Å setja seg mål i livet

På nyåret set me oss ofte mål for kva me skal oppnå det neste året. Eg har valt å venta til no med å setja meg mål. Det var viktig å føla litt på året før eg staka ut kursen.

Så kva er viktig når ein skal setja seg mål? Det viktigaste for meg er at eg trur på målet eg set meg. At eg greier å sjå føre meg at eg kan gjennomføra det.

Bilete av eit tresmykke og eit armband med visdomsord på. Bilete av strikketøy og ei notatbok med mål for 2015
Det viktigaste er å setja seg mål ein trur på, eller, sagt på ein annan måte, tru på måla ein set seg.

Eit gladare 2014

Eit av måla mine for fjoråret var rett og slett å vera meir glad. Ikkje at eg ikkje var glad i 2013, men eg ville vera meir glad i 2014. For å oppnå målet, las eg stablar med bøker, eg høyrde på cd-ar med Tony Robbins og andre utviklingsguruar. Eg tok helgekurs og nettkurs i sjølvutvikling, og høyrde på lydfiler om å snu tankesettet. Felles for alle desse kjeldene var at dei peika på at dersom det skal skje ei endring, så skjer ho med deg. Du må ta val kvar dag for å oppnå målet ditt. For min del, var dette å velja å vera glad, sjølv dei dagane eg kjeda meg, eller var lei meg for noko.

Tankespinn

Noko som verkar heilt klart er at dersom du skal nå målet ditt, kan du ikkje høyra etter ein kvar tanke som dumpar ned i hovudet ditt, du må velja ut tankane du vil høyra på. Det er veldig frigjerande når ein oppdagar dette – ein tanke vert ikkje sann berre fordi du tenkjer han. Han vert derimot sann når du trur på han…

Reisa må vera viktigast

Noko anna som er viktig når ein set seg mål er at det å jobba med målet er viktigare enn sjølve resultatet. I 2014 hadde eg som mål å starta min eigen blogg. I hovudet mitt var dette skumle saker. Skriva ting og leggja det ut slik at heile verda kan sjå det. For meg har det å jobba med bloggen ein eigenverdi. Eg får gjera noko eg tykkjer er kjempemoro – å skriva. Eg får forska i ulike tema, og eg kan vera akkurat så mykje språknerd eg berre har lyst. Bloggen er eit marknadsføringstiltak for føretaket Helvik tekst, men han har også ein verdi utanom det. Han er ein leikeplass for meg – han er eit gjeremål som gjer meg glad. Noko eg gjer fordi eg har lyst.

Bilete av solnedgang. Bilete av ei tekanne og ei bok.
Korleis vil du at livet ditt skal vera?

Her og no

På den måten har bloggen vore nyttig for meg frå dag ein. Dette er også noko ein lyt tenkja på når ein skal setja seg mål. Kva får eg ut av å jobba mot målet mitt her og no? Di fleire gode argument og delmål du finn her, di enklare er det å gjennomføra arbeidet som må til for å nå målet. Dersom målet ditt til dømes er å ta av fem kg, eller verta sprekare, kan det vera lurt å finna aktivitetar du likar å gjera, eller tenkja at «Dersom eg ikkje kjøper meg ein is no, kan eg spara 25 kroner». «Dersom eg ikkje hadde vore ute og gått tur no, hadde eg gått glipp av den solnedgangen».

Mykje handlar om system. Om å tenkja gjennom på førehand kva tiltak ein må setja inn på vegen for å greia å nå fram.

Visjon og måloppnåing

Eg veit ikkje kva du har tenkt å gjera i dag, men eg skal setja meg ned og laga meg nye mål for dette året. Det første eg skal gjera er å laga ein mest mogleg detaljert, tydeleg og levande visjon, deretter skal han setjast i system.

Kort summert var 2014 eit år med ganske høg måloppnåing på fokusområda, så no er det på tide å finna seg nye fokusområde for så å tru på måla sine. Lukka til med dine mål for året! Om du ikkje har tenkt på det enno, er i dag ein like god dag som i morgo!

Heilt til slutt

Tusen takk for at du var innom bloggen min i dag! Kjekt å sjå deg! Eg vert veldig glad for kommentarar eller for at du trykkjer på like- eller deleknappen under.

 

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.