles ynskjer eg deg ein strålande dag vidare! Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

Kjelde: Wikipedia

2 tankar om “Eit snes eller ein skokk?”

  1. Lokalradioen hadde spørsmålet i dag så da måtte eg inn å «gurgle» Då kom det jo fram at ordet stamme frå tysk «schokk» som betyr 60! Det hadde eg Ikkje tenkt på før, men bare som en mengde uten nokka tallfeste.

    1. Ja, eg òg vart overraska første gongen eg oppdaga det. Har alltid tenkt på det som ein flokk.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.