Lussekattar og Luciadagen

Då eg var lita hadde me ikkje den same tilgongen på krimskrams som ein har i dag. Det gjorde at me (og foreldregenerasjonen vår) måtte vera meir kreative enn no. Nei, det er ikkje hundre år sidan, då var ikkje den moderne Lucia-feiringa komen til Noreg ein gong. Luciadagen, den 13. desember, vart feira kvart einaste år i min barndom.

Martyrdød og Lussinatt

Tradisjonelt er Lucia-feiringa ein skikk som kjem frå den katolske kyrkja. Sankta Lucia var ei dame som leid martyrdøden på Sicilia rundt år 300. Det er mange legender kring kva som eigentleg skjedde den gongen, men det hadde truleg med usemje rundt kristendomen å gjera.

Lussinatt var her til lands særs viktig i høve til Oskoreia og denne sine herjingar, som eg tok føre meg i førre innlegg.

Bilete av fleire typar lussekattar.
Lussekattar skal vera gule og søte.

Moderne feiring og dorullar

Moderne feiring av Luciadagen er slik som eg hugsar det frå min barndom, meir eller mindre. Då gjekk me ungane i tog rundt til naboane og delte ut lussekattar og song Lucia-songen til dei.

Alle veit at i eit Lucia-tog må det vera ein person som symboliserer Sankta Lucia og som har ein lyskrans på hovudet, i tillegg lyt alle i toget ha kvite kjortlar (eller kjolar). Eg har alt nemnt at me laut vera kreative då eg voks opp, så kva gjer ein når ein ikkje har alt dette?

Då lagar ein ei lyskrune. Me nytta eit gamalt, gullfarga belte som me festa dorullar på. Oppå dorullane limte me bomull og på bomullen helte me lim og strødde glitter på.

Og kjortlane? Nokre gamle, kvite gardiner gjorde susen. På hovudet hadde ternene juletreglitter i ein krans og terneguten hadde ein spiss papirhatt med gullstjerner klistra på.

Me var eit syn. Eg bryr meg ikkje om kva biletprov og kritiske attendeblikk kan fortelja meg i ettertid. Med dorullane på hovudet og ei gamal gardin slengt rundt skuldrene – då var eg ei prinsesse.

Lussekattane

Me hadde, som sagt, lussekattar med oss då me gjekk rundt og underheldt naboane med song. Det er ein tradisjon eg held på framleis, sjølv om eg har slutta å gå rundt til naboane med dorullar på hovudet. Eg er ikkje heilt sikker på om dei ville ha teke i mot bollane dersom eg gjorde det i dag.

Oppskrifta eg nyttar er om lag slik:

1 liter mjølk (noko av det kan erstattast av anna væske)

300 g smør

200 g melis

1-2 teskeier gurkemeie (eg er ikkje glad i safransmaken)

2 teskeier kardemomme

100 g gjær

2 egg

Mjøl til passe deig (han må vera fast nok til å kunna formast)

Rosiner til pynt og egg til pensling. Det skal visst vera bra med bakepulver (1 teskei) og salt (om lag ½ teskei) i deigen også, så det hender at eg slenger oppi det òg. Dette er ein ganske stor porsjon. Vanlegvis plar eg berre ha oppi ingrediensane utan å måla opp, men i år tok eg meg tid til å måla opp og skriva ned, slik at du kunne få ein mal, om du ynskjer det. Dei er gode!

Bilete av deig forma i ulike typar lussekattar.
Her er nokre ulike måtar ein kan forma lussekattane på. Eigentleg er det berre typen du ser til venstre som er ein katt. Som regel ser dei ut som nokre store krosstroll når dei har heva ferdig og er steikte, uansett korleis eg formar dei. Det er verdt å merka seg at det er dei største bollane som er best på smak. Dei vert ikkje så turre som dei nette små.

Kattar til å skrema vekk djevelen med

Lussekattane skal vera gule fordi dei tradisjonelt sett skulle skrema vekk djevelen. Eg er ikkje heilt sikker på kvifor han var redd for gulfargen, men det kan vera at det er fordi gulfargen skal symbolisera lyset, som djevelen ikkje skal vera så glad i.

