Kategoriarkiv: Tradisjonar

Lussekattar og Luciadagen

Då eg var lita hadde me ikkje den same tilgongen på krimskrams som ein har i dag. Det gjorde at me (og foreldregenerasjonen vår) måtte vera meir kreative enn no. Nei, det er ikkje hundre år sidan, då var ikkje den moderne Lucia-feiringa komen til Noreg ein gong. Luciadagen, den 13. desember, vart feira kvart einaste år i min barndom.

Martyrdød og Lussinatt

Tradisjonelt er Lucia-feiringa ein skikk som kjem frå den katolske kyrkja. Sankta Lucia var ei dame som leid martyrdøden på Sicilia rundt år 300. Det er mange legender kring kva som eigentleg skjedde den gongen, men det hadde truleg med usemje rundt kristendomen å gjera.

Lussinatt var her til lands særs viktig i høve til Oskoreia og denne sine herjingar, som eg tok føre meg i førre innlegg.

Bilete av fleire typar lussekattar.
Lussekattar skal vera gule og søte.

Moderne feiring og dorullar

Moderne feiring av Luciadagen er slik som eg hugsar det frå min barndom, meir eller mindre. Då gjekk me ungane i tog rundt til naboane og delte ut lussekattar og song Lucia-songen til dei.

Alle veit at i eit Lucia-tog må det vera ein person som symboliserer Sankta Lucia og som har ein lyskrans på hovudet, i tillegg lyt alle i toget ha kvite kjortlar (eller kjolar). Eg har alt nemnt at me laut vera kreative då eg voks opp, så kva gjer ein når ein ikkje har alt dette?

Då lagar ein ei lyskrune. Me nytta eit gamalt, gullfarga belte som me festa dorullar på. Oppå dorullane limte me bomull og på bomullen helte me lim og strødde glitter på.

Og kjortlane? Nokre gamle, kvite gardiner gjorde susen. På hovudet hadde ternene juletreglitter i ein krans og terneguten hadde ein spiss papirhatt med gullstjerner klistra på.

Me var eit syn. Eg bryr meg ikkje om kva biletprov og kritiske attendeblikk kan fortelja meg i ettertid. Med dorullane på hovudet og ei gamal gardin slengt rundt skuldrene – då var eg ei prinsesse.

Lussekattane

Me hadde, som sagt, lussekattar med oss då me gjekk rundt og underheldt naboane med song. Det er ein tradisjon eg held på framleis, sjølv om eg har slutta å gå rundt til naboane med dorullar på hovudet. Eg er ikkje heilt sikker på om dei ville ha teke i mot bollane dersom eg gjorde det i dag.

Oppskrifta eg nyttar er om lag slik:

1 liter mjølk (noko av det kan erstattast av anna væske)

300 g smør

200 g melis

1-2 teskeier gurkemeie (eg er ikkje glad i safransmaken)

2 teskeier kardemomme

100 g gjær

2 egg

Mjøl til passe deig (han må vera fast nok til å kunna formast)

Rosiner til pynt og egg til pensling. Det skal visst vera bra med bakepulver (1 teskei) og salt (om lag ½ teskei) i deigen også, så det hender at eg slenger oppi det òg. Dette er ein ganske stor porsjon. Vanlegvis plar eg berre ha oppi ingrediensane utan å måla opp, men i år tok eg meg tid til å måla opp og skriva ned, slik at du kunne få ein mal, om du ynskjer det. Dei er gode!

Bilete av deig forma i ulike typar lussekattar.
Her er nokre ulike måtar ein kan forma lussekattane på. Eigentleg er det berre typen du ser til venstre som er ein katt. Som regel ser dei ut som nokre store krosstroll når dei har heva ferdig og er steikte, uansett korleis eg formar dei. Det er verdt å merka seg at det er dei største bollane som er best på smak. Dei vert ikkje så turre som dei nette små.

Kattar til å skrema vekk djevelen med

Lussekattane skal vera gule fordi dei tradisjonelt sett skulle skrema vekk djevelen. Eg er ikkje heilt sikker på kvifor han var redd for gulfargen, men det kan vera at det er fordi gulfargen skal symbolisera lyset, som djevelen ikkje skal vera så glad i.

Lag deigen slik du vanlegvis vil laga ein gjærdeig. Pass på at væska held 37 grader før du blandar ho med gjæren og bland i det turre til ein glatt og ikkje altfor laus deig. Du kan velja å heva han før du triller ut bollane. Eg plar gjera det. Når bollane er trilla, skal dei etterheva i 30 minutt under eit klede. Deretter steiker du dei i omnen på 220 grader til dei er gylne.

Bilete av lussekattar.
Eg hadde visst hatt nok bollar til naboane i år òg…

Heilt til slutt

Takk for følgjet gjennom innlegget i dag! Dersom du lo litt eller fann noka nytte i det, er det supert om du trykkjer på like- eller deleknappen under, eller legg att ein kommentar til meg.

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug