Kva har SIL og NATO til felles?

I bloggen i dag skal me sjå litt på språk og ord, og det kjennest naturleg å trekkja linjer mellom idrettslaget i Sogndal og Atlanterhavspakta.

Det er godt mogleg at det er mange fellestrekk dei imellom, men det me skal konsentrera oss om i dag er namna. Kva er likt når det gjeld namna på desse to organisasjonane?

Bilete av nakne lauvtre med julelys i, og ei glasrute med regndråpar på.
I januar er julepynten på veg ut, og trea kan snart ikkje smykka seg med lysa sine meir.

Sentrale førebokstavar

Dei er begge sette saman av førebokstavane til andre ord. SIL står for Sogndal Idrettslag, medan NATO står for North Atlantic Treaty Organisation. Denne typen ord vert kalla for akronym.

Akronym og førebokstavord

Sjølve ordet akronym er samansett av dei greske orda akros (øvst, ytst) og onoma (namn). For at eit ord skal kunna kvalifisera som eit akronym, er det ikkje nok at det er eit initialord, samansett av førebokstavane til andre ord. For å vera eit akronym, må ordet også kunna uttalast som eit ord. Difor er til dømes HIV (humant immunsviktvirus) og EFTA (European Free Trade Assosiation) akronym, medan UiO (Universitetet i Oslo) ikkje er det. HSF (og UiO) er det me kan kalla for førebokstavord, men det hender at Høgskulen i Sogn og Fjordane også nyttar forkortinga HiSF, som faktisk kan nyttast som eit akronym, sidan i-en gjer at det kan uttalast som eit ord, ikkje berre bokstavar.

Bilete av vinterlandskap og ein fjord i vinterskrud.
Vinter

Prøv sjølv

Om du har lyst, kan du leika litt med dette sjølv, kan du laga dine eigne akronym. Kva står KLIKK for t.d.? Klubblag innan krabbekoking? Prøv sjølv – du kan heilt sikkert finna på noko meir høveleg. Det er ei artig og kreativ øving.

Heilt til slutt

Takk for at du er innom bloggen min i dag. Veldig stas! Eg vert utruleg glad om du tek deg tid til å trykkja på like- eller deleknappen under viss du likte innlegget, vart inspirert eller lærte noko nytt. Det er også strålande om du legg att ein kommentar. Kanskje du har nokre andre akronym du anten har laga sjølv, eller som du meiner fortener litt opphausing.

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

 

(Kjelder framandordbok, Wikipedia)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.