Lag deigen slik du vanlegvis vil laga ein gjærdeig. Pass på at væska held 37 grader før du blandar ho med gjæren og bland i det turre til ein glatt og ikkje altfor laus deig. Du kan velja å heva han før du triller ut bollane. Eg plar gjera det. Når bollane er trilla, skal dei etterheva i 30 minutt under eit klede. Deretter steiker du dei i omnen på 220 grader til dei er gylne.

Bilete av lussekattar.
Eg hadde visst hatt nok bollar til naboane i år òg…

Heilt til slutt

Takk for følgjet gjennom innlegget i dag! Dersom du lo litt eller fann noka nytte i det, er det supert om du trykkjer på like- eller deleknappen under, eller legg att ein kommentar til meg.

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

 

Oskoreia og jólablót

No når det me er i desember og det nærmar seg jul er folk flest opptekne av kakebaking og andre tradisjonar. Julepakkane byrjar å koma på plass og huset vert pynta med lys. Jula er jo full av koselege ting som nissar, juletre og god mat, så i bloggen i dag skal me ta føre oss nokre av dei mørke sidene ved desember og julefeiringa. Alt kan jo ikkje berre vera kos og hyggje.

Bilete av Havet. Konturar av eit fjell og eit tre.
Frå helgeturen til Drage på Stadlandet. Ikkje så mykje som minna om ei kvit jul, men det var melis på toppane.

Oskoreia i desembermørkret

Oskoreia er eit følgje med underjordiske og daude folk. Det fer gjennom lufta og skaper uhyggjelege tilstandar. Tradisjonelt sett var dei på ferde i desembermørkret og stelte i stand bråk, slåsting og drap. Dei kunne også stela med seg dyr og gjenstandar frå gardar.

Det var om å gjera å ikkje få auge på dette følgjet, for gjorde du det, hadde du ikkje lenge att å leva. For å verja seg mot Oskoreia måla folk tjørekrossar på gjenstandar og fe.

Dumt å vera seint ute

Ekstra farleg var det visst for dei som ikkje vart ferdige med alt som måtte gjerast til jul, så her er det berre å hengja i. Slike stakkarar kunne nemleg verta tekne med i flokken og ført langt av garde. Heldigvis kunne ein verja seg mot følgjet ved å kasta seg ned og leggja seg til som ein kross med armar og føter, så det er jo håp om ein er litt seint ute til jul.

Personleg kjenner eg historiene om Oskoreia gjennom teikneseriar og folkeeventyr, som underhaldning med andre ord.

Tre bilete av det same juletreet, opplyst av måneskinet (månen er bakom treet).
Juletreet på Torget i Sogndalsfjøra, opplyst av vakkert måneskin.

Jólablót

Ordet jul eller jol kjem frå ordet jólablót, som var ein heidensk offerfest som gjekk føre seg midtvintersdagen (12. januar). Den kaldaste dagen i året. Verkeleg noko å markera. Under kristninga av Noreg på 900-talet kom Håkon den gode med påbod om at markeringa skulle flyttast til den 25. desember som i resten av Europa. Namnet vart med for å hindra at den heidenske ofringa heldt fram i landet.

Heilt til slutt

Lukka til vidare med juleførebuingane! Det er heldigvis mest kos knytt til høgtida. Dersom du lærte noko nytt eller likte innlegget, vert eg kjempeglad om du trykkjer på like- eller deleknappen under, eller legg att ein kommentar til meg.

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

Veit du kven som fortel?

I bloggen i dag skal me sjå litt på tekstarbeid, som er noko eg er glad i. Me skal ta ein liten titt på forteljaren. Når det gjeld munnlege forteljingar, er det tydeleg kven som fortel historia – det er nemleg ein fysisk person. Men har du nokon gong tenkt over kven som fortel når du les ein skriven tekst?

