Kategoriarkiv: Bokmelding

Ingen har lyst til å lesa skiten din

Det aller beste skrivetipset du nokon gong kan få er dette: «Ingen har lyst til å lesa skiten din». 

Eg forstår at det kan høyrast litt merkeleg ut, så eg skal prøva å forklara det litt nærare. Dette innlegget er til ære for ein av dei absolutte favorittane mine innan «folk som skriv om skriving»-sjangeren, nemleg Steven Pressfield.

Bilete av eit fjellvatn med to naust.

Lat egoet kvila

Han har nyleg kome ut med ei ny bok om skriving, og ho har den passande tittelen (som eg så skamlaust har stole) Nobody Wants to Read your Shit. Pressfield tek her opp noko han lærte då han jobba med annonseskriving innan marknadsføring. Folk har betre ting å gjera enn å lesa det du skriv, så dersom du vil at dei skal lesa det, må du gjera det så tydeleg, inspirerande og underhaldande som du kan. Og kort. Så kort som mogleg. Du skriv ikkje til deg sjølv, med mindre du skriv i dagboka di, så difor må du setja deg inn i lesaren sitt perspektiv før du byrjar å skriva.

Den viktige lesaren

Dette var noko eg prøvde å læra vekk då eg jobba som lærar og fortalde elevane mine at «Eg vurderer dykk ikkje utifrå det de kan, men utifrå det de viser meg at de kan». Det er ein skilnad der. Du må alltid tenkja etter kva lesaren er oppteken av (dersom der er snakk om ein lærar har du sannsynlegvis fått retningsliner på førehand). Truleg gjer du dette dagleg på sosiale medier. Det er rart at me tenkjer meir på å vera tydelege og engasjerande når med oppdaterer Facebook-profilen vår enn når me skriv ein lengre tekst.

Det er i alle fall noko å tenkja på. Eg skal fortsetja å kosa meg med boka til Steven Pressfield, og er viss på at fleire gullkorn dukkar opp.

Heilt til slutt

Takk til deg for at du tok turen innom bloggen min i dag! Eg set stor pris på det, og vert veldig glad dersom du trykkjer på like- eller deleknappen under eller legg att ein kommentar til meg dersom du las noko du likte. Eg vert, som dei fleste andre, glad når nokon les skiten min…

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

 

Snodige bøker og god stemning

I går var eg i Den norske bokbyen i Fjærland, der fann eg ei bok eg ikkje kunne gå forbi. Slikt vert det innlegg av.

Den norske bokbyen vart grunnlagd i Munndal i Fjærland i 1995. Dei baserer seg på gjenbruk både når det gjeld bøker og utsalshus. Dette gjer konseptet unikt, og det er vel verdt å ta seg ein tur innom og oppleva stemninga og finna bokskattar.

Bilete av ei vindauge med utsyn til fjorden med bøker rundt, to bilete av fjell og landskap i Fjærland.
Ute og inne i Den norske bokbyen.

Bøker ein ikkje kan gå forbi

Det er dei beste bøkene, dei ein ikkje greier å gå forbi. I dette tilfellet heiter boka Nynorsk etymologisk ordbok av Alf Torp. Ho er frå 1963 og er akkurat passe sær og gamal. Her kjem eg nok til å finna mange ord du ikkje visste at du sakna.

Bilete av ei bok og ei handdokke
Kuppet mitt frå Bokbyen (i lag med eit par romanar av André Bjerke). Reven kjem frå Samlingsboksen.

Kva med å nytta ordet fjagla neste gong du skal kurtisera nokon? For kurtisera er jo eit ord du nyttar til dagen … Eller kvifor ikkje gleina (senda bistre blikk) på nokon neste gong dei irriterer deg?

Dette er nok ei bok du kjem til å høyra meir om på bloggen framover.

Ein unik stad

Som nemnt innleiingsvis, er Den norske bokbyen i Fjærland absolutt verdt eit besøk. I alle fall dersom du er over middels interessert i bøker. Reis på skattejakt du òg!

Bilete av eit stort, kvitt hotell, ei utsalsbu ved fjorden og hyllemeter med bøker.
Bokbyen og hotellet i bygda.

Heilt til slutt

Takk for at du var innom bloggen min i dag. Det er kjempekoseleg dersom du trykkjer på like- eller deleknappen under, eller om du legg att ein kommentar til meg. Elles ynskjer eg deg ein strålande dag vidare!

