Alle innlegg av Ronnaug

Pressemelding – hugseliste

Uansett kva du driv med i dag, vil du på eit eller anna tidspunkt snubla bort i ei pressemelding. Å skriva ei pressemelding, meiner eg. Det kan til dømes vera som frivillig for eit idrettslag eller som gründar i eige føretak.

Draumen er jo å skriva ein såpass god tekst at ikkje berre dei som er interesserte i det du skriv om (les: foreldre, kollegaer eller medsamansvorne i idrettslaget) les teksten din, men også andre – og aller helst at journalistane i mediet du sender det inn til fattar interesse for det du promoterer og lagar si eiga sak om det.

Rett kanal for å nå dei rette folka

Målet med ei pressemelding er jo å nå ut til flest mogleg folk, og helst til dei folka som treng akkurat det du har å gje. Då seier det seg sjølv at du ikkje sender ei pressemelding om den store traktorkonkurransen du skal arrangera til eit medisinsk tidsskrift. Plassering og målgruppe er alltid viktig å hugsa på uansett kva type tekst ein skriv.

Bilete av eit par katteauge i ei trapp.
Korleis kan du gjera temaet ditt meir spennande?

Men om ein går utifrå at du veit dette, at du veit at akkurat ditt fantastiske arrangement, di nyttige oppfinning osv. er det lesaren av denne mediekanalen treng nett no – korleis skal du kommunisera dette?

Neglebiting framfor datamaskina

Dette er noko eg har streva med sjølv mange gonger. Eg kjenner kjensla av å sitja ved skrivebordet og bita negler etter å ha fått ordre frå sjefen om å skriva ei pressemelding, og vera fullstendig grøn på korleis ein gjer akkurat det. Som tekstnerd måtte eg ta det eit steg vidare, eg las eit lass av bøker om tekstforfatting og fordjupa meg i marknadsføringskurs, og har no laga meg nokre tips som eg vil dela med deg.

Det første først

Det aller første du må gjera er å skriva PRESSEMELDING øvst på arket. Er ikkje eg eit geni? Gjev deg slike fantastiske råd! Spøk til side – dette er viktigare enn du trur. Du vil ikkje irritera journalisten som sit og går gjennom innsende tekstar allereie før han har byrja på teksten din. Det skal vera enkelt for mottakaren i mediet å vita kva det er snakk om – merk difor teksten din med PRESSEMELDING.

No er du klar for å selja inn det du vil skapa blest rundt. Dei viktigaste opplysingane du kan koma med er kven/kva det gjeld og kvar og når det skjer. Er det snakk om ei lansering av noko slag, må du ha med kven som lanserer kva og kvar lanseringa skjer til kva klokkeslett og dato. Dersom det er viktig å forklara korleis og kvifor lanseringa skjer, tek du med det også.

For din eigen del, er dette fint å byrja med også. Då har du noko konkret å setja deg inn i skrivinga med. Dette er informasjon du kjenner ut og inn, og som du kan forklara på best mogleg måte. Tenk over kvifor denne informasjonen er viktig for potensielle lesarar/kundar. Fokuset skal vera på deira oppleving.

Fiks ferdig

Noko du kanskje ikkje har tenkt på er at pressemeldinga som regel vert sett direkte inn i tidsskriftet slik du har skrive ho. Det er difor viktig at du passar på at det du har skrive er korrekt stava, alle namn er rette (dette er viktigare enn ein trur – eg har ikkje tal på kor mange gonger eg har vorte omdøypt i skriftlege tekstar, på namnelister osv.) og at du skriv fullstendige setningar, ikkje stikkord.

Det er viktig at pressemeldinga ikkje er for lang. Då gidd ingen å lesa ho, og dersom tidsskriftet er interessert, vil dei helst laga sine eigne tekstar om saka. Hald deg difor til eit minimum.

Bilete av ein bokstabel, eit grantre, ein frosen dam og eit bord med tekopp, tekanne, eit strikketøy og ei bok.
Inspirasjon er avgjerande uansett kva type tekst ein skriv.