Kanskje har du ikkje tenkt over kor avgjerande augo som ser er. Lat oss sjå på eit døme:

Dei stod tett saman. Sjølv på denne avstanden kunne eg sjå at det var alvorleg. Det var som om den grå kulda hadde flytta inn i dei to skikkelsane. Det kvite skinet frå gatelyset berre understreka motløysa mellom dei. Hetta på den altfor store parkasen luta over andletet til den høgaste. Den mørke fargen skilde seg ikkje nemneverdig utifrå buskaset bak han, grumsete og nesten kamuflerande, som om han visste at dette var ein kveld som var til for å gløymast. Skorne var halvvegs dekte av den kornete snøen, blanda med skiten som bilane hadde virvla opp.

To bilete frå Karl Johan, ei med ein allé, det andre av brustein. Eit bilete av snødekt fjord- og fjell-landskap.
Gater, fjord og snø.

Og om me snur og vender på det

Trur du historia vert farga av den som fortel? Me kan jo prøva å sjå på den same situasjonen, men med ein annan forteljar, og finna ut av det.

Me stod der saman . . . som om me var ute av stand til å flytta føtene frå kvarandre . . . som om dagslyset hadde stole all viljestyrke i verda, som om sjølve jordkloden hadde gått av hengslene og nekta å lova at morgondagen ville koma. At dette var alt. Rå kulde og skiten snø. Handa som eg strekte fram var knapt mogleg å skimta i det grå mørkret. Akkurat som framtida . . .

Eg-forteljar

I desse døma har me ikkje skifta forteljartype. Begge er førstepersons-forteljarar (eg-forteljar), men me har skifta forteljarperson. Begge forteljarane er ein del av forteljinga, men ein av dei ser på scena, medan den andre deltek. Ingen av dei har tilgong til andre tankar enn sine eigne.

Stemning

Forteljaren er ein viktig del av stemninga og historia du vil dela. Tenk over det neste gong du les eller skriv ein tekst. Kven ser dette? Kva rolle spelar det at eg ser det gjennom denne personen sine auge?

Val av forteljar er nøye gjennomtenkt av den som skriv teksten, og det er kjempemoro å leika litt med det når ein skriv eigne tekstar. Me kjem attende til forteljaren ved seinare høve.

Heilt til slutt

Takk for følgjet denne gongen. Kunnskap om skriveteknikkar legg ein heilt ny dimensjon til lesing og skriving, tykkjer eg. Dersom du sette pris på innlegget, er det kjempeflott om du trykkjer på like- eller deleknappen under. Eller legg att ein kommentar til meg.

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

Bøying av substantiv – hankjønn

Dagens innlegg skulle eigentleg handla om noko anna enn språk, men slik vart det ikkje. Eg fekk lyst til å skriva om bøying av substantiv, og slik vart det . . . 

Bilete av ei dame som ristar i eit tre fullt av snø. Snølandskap med fjell. Bilete av flammane i ein omn.
At fotografen ber deg om å rista i treet er ein ting, men at du faktisk gjer det…Ein dag i snøen bør alltid avsluttast attmed ein varm omn.

Først av alt – som nynorskbrukar irriterer det meg at eg ikkje kan skriva bøyging, noko som er naturleg for mitt målføre, sognemål. Eg seier bøyging, men ein kan visst ikkje skriva det.

Bøying av nynorske substantiv

Uansett, korleis eit substantiv oppfører seg når ein bøyer det, er interessant, tykkjer eg. Her tek eg føre eg bøying av nynorske substantiv.

Det finst fire former ein kan bøya eit substantiv i – eintal – ubunden/ubestemd, eintal – bunden/bestemd, fleirtal – ubunden/ubestemd og fleirtal – bunden/bestemd.

Dei vanlege

Vanlegvis vil hankjønnssubstantivet oppføra seg slik når det vert bøyd:

Eint., ubun.                 Eint., bun.                   Fl.t., ubun.                   Fl.t., bun.

Katt                            Katten                                   Kattar                    Kattane               

Ver merksam på at ordet kan bøyast som hokjønn òg, då som katte.

Dette kan du prøva med fleire ord, t.d.: danske, stol, blome, hare, benk, omn osv.

Dei som trekkjer seg saman

Men dette gjeld ikkje alle hankjønnssubstantiva, tenkjer du? Og du har heilt rett, sjølvsagt. Nokre hankjønnssubstantiv oppfører seg annleis når dei vert bøyde, dei får ei samandraging i fleirtal. Døme på dette:

Eint., ubun.                 Eint., bun.                   Fl.t., ubun.                   Fl.t., bun.

