Kategoriarkiv: Tekst

Ingen har lyst til å lesa skiten din

Det aller beste skrivetipset du nokon gong kan få er dette: «Ingen har lyst til å lesa skiten din». 

Eg forstår at det kan høyrast litt merkeleg ut, så eg skal prøva å forklara det litt nærare. Dette innlegget er til ære for ein av dei absolutte favorittane mine innan «folk som skriv om skriving»-sjangeren, nemleg Steven Pressfield.

Bilete av eit fjellvatn med to naust.

Lat egoet kvila

Han har nyleg kome ut med ei ny bok om skriving, og ho har den passande tittelen (som eg så skamlaust har stole) Nobody Wants to Read your Shit. Pressfield tek her opp noko han lærte då han jobba med annonseskriving innan marknadsføring. Folk har betre ting å gjera enn å lesa det du skriv, så dersom du vil at dei skal lesa det, må du gjera det så tydeleg, inspirerande og underhaldande som du kan. Og kort. Så kort som mogleg. Du skriv ikkje til deg sjølv, med mindre du skriv i dagboka di, så difor må du setja deg inn i lesaren sitt perspektiv før du byrjar å skriva.

Den viktige lesaren

Dette var noko eg prøvde å læra vekk då eg jobba som lærar og fortalde elevane mine at «Eg vurderer dykk ikkje utifrå det de kan, men utifrå det de viser meg at de kan». Det er ein skilnad der. Du må alltid tenkja etter kva lesaren er oppteken av (dersom der er snakk om ein lærar har du sannsynlegvis fått retningsliner på førehand). Truleg gjer du dette dagleg på sosiale medier. Det er rart at me tenkjer meir på å vera tydelege og engasjerande når med oppdaterer Facebook-profilen vår enn når me skriv ein lengre tekst.

Det er i alle fall noko å tenkja på. Eg skal fortsetja å kosa meg med boka til Steven Pressfield, og er viss på at fleire gullkorn dukkar opp.

Heilt til slutt

Takk til deg for at du tok turen innom bloggen min i dag! Eg set stor pris på det, og vert veldig glad dersom du trykkjer på like- eller deleknappen under eller legg att ein kommentar til meg dersom du las noko du likte. Eg vert, som dei fleste andre, glad når nokon les skiten min…

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

 

Interessante folk

Hender det at du tenkjer gjennom kva som gjer ei historie spennande å lesa? Eller ein film spennande å sjå, for den saks skuld?

Me trur ofte at det har med handlinga å gjera. Dersom det er eit spennande plot, så er det spennande å følgja med. Dette er eg heilt samd i, men for at handlinga skal framstå som truverdig, er det viktig at ho samsvarar med personane som utfører henne, dei såkalla karakterane. Som tilskodar må me greia å tru på at karakteren, slik me kjenner han, faktisk vil handla på den måten plottet utspelar seg.

Bilete av ei opa bok, notatbøker og datamaskin og bartre mot ein blå himmel.

Folk er folk

Menneske er mest interesserte i andre menneske. Dette er noko forfattarar har bite seg merke i. Då Ibsen ein gong vart spurd om kvifor hovudpersonen i Et dukkehjem vart heitande akkurat Nora, skal han ha sagt noko slikt som at «Ho heiter eigentleg Eleonora, men dei kalla henne berre Nora som barn». Sjølv om me får skildra berre nokre timar av livet til Nora i skodespelet, kjende Ibsen til heile livshistoria hennar.

Det seier litt om kor mykje arbeid som ligg bak det å utvikla ein truverdig karakter, og skriva ei fengjande historie. Eit godt tips å ta med seg dersom du sjølv syslar med skriving eller berre likar å lesa.

Heilt til slutt

Det vart eit kort innlegg i dag, for å koma i gong att med blogginga. Eg tykkjer det er inspirerande å høyra om korleis andre går fram når dei skriv, og det håpar eg du gjer òg.