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

 

Bokmelding: Stalker

«Det var ikke før det første liket ble funnet at man tok filmen på alvor»

Slik byrjar den femte boka i Joona Linna-serien. Det er den første boka eg har lese av kriminalserien til Lars Kepler, og sidan eg hadde høyrt ein del om desse bøkene på førehand, var eg spent på om eg likte ho.

Det som er litt interessant med forfattaren av desse bøkene, er at dei er to. Lars Kepler er eit pseudonym som forfattarekteparet Alexander Ahndoril og Alexandra Coehlo Ahndoril nyttar når dei skriv om Joona Linna.

Bilete av ei bok og eit gult telys i ein gul lysestake.
Stalker av Lars Kepler.

Kvifor i alle dagar byrja eg med den nyaste boka då eg skulle sjekka ut serien? Vel, akkurat det er litt tilfeldig – eg hadde gløymt å avtinga boka i bokklubben eg er med i, så ho dukka opp i posten. Då ho først var her, tenkte eg at ja, ja… Får byrja her då.

Boka byrjar med litt forvirring rundt kven som er i live og kven som er død av heltane og kjeltringane frå føregåande bøker. Sidan eg ikkje hadde kjennskap til desse frå før, forstod eg ikkje heilt kor viktig dette var før litt ut i boka. Av den grunn vil eg tilrå deg å byrja på byrjinga om du kan. Det går heilt fint å hoppa inn i handlinga slik som eg gjorde, men det er like greitt å byrja med den første boka når det er mogleg.

 

Bilete av nakne lauvtre i eit snølandskap.
Snø og påske høyrer saman, slik som krim og påske.

 

Det eg generelt sett ikkje likar så godt med kriminalromanar er at dei skildrar valdsscener og kjem med bloddryppande detaljar i hytt og pine. Men det går fint å mentalt halda seg for augo under desse skildringane og så gå vidare i handlinga. Kepler er flink til å gje gode bilete av karakterane, og du vert glad i dei du kretsar mest rundt, samstundes som du held ein distanse til personane, slik det er vanleg å gjera i kriminalromanar.

Noko anna som er gjort på ein god måte i boka, er dei kjappe sceneskifta og korleis spenninga vert bygd opp. Forteljaren vandrar frå hovud til hovud, og me får innblikk i kva offera og hovudpersonane tenkjer. På denne måten får me mange spennande brotstykkje å forhalda oss til, og me prøver å pusla dei saman så godt me kan. Det er ikkje alt som er like truverdig i det som skjer, men historia er såpass spennande at du greier å velja å ikkje hengja deg opp i det.

Frå boka – slik at du får eit inntrykk:

Politibetjenten som gikk inn for å forsikre seg om at offeret ikke kunne reddes, sitter i trappa til oppgangen ved siden av. Han er askegrå i ansiktet og mørk i blikket. Ambulansepersonell legger et pledd rundt ham og sjekker blodtrykket hans mens Adam snakker med ham.

Om du ser etter litt spenning og krim i kvardagen, kan eg tilrå denne boka. Eg hadde nokre underhaldande timar med Joona Linna.

Takk for at du tok turen innom bloggen min i dag! Eg vert glad for kommentarar eller om du trykkjer på like- eller deleknappen under. Kos deg med ei bok i dag, uansett kva for ei du måtte velja.

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

 

Bokmelding: Tilbake til Riverton

Sidan det er påske og, for mange, lesetid, tenkte eg at eg skulle dela nokre av favorittane mine på bloggen. Først ut er boka Tilbake til Riverton av Kate Morton.

Boka enda opp i bokhylla mi då eg vandra rundt i ulike bokhandlar i Oslo for nokre år attende, på jakt etter lett sommarlektyre. Eg fann boka på tilbod og ho vart kjøpt saman med Den glemte hagen av same forfattar. På den tida hadde eg ikkje høyrt så mykje om korkje bøkene eller forfattaren.

Bilete av ei bok.
Tilbake til Riverton av Kate Morton.

Kate Morton er ein australsk forfattar og sjangeren hennar er historiske romanar, blanda med litt krim/mysterie. Bøkene er oppbygde slik at du vekslar mellom fortid og notid heile vegen, og etter kvart som du les nøstar du opp mysterie. Fokuset ligg på menneske og korleis me oppfører oss i ulike situasjonar.