Støvel                         Støvelen                    Støvlar                      Støvlane

Prøv sjølv med ord som vinter, sommar, regel osv.

Ei grind med masse nysnø på. Eit grantre med snø på, og greinene på eit lauvtre fullt av snø.
Snøen er komen i Sogndal(sdalen) – då lyt ein ut og vabba!

Dei med omlyd

Har me dekt alle no? Langt ifrå. Kven har sagt at språk eller bøying av substantiv er enkelt? Og i dette innlegget skal me berre sjå på hankjønnssubstantiva…

Har du lagt merke til at enkelte hankjønnsord får omlyd i fleirtalsform? Sjå her:

Eint., ubun.                 Eint., bun.                   Fl.t., ubun.                   Fl.t., bun.

Son                             Sonen                        Søner                        Sønene

Prøv sjølv med ord som mann eller fot.

Dei med fleire endingar

I tillegg til dei variantane me allereie har vore gjennom, kan nokre hankjønnsord bøyast på fleire måtar. Det var no veldig til styr, tenkjer du kanskje. Og det kan eg vera samd i, men er det ikkje fasinerande samstundes? Her er eit døme:

Eint., ubun.                 Eint., bun.                   Fl.t., ubun.                   Fl.t., bun.

Gris                            Grisen                        Grisane/ene              Grisar/er

 Du kan prøva sjølv med ord som: månad, gjest, ven, sau, bunad, verknad, stad, gong, osv.

Dei annleise

Til slutt kan du leggja særs merke til ord som eigentleg dett heilt utanfor alle desse variantane:

Eint., ubun.                 Eint., bun.                   Fl.t., ubun.                   Fl.t., bun.

Bror                           Broren                       Brør                           Brørne

Ting                           Tingen                       Ting                           Tinga

Far                             Faren                         Fedrar                       Fedrane

Kjem du på fleire?

Bilete av ei elv med nysnø rundt, ein snøengel og ein snødekt stein.
Eit elveleie i nysnøen, ein snøengel og ein stein med snø på. Relevansen? Dei to siste er hankjønnsord . . .

Heilt til slutt

Dette vart eit innlegg stappfullt av informasjon. Takk for at du las gjennom heile! Eg håpar at det var til nytte for deg, og at det kan hjelpa deg dersom du står fast når det gjeld bøying av hankjønnssubstantiv.

Dersom du lærte noko nytt i innlegget eller berre sette pris på det, vert eg kjempeglad dersom du trykkjer på like- eller deleknappen under. Eller om du legg att ein kommentar til meg.

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

Ord du ikkje visste at du sakna – klopp

No skal me sjå litt meir på eit tema eg er veldig glad i – ord – og særskilt ord eg tenkjer at me ikkje nyttar ofte nok.

Då eg jobba som norsklærar på vidaregåande i Oslo for nokre år sidan, var det ein kollega som spurde meg om eg visste kva klopp tydde for noko. Dette sette i gong ei massiv tankeverksemd for min del fordi det var eit ord eg ikkje hadde tenkt på, eller nytta, på veldig lenge.

Kva var det det var att?

Grunnen til at eg ikkje har nytta det på lenge er vel helst at det ikkje er så flust med klopper rundt om som det var i tidlegare tider, like fullt er det eit vakkert ord.

Bilete av ei klopp (steinhellebru) gjennom netting. Bilete av same kloppa frå annan vinkel.
Det finst ein del fine klopper rundt om – her er ei av dei.

Det har to tydingar – det kan visa til ei stabburstrapp (låg trapp). Vel har eg vel støytt på eit og anna stabbur i mi tid, men eg må innrøma at det ikkje er noko som går inn i den daglege praten for min del.

Den andre tydinga er ei gangbru av stokkar eller stein over til dømes ei elv eller ein bekk, eller over ei myr eller liknande. Desse finst det nokre av rundt om. Særleg om du vandrar litt rundt i fjellheimen.

Om ein filosoferer litt vidare . . .

