3 tips som garantert vil gjera skriving enklare – del 2

Dette er innlegg nummer to av tre om korleis ein lagar ein god disposisjon, noko som vil gjera sjølve skrivearbeidet til ei enklare sak. Dersom du ikkje har lese det første innlegget, kan det vera lurt å lesa gjennom det først – du finn det her.

Utsikt frå Nuken med eit gamalt skilt og bilete av ein regnboge på same turen.
Dagens bilete er inspirert av dagens tur på Nuken. Dette vart teke ein haust for eit par år sidan. Vakker regnboge og dei gamle, fotogene, men heilt uleselege skilta.

Me held fram der me avslutta sist. Når du no er ferdig med idémyldringa, har du laga deg eit godt grunnlag for det vidare arbeidet. Du har fått eit oversyn over kva du kan om emnet, du har sikkert fått ein peikepinn på kva du må undersøkja litt nærare. Kvar du treng å sjekka fakta, rett og slett.

Eit kritisk blikk

No skal du sjå på orda du har skrive ned med eit litt meir kritisk blikk. Kva kjenneteiknar orda, setningane og teikningane du har skrive ned? Er det snakk om kjensler eller logikk?

Det er no det vert spennande, for no skal du snevra inn temaet ditt. Du skal definera emnet ditt klårt og tydeleg.

Dagens tips

Tips nummer to er å stilla spørsmålet: Kva er det viktigaste eg vil at lesaren skal sitja att med?

Dette spørsmålet er todelt. Det handlar om deg og det du ynskjer å seia om emnet ditt, men peiker også på lesaren og kva som må til for å nå fram til han. Her skal du altså ikkje berre tenkja på deg sjølv og dine ynskje, men også setja deg inn i situasjonen til den du ynskjer å nå fram til.

Når du no ser på alt du skreiv ned under førre punkt, så kan det henda at fokuset ditt endrar seg. Kanskje nokre av dei argumenta du skreiv ned der ikkje er så relevante meir. Kanskje andre vert viktigare enn du tenkte først. Kanskje noko kan verka forvirrande på lesaren. På denne måten får du sila ut informasjonen som ikkje er av så stor interesse i den samanhengen du ser føre deg.

Om du er interessert i å lesa meir om akkurat dette, kan du sjå på dette innlegget som handlar om noko av det same.

Heilt til slutt

Som nemnt i førre innlegg er det ikkje ei oppskrift som gjer seg sjølv eg har gjeve deg, du må gjera jobben. Men som med alt anna vert det enklare med øving og resten av skriveprosessen går fortare når ein har gjort eit grundig førearbeid. Det er i alle fall mi erfaring.

Uansett kva type tekst du skal skriva, vil denne måten å tenkja på før du byrjar, hjelpa deg med å strukturera teksten så han vert meir heilskapleg.

No har eg berre eitt tips att i denne serien, og det kjem neste gong. Håpar du har nytte av tipsa eg gjev deg og at du finn noko du kan ta med deg vidare.

Kommenter gjerne og dersom du likar innhaldet, kan du trykkja på like- eller dele-knappen under. Eg set stor pris på tilbakemeldingane eg får!

Klem,

Rønnaug

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.