Etter at eg tilfeldigvis plukka opp Tilbake til Riverton den gongen, har dei bøkene som er komne etterpå òg fått plass i bokhylla mi. Eg har lese alle i engelske utgåver, og kan slik sett ikkje seia så mykje om dei norske omsetjingane, men språket og forteljingane er i alle fall flotte i dei versjonane eg har lese.

Handlinga i Tilbake til Riverton utspelar seg i fortid (særleg sommaren 1924) og i notid (1999), og kretsar rundt Grace Bradley, som var tenestejente i Riverton-hushaldet på den tida då Hartford-systrene Hannah og Emmeline budde der. Dei to glamorøse sosietetsdamene var velkjende i samtida, men har i seinare tid framstått som gåtefulle etter ei tragisk hending der ein ung poet tok livet sitt under ein av dei mange festane deira.

Mange år seinare, i 1999, held eit filmselskap på å laga film om hendinga. 20-åra verkar framleis som ein forførande draum, og kva er betre enn ei tragisk historie med mange lause trådar?

I samband med filmen vert Grace intervjua om tida då ho arbeidde i herskapshuset ved Riverton, og det spesielle bandet ho hadde til bebuarane, særleg Hannah Hartford.

Bilete av ein vassdam der du ser spegelbilete av himmelen og trea rundt.
Sola og trea speglar seg i ein dam eg vandra forbi på søndagstur.

«Last November I had a nightmare.»

I november hadde eg eit mareritt.

Dette er første setninga i boka, og er viktig fordi ho fører oss inn i handlinga (eg har skrive litt om kor viktig den første setninga i bøker er her). Me ser med ein gong at det er ein eg-forteljar, i tillegg vert me nysgjerrige på kva personen har drøymt om som var så fælt og kvifor det er så viktig at vedkomande fortel oss dette allereie under første møte.

Eg skal ikkje gå så mykje inn i handlinga i boka, dersom du ikkje har lese ho, men det eg likar er at ho, blant anna, gjev eit godt bilete av den historiske tida ho skildrar, og skilnaden på fattig og rik og elles samfunnet som var på den tida.

Det er også interessant å sjå korleis forfattaren skildrar menneskelege relasjonar og menneska i seg sjølve med både gode og dårlege sider.

Som menneske har me jo ein tendens til å døma folk utifrå handlingane me ser dei utfører, men som regel ligg det meir under overflata enn det me til ei kvar tid ser. Dette tykkjer eg kjem fint fram i denne boka, og i denne typen bøker generelt.

Elles likar eg at historia kjem fram litt etter litt gjennom at me går att og fram i tid, i staden for å følgja handlinga frå start til slutt. Det er litt det same som å leggja eit puslespel der biletet kjem fram etter kvart som dei ulike bitane kjem på plass.

Det eg likar aller best med boka er at ho er godt skriven. Med det meiner eg at forfattaren greier å uttrykkja kjensler og hendingar på ein veldig levande og samstundes reflektert måte. Eg vert overraska av tankane forteljaren gjer seg, og får eit glimt av livet i eit anna lys. Når eg les slike bøker, sit eg att med ei kjensle av at eg er vorten rikare på ord og erfaringar. Det er faktisk berre det som skal til for å endra livet til nokon bitte litt, og kor fantastisk er ikkje det?

 

Godt sitat frå boka (mi omsetjing):

Blikket mitt fanga jenta i spegelen ein augneblink, og eg tenkte at det var eit veldig alvorleg ansikt ho hadde. Det gjev ei uhyggjeleg kjensle, dei sjeldne gongene du heilt uforvarande får sjå eit glimt av deg sjølv. Ein uvakta augneblink, strippa for alt kunstig. Når ein til og med gløymer å lura seg sjølv.

 

Dersom dette høyrest ut som noko du kan lika, vil eg absolutt tilrå boka. Eg fekk meg nokre timar i ei anna verd då eg las ho, og det er jo ikkje akkurat feil.

Tusen takk for at du var innom bloggen min i dag! Lukka til med å finna boka som passar for deg akkurat no. Dersom du likte innlegget, vert eg utruleg glad om du trykkjer på like- eller deleknappen under. Eller kanskje du vil leggja att ein kommentar til meg. Eg tek gjerne i mot tips om bøker du meiner at eg bør lesa. Eg ynskjer deg ei triveleg lesestund og ein flott dag vidare!

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug