Kor nifst kan du få det?

I bloggen i dag skal me snakka om korleis me brukar ord på ulike måtar når me skildrar hendingar, andre menneske, eigne opplevingar osv. Overskrifta kunne like gjerne ha vore «Kor fint kan du få det?» eller «Kor kjedeleg kan du få det?», men nifst er meir spennande, så eg gjekk for det.

Temaet me skal ta føre oss i dag er perspektiv. I tekstsamanheng kan ein gjera dette temaet så innvikla ein berre vil. Då eg jobba som lærar var det ofte tema som perspektiv og synsvinkel som skapte mest forvirring og frustrasjon blant elevane. Me skal ikkje innom dei tekniske delane av temaet i dette innlegget, men berre konsentrera oss om det heilt grunnleggjande.

Ein dag ved Nidarosdomen

Det første du kan gjera er å ta ein titt på bileta under her. Begge bileta vart tekne same dag, faktisk med berre eitt minutts mellomrom. Lyset har altså ikkje endra seg, ikkje vêret heller, omgjevnadane er heilt like. Likevel er bileta ganske ulike i framtoningane sine, er dei ikkje? Dei representerer ulike perspektiv og fortel såleis ulike historier.

To bilete av Nidarosdomen. Det eine viser katedralen bada i sol, medan det andre er teke frå ein annan vinkel. Der ein får eit meir dystert inntrykk.
Ein vårdag ved Nidarosdomen. Dei to bileta representerer to ulike stemningar og perspektiv. Det eine er lyst og koseleg, medan det andre er meir dramatisk og har eit gotisk preg.

Perspektiv og inntrykk

Kva perspektiv du vel når du skal fortelja noko, er avhengig av kva stemning du ynskjer å skapa. Det styrer ordvalet og stilen på heile forteljinga. Eg skal vera så modig at eg prøver meg på å gje deg eit døme:

Ho stod rett overfor meg. Augo var grøne og munnen var smal som ein strek. Ho stod eigentleg altfor nær. Eg kunne sjå porene i huda på nasen hennar og eg høyrde pusten hennar. Ho var rasande. Kvifor var det alltid eg som måtte unngjelda?

Dersom me no snur på flisa – utan å endra synsvinkel – kan historia sjå slik ut:

Ho stod heilt nær meg – i augehøgd. Augo gnistra som grøne steinar og munnen var komisk smal. Det at ho stod så nær gjorde at eg kunne sjå porene i den elles plettfrie huda. Det var fint å sjå at ho var menneskeleg som oss andre. Pusten hennar var varm og gjekk i små hiv. Eg snudde meg for å skjula eit smil. At ho var sint, gjorde heile personen friskare og meir     levande.

I dei to døma ovanfor har eg valt ulike ord og ulike fokus i skildringa av dama. Det gjer at den som les eller høyrer på det eg fortel, dannar seg ulike bilete både av dama, meg og situasjonen.

I det første dømet har eg valt eit litt sytete perspektiv. Der eg (som forteljar) ser på meg sjølv som eit offer for dette forferdelege mennesket. Ein får ikkje noko positivt inntrykk korkje av meg, dama eller sjølve situasjonen. Om sympatien ligg nokon stad, så er det kanskje hjå meg – offeret.

I det andre dømet har eg valt eit meir likeverdig perspektiv. Utifrå orda eg har valt ser du at eg eigentleg ser litt opp til dama, sjølv om eg ser på oss som likeverdige.

Det at eg legg til detaljen «skjula eit smil» gjev deg eit hint om at eg ikkje er heilt uskuldig i raseriet hennar. Dessutan ser eg på det som ein positiv ting at ho er sint. Sympatien ligg her meir hjå dama enn hjå forteljaren.

Og moralen er . . .

Det er ikkje berre i skriftlege tekstar det kan vera moro å leika litt med perspektiv. Eg prøver å gjera det så ofte som mogleg i dagleglivet også.

Det er vanskeleg å halda fram med å vera irritert over ein person eller ein situasjon dersom ein stadig skifter perspektiv og prøver å sjå alt i eit anna lys. Så spørsmålet eg stiller meg (etter at eg har kasta vekk meir eller mindre tid på å vera sint, sjølvsagt) er: Kan eg sjå dette på ein annan måte?

Heilt til slutt

Det fungerer som regel for meg. Håpar du sette pris på denne korte innføringa om perspektiv. Me kjem nok attende til temaet i seinare innlegg. Dersom du likar det du har lese, er det fint om du trykkjer på dele- eller like-knappen nedanfor, eller skriv ein kommentar under. Me snakkast!

 

Klem,

Rønnaug

4 tankar om “Kor nifst kan du få det?”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.