Pressemelding – hugseliste

Uansett kva du driv med i dag, vil du på eit eller anna tidspunkt snubla bort i ei pressemelding. Å skriva ei pressemelding, meiner eg. Det kan til dømes vera som frivillig for eit idrettslag eller som gründar i eige føretak.

Draumen er jo å skriva ein såpass god tekst at ikkje berre dei som er interesserte i det du skriv om (les: foreldre, kollegaer eller medsamansvorne i idrettslaget) les teksten din, men også andre – og aller helst at journalistane i mediet du sender det inn til fattar interesse for det du promoterer og lagar si eiga sak om det.

Rett kanal for å nå dei rette folka

Målet med ei pressemelding er jo å nå ut til flest mogleg folk, og helst til dei folka som treng akkurat det du har å gje. Då seier det seg sjølv at du ikkje sender ei pressemelding om den store traktorkonkurransen du skal arrangera til eit medisinsk tidsskrift. Plassering og målgruppe er alltid viktig å hugsa på uansett kva type tekst ein skriv.

Bilete av eit par katteauge i ei trapp.
Korleis kan du gjera temaet ditt meir spennande?

Men om ein går utifrå at du veit dette, at du veit at akkurat ditt fantastiske arrangement, di nyttige oppfinning osv. er det lesaren av denne mediekanalen treng nett no – korleis skal du kommunisera dette?

Neglebiting framfor datamaskina

Dette er noko eg har streva med sjølv mange gonger. Eg kjenner kjensla av å sitja ved skrivebordet og bita negler etter å ha fått ordre frå sjefen om å skriva ei pressemelding, og vera fullstendig grøn på korleis ein gjer akkurat det. Som tekstnerd måtte eg ta det eit steg vidare, eg las eit lass av bøker om tekstforfatting og fordjupa meg i marknadsføringskurs, og har no laga meg nokre tips som eg vil dela med deg.

Det første først

Det aller første du må gjera er å skriva PRESSEMELDING øvst på arket. Er ikkje eg eit geni? Gjev deg slike fantastiske råd! Spøk til side – dette er viktigare enn du trur. Du vil ikkje irritera journalisten som sit og går gjennom innsende tekstar allereie før han har byrja på teksten din. Det skal vera enkelt for mottakaren i mediet å vita kva det er snakk om – merk difor teksten din med PRESSEMELDING.

No er du klar for å selja inn det du vil skapa blest rundt. Dei viktigaste opplysingane du kan koma med er kven/kva det gjeld og kvar og når det skjer. Er det snakk om ei lansering av noko slag, må du ha med kven som lanserer kva og kvar lanseringa skjer til kva klokkeslett og dato. Dersom det er viktig å forklara korleis og kvifor lanseringa skjer, tek du med det også.

For din eigen del, er dette fint å byrja med også. Då har du noko konkret å setja deg inn i skrivinga med. Dette er informasjon du kjenner ut og inn, og som du kan forklara på best mogleg måte. Tenk over kvifor denne informasjonen er viktig for potensielle lesarar/kundar. Fokuset skal vera på deira oppleving.

Fiks ferdig

Noko du kanskje ikkje har tenkt på er at pressemeldinga som regel vert sett direkte inn i tidsskriftet slik du har skrive ho. Det er difor viktig at du passar på at det du har skrive er korrekt stava, alle namn er rette (dette er viktigare enn ein trur – eg har ikkje tal på kor mange gonger eg har vorte omdøypt i skriftlege tekstar, på namnelister osv.) og at du skriv fullstendige setningar, ikkje stikkord.

Det er viktig at pressemeldinga ikkje er for lang. Då gidd ingen å lesa ho, og dersom tidsskriftet er interessert, vil dei helst laga sine eigne tekstar om saka. Hald deg difor til eit minimum.

Bilete av ein bokstabel, eit grantre, ein frosen dam og eit bord med tekopp, tekanne, eit strikketøy og ei bok.
Inspirasjon er avgjerande uansett kva type tekst ein skriv.

Bruk korte setningar, det skal vera informativt og enkelt å setja seg inn i. Ein les ikkje ei pressemelding for å verta utfordra på det språklege planet. Det er også viktig at du hugsar på å ikkje nytta interne ord. Tenk at dette er noko som skal vera enkelt å forstå for alle. Du skal nå flest mogleg med bodskapen din, ikkje syna kor flink du er.

Levande og personleg

Ver personleg. Fokuset skal vera på lesaren – nytt gjerne ord som «du, deg, ditt», men ikkje «de, dykk, dykkar».

For å gjera teksten meir interessant er det lurt å ta med eit sitat om saka. Dette kan vera noko nokon har sagt – t.d. sjefen din eller andre som har litt tyngde innan feltet, eller det kan vera noko du sjølv seier. Då må du skriva det som om det er nokon andre som har intervjua deg om saka: «. . . , seier Pål Mørk.» (ikkje: seier eg).

Det tekniske

Ofte understrekar me ord eller setningar ved å setja dei i kursiv eller utheva dei. Dette er ikkje lurt å gjera i ei pressemelding. Det er ikkje sikkert at slike uthevingar vert overførde når teksten vert sett inn i tidsskriftet.

Hugs å gje journalisten kontaktinformasjon, og gjerne tips til korleis han kan gå fram vidare, som intervjuobjekt og slikt. Send gjerne med bilete. Helst ikkje meir enn eitt, men sei at du kan hjelpa til med fleire dersom det er ynskjeleg.

Ikkje gløym å merka pressemeldinga skikkeleg med namn, firma, logo osv. Det skal vera minst mogleg arbeid for den som skal jobba vidare med ho.

Tenk at du fortel ei historie, gjer forteljinga så interessant og oppløftande som mogleg. Leik med vinklingane. Det viktigaste av alt er å ha det moro når ein skriv!

Heilt til slutt

Takk for at du var innom bloggen min i dag! Eg vert veldig glad om du trykkjer på like- eller deleknappen under, eller legg att ein kommentar til meg. Kanskje du har eit spørsmål eller eit innspel å koma med? Lukka til med pressemeldinga!

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.