Bøying av hokjønnssubstantiv

Det er grammatikkdag i dag på bloggen. For ei tid attende skreiv eg eit innlegg om bøying av hankjønnssubstantiv (som du finn her). I dag skal me sjå på bøying av hokjønnssubstantiv.

Som nemnt tidlegare finst det fire former ein kan bøya eit substantiv i – eintal – ubunden/ubestemd, eintal – bunden/bestemd, fleirtal – ubunden/ubestemd og fleirtal – bunden/bestemd.

Dei vanlege

Eit hokjønnssubstantiv vil vanlegvis oppføra seg på denne måten når det vert bøyd:

Eint., ubun.                 Eint., bun.                   Fl.t., ubun.                   Fl.t., bun.

Katte                          Katta                                  Katter                    Kattene

 Ver merksam på at ordet kan bøyast som hankjønn òg, då som katt.

Dette kan du prøva med fleire ord som t.d. sak, dame, veske, kone osv.

Bilete av eit solgløtt som speglar seg i fjorden, bilete av nokre kongler på isen og av ein pus som nyttar sjakkbrettet som hovudpute.
Ei sol, ei kongle og ei katte.

-ing-orda

Men alle hokjønnssubstantiv oppfører seg ikkje slik. Me har blant anna nokre hokjønnsord som endar på –ing, og dei oppfører seg annleis:

Eint., ubun.                 Eint., bun.                   Fl.t., ubun.                   Fl.t., bun.

Rundkøyring           Rundkøyringa      Rundkøyringar   Rundkøyringane

 

Prøv sjølv med ord som opning, melding, dronning osv. Du vil sjå at desse får endingane –ar og-ane i fleirtal.

 Dei valfrie

For å gjera det endå meir innvikla, finst det hokjønnsord med valfrie endingar i fleirtal:

Eint., ubun.                 Eint., bun.                   Fl.t., ubun.                   Fl.t., bun.

Elv                             Elva                           Elvar/er                       Elvane/ene

 

Andre døme på slike ord er helg, myr, reim, merr osv.

Dei du bør pugga

Til slutt har me tre hokjønnsord som du bør leggja merke til og læra deg. Elles er det veldig lett å bøya desse feil i ubunden fleirtalsform. Desse tre substantiva er:

Eint., ubun.                 Eint., bun.                   Fl.t., ubun.                   Fl.t., bun.

Mor                             Mora                           Mødrer                       Mødrene

Syster                        Systera                         Systrer                     Systrene

Dotter                       Dottera                        Døtrer                       Døtrene

 

Desse tre strevar eg med sjølv. Eg har alltid lyst til å kutta ut r-en på slutten av ubunden form fleirtal.

 Heilt til slutt

Eg håpar du fekk nytte av dagens innlegg! Veldig koseleg at du er innom bloggen! Dersom du sette pris på innlegget, er det supert om du trykkjer på like- eller deleknappen under, eller legg att ein kommentar til meg. Eg vert veldig glad!

Elles ynskjer eg deg ein fantastisk flott dag vidare!

Me snakkast!

 

Klem,

Rønnaug

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.