Ord du ikkje visste at du sakna – klopp

No skal me sjå litt meir på eit tema eg er veldig glad i – ord – og særskilt ord eg tenkjer at me ikkje nyttar ofte nok.

Då eg jobba som norsklærar på vidaregåande i Oslo for nokre år sidan, var det ein kollega som spurde meg om eg visste kva klopp tydde for noko. Dette sette i gong ei massiv tankeverksemd for min del fordi det var eit ord eg ikkje hadde tenkt på, eller nytta, på veldig lenge.

Kva var det det var att?

Grunnen til at eg ikkje har nytta det på lenge er vel helst at det ikkje er så flust med klopper rundt om som det var i tidlegare tider, like fullt er det eit vakkert ord.

Bilete av ei klopp (steinhellebru) gjennom netting. Bilete av same kloppa frå annan vinkel.
Det finst ein del fine klopper rundt om – her er ei av dei.

Det har to tydingar – det kan visa til ei stabburstrapp (låg trapp). Vel har eg vel støytt på eit og anna stabbur i mi tid, men eg må innrøma at det ikkje er noko som går inn i den daglege praten for min del.

Den andre tydinga er ei gangbru av stokkar eller stein over til dømes ei elv eller ein bekk, eller over ei myr eller liknande. Desse finst det nokre av rundt om. Særleg om du vandrar litt rundt i fjellheimen.

Om ein filosoferer litt vidare . . .

Det hadde vore stas om tydinga berre hadde vore bru og eg kunne til å seia «Hardanger-kloppi» og slikt, men eg får vel halda meg til fakta. Er likevel litt moro å leika med tanken . . . «Tower klopp, London» . . . «Karlskloppi, Praha» . . .

Når det er sagt, er klopper i seg sjølv vakre nok til å ha sitt eige ord. Det er plass til fleire klopper i verda!

Bilete av ei klopp (steinhellebru) og lyng med istappar.
Vatn i ulike former. Fasinerande.

Heilt til slutt

Eit kort innlegg i dag om eit stutt og nydeleg ord. Dersom du likte innlegget, vert eg takksam om du trykkjer på like- eller deleknappen under, eller om du legg att ein kommentar til meg.

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

 

4 tankar om “Ord du ikkje visste at du sakna – klopp”

  1. So flott at det er nokon som tek desse flotte ord i bruk igjen. Språket vert so mykje rikare av det. Eit slikt ord er BUFORE. Eitt ord som er lite brukt no.

    1. Takk for det, Marie! Er veldig for eit rikt språk. Og takk for tips, hadde ikkje tenkt på det ordet, men det skal noterast i boka!

  2. «Klopp» er et ord som er i daglig bruk her i Nord-Østerdalen. Vi kaller ei låvebrua også for låvekloppa.

    1. Så flott! Det er nok ikkje så ofte nytta her i Sogn, men det var det etter gamalt.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.