Ord som makt

HR-avdeling? Benchmarking? Daudt areal? Derekruttering? Dannelsesreise? PISA? Hender det at du vert litt forvirra når du høyrer på politikarar eller les i media? Det kjem stadig nye ord inn i språket vårt, og det skal tidvis litt til for å hengja med i svingane. Treng me alle desse orda? Har me andre ord som kan forklara det same?

Heilt sikkert, men det hender at me tykkjer det tek for lang tid å nytta ordforrådet me allereie har, eller så er det rett og slett for enkelt og lite imponerande. I mange sosiale samanhengar trur eg at me nyttar språket mest for å imponera andre. Aller helst skal det me seier vera såpass innfløkt at ingen forstår kva me eigentleg seier, for det hender at det ikkje er så mykje innhald der.

Måtar me nyttar ord på

Eg fann nyleg ei ordbok som tek føre seg desse sidene. Ho heiter rett og slett Ordbok for underklassen, og eg må berre innsjå at eg får plassera meg der. Innlegget i dag handlar om når ord vert nytta som maktmiddel, ikkje til kommunikasjon.

Bilete av gule døgnliljer og av blå salvie.
Biletet er berre til pynt i dag. Det er så fint når det blømer i hagen!

I jobben min som omsetjar, møter eg stadig på ord eg stussar over korleis eg kan omsetja på best mogleg måte. Som regel finn ein ut av det via intens bruk av søkjemotorar på Internett, og etter kvart vert uttrykka meir velkjende og kvardagslege. Eg tippar det er slik i dei fleste bransjar. Ord vert skapte i samanhengen og har ulike føremål.

Kunsten å imponera

HR-avdeling til dømes er eit ord me har teke til oss frå engelsk (Human Resources). Hadde me eit dekkjande ord for dette allereie? Tidlegare, og framleis (håpar eg) blant «den gemene hop», nytta me personalavdeling, noko som både er traust og forståeleg. Det er fristande å rota seg vekk i kompliserte ord og vendingar når det eigentleg er lite å seia om saka. HR-avdeling er nytt og innovativt (nyskapande kan jo  verka litt for kvardagsleg i ein slik tekst), personalavdeling skaper lite engasjement.

Benchmarking handlar om å måla kor godt eit føretak fungerer. Benchmark er referansepunkt for å kunna måla korleis føretaket er plassert i høve til dei beste innan sin bransje. Ein kan også måla korleis dei gjer det seg imellom i selskapet, kor gode produkta er, osv. Du måler produktet, selskapet, arbeidsmåtane og slikt noko opp mot kriterie som er gjevne på førehand. Målet er å finna ut kva ein kan gjera betre, eller også ofte for å kunna visa til kor fantastisk eit produkt er. Med andre ord handlar det om å finna ut kvar me ligg i løypa, sondera terrenget.

Å skapa rette typen stemning

Daudt areal høyrest veldig dramatisk ut? Kva skjedde? Når døydde det? Kven har skulda? Eigentleg er det visst snakk om noko så lite dramatisk som ubrukt eller dårleg utnytta område. Eit område som kan takast i bruk på andre måtar. Det vil altså seia at ein kan gjenoppliva eit daudt areal. Hurra!

Derekruttering er eit moteord som har dukka opp dei seinare åra. Å få sparken er jo så trist og leitt, så for å gjera denne prosessen meir lystig og positiv, har ein del folk innan næringslivet heller valt å kalla det derekruttering. Rekruttering er jo eit ord som gjev positive assosiasjonar, så for å gjera det å mista jobben til ei gledeleg hending, gøymer me oss bak ordet derekruttering. Det kan jo vera at den derekrutterte oppdagar at det ikkje var så stas litt lenger ned i løypa, når vedkomande kanskje står der utan jobb, men då er det ikkje lenger selskapet sitt problem. Prosessen var i alle fall positiv og fin …

Å gjera noko finare enn det er

Då kronprinsparet valde å ta borna ut av skulen 2010, vart det sagt at dei skulle på «dannelsesreise». Dette er ikkje akkurat eit nytt fenomen, sidan det skriv seg attende til 1600-talet då overklassa og seinare embetsmenn skulle utdanna seg ved hjelp av lange reiser for å sjå og få forståing for nye kulturar. For den europeiske adelen tok desse reisene i hovudsak slutt etter den franske revolusjonen. Ein kan jo ymta frampå om at kronprinsparet var bitte litt seint ute.

No til dags vert det helst nytta om turisme, så me kan jo sjå føre oss at kronprinsfamilien reiste på ein eit par månaders lang interrailtur. Dersom me vil, meiner eg.

Fleip eller fakta?

PISA er eit ord som i seinare tid har sendt skjelvingar gjennom foreldre, politikarar og lærarar. Det er ikkje snakk om det skeive tårnet, sjølvsagt, men om dei internasjonale prøvane som kvart år viser kor dårleg det står til med elevane og skuleverket her i landet. Avisene nyttar krigstypar og legg ut om krisetilstandar og rakkar ned på heile systemet. Det dei ikkje nemner er at denne undersøkjinga er lausriven frå alt som heiter læreplanar, og som også kuttar ut tema som har med aktuelle hendingar i dei ulike landa å gjera. Det er fint det, det gjer at alle stiller likt.

Det eg kanskje stussar litt over er at skuleverket vert vurdert utifrå eit grunnlag som er lausrive frå alt det det byggjer på. Me kritiserer altså det at lærarane ikkje har greidd å læra elevane noko som dei faktisk ikkje er oppmuntra til å læra dei i utgangspunktet – sidan «bibelen» til ein lærar er læreplanen. Det er det same som å konsentrera seg om å læra seg den beste måten å plukka eple på heile hausten, for så å verta testa i å laga syltetøy. Heilt sikkert! Det er nesten heilt likt …

Poenget mitt i dag er at me nyttar språk til ulike ting, ikkje berre til kommunikasjon. Me pyntar på noko, gjer det meir interessant, meir skremmande eller meir uforståeleg. Alt etter kva me vil oppnå. Ord er makt.

Heilt til slutt

Tusen takk for at du er innom bloggen min i dag! Eg set pris på det! Det er flott dersom du trykkjer på like- eller deleknappen under, eller legg att ein kommentar til meg. Elles ynskjer eg deg ein strålande dag!

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

Kjelde: Ordbok for underklassen av Arne Klyve og Jon Severud og Wikipedia

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.