Slå eit slag for norsken din!

Eg er over gjennomsnittet glad i engelsk, noko blant anna utdanninga og yrkjet mitt ber preg av. Eg likar lydane, at skriftspråket deira er så overjordisk langt frå talemålet deira, at det kan nyttast på så mange måtar i så mange land. Ja, at det fungerer som eit lingua franca i mange høve i dag. Det er jo ikkje ei korrekt nemning, sidan eit lingua franca er eit kunstig språk – ei blanding av fleire språk, eit handelsspråk eller eit fellesspråk samansett av språka det dekkjer, men engelsk er dugande som eit fellesspråk i mange situasjonar no til dags.

Det eg ikkje er så oppglødd over er innblandinga av engelske ord i norsk. Ikkje for det, eg gjer det sjølv òg, meir enn eg likar å vedgå, men eg prøver å vera medviten om kva ord eg vel så langt det let seg gjera.

Det er det dagens innlegg skal handla om – ord som snik seg inn i språket mitt, men som eg lett som ein plett kan kvitta meg med dersom eg gjer ein liten innsats.

Bilete av ein raud nellik

Forengelsking og fornorsking

Både gjennom skulegong, vidare utdanning og i arbeidslivet har det kasta ut idear vore ein innfallsvinkel til dei fleste oppgåvene som skal gjennomførast. Påverka av engelsk som eg er har eg ofte sagt (og fleire med meg) «No tek me ein brainstorming». I dei seinare åra har eg gått meir over til å kalla det idémyldring i staden. Sjølve orda gjev for meg om lag like mykje meining, det er ikkje meir logisk å snakka om hjernestorming enn det er å seia idémyldring. Ordet idédugnad kan vera eit meir logisk val, men verkar litt framandt for meg enno.

I Internett-verda snakkar me ofte om den og den linken. Internett er jo bygd opp av slike, og det er dei me nyttar for å finna den informasjonen me leitar etter. Først gjekk eg over til den fornorska versjonen «lenkja», men når eg omset ein tekst i dag, kallar eg det for ei kopling.

Hjørne-kva-for-slag?

Sidan eg er frå Sogndal, kjem me ikkje utanom fotball og alle klisjeane ein støyter på der. Ordet keeper, til dømes, kan lett bytast ut med ordet målvakt. Målmann kan vera litt forvirrande, sidan det også viser til medlemar av Noregs mållag, som er opptekne av nynorsken sin posisjon i landet (det er mogleg at dette berre er ei nemning som me nyttar innbyrdes). Corner kan bytast ut med hjørnespark/kast (det er meir logisk enn å gaula HJØRNE). Nokre har til og med byrja å kalla mål for goal . . . det meiner eg at verkar litt overflødig.

Bilete av blomar og bløming.
Bløming

Random, seier du?

Dersom me vandrar vidare inn i musikken, så har me ord som disk-jockey (DJ), der me heller kan nytta dei fornorska orda platekusk eller plateryttar. Er ikkje det nokre fantastiske alternativ?

Noko anna me ofte snakkar om er business, og merkeleg nok føler me oss meir viktige enn når me snakkar om forretningar, som eigentleg gjev meir meining om du er norsk. Det er rart med det. Me snakkar også om commitment når me skal binda oss til noko. Eller fastfood i staden for snøggmat. Feedback i staden for tilbakemelding. Finish når me meiner sluttspurt (eller finpuss). Du snakkar om at noko er fair når du meiner rimeleg. Random når du meiner noko er tilfeldig. Lista er lang. Om du er interessert i fleire slike døme, og å verta meir medviten på språket du nyttar kan du gå inn på Språkrådet sine sider på denne koplinga.

Heilt til slutt

For min eigen del, tykkjer eg det er viktig å vera medviten om kva ord eg nyttar og kvar dei kjem frå. Eg vert litt engsteleg dei gongene eg nyttar engelske ord fordi eg ikkje kjem på det norske i farten, og det skjer. No kan eg skulda på at eg jobbar med omsetjing til dagen, men eg trur ikkje det berre er det som spelar inn. Det er kanskje heller slik at eg vert særs merksam på at engelsken snik seg såpass inn daglegtala fordi jobben min handlar om å finna gode norske alternativ.

Tenk på det sjølv, kanskje kjem du på nokre ord som du nyttar vel ofte, og som du kan byta ut med norsk i framtida. Skriv gjerne ein kommentar under her, dersom du ynskjer å dela det. Elles er eg takksam for at du tok turen innom bloggen i dag, og vert veldig glad om du trykkjer på like- eller deleknappen under. Elles ynskjer eg deg ein flott dag vidare!

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.