Bruk korte setningar, det skal vera informativt og enkelt å setja seg inn i. Ein les ikkje ei pressemelding for å verta utfordra på det språklege planet. Det er også viktig at du hugsar på å ikkje nytta interne ord. Tenk at dette er noko som skal vera enkelt å forstå for alle. Du skal nå flest mogleg med bodskapen din, ikkje syna kor flink du er.

Levande og personleg

Ver personleg. Fokuset skal vera på lesaren – nytt gjerne ord som «du, deg, ditt», men ikkje «de, dykk, dykkar».

For å gjera teksten meir interessant er det lurt å ta med eit sitat om saka. Dette kan vera noko nokon har sagt – t.d. sjefen din eller andre som har litt tyngde innan feltet, eller det kan vera noko du sjølv seier. Då må du skriva det som om det er nokon andre som har intervjua deg om saka: «. . . , seier Pål Mørk.» (ikkje: seier eg).

Det tekniske

Ofte understrekar me ord eller setningar ved å setja dei i kursiv eller utheva dei. Dette er ikkje lurt å gjera i ei pressemelding. Det er ikkje sikkert at slike uthevingar vert overførde når teksten vert sett inn i tidsskriftet.

Hugs å gje journalisten kontaktinformasjon, og gjerne tips til korleis han kan gå fram vidare, som intervjuobjekt og slikt. Send gjerne med bilete. Helst ikkje meir enn eitt, men sei at du kan hjelpa til med fleire dersom det er ynskjeleg.

Ikkje gløym å merka pressemeldinga skikkeleg med namn, firma, logo osv. Det skal vera minst mogleg arbeid for den som skal jobba vidare med ho.

Tenk at du fortel ei historie, gjer forteljinga så interessant og oppløftande som mogleg. Leik med vinklingane. Det viktigaste av alt er å ha det moro når ein skriv!

Heilt til slutt

Takk for at du var innom bloggen min i dag! Eg vert veldig glad om du trykkjer på like- eller deleknappen under, eller legg att ein kommentar til meg. Kanskje du har eit spørsmål eller eit innspel å koma med? Lukka til med pressemeldinga!

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

 

Bøying av hokjønnssubstantiv

Det er grammatikkdag i dag på bloggen. For ei tid attende skreiv eg eit innlegg om bøying av hankjønnssubstantiv (som du finn her). I dag skal me sjå på bøying av hokjønnssubstantiv.

Som nemnt tidlegare finst det fire former ein kan bøya eit substantiv i – eintal – ubunden/ubestemd, eintal – bunden/bestemd, fleirtal – ubunden/ubestemd og fleirtal – bunden/bestemd.

Dei vanlege

Eit hokjønnssubstantiv vil vanlegvis oppføra seg på denne måten når det vert bøyd:

Eint., ubun.                 Eint., bun.                   Fl.t., ubun.                   Fl.t., bun.

Katte                          Katta                                  Katter                    Kattene

 Ver merksam på at ordet kan bøyast som hankjønn òg, då som katt.

Dette kan du prøva med fleire ord som t.d. sak, dame, veske, kone osv.

Bilete av eit solgløtt som speglar seg i fjorden, bilete av nokre kongler på isen og av ein pus som nyttar sjakkbrettet som hovudpute.
Ei sol, ei kongle og ei katte.

-ing-orda

Men alle hokjønnssubstantiv oppfører seg ikkje slik. Me har blant anna nokre hokjønnsord som endar på –ing, og dei oppfører seg annleis:

Eint., ubun.                 Eint., bun.                   Fl.t., ubun.                   Fl.t., bun.

Rundkøyring           Rundkøyringa      Rundkøyringar   Rundkøyringane

 

Prøv sjølv med ord som opning, melding, dronning osv. Du vil sjå at desse får endingane –ar og-ane i fleirtal.

 Dei valfrie

For å gjera det endå meir innvikla, finst det hokjønnsord med valfrie endingar i fleirtal:

Eint., ubun.                 Eint., bun.                   Fl.t., ubun.                   Fl.t., bun.

