Ord du ikkje visste at du sakna: bufaring

«Stopp han! STOPP HAN!!»

Han det er snakk om er ein sau, og eg er nokre tiår attende i tid.

Reint strategisk hadde eg tenkt at dagens innlegg skulle handla om noko anna enn ord. Det er viktig med variasjon i tema, liksom. Men når alt kjem til alt, er det min blogg, og eg skriv om det eg får lyst til – så her kjem endå eit innlegg om min fasinasjon for ord.

Lesarforslag og gamal kunnskap

Dagens ord – bufaring – kjem som eit resultat av eit lesarforslag. Eg var litt skeptisk til å trekkja det inn her, sidan det ikkje er eit så uvanleg ord å nytta på desse kantar – altså her i Sogndal. I alle fall ikkje dersom du vandrar i dei meir rurale kretsane, noko eg gjer. Grunnen til at eg likevel tek det opp er at eg innser at det kanskje ikkje er ein del av daglegtala til dei fleste lenger, og då er det fint å kunna friska litt opp i kunnskapane.

Kyr enklare enn sauer?

Attende til sauen. Sjølv om sauer har ord på seg for å vera dumme flokkdyr, er dette ei sanning med modifikasjonar. Bufaring er når du flyttar dyra til eller frå støls, eller eigentleg til eller frå fjellbeitet. Sauer er, etter mi erfaring, vanskelegare å halda samla enn kyr. Dette varierer sjølvsagt frå husdyrhald til husdyrhald, men når dei først spring ut, er sauene sprekare enn kyrne. Du kan jo prøva å beina etter ein sau og sjå korleis det går (ikkje på ordentleg, altså – ser du ein sau oppfordrar eg deg IKKJE til å jaga han!). Bufaring av sau kan såleis vera livlege saker. Lamungar er søte og små, men også mykje sterkare enn dei verkar til. Det er ikkje alltid spøk å halda dei fast når dei skal få ymse kurar eller liknande.

Vêråtak og pinlege situasjonar

Kalvar er ei anna sak enn kyr. Der kyrne er meir mogne og rolege, har kalvane liv i alle endar og ei livsglede ein berre må ta av seg hatten for.

Den største flausa (er ikkje dét eit fint ord? Det går diverre ofte i gløymeboka til fordel for ordet tabbe, men dette er ei avsporing) eg har hatt når deg gjeld flytting av dyr, har med kalvar å gjera. Dei skulle ikkje bufarast, berre flyttast frå eit heimebeite til eit anna. Eg hadde ingenting med kalvejaget å gjera, men dukka tilfeldigvis opp i motgåande retning, på full fart for å henta ferieposten til nokre kjenningar på kortast mogleg tid.

Bilete av eit lam, nokre gamle løvetannar og ei kløvereng.
Lamungen lengtar nok etter årets bufaring.

Eg veit ikkje heilt kva det er, men noko skjer i uventa situasjonar. Hjernen sluttar å fungera, i alle fall på nokon fornuftig måte. No stod eg altså midt i vegen og mot meg kom to store kalvar i fullt firsprang. Såpass erfaring har eg med dyr, at eg veit at det i slike situasjonar er om å gjera å gjera seg usynleg så fort som råd. Kalvar kan vera vare og skvetne overfor folk, slik at dei anten spring i heilt andre retningar enn den tiltenkte, eller så kan dei verta olme og springa deg ned (ikkje så ofte akkurat det skjer, men ein gong vart eg faktisk stanga ned av ein vêr. Eg var lita (minst i flokken eg gjekk i) og skulle henta posten (noko som altså kan by på problem rett som det er). Vêren lurde seg innpå meg bakfrå og stanga meg rett ned. Sauer er ikkje dumme – han visste korleis han skulle velja ut og nedleggja «bytedyret»).

Begge alternativa ovanfor er slikt ein vil unngå. Så kva gjorde eg då eg plutseleg hamna midt i eit kalvejag? Eg kunne busa på for å få gjort unna ærendet mitt, eller eg kunne kasta meg inn i ei buske og venta til dei hadde passert. Eg valde alternativ nummer tre, eg trekte meg til sides og opp i grøfta, men vart så forfjamsa at eg heldt fram med å lea meg halvvegs framover i liten fart.

Usynleg? Eg?

Kva var det eg trudde? At kalvane skulle oppfatta meg som eit tre som berre seig litt framover? Ingen trussel i det heile . . .

Bonden, som var ein kjenning av meg, hadde gardert seg med hjelpemenn til kalvejaget, så bak kalvane kom det fire(!) mann. Kva kalvane gjorde? Dei sprang i alle retningar, på den måten berre to kalvar kan gjera slikt. Dei fire karane fekk i alle fall trimmen sin den dagen, der dei beina etter. Litt turt kom det frå bonden: «Rønnaug! Du jagar feil veg!». Kva eg gjorde? Strekte ut armane og veiva litt medan eg med svevande stemme sa: «Eg er eit tre…» (dersom eg ikkje sa det, kunne det jo verka forvirrande).

Nei då, eg er jo ikkje gal, så eg såg berre skamfullt ned i bakken og mumla fram ei spak orsaking. I ettertid ser eg meg litt betre føre før eg hentar posten.

Lanskapsbilete av snø i fjellet.
Det vert nok ei lita stund før lamungen kjem på fjellbeitet sitt. Slik ser det ut der i slutten av juni 2015.

Bufaring kjem av ordet «bufar» som eigentleg viser til å flytta frå ein stad til ein annan. For tidlegare var det nett det du gjorde – du flytta folk, eigedelar og fe til støls for heile sommaren. No er det mindre vanleg, og du er nok uansett meir mobil dersom du jobbar som budeie no til dags.

Heilt til slutt

Tusen takk for at du var innom bloggen min i dag! Dersom du likte det du las, er det kjempeflott om du trykkjer på dele- eller likeknappen under, eller om du legg att ein kommentar til meg. Uansett ynskjer eg deg ein strålande dag vidare!

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.