Det vanskelege førsteinntrykket

I følgje forsking på området tek det om lag 90 sekund for oss å gjera oss opp ei meining om ein person me møter. Mykje av dette er sjølvsagt basert på utsjånaden. Er personen velstelt? Noko anna me legg merke til er røysta til vedkomande, og så registrerer me kva han eller ho seier for noko.

Noko uventa gjer inntrykk

Me legg særleg merke til dårleg oppførsel, eller uvanlege måtar å oppføra seg på. Me nyttar førsteinntrykket til å føreseia korleis personen vil oppføra seg seinare. Me tolkar vedkomande utifrå det me ser i byrjinga. Det tek lang tid å retta opp att slike inntrykk dersom dei er negative, for hjernen vår gjer koplingar som er ganske sterke.

Bilete av ei oppslega bok med ei hekla blonde liggjande over. Bilete av eit kort på ein hekleduk, på kortet står det: What if your fears and your dreams exist in the same place, would you still go there?
Kva skal til for å gjera eit godt førsteinntrykk?

Det kan vera lurt å gje det meir tid

Det hender eg tenkjer på dette sjølv. Kor avgjerande førsteinntrykket er. Det er jo ikkje alltid ein viser seg frå si beste side dersom ein har ein dårleg dag. Då vert ein kanskje «ho hysteriske kvinnfolket» eller «han sinte mannen» for alltid.

Personleg prøver eg å overtyda meg sjølv om å ikkje stola på førsteinntrykket, men det er sjølvsagt ikkje alltid eg er like god på akkurat det, og då let eg fordomane herja fritt.

Og om du var ei bok?

Kva skal ein då gjera om ein er ei bok? Korleis skal ein gjera eit såpass godt inntrykk at folk får lyst til å lesa deg? Innpakking er nok meir avgjerande enn ein skulle tru. Enkelte bøker vert rett og slett ikkje plukka opp fordi dei har eit kjedeleg eller lite tiltalande ytre. Du har kanskje lagt merke til at gamle bøker dukkar opp i ny klesdrakt innimellom? Særleg skjer dette i samband med filmatiseringar av bøker. Då kjem plutseleg boka ikledd eit bilete av ei eller anna profilert filmstjerne. Tilfeldig? Neppe.

Bilete av ei stor bok med ein stabel av gamle, mindre bøker oppå, ei hekleblonde heng ned.
Kva skal til for at du skal velja akkurat meg?

Flyplasstesten

Dersom det er snakk om ein roman, skal han helst kunna stå med glans på den såkalla «flyplasstesten». Kva snakkar me om då?

Tenk deg at du hastar gjennom flyplassen. Du veit du har ein del ventetid føre deg, så du tek deg ein kjapp tur innom bokhandelen for å sjå om du finn deg ei bok for å piffa opp ventetida litt. Du tek kanskje ein rask titt bakpå boka og ser kva som står der. Deretter tippar eg at du opnar boka på første sida, og det er her «flyplasstesten» kjem inn. Den første setninga i boka må vera såpass god at du vert fanga med ein gong. Ho må fengja deg slik at du vel å kjøpa akkurat den boka før du hastar vidare.

Såpass lyt til

Me kan sjå på eit par døme. Elizabeth Kostova si bok The Historian (Historikeren) frå 2005, opnar slik: «The story that follows is one that I never intended to commit to paper.» (På norsk ville me kanskje sagt «Historia som følgjer er ei eg aldri hadde planar om å skriva ned på papir.»)

Kunne du ha gått ifrå denne boka?

Kva med Lars Kepler sin roman Stalker frå 2014. Han byrjar slik: «Det var ikke før det første liket ble funnet at man tok filmen på alvor.»

Noko å tenkja på neste gong du byrjar på ei bok, eller neste gong du skal skriva ein tekst sjølv. Førsteinntrykket er avgjerande, også for ein skriven tekst.

Heilt til slutt

Takk for at du er innom bloggen min i dag! Eg vert kjempeglad dersom du trykkjer på like- eller deleknappen under, eller legg att ein kommentar til meg. Håpet er at du fann noko interessant, inspirerande eller nyttig i dagens innlegg!

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.