Elv                             Elva                           Elvar/er                       Elvane/ene

 

Andre døme på slike ord er helg, myr, reim, merr osv.

Dei du bør pugga

Til slutt har me tre hokjønnsord som du bør leggja merke til og læra deg. Elles er det veldig lett å bøya desse feil i ubunden fleirtalsform. Desse tre substantiva er:

Eint., ubun.                 Eint., bun.                   Fl.t., ubun.                   Fl.t., bun.

Mor                             Mora                           Mødrer                       Mødrene

Syster                        Systera                         Systrer                     Systrene

Dotter                       Dottera                        Døtrer                       Døtrene

 

Desse tre strevar eg med sjølv. Eg har alltid lyst til å kutta ut r-en på slutten av ubunden form fleirtal.

 Heilt til slutt

Eg håpar du fekk nytte av dagens innlegg! Veldig koseleg at du er innom bloggen! Dersom du sette pris på innlegget, er det supert om du trykkjer på like- eller deleknappen under, eller legg att ein kommentar til meg. Eg vert veldig glad!

Elles ynskjer eg deg ein fantastisk flott dag vidare!

Me snakkast!

 

Klem,

Rønnaug

 

Å vera Harry eller Doris

Språket vårt er oppbygd av så mange faste uttrykk at me ofte gløymer kvar desse uttrykka stammar frå. Veit du til dømes kvifor me tidvis kallar kvarandre «harry»?

Bilete av ein raud kopp fylt med kaffi.
Frå første utekaffien i februar i fjor.

Harry eller Andreas?

«Det er harry å ha den veska der!» «Det er harry å køyra rundt i ein slik bil!» Me forstår jo kva som er meint. Kanskje ikkje fordi me skjønar uttrykket, men me har etter litt trening lært å forstå det utifrå samanhengen. Men veit du eigentleg kvar det stammar frå? Kvifor me her i Noreg går rundt og kallar kvarandre for eit gutenamn når me skal påpeika at stilen ikkje er tipptopp moderne?

Ein skulle jo tru at bakgrunnen var noko meir fiffig enn det han faktisk er. Ein kunne jo ha eit håp om at harry var ei hue eller eit par sko som etter ei tid som glamorøs landeplage fann seg sjølv lengst bak i skåpet i skammens hjørne, eller noko slikt. Men «harry» viser faktisk ikkje til noko meir spenstig enn til det engelske gutenamnet Harry. Så det gjev eigentleg ikkje meir meining å kalla kvarandre «harry» enn det ville ha gjort å kalla kvarandre til dømes Andreas.

Ungdom, overklasse og Oslo

Uttrykket har ikkje ein gong røter i ein levande kar som heitte Harry og som var utdatert frå vogge til grav, det er nok meir generelt enn som så. Det stammar frå overklasseungdomen i Oslo tidleg på 1900-talet, og var noko dei kalla folk frå arbeidarklassa. Kvifor? Fordi Harry var eit populært namn blant arbeidarklassa på denne tida.

På 60-talet vart uttrykket nytta om rånarar med sleik, og no godt hundre år etter at det først dukka opp, er uttrykket like levande som tidlegare. Det kvinnelege motstykket til «harry» skal visst vera å vera «doris».

Heilt til slutt

Takk for at du tok deg tid til å lesa innlegget mitt i dag! Veldig koseleg at du er innom. Dersom du likte det du las, vert eg veldig glad dersom du trykkjer på like- eller deleknappen under. Eller legg att ein kommentar til meg. Elles ynskjer eg deg ein strålande dag vidare!

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

Kjelde: Prikken over i-en og andre uttrykk av Kjell Ivar Vannebo

Å setja seg mål i livet

På nyåret set me oss ofte mål for kva me skal oppnå det neste året. Eg har valt å venta til no med å setja meg mål. Det var viktig å føla litt på året før eg staka ut kursen.

Så kva er viktig når ein skal setja seg mål? Det viktigaste for meg er at eg trur på målet eg set meg. At eg greier å sjå føre meg at eg kan gjennomføra det.

