Veit du kven som fortel?

I bloggen i dag skal me sjå litt på tekstarbeid, som er noko eg er glad i. Me skal ta ein liten titt på forteljaren. Når det gjeld munnlege forteljingar, er det tydeleg kven som fortel historia – det er nemleg ein fysisk person. Men har du nokon gong tenkt over kven som fortel når du les ein skriven tekst?

Kanskje har du ikkje tenkt over kor avgjerande augo som ser er. Lat oss sjå på eit døme:

Dei stod tett saman. Sjølv på denne avstanden kunne eg sjå at det var alvorleg. Det var som om den grå kulda hadde flytta inn i dei to skikkelsane. Det kvite skinet frå gatelyset berre understreka motløysa mellom dei. Hetta på den altfor store parkasen luta over andletet til den høgaste. Den mørke fargen skilde seg ikkje nemneverdig utifrå buskaset bak han, grumsete og nesten kamuflerande, som om han visste at dette var ein kveld som var til for å gløymast. Skorne var halvvegs dekte av den kornete snøen, blanda med skiten som bilane hadde virvla opp.

To bilete frå Karl Johan, ei med ein allé, det andre av brustein. Eit bilete av snødekt fjord- og fjell-landskap.
Gater, fjord og snø.

Og om me snur og vender på det

Trur du historia vert farga av den som fortel? Me kan jo prøva å sjå på den same situasjonen, men med ein annan forteljar, og finna ut av det.

Me stod der saman . . . som om me var ute av stand til å flytta føtene frå kvarandre . . . som om dagslyset hadde stole all viljestyrke i verda, som om sjølve jordkloden hadde gått av hengslene og nekta å lova at morgondagen ville koma. At dette var alt. Rå kulde og skiten snø. Handa som eg strekte fram var knapt mogleg å skimta i det grå mørkret. Akkurat som framtida . . .

Eg-forteljar

I desse døma har me ikkje skifta forteljartype. Begge er førstepersons-forteljarar (eg-forteljar), men me har skifta forteljarperson. Begge forteljarane er ein del av forteljinga, men ein av dei ser på scena, medan den andre deltek. Ingen av dei har tilgong til andre tankar enn sine eigne.

Stemning

Forteljaren er ein viktig del av stemninga og historia du vil dela. Tenk over det neste gong du les eller skriv ein tekst. Kven ser dette? Kva rolle spelar det at eg ser det gjennom denne personen sine auge?

Val av forteljar er nøye gjennomtenkt av den som skriv teksten, og det er kjempemoro å leika litt med det når ein skriv eigne tekstar. Me kjem attende til forteljaren ved seinare høve.

Heilt til slutt

Takk for følgjet denne gongen. Kunnskap om skriveteknikkar legg ein heilt ny dimensjon til lesing og skriving, tykkjer eg. Dersom du sette pris på innlegget, er det kjempeflott om du trykkjer på like- eller deleknappen under. Eller legg att ein kommentar til meg.

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.