Er det høfleg å ta seg ein tur på dass?

Eg er nok fasinert av språk for tida, førre innlegg handla om akronym, medan me i dette skal ta føre oss eufemismar.

Det vesle huset

Den artigaste eufemismen eg veit om er ordet «dass», som kjem frå det tyske uttrykket «das Häuschen», som på norsk tyder «det vesle huset». Det ordet me i dag altså reknar for å vera eit rimeleg ufint ord for toalett (også ein eufemisme) er altså ei forfina omskriving av det tyske uttrykket. På norsk kutta me like godt ut hovudordet og sa berre «dass» som i praksis tyder at me seier noko slikt som «det . . . et». Og likevel føler me at det er eit ord som det er litt for stygt å nytta . . . Fantastisk!

Bilete av ei dodør med nokre skilt på.
Kjært barn har mange namn . . .

Det hemmelege rommet

Me vel heller å nytta ordet toalett. Det kjem frå det franske ordet toilette, og alt er betre på fransk , eller? Det tyder visst noko slikt som «liten duk», og viser til duken på stellebordet.

Ordet klosett tyder «lite avlukke» og kjem frå det latinske ordet clausus, som tyder noko slikt som «attleten». Ordet do kjem frå det tyske ordet do-hussom, og kjem truleg frå det tyske verbet don, som tyder «å gjera».

I tidlegare tider kalla dei det visst for løyndarhus eller løyndom, og det trur eg er den vegen eg vil velja framover. Tenk kor mykje meir spennande det er å ha eit hemmeleg rom i huset, slik i staden for å kalla det for ein liten duk, eller det . . .et . . .

Attende til saka

Innlegget skulle eigentleg ikkje handla om det hemmelege rommet, men om formildande omskrivingar, nemleg eufemismar. Ordet kjem frå det greske euphemos, som tyder noko slikt som «lukkebringande tale».

Grunnen til at me treng desse omskrivingane er nok at menneske alltid har vore redde for at det skal gå «troll i ord». Me er redde for at dersom me til dømes nyttar ordet djevelen, kan me påkalla han, og at me kan unngå at han kjem ved å kalla han til dømes Mannen med ljåen. Me kan ufarleggjera ein ting eller ein situasjon ved bruk av ord.

Negative assosiasjonar

Noko anna som påverkar språkbruken og trongen til nye eufemismar er assosiasjonane me legg til eit ord. Ord som «neger» har for mange negative haldningar knytt til seg, til at det er sosialt akseptabelt å nytta det i daglegtale meir. Ordet stammar visst opprinneleg frå det latinske ordet niger, som tyder «svart», men måten menneske har nytta det på, gjer at det i dag er eit negativt lada ord.

Kva ord og språk ein nyttar er viktig, men eg trur kanskje det er endå meir viktig å jobba med haldningane våre. Ord i seg sjølve er ikkje farlege, men måten me nyttar dei på kan skapa farlege og sårande situasjonar.

Heilt til slutt

Eg meiner uansett at det er stas å ha eit hemmeleg rom i huset, kanskje eg skal gå endå lenger å kalla det «rommet-som-ikkje-kan-nemnast» eller noko slikt.

Takk for at du var innom bloggen min i dag! Kjempekoseleg! Eg vert utruleg glad dersom du trykkjer på like- eller deleknappen under, viss du sette pris på innlegget. Du kan også gjerne leggja att ein kommentar til meg!

 

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

 

Kjelder: Wikipedia og boka Språkmagi av Helene Uri

 

2 tankar om “Er det høfleg å ta seg ein tur på dass?”

  1. Dette var skikkelig gøy å lese Rønnaug . Du er veldig flink til å skrive og jeg lærte noe helt nytt om språket vårt på en artig måte.

    1. Så kjekt å høyra, Hege! Tusen takk for skryt – eg tykkjer norsk har så mange artige sider som me vanlegvis ikkje tenkjer over. Kjekt at andre har glede av det eg skriv om!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.