Bilete av eit tresmykke og eit armband med visdomsord på. Bilete av strikketøy og ei notatbok med mål for 2015
Det viktigaste er å setja seg mål ein trur på, eller, sagt på ein annan måte, tru på måla ein set seg.

Eit gladare 2014

Eit av måla mine for fjoråret var rett og slett å vera meir glad. Ikkje at eg ikkje var glad i 2013, men eg ville vera meir glad i 2014. For å oppnå målet, las eg stablar med bøker, eg høyrde på cd-ar med Tony Robbins og andre utviklingsguruar. Eg tok helgekurs og nettkurs i sjølvutvikling, og høyrde på lydfiler om å snu tankesettet. Felles for alle desse kjeldene var at dei peika på at dersom det skal skje ei endring, så skjer ho med deg. Du må ta val kvar dag for å oppnå målet ditt. For min del, var dette å velja å vera glad, sjølv dei dagane eg kjeda meg, eller var lei meg for noko.

Tankespinn

Noko som verkar heilt klart er at dersom du skal nå målet ditt, kan du ikkje høyra etter ein kvar tanke som dumpar ned i hovudet ditt, du må velja ut tankane du vil høyra på. Det er veldig frigjerande når ein oppdagar dette – ein tanke vert ikkje sann berre fordi du tenkjer han. Han vert derimot sann når du trur på han…

Reisa må vera viktigast

Noko anna som er viktig når ein set seg mål er at det å jobba med målet er viktigare enn sjølve resultatet. I 2014 hadde eg som mål å starta min eigen blogg. I hovudet mitt var dette skumle saker. Skriva ting og leggja det ut slik at heile verda kan sjå det. For meg har det å jobba med bloggen ein eigenverdi. Eg får gjera noko eg tykkjer er kjempemoro – å skriva. Eg får forska i ulike tema, og eg kan vera akkurat så mykje språknerd eg berre har lyst. Bloggen er eit marknadsføringstiltak for føretaket Helvik tekst, men han har også ein verdi utanom det. Han er ein leikeplass for meg – han er eit gjeremål som gjer meg glad. Noko eg gjer fordi eg har lyst.

Bilete av solnedgang. Bilete av ei tekanne og ei bok.
Korleis vil du at livet ditt skal vera?

Her og no

På den måten har bloggen vore nyttig for meg frå dag ein. Dette er også noko ein lyt tenkja på når ein skal setja seg mål. Kva får eg ut av å jobba mot målet mitt her og no? Di fleire gode argument og delmål du finn her, di enklare er det å gjennomføra arbeidet som må til for å nå målet. Dersom målet ditt til dømes er å ta av fem kg, eller verta sprekare, kan det vera lurt å finna aktivitetar du likar å gjera, eller tenkja at «Dersom eg ikkje kjøper meg ein is no, kan eg spara 25 kroner». «Dersom eg ikkje hadde vore ute og gått tur no, hadde eg gått glipp av den solnedgangen».

Mykje handlar om system. Om å tenkja gjennom på førehand kva tiltak ein må setja inn på vegen for å greia å nå fram.

Visjon og måloppnåing

Eg veit ikkje kva du har tenkt å gjera i dag, men eg skal setja meg ned og laga meg nye mål for dette året. Det første eg skal gjera er å laga ein mest mogleg detaljert, tydeleg og levande visjon, deretter skal han setjast i system.

Kort summert var 2014 eit år med ganske høg måloppnåing på fokusområda, så no er det på tide å finna seg nye fokusområde for så å tru på måla sine. Lukka til med dine mål for året! Om du ikkje har tenkt på det enno, er i dag ein like god dag som i morgo!

Heilt til slutt

Tusen takk for at du var innom bloggen min i dag! Kjekt å sjå deg! Eg vert veldig glad for kommentarar eller for at du trykkjer på like- eller deleknappen under.

 

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

Eit ord er eit ord . . . eller?

Når ein jobbar med ord på dagleg basis, slik eg gjer, er det ikkje til å unngå at ein vert litt opptekne av ord og dei ulike tydingane dei har. Har du tenkt over kva ord du nyttar? Kan det vera at du nyttar ulike ord for nett same tingen?

 

Mark Twain har sagt det så fint:

Skilnaden mellom det rette ordet og ordet som er nesten rett er den same som skilnaden mellom eld og ei eldfluge.

Vel å merka er dette mi omsetjing, Twain nytta orda lightning og lightning bug.

Bilete av ein solnedgang, fjell som speglar seg i fjorden og eit stupetårn.
Sogndal på denne tida av året.

Dei små og store skilnadane

Som omsetjar støyter ein stadig på ord som kan skapa litt hovudbry. Du får ikkje dei same assosiasjonane til ordet «vom» som til ordet «mage». Og kva med ordet «magesekk»? Du får heller ikkje dei same assosiasjonane til ordet «elska» som det «å vera glad i». Når me skriv, hender det ofte at me kan vera meir nøyaktige i ordvala våre. Får du sagt akkurat det du ville seia? Er det mogleg at du kan velja eit anna ord som passar betre til akkurat det du vil seia?

Uforståelege brukarrettleiingar

Eg reknar med at eg ikkje er den einaste som tidvis har rive meg i håret over uforståelege brukarrettleiingar når eg skal prøva å få eit produkt til å fungera. Ofte er dette fordi omsetjaren har nytta feil ord, og den opprinnelege meininga forsvann i prosessen.

Forståeleg, uforståeleg eller direkte feil

Ein av gjengongarane eg ler litt av når eg omset er ordet «avhending». Plar du å avhenda noko? Er det eit ord du nyttar i daglegtale? Det er i alle fall ikkje eit ord eg vanlegvis støyter på utanom i brukarrettleiingar. Eg har ofte fundert på korleis dette fenomenet oppstod. Kven var det som tenkte at «Hmm, avhending er eit godt, norsk ord, mykje meir presist enn å nytta det daglegdagse ordet kasting.»

Å avhenda er eit presist uttrykk når det er snakk om å kvitta seg med (selja unna) verdipapir. Det er eit fullstendig feil ord å nytta når det er snakk om kassering av elektronisk utstyr og liknande.

Komisk

Det finst eit utal slike døme, så eg skal ikkje gå nærare inn på fleire, men kanskje du har kome på nokre ord sjølv? Det kan vera ganske komisk når ord hamnar i feil samanheng.

Heilt til slutt

Takk for at du var innom bloggen min i dag! Veldig kjekt med besøk! Dersom du likte innlegget, vert eg veldig glad dersom du trykkjer på like- eller deleknappen under, eller legg att ein kommentar. Elles ynskjer eg deg ein framleis god dag!

 

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

Det vanskelege førsteinntrykket

I følgje forsking på området tek det om lag 90 sekund for oss å gjera oss opp ei meining om ein person me møter. Mykje av dette er sjølvsagt basert på utsjånaden. Er personen velstelt? Noko anna me legg merke til er røysta til vedkomande, og så registrerer me kva han eller ho seier for noko.

Noko uventa gjer inntrykk

Me legg særleg merke til dårleg oppførsel, eller uvanlege måtar å oppføra seg på. Me nyttar førsteinntrykket til å føreseia korleis personen vil oppføra seg seinare. Me tolkar vedkomande utifrå det me ser i byrjinga. Det tek lang tid å retta opp att slike inntrykk dersom dei er negative, for hjernen vår gjer koplingar som er ganske sterke.

Bilete av ei oppslega bok med ei hekla blonde liggjande over. Bilete av eit kort på ein hekleduk, på kortet står det: What if your fears and your dreams exist in the same place, would you still go there?
Kva skal til for å gjera eit godt førsteinntrykk?

Det kan vera lurt å gje det meir tid

Det hender eg tenkjer på dette sjølv. Kor avgjerande førsteinntrykket er. Det er jo ikkje alltid ein viser seg frå si beste side dersom ein har ein dårleg dag. Då vert ein kanskje «ho hysteriske kvinnfolket» eller «han sinte mannen» for alltid.