Det hadde vore stas om tydinga berre hadde vore bru og eg kunne til å seia «Hardanger-kloppi» og slikt, men eg får vel halda meg til fakta. Er likevel litt moro å leika med tanken . . . «Tower klopp, London» . . . «Karlskloppi, Praha» . . .

Når det er sagt, er klopper i seg sjølv vakre nok til å ha sitt eige ord. Det er plass til fleire klopper i verda!

Bilete av ei klopp (steinhellebru) og lyng med istappar.
Vatn i ulike former. Fasinerande.

Heilt til slutt

Eit kort innlegg i dag om eit stutt og nydeleg ord. Dersom du likte innlegget, vert eg takksam om du trykkjer på like- eller deleknappen under, eller om du legg att ein kommentar til meg.

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

 

Ei høne å plukka . . .

Hender det at du høyrer uttrykk som du ikkje heilt skjønar? Temaet i bloggen i dag er faste uttrykk.

Då eg var lita høyrde eg ofte at dei vaksne la til «so han sa» når dei hadde sagt noko. Eg heldt på å bli tullete fordi eg ikkje visste kven han der som sa alt var. Dei gongene eg spurde fekk eg til svar at «Hehe, det er no berre eit uttrykk». Det tok meg ganske lang tid å akseptera at det var akkurat det. Når dei vaksne sa «so han sa», meinte dei om lag det same som «heldt eg på å seia». Det var ein måte å ta spissen av det dei sa på.

Eg, i mitt einfelde, trudde det var ein kar som sat ein stad og sa veldig mange ting som folk stadig tok opp att . . .

Bilete av ein legobil på hovudet til ein unge, med hendene rundt. Bilete av ei høne og ein hane i plast. Bilete av ein hagefrosk.
Det er viktig å leika, både når det gjeld språk og resten av livet.

Å hoppa etter kven?

Faste uttrykk veks fram nasjonalt og lokalt og kjem av at brukarane har ei felles kulturforståing . Ta til dømes uttrykk som «å hoppa etter Wirkola», som tyder at du skal ta over etter nokon som var veldig god i den rolla du skal ta over. Kong Harald skal ha nytta dette uttrykket om å ta over som konge etter far sin, Kong Olav.

Opprinneleg kom jo dette uttrykket til fordi skihopparen Bjørn Wirkola var fullstendig suveren på 60-talet. Ulike sportskommentatorar vitsa med at det ikkje var moro å hoppa etter Wirkola. Uttrykket voks og kan i dag nyttast om dei fleste livsområde.

Mange av dei faste uttrykka me nyttar har si rot i idretten – som «å ta over stafettpinnen» eller «ballen er rund».

Vêr og slikt

For nordmenn er det (i alle fall for vaksne) som regel enkelt å forstå kva uttrykka tyder. Dette er fordi dei byggjer på landet si felles kulturforståing.

Eit uttrykk som «mellom borken og veden» vil fortelja ein nordmann at du står overfor eit vanskeleg dilemma. For ein utlending vil det truleg ikkje gje noka meining i det heile. Det er difor slike uttrykk er så vanskelege å omsetja.

Ta til dømes «å ha vore ute ei vinternatt før». Ein nordmann vil med ein gong skjøna at denne personen «har vore i hardt vêr før» – vedkomande har altså erfaringar som gjer han rusta til å halda ut tunge opplevingar. Dette veit me fordi me er klar over at at å vera ute ei skikkeleg kald vinternatt i Noreg, krev vilje og instinkt til å overleva.

Bilete av blåbærlyng med blåbær.
Blåbær!

Ei høne?!

Om du tenkjer etter, er mest heile språket bygd opp av faste uttrykk. Sjølv om me veit kva folk meiner når dei nyttar desse uttrykka, er det ikkje alltid me veit korleis dei oppstod.

Ta uttrykket «har ei høne å plukka med deg» – då forstår eg jo at vedkomande er misnøgd med noko eg har sagt eller gjort og no vil han eller ho at me skal ordna opp. Anten med ein alvorsprat eller med ein slåstkamp. Men eg anar ikkje korleis uttrykket oppstod – kva som gjer det å plukka ei høne synonymt med å ordna opp i eit problem. Det er mogleg at det berre er snakk om grundig og tidkrevjande arbeid.

Det kan også vera at det tyder noko heilt anna.

Ugler er fine fuglar

Uttrykket «ugler i mosen», som fortel deg at du må vera på vakt, kjem frå det danske uttrykket «ulver i mosen» (ulver på myra), og oppstod visst i norsk språk fordi våre forfedrar ikkje forstod det danske språket, så dei fornorska det litt (litt slik som bokmål, eigentleg . . . Nei då, men det er ikkje alltid ein nynorskbrukar kan dy seg).

Eg har forresten høyrt at danskane har teke etter uttrykket vårt og no snakkar om ugler i mosen dei òg . . . Ulvane er nemleg utrydda i Danmark . . .

Språk er kompliserte greier, men det er moro å forska litt i det stundom.

Heilt til slutt

Takk for at du var innom bloggen min i dag! Eg håpar innlegget sette i gong nokre tankeprosessar rundt faste uttrykk du sjølv brukar.

Dette er nok eit tema eg kjem til å koma innom att seinare, så om du har kommentarar, vert eg veldig glad om du tek kontakt. Dersom du likte innlegget, er det kjempeflott om du trykkjer på like- eller deleknappen under, eller legg att ein kommentar.

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

 

 

Kjenner du att at døra er att?

I dag skal me sjå litt meir på rettskriving att, og temaet er skilnaden mellom att og at. Desse blandar eg ofte sjølv. Ikkje fordi eg ikkje veit kva som er skilnaden på dei, men fordi fingrane mine har så utruleg lyst til å skriva to t-ar kvar gong. Difor dukkar denne feilen stadig opp hjå meg dersom eg skriv noko kjapt.

Likevel er nok ikkje dette hovudgrunnen til at folk flest blandar desse to orda. Ofte er ein ikkje klar over skilnaden.

Bilete av stammen på eit stort tre og eit bilete av ei raud, gamal dør med eit glas der ein ser refleksjonen av fotaografen.
Eit noko skummelt sjølvportrett i ei stengd gamal dør, og eit tre. Begge frå ein tur til Bømlo i haust.

Første del: at

At, med ein t, er ein subjunksjon og kjenneteiknar ei leddsetning. Dessutan signaliserer at at leddsetninga tilhøyrer heilsetninga sitt verbal. I staden for denne setninga kan du altså skriva: At signaliserer det, og du ser at alt som står i leddsetninga heng saman med «signaliserer» i heilsetninga.

Du kan også nytta det på slutten av tilrop – som til dømes «Dei er så fine at!», i byrjinga av utrop: «At du vågar!», og i årsakssamanheng – «Eg er sint for at bussen var sein».

Moro?

No tenkjer eg du vart klokare, og er glad for at eg tok meg tid til å forklara dette så godt? Nei?! Eg lovar at neste del vert litt enklare.

Siste del: att

Att, med to t-ar, er eit adverb. Det seier noko om verb, adjektiv, setningar og verbfrasar. Du nyttar att når du meiner igjen, tilbake eller bak. Døme på dette er: Jakka var att fram (bak fram), Han reiste att og fram (fram og tilbake), Eg kom heim att (igjen).

Dersom du er usikker på om du skal velja att eller at, kan du sjekka om du kan byta ordet ut med eit av dei over. Då skal du nytta att med to t-ar. Om du ikkje kan byta det vekk, skal du velja at, med ein t.

Heilt til slutt

Eg håpar temaet er litt klårare for deg no, og at du hadde nytte av innlegget mitt. I så tilfelle er det supert om du trykkjer på like- eller deleknappen under, eller legg att ein kommentar til meg. Då vert eg veldig glad!

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

Har du nokon gong vorte kalla for eit epletre?

Dagens innlegg er ei lita forlenging av det førre innlegget (som du finn her). Der tok eg føre meg at ordet apal tyder epletre. Eg voks opp i eit jordbruksområde, der me nytta skjellsord som eg trur er heller uvanlege i andre sirklar.

Skjellsord i rurale strok

Når nokon var dumme mot oss hagla det ofte med ord som geit, kyr og merr (om det var snakk om ei jente) eller sau, oksestut osv (om det var ein gut). Eg kan ikkje hugsa at me assosierte desse skjellsorda på nokon måte med dyra me hadde med å gjera til dagen. Alle var me utruleg glad i dei.

I tider der eg har drista meg ut i verda har eg fått kommentarar som «Vi pleier ikke kalle hverandre for ku og sånt…»

…Neivel…

To bilete av ein liten dam med eit tunt lag med is på., og eit bilete av eit epletre.
November!

Kultursjokk

Grunnen til at dette heng saman med førre innlegg er at i ungdomstida gjorde apalen sitt inntog som skjellsord. Det er mange «bygutar» (som regel fjøringar eller kaupingar) som litt forfjamsa har spurt «Kvifor kalla han meg ein apal? Kva er det for noko??»

Ingen av dei har vorte særleg mykje klokare av å få vita at «Eh…nei…det er no eit epletre då…»

Fordi du er ubrukeleg

I den tida høyrde eg at apal vart brukt om eit gamalt epletre, som ikkje hadde frukt meir, og som difor var ubrukeleg. Dersom nokon kalla deg ein apal (dette var mynta på gutar), skein det gjennom at vedkomande meinte at du var ubrukeleg.

Eg trur kanskje at det eventuelt var ein lokal definisjon, for eg finn ikkje noko anna om apal enn at det er eit epletre. Som sagt, voks eg opp ein del meter over havet, og der var nok dei fleste epletrea ubrukelege uansett, sidan vekstsesongen vert så kort.

Saftkokar

Eit anna hyppig nytta skjellsord, og som ikkje var særleg lokalt, var saftkokar. Ekstra moro var det dersom han som vart kalla det faktisk jobba på Lerum…

Heilt til slutt

Takk for at du var innom bloggen min i dag! Dersom du likte innlegget og kanskje kom på nokre episodar eller ord du sjølv har brukt, er det fint om du trykkjer på like- eller deleknappen under. Eller om du legg att ein kommentar.

 

Me snakkast!

 

Klem,

Rønnaug

 

Ord du ikkje visste at du sakna – apal

Hender det at du kjem over ord du anten ikkje kjenner eller som det er veldig lenge sidan du har høyrt? Dagens innlegg handlar om slike høve, eller berre eit, for å vera nøyaktig.

Det mystiske treet

Då eg var lita høyrde eg ofte at besteforeldra mine snakka om apalen (eller apadl (med trykk på a-en), som me seier på sognemål) som stod i hagen. Eg hugsar enno at eg lenge ikkje heilt fekk tak i akkurat kva det var dei refererte til, men eg konkluderte med at det var eit tre.

Dei snakka alltid om apalen som noko alle visste kva var, så eg torde ikkje spørja, og funderte heller sjølv over kva for eit tre det kunne vera. Eg meiner å hugsa at eg vart skuffa då eg endeleg forstod at det var epletreet dei snakka om. Apal er jo eit mykje finare ord enn epletre. Kvifor bytte me vekk det, eigentleg?

Eit sommar og eit haustbilete av epletre. Eit nærbilete av nokre raude eple som heng på treet.
No har eg fleire apalar i hagen. Dei er det som regel frukt på.

 

Som sagt, var eg litt sein med å konkludera med at apal var det same som epletre, men til mitt forsvar voks eg opp på ein stad som ligg 4-500 meter over havet, og det fanst aldri eple på den apalen dei snakka om.

Heilt til slutt

Takk for at du er innom bloggen min i dag! Dersom du likte innlegget mitt, og kanskje fann eit ord du sakna – eller kom på andre, er det flott om du trykkjer på like- eller deleknappen under, eller legg att ein kommentar til meg.

 

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

Kjært barn har mange namn…

I bloggen i dag skal me sjå litt på ulike ord me har som dekkjer det same. Dei fleste har nok høyrt om eskimo-folket som har haugevis med ord for snø? Mellom 20 og 200 ein plass har eg høyrt. Fasinerande, er det ikkje?

Diverre er det visst ikkje noka sanning i det. I røynda skal dei ha mellom to og fire ord for snø. Historia mister litt av kuriositeten og poenget sitt når ein blandar inn fakta, så det bør ein helst ikkje gjera. Men om me går vidare, kan me sjå litt på kva ord me har som dekkjer det same.

Bilete av tre bøker oppå kvarandre, den øvste er oppslegen. Bilete av ei opa bok med eit hjarte. Bilete av eit naust ved eit fjellvatn.
Er boka skriven eller forfatta? Notert, kanskje? Naustet ligg i alle fall ved Halsavatnet.

Om me vel eit ord som skriving, har me eit mangfald av synonym å ta av. Me kan notera, skribla, russa, føra ned, eller meir nymotens ord som blogga, teksta, chatta osv.

Eg har fundert litt på om me treng desse orda, og kvifor me lagar oss nye ord for noko me allereie har. Med litt hell skal eg få deg til å grubla over det same.

Er det lengda som avgjer?

Attende til skrivinga. Ein kan altså notera på eit notat eller blogga på ein blogg. Men eg har enno ikkje høyrt om nokon som «romanar» på ein roman.

Kvifor ikkje? Kan det ha noko med lengda på teksten ein skriv å gjera? Er det eit punkt der det går frå å vera t.d. notering til at det vert den meir seriøse skrivinga? Når du har passert visst mange sider med tekst, vert det då skriving? Det spelar kanskje inn, men eg har aldri høyrt om nokon som «annonsar» ei annonse heller, derimot har eg, ein og anna gongen, høyrt om forfattarar som forfattar forfattarskapa sine.

Latskap?

Kanskje skiljet går ein annan stad? Det kan jo vera at me lagar nye ord for å skildra saker me gjer til dagen. At me lagar ord fordi me er late eller har for dårleg tid til å seia heile setninga. I staden for å seia at «No skriv eg på bloggen», seier eg heller «Eg bloggar». Då får eg liksom dekkja alt på ein gong. Eg kunne sjølvsagt berre sagt «Eg skriv», men då hadde kanskje folk spurt meg om kva eg skreiv på osv. I latskapens namn er blogging eit meir effektivt og dekkjande uttrykk.

Eg kan jo heller ikkje la vera å kommentera at me har adoptert ordet frå engelsk. Det same har me gjort med chatting, til dømes. Me kan jo enkelt omsetja begge orda: blogg frå web log, kan omsetjast til nettdagbok og chat kan omsetjast til nettprat eller rett og slett småprat. Men det er enklare å nytta dei engelske uttrykka, så då gjer me heller det.

Nokre på veg inn, andre på veg ut

Men dette var ei avsporing. Attende til kvardagslege ord – det er rart å tenkja på at ord ein nyttar til dagleg var ukjende for kort tid sidan. Dusjing, til dømes, ville nok ikkje vera eit vanleg innslag i daglegtale for 50 år sidan. Og «googling» høyrdest rart ut for berre tiår sidan (eller søkjemotorsøkjing, som me kanskje heller burde ha kalla det – det er mogleg at ikkje alle forslaga mine er like gjennomtenkte).

Andre ord er på veg ut. Til dømes er eit av yndlingsverba mine på veg ut av språket, i den grad det nokon gong var skikkeleg inne. Ordet du ikkje kan seia utan å føla eit visst snev av andakt medan du uttalar (du føler deg samstundes litt fjollete og tilårskomen), trekk pusten djupt og sei: «Eg telefonerer». Fint, ikkje sant?

Til slutt

Poenget med dagens tekst kan vera litt vanskeleg å gripa tak i. Eg ville rett og slett setja i gong nokre tankeprosessar rundt dette med språk. Kva ein funderer seg fram til er ikkje alltid så viktig, men at ein tenkjer gjennom det.

Tusen takk for følgjet denne gongen. Teksten vart litt lang og kronglete. Dersom du sette pris på teksten og hadde nytte av han, vert eg veldig takksam om du trykkjer på like- eller deleknappen under, eller legg att ein kommentar til meg. Kanskje du har nokre språkting du grublar på og som du vil dela.

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug