3 tips som garantert vil gjera skriving enklare – del 1

Ein kan ikkje ha ein skriveblogg utan å koma innom temaet tekstarbeid, så i dette innlegget skal eg ta føre meg førearbeidet – det du gjer før du byrjar på sjølve skrivinga. Før me set i gong vil eg takka for responsen eg har fått på dei tidlegare innlegga – eg set veldig stor pris på tilbakemeldingar!

Fotografi av eit blømande tre, ein kaffikopp og ei bok og joggeskokledde føter i ei myr.
Tre ting som inspirerer meg for tida – blomar og bløming, kaffipause med ei god bok og fjellturar i joggesko (som går om ein ser litt stort på det).

Hender det at du tykkjer at det er vanskeleg å setja i gong med teksten du skal skriva? Det kan vera ein rapport du skal levera på jobb, ei oppgåve du må levera på skulen, ein tale du skal skriva til eit festleg lag eller kva som helst (dette fungerer på alle typar tekstar – også dei som skal framførast munnleg). Mange tykkjer det er vanskeleg å koma i gong eller vita kvar ein skal byrja, rett og slett.

Eg har no laga ein serie på tre innlegg der eg gjev deg eit nytt tips kvar gong som garantert vil gjera det enklare å skriva tekstar. I alle fall har det vore slik for meg.

Kladd og innføring

Først skal me attende til då eg gjekk på ungdomsskulen og me hadde tentamen i norsk. Då måtte me først skriva ein kladd med gråblyant på eit litt ekkelt voksa papir, for så å føra inn med penn på finare papir. Eg har alltid vore glad i lesing og skriving, så eg såg litt fram til desse skrivedagane, om enn med litt skrekkblanda fryd.

Kvar einaste gong skreiv eg ein versjon på kladden, men følte at noko vart feil, og enda opp med å skriva ein heilt ny tekst på innføringa. Dette fungerte fint, heilt til lærarane bestemde at me skulle levera inn både kladden og innføringa for at dei skulle forvissa seg om at me gjorde begge delar. Heile systemet mitt fall i saman og eg har sjeldan kjeda meg så heilhjarta og vore så misnøgd med noko eg har skrive.

Kladding var altså ikkje for meg. Eg var nok gladare i den kreative delen enn i finpussen. Noko eg heller skulle ha ynskt at eg hadde lært den gongen, og som har hjelpt meg å strukturera tekstar seinare, er å laga ein disposisjon.

Det «magiske» ordet

Det er det me skal sjå på no – korleis laga ein god disposisjon. Først av alt må me sjå på kva ein disposisjon er. Disposisjonen er eit oversyn over kva ein skal putta inn kvar i teksten – ein slags jukselapp som hjelper deg med planleggjinga.

Kva skal ein eigentleg med han? For meg handlar det om at det er lurt å ha sett på kartet før du reiser av garde på ein tur, ikkje etter at du har gått deg vill. Du får ein idé om kvar du skal med skrivinga.

Dagens tips 

Det første tipset mitt er det første steget til å laga ein god disposisjon. Du må setja deg ned med eit blankt ark og ha ei idémyldring. Det du skal gjera er å dumpa ned alt du kjem på som kan vera relevant på arket. Det kan vera stikkord, enkle setningar og teikningar. Her skal du skriva ned absolutt alt du kjem på og ikkje vera kritisk i det heile.

Det er enklare å skriva ned ting dersom du har eit avgrensa emne, men det er ikkje naudsynt. Du kan fint finna emnet seinare utifrå det du skriv ned på papiret. Kvifor er idémyldringa så viktig? Ho gjev deg grunnlaget for både å laga disposisjonen og skriva teksten.

Heilt til slutt

Som du sikkert forstår, så er ikkje tipsa mine magiske trylleformular som skriv teksten for deg, du må nok gjera jobben sjølv. Likevel er gode verktøy viktige for godt handverk. I neste innlegg kjem tips nummer to.

Plar du bruka idémyldring når du skal skriva ein tekst? Korleis er di erfaring? Kommenter gjerne under!

 

Klem,

Rønnaug

Ville kongen ha sagt det?

Når eg no skriv det andre innlegget mitt, er det på tide å invitera inn kongen, men før me gjer det vil eg gjerne takka alle som har lese det førre innlegget mitt og som har kome med tilbakemeldingar. Eg set veldig stor pris på det!

Raud penn, vegg med avisutklypp, sommarfugl og bok med bilete av skrivemaskin.

Me tek turen til Fosshaugane

I dagens innlegg skal me ta opp temaet skrivereglar. No tenkjer eg du sette deg litt meir ivrig fram på stolen og spissa øyro. Me skal innom det endelaust spennande emnet orddeling.

Eg har ikkje tenkt å vera formanande eller overberande. Skrivereglar, orddeling inkludert, er vanskelege greier. Eg gjer feil støtt og stadig, og eg er knakande god (i alle fall litt) på slikt og tykkjer at skrivereglar på ein måte er som laurdagsgodt. Du tenkjer kanskje at det er vel og bra det, fint for deg, liksom, men treng me eigentleg alle dei der reglane?

Nei, sikkert ikkje. Det er litt det same som med fotball. Som sogndøl er eg forplikta til å møta på Fosshaugane eit par gonger i året, og då tenkjer eg alltid at der er det jammen mange unyttige reglar. Hadde det vore så dramatisk å kvitta seg med den der offside-regelen?