Personleg prøver eg å overtyda meg sjølv om å ikkje stola på førsteinntrykket, men det er sjølvsagt ikkje alltid eg er like god på akkurat det, og då let eg fordomane herja fritt.

Og om du var ei bok?

Kva skal ein då gjera om ein er ei bok? Korleis skal ein gjera eit såpass godt inntrykk at folk får lyst til å lesa deg? Innpakking er nok meir avgjerande enn ein skulle tru. Enkelte bøker vert rett og slett ikkje plukka opp fordi dei har eit kjedeleg eller lite tiltalande ytre. Du har kanskje lagt merke til at gamle bøker dukkar opp i ny klesdrakt innimellom? Særleg skjer dette i samband med filmatiseringar av bøker. Då kjem plutseleg boka ikledd eit bilete av ei eller anna profilert filmstjerne. Tilfeldig? Neppe.

Bilete av ei stor bok med ein stabel av gamle, mindre bøker oppå, ei hekleblonde heng ned.
Kva skal til for at du skal velja akkurat meg?

Flyplasstesten

Dersom det er snakk om ein roman, skal han helst kunna stå med glans på den såkalla «flyplasstesten». Kva snakkar me om då?

Tenk deg at du hastar gjennom flyplassen. Du veit du har ein del ventetid føre deg, så du tek deg ein kjapp tur innom bokhandelen for å sjå om du finn deg ei bok for å piffa opp ventetida litt. Du tek kanskje ein rask titt bakpå boka og ser kva som står der. Deretter tippar eg at du opnar boka på første sida, og det er her «flyplasstesten» kjem inn. Den første setninga i boka må vera såpass god at du vert fanga med ein gong. Ho må fengja deg slik at du vel å kjøpa akkurat den boka før du hastar vidare.

Såpass lyt til

Me kan sjå på eit par døme. Elizabeth Kostova si bok The Historian (Historikeren) frå 2005, opnar slik: «The story that follows is one that I never intended to commit to paper.» (På norsk ville me kanskje sagt «Historia som følgjer er ei eg aldri hadde planar om å skriva ned på papir.»)

Kunne du ha gått ifrå denne boka?

Kva med Lars Kepler sin roman Stalker frå 2014. Han byrjar slik: «Det var ikke før det første liket ble funnet at man tok filmen på alvor.»

Noko å tenkja på neste gong du byrjar på ei bok, eller neste gong du skal skriva ein tekst sjølv. Førsteinntrykket er avgjerande, også for ein skriven tekst.

Heilt til slutt

Takk for at du er innom bloggen min i dag! Eg vert kjempeglad dersom du trykkjer på like- eller deleknappen under, eller legg att ein kommentar til meg. Håpet er at du fann noko interessant, inspirerande eller nyttig i dagens innlegg!

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

Er det høfleg å ta seg ein tur på dass?

Eg er nok fasinert av språk for tida, førre innlegg handla om akronym, medan me i dette skal ta føre oss eufemismar.

Det vesle huset

Den artigaste eufemismen eg veit om er ordet «dass», som kjem frå det tyske uttrykket «das Häuschen», som på norsk tyder «det vesle huset». Det ordet me i dag altså reknar for å vera eit rimeleg ufint ord for toalett (også ein eufemisme) er altså ei forfina omskriving av det tyske uttrykket. På norsk kutta me like godt ut hovudordet og sa berre «dass» som i praksis tyder at me seier noko slikt som «det . . . et». Og likevel føler me at det er eit ord som det er litt for stygt å nytta . . . Fantastisk!

Bilete av ei dodør med nokre skilt på.
Kjært barn har mange namn . . .

Det hemmelege rommet

Me vel heller å nytta ordet toalett. Det kjem frå det franske ordet toilette, og alt er betre på fransk , eller? Det tyder visst noko slikt som «liten duk», og viser til duken på stellebordet.

Ordet klosett tyder «lite avlukke» og kjem frå det latinske ordet clausus, som tyder noko slikt som «attleten». Ordet do kjem frå det tyske ordet do-hussom, og kjem truleg frå det tyske verbet don, som tyder «å gjera».

