Ville kongen ha sagt det?

Når eg no skriv det andre innlegget mitt, er det på tide å invitera inn kongen, men før me gjer det vil eg gjerne takka alle som har lese det førre innlegget mitt og som har kome med tilbakemeldingar. Eg set veldig stor pris på det!

Raud penn, vegg med avisutklypp, sommarfugl og bok med bilete av skrivemaskin.

Me tek turen til Fosshaugane

I dagens innlegg skal me ta opp temaet skrivereglar. No tenkjer eg du sette deg litt meir ivrig fram på stolen og spissa øyro. Me skal innom det endelaust spennande emnet orddeling.

Eg har ikkje tenkt å vera formanande eller overberande. Skrivereglar, orddeling inkludert, er vanskelege greier. Eg gjer feil støtt og stadig, og eg er knakande god (i alle fall litt) på slikt og tykkjer at skrivereglar på ein måte er som laurdagsgodt. Du tenkjer kanskje at det er vel og bra det, fint for deg, liksom, men treng me eigentleg alle dei der reglane?

Nei, sikkert ikkje. Det er litt det same som med fotball. Som sogndøl er eg forplikta til å møta på Fosshaugane eit par gonger i året, og då tenkjer eg alltid at der er det jammen mange unyttige reglar. Hadde det vore så dramatisk å kvitta seg med den der offside-regelen?

Vel, spelet i seg sjølv ville vel kanskje ikkje ha kollapsa, men fotballen kunne nok fort ha vorte litt passiv dersom spissane berre kunne stilla seg opp framfor motparten sitt mål og venta på ballen. Slik er det med språket også – det kan fort bli litt flatt og passivt dersom me ser vekk frå skrivereglane.

For konge og fedreland

Denne gongen skal eg berre fokusera på ein einaste orddelingsfeil – han dukkar opp overalt i aviser, tv-teksting, oppdateringar på sosiale medium osv. Dette er mitt fakkeltog for å ta attende ordet ALTFOR.

Kvifor? Eg tenkjer først og fremst på kongen. Valspråket til Kong Harald V er «Alt for Noreg». Det er det same valspråket som faren og farfaren hadde før han. Det er vanskeleg å toppa dette valspråket. Han gjev alt for Noreg, han.

Dette er sjølvsagt berre gjeve at me ikkje klussar til orddelinga og meiner at det er det same om me skriv alt for eller altfor. Det er ikkje same schvungen over valspråket «Altfor Noreg», er det vel?

Så frå no av og for all framtid vil eg at du, når du er i tvil om du skal nytta alt for eller altfor, skal stilla deg spørsmålet: Ville kongen ha sagt det?

Då trur eg at me er på rett veg. Hugs at det er med skrivereglar som alt elles, det er lov å gjera feil, men det er viktig å prøva.

Lukka til og på førehand takk om du vel å vera med i fakkeltoget mitt !

Klem,

Rønnaug

2 tankar om “Ville kongen ha sagt det?”

  1. Endeleg ein kortreist språkpirkblogg! Så flott med nettside og blogg. Skriv meir!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.