Vel, spelet i seg sjølv ville vel kanskje ikkje ha kollapsa, men fotballen kunne nok fort ha vorte litt passiv dersom spissane berre kunne stilla seg opp framfor motparten sitt mål og venta på ballen. Slik er det med språket også – det kan fort bli litt flatt og passivt dersom me ser vekk frå skrivereglane.

For konge og fedreland

Denne gongen skal eg berre fokusera på ein einaste orddelingsfeil – han dukkar opp overalt i aviser, tv-teksting, oppdateringar på sosiale medium osv. Dette er mitt fakkeltog for å ta attende ordet ALTFOR.

Kvifor? Eg tenkjer først og fremst på kongen. Valspråket til Kong Harald V er «Alt for Noreg». Det er det same valspråket som faren og farfaren hadde før han. Det er vanskeleg å toppa dette valspråket. Han gjev alt for Noreg, han.

Dette er sjølvsagt berre gjeve at me ikkje klussar til orddelinga og meiner at det er det same om me skriv alt for eller altfor. Det er ikkje same schvungen over valspråket «Altfor Noreg», er det vel?

Så frå no av og for all framtid vil eg at du, når du er i tvil om du skal nytta alt for eller altfor, skal stilla deg spørsmålet: Ville kongen ha sagt det?

Då trur eg at me er på rett veg. Hugs at det er med skrivereglar som alt elles, det er lov å gjera feil, men det er viktig å prøva.

Lukka til og på førehand takk om du vel å vera med i fakkeltoget mitt !

Klem,

Rønnaug

Tenk alltid brød…

Sidan dette er det første «ordentlege» innlegget eg skriv i bloggen, er det passande å velja eit tema som har oppteke meg i mange år. Faktisk er det eit av hovudprinsippa til at Helvik tekst finst, nemleg kommunikasjon.

Illustrasjonsbilete til pynt. Helvik tekst

Dei litt flaue misforståingane

Då eg for nokre år attende var på det første «lærarjobbintervjuet» mitt, vart eg spurt om eg hadde erfaring med å nytta videokanon frå tidlegare. På den tida visste eg ikkje kva ein videokanon var (i studietida hadde me alltid kalla det projektor), så eg enda med å berre mumla noko til svar. Nokre dagar seinare snakka eg med ei venninne om intervjuet, og tenkte at no skulle eg prøva å finna ut kva denne videokanonen var for slag. Venninna mi var nemleg lærar og burde tydelegvis vita slikt. Problemet var berre at eg ikkje heilt greidde å hugsa ordet. Kreativ som eg er løyste eg det med å kalla det noko som i mine øyre likna. Eg trekte pusten djupt og sa i fullt alvor til venninna mi: «Ho spurde om eg hadde brukt ei slik…ehh…filmbombe…?!»

Kjelda mi til visdom datt nesten i golvet av latter, faktisk trur eg ho ler enno når ho fortel denne historia til andre, men i det minste forstod ho kva eg snakka om. Og akkurat det er poenget. Ville ho som intervjua meg ha formulert seg annleis dersom ho visste at eg ikkje forstod? Truleg, men som regel når nokon spør oss opp att, seier me berre det same opp att berre litt høgare og litt meir tydeleg.

Set deg inn i situasjonen

Då eg jobba som lærar (ja, eg fekk jobben – det var kanskje like greitt at eg ikkje spurde opp att), var den største utfordringa å formidla kunnskapen på ein måte som elevane forstod. Rett som det var oppdaga eg at eg mista dei på vegen.

Hjelpte det då å seia det same opp att berre litt høgare og med klårare uttale? Tja, det var ikkje alltid eg snakka høgt nok, og sidan eg snakkar sognemål og ei tid jobba i Oslo,  hjelpte det tidvis å snakka seinare og meir tydeleg. Men som regel var det ikkje det det handla om. Ofte mista eg dei fordi eg brukte eit ordforråd dei ikkje var vane med. På same måten som at eg visste kva ein videokanon var sjølv om eg ikkje kjende ordet, kunne dei også forstå kva eg snakka om dersom eg valde andre ord.

Hender det at du har vore i den situasjonen sjølv? Har du nokon gong motteke eit offentleg brev som var så formelt at du ikkje heilt greidde å tyda kva den opphavlege meininga var? Vore i ein samtale der du ikkje forstod kva som vart sagt? Alle har me vel det.

Kommunikasjon er komplisert. For at meininga skal nå fram frå den som snakkar til den som høyrer (eller les), er ein avhengig av at begge har same forståing av det som faktisk vert sagt. Når ein skriv ein tekst får ein ofte ikkje fanga opp misforståingar på same måte som i ein samtale. Difor er det viktig å tenkja på lesaren når ein skriv ein tekst – kven er han/ho? Kva bakgrunn? Interesser? Gå aldri utifrå at den du prøver å nå har all den grunnleggjande bakgrunnsinformasjonen som du har – med mindre du veit at han/ho har det.

Brød er ofte løysinga

Det beste rådet eg kan gje er altså – tenk alltid brød! Med det meiner eg at du alltid skal tenkja grunnleggjande. Tenk på orda dine og samanlikningane du vel når du skal forklara noko. Er dei daglegdagse nok til at lesaren din vil forstå dei?

 

Lukka til og kos deg!

Klem,

Rønnaug

Bloggen til Helvik tekst

Hei og velkomen til bloggen til Helvik tekst! Bloggen kjem til å handla om rettskriving, språk og tekst.

Helvik tekst tilbyr ulike tenester innan tekstarbeid, korrektur og omsetjing. Bloggen kjem til å handla om ulike tema innanfor desse emna.

Håpar du får god nytte av dette som lesar!

 

Rønnaug

helviktekst