I tidlegare tider kalla dei det visst for løyndarhus eller løyndom, og det trur eg er den vegen eg vil velja framover. Tenk kor mykje meir spennande det er å ha eit hemmeleg rom i huset, slik i staden for å kalla det for ein liten duk, eller det . . .et . . .

Attende til saka

Innlegget skulle eigentleg ikkje handla om det hemmelege rommet, men om formildande omskrivingar, nemleg eufemismar. Ordet kjem frå det greske euphemos, som tyder noko slikt som «lukkebringande tale».

Grunnen til at me treng desse omskrivingane er nok at menneske alltid har vore redde for at det skal gå «troll i ord». Me er redde for at dersom me til dømes nyttar ordet djevelen, kan me påkalla han, og at me kan unngå at han kjem ved å kalla han til dømes Mannen med ljåen. Me kan ufarleggjera ein ting eller ein situasjon ved bruk av ord.

Negative assosiasjonar

Noko anna som påverkar språkbruken og trongen til nye eufemismar er assosiasjonane me legg til eit ord. Ord som «neger» har for mange negative haldningar knytt til seg, til at det er sosialt akseptabelt å nytta det i daglegtale meir. Ordet stammar visst opprinneleg frå det latinske ordet niger, som tyder «svart», men måten menneske har nytta det på, gjer at det i dag er eit negativt lada ord.

Kva ord og språk ein nyttar er viktig, men eg trur kanskje det er endå meir viktig å jobba med haldningane våre. Ord i seg sjølve er ikkje farlege, men måten me nyttar dei på kan skapa farlege og sårande situasjonar.

Heilt til slutt

Eg meiner uansett at det er stas å ha eit hemmeleg rom i huset, kanskje eg skal gå endå lenger å kalla det «rommet-som-ikkje-kan-nemnast» eller noko slikt.

Takk for at du var innom bloggen min i dag! Kjempekoseleg! Eg vert utruleg glad dersom du trykkjer på like- eller deleknappen under, viss du sette pris på innlegget. Du kan også gjerne leggja att ein kommentar til meg!

 

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

 

Kjelder: Wikipedia og boka Språkmagi av Helene Uri

 

Kva har SIL og NATO til felles?

I bloggen i dag skal me sjå litt på språk og ord, og det kjennest naturleg å trekkja linjer mellom idrettslaget i Sogndal og Atlanterhavspakta.

Det er godt mogleg at det er mange fellestrekk dei imellom, men det me skal konsentrera oss om i dag er namna. Kva er likt når det gjeld namna på desse to organisasjonane?

Bilete av nakne lauvtre med julelys i, og ei glasrute med regndråpar på.
I januar er julepynten på veg ut, og trea kan snart ikkje smykka seg med lysa sine meir.

Sentrale førebokstavar

Dei er begge sette saman av førebokstavane til andre ord. SIL står for Sogndal Idrettslag, medan NATO står for North Atlantic Treaty Organisation. Denne typen ord vert kalla for akronym.

Akronym og førebokstavord

Sjølve ordet akronym er samansett av dei greske orda akros (øvst, ytst) og onoma (namn). For at eit ord skal kunna kvalifisera som eit akronym, er det ikkje nok at det er eit initialord, samansett av førebokstavane til andre ord. For å vera eit akronym, må ordet også kunna uttalast som eit ord. Difor er til dømes HIV (humant immunsviktvirus) og EFTA (European Free Trade Assosiation) akronym, medan UiO (Universitetet i Oslo) ikkje er det. HSF (og UiO) er det me kan kalla for førebokstavord, men det hender at Høgskulen i Sogn og Fjordane også nyttar forkortinga HiSF, som faktisk kan nyttast som eit akronym, sidan i-en gjer at det kan uttalast som eit ord, ikkje berre bokstavar.

Bilete av vinterlandskap og ein fjord i vinterskrud.
Vinter

Prøv sjølv

Om du har lyst, kan du leika litt med dette sjølv, kan du laga dine eigne akronym. Kva står KLIKK for t.d.? Klubblag innan krabbekoking? Prøv sjølv – du kan heilt sikkert finna på noko meir høveleg. Det er ei artig og kreativ øving.

Heilt til slutt

Takk for at du er innom bloggen min i dag. Veldig stas! Eg vert utruleg glad om du tek deg tid til å trykkja på like- eller deleknappen under viss du likte innlegget, vart inspirert eller lærte noko nytt. Det er også strålande om du legg att ein kommentar. Kanskje du har nokre andre akronym du anten har laga sjølv, eller som du meiner fortener litt opphausing.

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

 

(Kjelder framandordbok, Wikipedia)

Godt nyttår eller godt nytt år?

No nærmar me oss årsskiftet med raske steg, og då er det mange helsingar som skal sendast til nære og kjære. Me nyttar jo helst sosiale medier til den slags no for tida. Det skal skje raskt og effektivt, og då er det litt ugreitt når ein vert usikker på skrivemåtar midt oppe i det heile. Difor tenkte eg at me kunne sjå på nyttårshelsingar i dette blogginnlegget.

Lys og røykelse, og ein katt inni ein pose med pakkar.
Jula ebbar snart ut i det nye året.

Orddeling eller ikkje?

Enkelte er så overivrige etter å retta på orddelingar at dei nesten vert irriterte dersom du ynskjer dei godt nytt år. Dei reagerer anten høglytt eller murrar på for seg sjølve om nordmenn som ikkje kan skriva skikkeleg osv.

Har dei rett i det dei seier? Tja, orddeling er jo ein utbreidd problematikk blant skrivelyste nordmenn for tida, men i dette tilfellet kan ein vel seia at dei er litt for kjappe på avtrekkaren.

Feiring eller år?

Du kan gjerne ynskja nokon godt nytt år. Når du gjer det, er det inga tvil om at du ynskjer dei alt godt i det nye året. Dersom du seier godt nyttår, derimot, kan det vera tvil om kva du meiner.

Om ein vil vera vrien, kan ein påstå at du berre ynskjer folk ei god nyttårsfeiring, og ikkje seier noko om det nye året.

Uansett kvar ein snur seg har ein altså «røvi» bak.

Snølandskap med ein solnedgang i bakgrunnen.
Romjulsskitur til Høgehaug frå Hodlekve, med ein nydeleg solnedgang som toppa det heile.

Valfri helsing

For å oppsummera det heile, kan me seia at det ikkje spelar noka rolle om du ynskjer folk godt nytt år eller godt nyttår, du kan til og med ynskja dei eit godt nyår, om du vil. Alt er lov i følgje nynorsk- og bokmålsordboka, og då er det vanskeleg å protestera på det. For eigen del, plar eg å ynskja dei eg kjenner eit godt nytt år etter nyttår.

Heilt til slutt

Takk for at du var innom bloggen min i dag, dersom du likte det du las, eller fann det nyttig, vert eg kjempeglad dersom du trykkjer på dele- eller likeknappen, eller legg att ein kommentar under.

Elles ynskjer eg deg eit fabelaktig nytt år, og håpar me snakkast i det nye året!

Klem,

Rønnaug

 

God jul!

Eit veldig kort innlegg i dag. Med masse bilete for å skapa julestemning. Ynskjer deg som er innom og les på bloggen ei retteleg god jul!

Bilete av ei adventsstjerne og snødekte fjell.
I Sogndal har me fått massevis av snø til jul.
Bilete av vinterlandskap og julepynt.
God jul til store og små!
Bilete av lys, nissar og englar - julepynt
Juletid
Bilete av diverse nissar og englar.
Ei trivelig tid!
Bilete av baking av smoltringar og peparkaker.
Litt julebakst må til. Smoltringar og peparkaker.
Bilete av peparkakeform og julekuler.
Kos deg i jula!

Eg ynskjer deg ei fantastisk flott juletid!

Ta deg gjerne tid til å lika eller dela posten, dersom du fekk litt ekstra julestemning som du vil dela med andre!

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug