Nestekjærleik og korleis me oppfører oss

Det er den siste dagen i 2015, og det er på tide med litt tankeverksemd rundt året som har gått. 

2015 har vore eit år med opp- og nedturar for dei fleste, som alle år. Flyktningekrisa har gjort at me i Noreg har måtta sett litt på verdisynet vårt og kanskje gjort oss nokre tankar om kva me har å vera takksame for i landet vårt.

Bilete av juletrepynt.
Godt nytt år!

Den nærmaste?

Ordet eg har lyst til å sjå nærare på i dette innlegget er nestekjærleik. Det er samansett av orda neste og kjærleik. Den første delen av ordet er nytta mest i religiøs samanheng, og me finn det i Bibelen, der det tyder medmenneske. Det er omsett får det latinske proximus, som tyder «den nærmaste».

Den andre delen av ordet er kjærleik. I Noreg skil me tradisjonelt sett mellom elskhug og kjærleik. Elskhug er eit meir innskrenka omgrep enn kjærleik, og ein kan seia at kjærleik er meir oppofrande og mindre egoistisk enn elskhug.

Kva får me så når me set desse to orda saman? I følgje Wikipedia er nestekjærleik «omsorg for andre menneske og det å kjenne seg ansvarleg for velferda til alle medmenneske utan omsyn til religion, kjønn, politisk standpunkt eller andre særpreg.»

Køkultur og julebord

Grunnen til at eg kom til å tenkja på dette temaet no når me går inn i det nye året, er at jul og nyttår kjem rett etter julebordsesongen. Tida då mange menneske møtest i sosiale lag, og diverre tida då me ikkje alltid viser oss frå vår beste side.

Før jul var eg ein tur ute på byen, og måtte følgjeleg stå i kø for å koma inn på utestadane. I den eine køen, vart eg vitne til eit opptrinn som omhandla både køkultur og folkeskikk. Eg og følgjet mitt kom litt seint, og måtte difor stilla oss i ein nesten stilleståande kø. Me stod og snakka oss imellom, medan køen framfor oss minka. Ikkje fordi nokon slapp inn på utestaden, men fordi dei føre oss ikkje gadd å stå i kø meir, og forlet han ein etter ein. Brått vart me ståande bak ein gjeng med ungdomar som hadde oppdaga ein eldre kar dei meinte sneik i køen. No er det godt mogleg at han gjorde det, men akkurat på dette tidspunktet var me dei einaste i køen bak dei, og me hadde definitivt kome etter han.

Ungdomane var derimot ikkje så opptekne av fakta, som dei var av å vera irettesetjande og moraliserande (om enn på ein grovkjefta måte). Dei kjefta fyren ut for at han sneik og ikkje kunne oppføra seg. Tenk på alle dei bak han som måtte svi for at han ikkje kunne stå i kø. Me prøvde litt forsiktig å ymta frampå om at det gjekk fint, sidan me hadde kome etter han, og var dei einaste som stod der. Men dette var sint, norsk,  ganske stor og ganske full ungdom, så me heldt oss litt i bakgrunnen. Dessutan var dei meir interesserte i prinsippet enn i det som hadde skjedd. Han burde gå og stilla seg bak alle som hadde kome etter han som ei symbolsk botgjering for syndene sine. Til slutt greidde dei å kjefta den eldre mannen ut av køen.

Moral og dobbeltmoral

Er det ikkje fint at den høgmoralske parten vann fram? Me trøysta oss med det, sidan me ikkje hadde hatt mot til å gripa skikkeleg inn i opptrinnet. Det som skjedde etterpå var derimot eit slag i trynet for moralismen. Då dukka det nemleg opp to jenter som kjende ungdomane, og dei vart tekne rett inn i køen framfor oss. Me pikka dei forsiktig på skuldra og lurde på om dette eigentleg var ok, med tanke på prinsipp og allting. Me fekk oss ei overhaling sidan dette var noko heilt anna. Mannen hadde snike heilt på eiga hand, medan dei hadde «teke opp plass» til jentene. Det enda med at me putla oss ut av køen og til neste uteplasskø me også.

Nestekjærleik

Moralen? Tja, dersom du har lyst til å mobba folk ut av ein kø, er det kanskje mest fruktbart å konsentrera seg om dei som står framfor deg i køen?

Moral kan vera ein skummel ting, i alle fall i julebordsesongen. Me kan heller starta det nye året med å tenkja gjennom korleis me vil at andre skal vera mot oss, og prøva å oppføra oss deretter. Det har i alle fall eg tenkt å prøva. Ein vil ikkje alltid lukkast, men det er eit bra mål å ha som utgangspunkt.

Heilt til slutt

Takk for at du tok turen innom bloggen i dag! Eg ynskjer deg eit strålande nytt år! 2016 vert det beste så langt! Dersom du likte innlegget, set eg stor pris på om du trykkjer på like- eller deleknappen under, eller legg att ein kommentar. Nyt dagen og det komande året!

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.