Bokmelding: Tilbake til Riverton

Sidan det er påske og, for mange, lesetid, tenkte eg at eg skulle dela nokre av favorittane mine på bloggen. Først ut er boka Tilbake til Riverton av Kate Morton.

Boka enda opp i bokhylla mi då eg vandra rundt i ulike bokhandlar i Oslo for nokre år attende, på jakt etter lett sommarlektyre. Eg fann boka på tilbod og ho vart kjøpt saman med Den glemte hagen av same forfattar. På den tida hadde eg ikkje høyrt så mykje om korkje bøkene eller forfattaren.

Bilete av ei bok.
Tilbake til Riverton av Kate Morton.

Kate Morton er ein australsk forfattar og sjangeren hennar er historiske romanar, blanda med litt krim/mysterie. Bøkene er oppbygde slik at du vekslar mellom fortid og notid heile vegen, og etter kvart som du les nøstar du opp mysterie. Fokuset ligg på menneske og korleis me oppfører oss i ulike situasjonar.

Etter at eg tilfeldigvis plukka opp Tilbake til Riverton den gongen, har dei bøkene som er komne etterpå òg fått plass i bokhylla mi. Eg har lese alle i engelske utgåver, og kan slik sett ikkje seia så mykje om dei norske omsetjingane, men språket og forteljingane er i alle fall flotte i dei versjonane eg har lese.

Handlinga i Tilbake til Riverton utspelar seg i fortid (særleg sommaren 1924) og i notid (1999), og kretsar rundt Grace Bradley, som var tenestejente i Riverton-hushaldet på den tida då Hartford-systrene Hannah og Emmeline budde der. Dei to glamorøse sosietetsdamene var velkjende i samtida, men har i seinare tid framstått som gåtefulle etter ei tragisk hending der ein ung poet tok livet sitt under ein av dei mange festane deira.

Mange år seinare, i 1999, held eit filmselskap på å laga film om hendinga. 20-åra verkar framleis som ein forførande draum, og kva er betre enn ei tragisk historie med mange lause trådar?

I samband med filmen vert Grace intervjua om tida då ho arbeidde i herskapshuset ved Riverton, og det spesielle bandet ho hadde til bebuarane, særleg Hannah Hartford.

Bilete av ein vassdam der du ser spegelbilete av himmelen og trea rundt.
Sola og trea speglar seg i ein dam eg vandra forbi på søndagstur.

«Last November I had a nightmare.»

I november hadde eg eit mareritt.

Dette er første setninga i boka, og er viktig fordi ho fører oss inn i handlinga (eg har skrive litt om kor viktig den første setninga i bøker er her). Me ser med ein gong at det er ein eg-forteljar, i tillegg vert me nysgjerrige på kva personen har drøymt om som var så fælt og kvifor det er så viktig at vedkomande fortel oss dette allereie under første møte.

Eg skal ikkje gå så mykje inn i handlinga i boka, dersom du ikkje har lese ho, men det eg likar er at ho, blant anna, gjev eit godt bilete av den historiske tida ho skildrar, og skilnaden på fattig og rik og elles samfunnet som var på den tida.

Det er også interessant å sjå korleis forfattaren skildrar menneskelege relasjonar og menneska i seg sjølve med både gode og dårlege sider.

Som menneske har me jo ein tendens til å døma folk utifrå handlingane me ser dei utfører, men som regel ligg det meir under overflata enn det me til ei kvar tid ser. Dette tykkjer eg kjem fint fram i denne boka, og i denne typen bøker generelt.

Elles likar eg at historia kjem fram litt etter litt gjennom at me går att og fram i tid, i staden for å følgja handlinga frå start til slutt. Det er litt det same som å leggja eit puslespel der biletet kjem fram etter kvart som dei ulike bitane kjem på plass.

Det eg likar aller best med boka er at ho er godt skriven. Med det meiner eg at forfattaren greier å uttrykkja kjensler og hendingar på ein veldig levande og samstundes reflektert måte. Eg vert overraska av tankane forteljaren gjer seg, og får eit glimt av livet i eit anna lys. Når eg les slike bøker, sit eg att med ei kjensle av at eg er vorten rikare på ord og erfaringar. Det er faktisk berre det som skal til for å endra livet til nokon bitte litt, og kor fantastisk er ikkje det?

 

Godt sitat frå boka (mi omsetjing):

Blikket mitt fanga jenta i spegelen ein augneblink, og eg tenkte at det var eit veldig alvorleg ansikt ho hadde. Det gjev ei uhyggjeleg kjensle, dei sjeldne gongene du heilt uforvarande får sjå eit glimt av deg sjølv. Ein uvakta augneblink, strippa for alt kunstig. Når ein til og med gløymer å lura seg sjølv.

 

Dersom dette høyrest ut som noko du kan lika, vil eg absolutt tilrå boka. Eg fekk meg nokre timar i ei anna verd då eg las ho, og det er jo ikkje akkurat feil.

Tusen takk for at du var innom bloggen min i dag! Lukka til med å finna boka som passar for deg akkurat no. Dersom du likte innlegget, vert eg utruleg glad om du trykkjer på like- eller deleknappen under. Eller kanskje du vil leggja att ein kommentar til meg. Eg tek gjerne i mot tips om bøker du meiner at eg bør lesa. Eg ynskjer deg ei triveleg lesestund og ein flott dag vidare!

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.