Eg er veldig takksam for at du er innom bloggen min i dag. Dersom du likte innlegget, og kanskje vart litt inspirert, vert eg glad dersom du trykkjer på like- eller deleknappen under, eller legg att ein kommentar til meg.

Elles ynskjer eg deg ein strålande dag vidare! Me snakkast.

Klem,

Rønnaug

Eventyrleg oppskrift

I dagens innlegg vil eg atter ta føre meg eventyr. Du finn eit tidlegare innlegg om emnet her. Eventyr er noko dei aller fleste av oss har eit forhold til, og då kan det vera spennande å plukka det litt frå kvarandre. 

Bilete av ei gamal bok.
Eventyr

Å skriva noko som aldri har vore laga tidlegare

Det første me må gjera er å skilja mellom kunsteventyr og folkeeventyr. Skilnaden er enkel. Eit kunsteventyr har ein kjend forfattar (tek H.C. Andersen). Folkeeventyra er munnlege overleveringar som har vandra rundt i generasjonar. Opphavet til historia er ukjent. Eit døme på folkeeventyr er Askepott, som visstnok er funne i 360 ulike variantar. Dersom du lurer på å skriva eit eventyr, men er redd det ikkje vert originalt nok, kan eg fortelja deg med ein gong at du ikkje kjem til å laga ei forteljing som ikkje har vorte fortald tidlegare. Det er ikkje poenget heller, sjølv Shakespeare bygde tekstane sine på segner og forteljingar som var kjende frå før. Å skriva noko nytt handlar meir om måten du fortel det på enn på kva du faktisk fortel.

Tid og stad

Både kunsteventyr og folkeeventyr unngår som oftast å leggja vekt på tid og stad. «Det var ein gong i ein by langt, langt vekke …» osv. Det gjev teksten eit tidlaust preg og gjer at tematikken kan vera aktuell kva tid som helst, samstundes som du får ein distanse som gjer det meir generelt og mindre støytande.

Dersom du har ein sjef som held på å gjera deg tullete, kan eit tips vera å laga eit eventyr om situasjonen og håpa på at han/ho plukkar opp noko utan at du gjer det personleg. (Det er jo veeldig naturleg å fortelja sjefen sin eventyr …).

Det er alltid ein helt … eller ei heltinne …

Dersom du gjer det, må du hugsa å gjera deg sjølv til helten i historia. Det er nemleg alltid ein helt/ei heltinne i eit eventyr. Ofte er det slik at ingen av karakterane har namn (tenk Guten og trollet osv.), men me får alltid følgja reisa til ein spesiell karakter. Det er helten. Helten får ei oppgåve som må utførast, og på vegen møter han både hjelparar, motstandarar og hindringar. Motstandarane og hindringane skaper ubalanse i forteljinga, medan hjelparane prøver å gjenoppretta balansen. At helten får motstand, er viktig for å driva forteljinga framover, medan hjelparane er viktige for å gjenoppretta harmonien på slutten.

Eventyr i praksis

Om me går utifrå at du har tenkt å ta deg ei eventyrstund med sjefen din, er det du som er helten/heltinna, som får ei oppgåve du må løysa. Deretter legg du inn sjefen som motstandar (blant andre hindringar), du kan leggja inn kollegaer eller dine eigne, fantastiske eigenskapar som hjelparar, og så vinn du til slutt. Harmoni! Dette er jo oppskrifta som vert nytta i dei fleste Hollywood-filmane, så du står fritt til å modellera helten (deg sjølv) på Bruce Willis i Die Hard-filmane t.d.

Mange eventyr handlar nemleg om menneskelege relasjonar og kjensler. Til dømes dumskap, tilgjeving, å vera grisk, å vera raus osv. Det er jo tematikk ein kjem over overalt i dagleglivet.

Bilete av ulike fjell-lanskap.
Det finst nok av lanskap i Noreg som inspirerer til eventyr og forteljingar.

Oppskrift/hugseliste

  1. Vel deg ut ein helt/ei heltinne.
  2. Gje vedkomande ei oppgåve.
  3. Tenk ut hindringar og motstandarar.
  4. Tenk ut hjelparar, anten som personar eller eigenskapar (eller hendingar).
  5. Start forteljinga med «Det var ein gong …»
  6. Ta følgje med hovudpersonen, men gjer det gjennom ein tredjepersonsforteljar, slik at du skaper distanse til hendingane og karakterane.
  7. Såkalla magiske tal du kan nytta deg av er 3, 7, 9 og 12. Desse kan vera greie å smetta inn innimellom.
  8. Når du brukar slike tal, fører det ofte til gjentakingar av hendingar. Kanskje hovudpersonen mislukkast to av tre gonger på same oppgåva osv.
  9. Som med dei fleste andre tekstar, ynskjer du å kommunisera noko til tilhøyraren. I eit eventyr er det ofte snakk om ein moral: Ikkje gjer slik, men slik … Det er betre å vera slik enn slik … osv …

Heilt til slutt

Takk for at du var innom bloggen min i dag! Eg set stor pris på det! Dersom du tykte innlegget var nyttig eller inspirerande, er det flott om du trykkjer på like- eller deleknappen under, eller legg att ein kommentar til meg. Elles håpar eg du får ein fantastisk dag vidare!

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

Eventyr og leseglede

Det er ikkje til å koma ifrå at eg alltid har vore glad i gode forteljingar. Såleis er eventyr noko som står hjartet mitt nært. Då eg var lita og skulle velja godnatteventyr, var det spenning som galdt. Eg valde helst det blodigaste og skumlaste eventyret eg kunne koma over, og så kosa eg meg.

Eg likte spesielt godt folkeeventyr som tok føre seg daudingar og galgar og folk som kom krypande opp av grava si og slikt. Desse eventyra vart jo ofte laga både for å underhalda og formana, eller skremma folk (og kanskje særleg ungar). Eg kan ikkje hugsa anna enn at eg elska dei. Det var noko med kontrasten mellom det skumle som gjekk føre seg i forteljinga og tryggleiken med å vera i si eiga seng. Det var alltid tydeleg for meg at det skumle var på liksom. Eg likte at det var fjernt frå kvardagen min.

Alternativ verd

I ettertid ser eg at det var gjennom eventyra eg først oppdaga den alternative verda som finst i forteljingar. Eg følte, og føler framleis, at eg kan leva fleire liv gjennom å lesa og kjenna på historiene som andre har laga.

Bilete av hand- og fingerdokker. EIn sjiraff, ein bjørn, ein rev, ei larve og tre små griser og ulven.
Sjølv om eg er glad i dei mest makabre folkeeventyra, er det helst syster mi sine eventyr eg har lese i dei seinare tider. Ho jobbar i barnehage og driv Samlingsboksen, og lagar koselege eventyr. Desse dokkene har eg fått frå ho.

Det finst mange sjangrar innan eventyr og reglar for korleis dei skal spela seg ut. Dei kan handla om menneske, dyr med menneskelege eigenskapar og underjordiske vesen, for å nemna noko. Eit eventyr har, som alle andre gode historier, ei melding til tilhøyraren. Det er laga til for å forklara noko eller for å læra deg noko, eller kanskje skremma deg frå å gjera noko.

Som barn kan det vera fint å danna seg ei forståing av livet gjennom ulike karaktertypar og faste forteljingsrammer.

Bilete av bøker og fingerdokker (gris).
Dokker frå Samlingsboksen.

Å drøyma seg vekk

Det er ei stund sidan sist eg las eit skikkeleg blodig folkeeventyr, men det er mogleg eg skal finna fram att ei eventyrsamling og setja meg til i godstolen. Eg er framleis glad i forteljingar som får grensene mellom det moglege og det uoppnåelege til å forsvinna. Det er fint å forsvinna inn i ei verd utan grenser i nokre timar.

Heilt til slutt

Takk for at du var innom bloggen min i dag. Veldig stas! Dersom du likte innlegget, er det flott om du trykkjer på like- eller deleknappen under. Elles vil eg oppfordra deg til å finna fram ei eventyrbok og drøyma deg vekk. Legg gjerne att ein kommentar om eit eventyr du er glad i. Ynskjer deg ein fantastisk dag vidare!

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

Nettsida til Samlingsboksen: http://samlingsboksen.no/

Bokmelding: Stalker

«Det var ikke før det første liket ble funnet at man tok filmen på alvor»

Slik byrjar den femte boka i Joona Linna-serien. Det er den første boka eg har lese av kriminalserien til Lars Kepler, og sidan eg hadde høyrt ein del om desse bøkene på førehand, var eg spent på om eg likte ho.

Det som er litt interessant med forfattaren av desse bøkene, er at dei er to. Lars Kepler er eit pseudonym som forfattarekteparet Alexander Ahndoril og Alexandra Coehlo Ahndoril nyttar når dei skriv om Joona Linna.

Bilete av ei bok og eit gult telys i ein gul lysestake.
Stalker av Lars Kepler.

Kvifor i alle dagar byrja eg med den nyaste boka då eg skulle sjekka ut serien? Vel, akkurat det er litt tilfeldig – eg hadde gløymt å avtinga boka i bokklubben eg er med i, så ho dukka opp i posten. Då ho først var her, tenkte eg at ja, ja… Får byrja her då.

Boka byrjar med litt forvirring rundt kven som er i live og kven som er død av heltane og kjeltringane frå føregåande bøker. Sidan eg ikkje hadde kjennskap til desse frå før, forstod eg ikkje heilt kor viktig dette var før litt ut i boka. Av den grunn vil eg tilrå deg å byrja på byrjinga om du kan. Det går heilt fint å hoppa inn i handlinga slik som eg gjorde, men det er like greitt å byrja med den første boka når det er mogleg.

 

Bilete av nakne lauvtre i eit snølandskap.
Snø og påske høyrer saman, slik som krim og påske.

 

Det eg generelt sett ikkje likar så godt med kriminalromanar er at dei skildrar valdsscener og kjem med bloddryppande detaljar i hytt og pine. Men det går fint å mentalt halda seg for augo under desse skildringane og så gå vidare i handlinga. Kepler er flink til å gje gode bilete av karakterane, og du vert glad i dei du kretsar mest rundt, samstundes som du held ein distanse til personane, slik det er vanleg å gjera i kriminalromanar.

Noko anna som er gjort på ein god måte i boka, er dei kjappe sceneskifta og korleis spenninga vert bygd opp. Forteljaren vandrar frå hovud til hovud, og me får innblikk i kva offera og hovudpersonane tenkjer. På denne måten får me mange spennande brotstykkje å forhalda oss til, og me prøver å pusla dei saman så godt me kan. Det er ikkje alt som er like truverdig i det som skjer, men historia er såpass spennande at du greier å velja å ikkje hengja deg opp i det.

Frå boka – slik at du får eit inntrykk:

Politibetjenten som gikk inn for å forsikre seg om at offeret ikke kunne reddes, sitter i trappa til oppgangen ved siden av. Han er askegrå i ansiktet og mørk i blikket. Ambulansepersonell legger et pledd rundt ham og sjekker blodtrykket hans mens Adam snakker med ham.

Om du ser etter litt spenning og krim i kvardagen, kan eg tilrå denne boka. Eg hadde nokre underhaldande timar med Joona Linna.

Takk for at du tok turen innom bloggen min i dag! Eg vert glad for kommentarar eller om du trykkjer på like- eller deleknappen under. Kos deg med ei bok i dag, uansett kva for ei du måtte velja.

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

 

Bokmelding: Tilbake til Riverton

Sidan det er påske og, for mange, lesetid, tenkte eg at eg skulle dela nokre av favorittane mine på bloggen. Først ut er boka Tilbake til Riverton av Kate Morton.

Boka enda opp i bokhylla mi då eg vandra rundt i ulike bokhandlar i Oslo for nokre år attende, på jakt etter lett sommarlektyre. Eg fann boka på tilbod og ho vart kjøpt saman med Den glemte hagen av same forfattar. På den tida hadde eg ikkje høyrt så mykje om korkje bøkene eller forfattaren.

Bilete av ei bok.
Tilbake til Riverton av Kate Morton.

Kate Morton er ein australsk forfattar og sjangeren hennar er historiske romanar, blanda med litt krim/mysterie. Bøkene er oppbygde slik at du vekslar mellom fortid og notid heile vegen, og etter kvart som du les nøstar du opp mysterie. Fokuset ligg på menneske og korleis me oppfører oss i ulike situasjonar.

Etter at eg tilfeldigvis plukka opp Tilbake til Riverton den gongen, har dei bøkene som er komne etterpå òg fått plass i bokhylla mi. Eg har lese alle i engelske utgåver, og kan slik sett ikkje seia så mykje om dei norske omsetjingane, men språket og forteljingane er i alle fall flotte i dei versjonane eg har lese.

Handlinga i Tilbake til Riverton utspelar seg i fortid (særleg sommaren 1924) og i notid (1999), og kretsar rundt Grace Bradley, som var tenestejente i Riverton-hushaldet på den tida då Hartford-systrene Hannah og Emmeline budde der. Dei to glamorøse sosietetsdamene var velkjende i samtida, men har i seinare tid framstått som gåtefulle etter ei tragisk hending der ein ung poet tok livet sitt under ein av dei mange festane deira.

Mange år seinare, i 1999, held eit filmselskap på å laga film om hendinga. 20-åra verkar framleis som ein forførande draum, og kva er betre enn ei tragisk historie med mange lause trådar?

I samband med filmen vert Grace intervjua om tida då ho arbeidde i herskapshuset ved Riverton, og det spesielle bandet ho hadde til bebuarane, særleg Hannah Hartford.

Bilete av ein vassdam der du ser spegelbilete av himmelen og trea rundt.
Sola og trea speglar seg i ein dam eg vandra forbi på søndagstur.

«Last November I had a nightmare.»

I november hadde eg eit mareritt.

Dette er første setninga i boka, og er viktig fordi ho fører oss inn i handlinga (eg har skrive litt om kor viktig den første setninga i bøker er her). Me ser med ein gong at det er ein eg-forteljar, i tillegg vert me nysgjerrige på kva personen har drøymt om som var så fælt og kvifor det er så viktig at vedkomande fortel oss dette allereie under første møte.

Eg skal ikkje gå så mykje inn i handlinga i boka, dersom du ikkje har lese ho, men det eg likar er at ho, blant anna, gjev eit godt bilete av den historiske tida ho skildrar, og skilnaden på fattig og rik og elles samfunnet som var på den tida.

Det er også interessant å sjå korleis forfattaren skildrar menneskelege relasjonar og menneska i seg sjølve med både gode og dårlege sider.

Som menneske har me jo ein tendens til å døma folk utifrå handlingane me ser dei utfører, men som regel ligg det meir under overflata enn det me til ei kvar tid ser. Dette tykkjer eg kjem fint fram i denne boka, og i denne typen bøker generelt.

Elles likar eg at historia kjem fram litt etter litt gjennom at me går att og fram i tid, i staden for å følgja handlinga frå start til slutt. Det er litt det same som å leggja eit puslespel der biletet kjem fram etter kvart som dei ulike bitane kjem på plass.

Det eg likar aller best med boka er at ho er godt skriven. Med det meiner eg at forfattaren greier å uttrykkja kjensler og hendingar på ein veldig levande og samstundes reflektert måte. Eg vert overraska av tankane forteljaren gjer seg, og får eit glimt av livet i eit anna lys. Når eg les slike bøker, sit eg att med ei kjensle av at eg er vorten rikare på ord og erfaringar. Det er faktisk berre det som skal til for å endra livet til nokon bitte litt, og kor fantastisk er ikkje det?

 

Godt sitat frå boka (mi omsetjing):

Blikket mitt fanga jenta i spegelen ein augneblink, og eg tenkte at det var eit veldig alvorleg ansikt ho hadde. Det gjev ei uhyggjeleg kjensle, dei sjeldne gongene du heilt uforvarande får sjå eit glimt av deg sjølv. Ein uvakta augneblink, strippa for alt kunstig. Når ein til og med gløymer å lura seg sjølv.

 

Dersom dette høyrest ut som noko du kan lika, vil eg absolutt tilrå boka. Eg fekk meg nokre timar i ei anna verd då eg las ho, og det er jo ikkje akkurat feil.

Tusen takk for at du var innom bloggen min i dag! Lukka til med å finna boka som passar for deg akkurat no. Dersom du likte innlegget, vert eg utruleg glad om du trykkjer på like- eller deleknappen under. Eller kanskje du vil leggja att ein kommentar til meg. Eg tek gjerne i mot tips om bøker du meiner at eg bør lesa. Eg ynskjer deg ei triveleg lesestund og ein flott dag vidare!

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

 

Pressemelding – hugseliste

Uansett kva du driv med i dag, vil du på eit eller anna tidspunkt snubla bort i ei pressemelding. Å skriva ei pressemelding, meiner eg. Det kan til dømes vera som frivillig for eit idrettslag eller som gründar i eige føretak.

Draumen er jo å skriva ein såpass god tekst at ikkje berre dei som er interesserte i det du skriv om (les: foreldre, kollegaer eller medsamansvorne i idrettslaget) les teksten din, men også andre – og aller helst at journalistane i mediet du sender det inn til fattar interesse for det du promoterer og lagar si eiga sak om det.

Rett kanal for å nå dei rette folka

Målet med ei pressemelding er jo å nå ut til flest mogleg folk, og helst til dei folka som treng akkurat det du har å gje. Då seier det seg sjølv at du ikkje sender ei pressemelding om den store traktorkonkurransen du skal arrangera til eit medisinsk tidsskrift. Plassering og målgruppe er alltid viktig å hugsa på uansett kva type tekst ein skriv.

Bilete av eit par katteauge i ei trapp.
Korleis kan du gjera temaet ditt meir spennande?

Men om ein går utifrå at du veit dette, at du veit at akkurat ditt fantastiske arrangement, di nyttige oppfinning osv. er det lesaren av denne mediekanalen treng nett no – korleis skal du kommunisera dette?

Neglebiting framfor datamaskina

Dette er noko eg har streva med sjølv mange gonger. Eg kjenner kjensla av å sitja ved skrivebordet og bita negler etter å ha fått ordre frå sjefen om å skriva ei pressemelding, og vera fullstendig grøn på korleis ein gjer akkurat det. Som tekstnerd måtte eg ta det eit steg vidare, eg las eit lass av bøker om tekstforfatting og fordjupa meg i marknadsføringskurs, og har no laga meg nokre tips som eg vil dela med deg.

Det første først

Det aller første du må gjera er å skriva PRESSEMELDING øvst på arket. Er ikkje eg eit geni? Gjev deg slike fantastiske råd! Spøk til side – dette er viktigare enn du trur. Du vil ikkje irritera journalisten som sit og går gjennom innsende tekstar allereie før han har byrja på teksten din. Det skal vera enkelt for mottakaren i mediet å vita kva det er snakk om – merk difor teksten din med PRESSEMELDING.

No er du klar for å selja inn det du vil skapa blest rundt. Dei viktigaste opplysingane du kan koma med er kven/kva det gjeld og kvar og når det skjer. Er det snakk om ei lansering av noko slag, må du ha med kven som lanserer kva og kvar lanseringa skjer til kva klokkeslett og dato. Dersom det er viktig å forklara korleis og kvifor lanseringa skjer, tek du med det også.

For din eigen del, er dette fint å byrja med også. Då har du noko konkret å setja deg inn i skrivinga med. Dette er informasjon du kjenner ut og inn, og som du kan forklara på best mogleg måte. Tenk over kvifor denne informasjonen er viktig for potensielle lesarar/kundar. Fokuset skal vera på deira oppleving.

Fiks ferdig

Noko du kanskje ikkje har tenkt på er at pressemeldinga som regel vert sett direkte inn i tidsskriftet slik du har skrive ho. Det er difor viktig at du passar på at det du har skrive er korrekt stava, alle namn er rette (dette er viktigare enn ein trur – eg har ikkje tal på kor mange gonger eg har vorte omdøypt i skriftlege tekstar, på namnelister osv.) og at du skriv fullstendige setningar, ikkje stikkord.

Det er viktig at pressemeldinga ikkje er for lang. Då gidd ingen å lesa ho, og dersom tidsskriftet er interessert, vil dei helst laga sine eigne tekstar om saka. Hald deg difor til eit minimum.

Bilete av ein bokstabel, eit grantre, ein frosen dam og eit bord med tekopp, tekanne, eit strikketøy og ei bok.
Inspirasjon er avgjerande uansett kva type tekst ein skriv.

Bruk korte setningar, det skal vera informativt og enkelt å setja seg inn i. Ein les ikkje ei pressemelding for å verta utfordra på det språklege planet. Det er også viktig at du hugsar på å ikkje nytta interne ord. Tenk at dette er noko som skal vera enkelt å forstå for alle. Du skal nå flest mogleg med bodskapen din, ikkje syna kor flink du er.

Levande og personleg

Ver personleg. Fokuset skal vera på lesaren – nytt gjerne ord som «du, deg, ditt», men ikkje «de, dykk, dykkar».

For å gjera teksten meir interessant er det lurt å ta med eit sitat om saka. Dette kan vera noko nokon har sagt – t.d. sjefen din eller andre som har litt tyngde innan feltet, eller det kan vera noko du sjølv seier. Då må du skriva det som om det er nokon andre som har intervjua deg om saka: «. . . , seier Pål Mørk.» (ikkje: seier eg).

Det tekniske

Ofte understrekar me ord eller setningar ved å setja dei i kursiv eller utheva dei. Dette er ikkje lurt å gjera i ei pressemelding. Det er ikkje sikkert at slike uthevingar vert overførde når teksten vert sett inn i tidsskriftet.

Hugs å gje journalisten kontaktinformasjon, og gjerne tips til korleis han kan gå fram vidare, som intervjuobjekt og slikt. Send gjerne med bilete. Helst ikkje meir enn eitt, men sei at du kan hjelpa til med fleire dersom det er ynskjeleg.

Ikkje gløym å merka pressemeldinga skikkeleg med namn, firma, logo osv. Det skal vera minst mogleg arbeid for den som skal jobba vidare med ho.

Tenk at du fortel ei historie, gjer forteljinga så interessant og oppløftande som mogleg. Leik med vinklingane. Det viktigaste av alt er å ha det moro når ein skriv!

Heilt til slutt

Takk for at du var innom bloggen min i dag! Eg vert veldig glad om du trykkjer på like- eller deleknappen under, eller legg att ein kommentar til meg. Kanskje du har eit spørsmål eller eit innspel å koma med? Lukka til med pressemeldinga!

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug