Logos – er det logisk?

For ei tid attende skreiv eg eit innlegg om etos, som er ein del av retorikken og taleteknikk, du finn det innlegget her.

Etos peiker mot at du er truverdig som person, men er det nok når du prøver å overtyda nokon om noko du brenn for? Nei, du kan vera så truverdig du berre vil, men dersom du berre pratar tull, kjem du truleg ingen veg likevel. Logos, som me skal sjå på i dag, er det som vil hjelpa deg med å oppretthalda truverdet ditt som avsendar.

Fire bilete av fjellområde. På det eine er det eit uthus og nokre kyr med.
Eg har valt nokre fjell- og dyrebilete i dag sidan delar av innhaldet handlar om jordbruk.

Irriterande for alle partar

Noko av det som kan irritera oss aller mest her i verda er folk som har veldig bastante meiningar om noko utan å ha sett seg inn i saka. Diverre går me alle saman i den fella rett som det er. Me meiner masse utan å ha sett oss inn i det me snakkar om. Eg er i alle fall skuldig i det somme tider. Forferdeleg pinleg å verta ferska på slikt.

Grunnen til at ein hamnar i slike situasjonar er at ein let fordomar og kjensler springa av garde med seg. For å unngå det må ein hugsa på logos, som er sjølve saka du diskuterer. Dei saklege og objektive argumenta som understøttar konklusjonen din. Du kan ikkje overtyda nokon om at du har rett dersom du ikkje kan forklara dei kvifor du har rett.

Logos

For å stadfesta at bodskapen vår er «sann», må me understøtta han med fakta, statistikkar og prov. Det er dette me i retorikken kallar logos. Logos er argument som er baserte på objektive fakta, du kan også inkludera sannsynlege fakta, slik som estimerte modellar og utrekningar og liknande.

Kontrollspørsmål du kan stilla deg sjølv for å vera sikker på at du er sakleg er: Gjev det eg påstår meining? Er det basert på fakta og statistikk? Er den konklusjonen eller løysinga eg legg fram logisk i høve til resultatet eg vil oppnå?

Logisk?

Me kan kort laga eit døme på dette ved å sjå på argumenta for å driva jordbruk her i landet, og ikkje berre importera mat frå utlandet.

Eg meiner at me skal halda fram med jordbruk her i landet, sjølv om det er subsidiert og dyrt i drift, fordi det er koseleg med dyr og bonden treng ein jobb og buplass. Det er dessutan stas å halda på tradisjonane.

Trur du eg kjem langt med desse argumenta, og er dei særleg logiske? Kort sagt – nei.

At det er koseleg med dyr, er det mange som er samde i, men det er ikkje ei ålmenn lov. Dei som er livredde for sauer tykkjer ikkje det er særleg koseleg med dyr. At bonden treng eit hus og ein jobb, er for så vidt sant. Men han kan få ein annan jobb, og me treng ikkje kasta ut bonden sjølv om me legg ned drifta på garden hans. Å halda på tradisjonar er fint, men det er mange tradisjonar som går dukken, så det er ingen grunn til å sjå på jordbruket som ekstra viktig i den samanhengen.

Påstandane mine ovanfor er altså noko veike når me snakkar om logos. Dersom eg vil slå eit slag for jordbruket, må eg altså gjera noko med argumenta mine. Eg må først og fremst basera dei på fakta. Eg gjer eit nytt forsøk:

Logisk

Eg meiner at me lyt halda fram med jordbruk her i landet, sjølv om det kostar ein del skattekroner, fordi me er rekna blant verdas rikaste land. I dag importerer me rundt 50 % av maten me treng. Mat er den einaste reelle verdien her i verda. Utan tilgong på mat døyr du. Dersom det oppstår ei krise i verda, som gjer at det ikkje er mogleg å få frakta maten til landet vårt, vil truleg fleire av oss i praksis svelta i hel.

Krisemaksimering? Det var det dei trudde i 1872 òg då det vart slutt på toll på import av landbruksvarer til Noreg. Bøndene klaga den gongen òg, men fekk lite gehør. Importert mat var billegare, ferdig med den saka. Smellen kom først med den første verdskrigen. Store delar av det norske folket, særleg i byane, svalt. Etter det vart tollpolitikken stramma inn, og det vart sett fokus på å kunna brødfø sitt eige land. Basert på dette meiner eg at det er lurt å halda fram med jordbruk i Noreg.

Er det eg påstår her logisk? Ja, du kan gjerne vera usamd med meg, men det eg seier er basert på fakta og ålmenn sanning. Me er rekna blant verdas rikaste land, me importerer 50 % av maten me treng, utan mat døyr du og under den første verdskrigen svalt nordmenn. Alt dette kan etterprøvast og det underbyggjer konklusjonen min.

Til å stola på?

Er argumentasjonen din alltid til å stola på dersom du hugsar å grunngje han med logiske prov? Berre delvis. Me kan sjølve velja kva argument me vil leggja vekt på og kva for nokre me vil tona ned eller utelata. Dette kan vera lurt å hugsa på om ein er avsendar eller tilhøyrar.

Heilt til slutt

Tusen takk for følgjet! Innlegget vart langt, og eg er takksam for at du framleis er her. Dersom du likte innlegget og ynskjer å dela det med andre, kan du trykkja på like- eller deleknappen under. Eg vert òg veldig glad dersom du vil leggja att ein kommentar i kommentarfeltet.

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.