Molteplukking, trollmyrer og livsfilosofi

Kva vil du aller helst verta hugsa for her i livet? Som gründar som utviklar sin eigen arbeidsstad tek eg mange kurs. Både amerikanske og diverse norske.

Førebilete

Felles for desse kursa er at dei alltid pirkar bort i kven du er. Dei gjev deg alltid store spørsmål som du skal tenkja gjennom. Dette har fått meg til å tenkja på mine eigne førebilete og kor mykje dei har prega meg opp gjennom åra. Det vil seia at eg har påverkingskraft til å påverka andre rundt meg, vil det ikkje? Noko å tenkja på. Dagens innlegg handlar om besta, som er eitt av førebileta mine, bærplukking og verdiar.

Besta og moltene

Sidan før eg kunne gå har eg vorte dregen med på bærplukking. Som lita hugsar eg endelause turar saman med mamma og besta og resten av familien. Bær for oss har alltid vore molter. «Såg du om det var kome blomar? Vert det bær i år?». Standardspørsmåla frå besta kvar gong nokon av oss hadde vore på ein liten fjelltur. «Knyter dei seg? Såg du kart?».

Fire bilete av fjellvatn med bakgrunn av fjelltoppar eller kun vatnet med siv og vassliljer. Eitt bilete av molter som er plukka.
Her har eg berre teke med diverse skrytebilete for å visa fram landskapet som eg er så heldig å få boltra meg i. Eg elskar fjellvatn! Minst ein gong kvar moltesesong går eg ein runde slik at eg ser alle dei sju vatna som ligg i området. Ein tur eg vil tilrå alle!

Ho lærte oss godt opp. Den dag i dag kan eg ikkje gå på ein fjelltur utan å leggja merke til moltene og utviklinga deira gjennom sesongen. Og når dei er modne får eg utferdstrong og må på bærplukking. Det som gjorde mest inntrykk på meg var den urokkelege iveren og optimismen hennar. Eg gjekk ikkje på ein moltetur i lag med besta utan at ho snakka om trollmyra som ho alltid jakta på.

Trollmyra

Ei trollmyr er som i eventyra, ei myr full av molter, der det dukkar opp nye etter kvart som du plukkar, der det aldri vert tomt. Dette var ein av dei store draumane hennar. Besta fann nok aldri den trollmyra i si livstid – i alle fall fortalde ho aldri meg om det. Men det ho fann var kanskje endå meir verdifullt. Ho fann gleda i det å sjå fram mot noko, og denne gav ho vidare til oss andre.

Når eg no reiser på ein moltetur, har eg akkurat same innstillinga som besta. Eg går på jakt etter ei trollmyr, og ventar at ho skal dukka opp kvar einaste gong. Dette fører til at eg får ein flott tur full av gode kjensler kvar gong. Eg er full av pågangsmot når eg set av garde, og dersom eg ikkje har funne noko særleg med molter når eg går heim, tenkjer eg allereie på neste moltetur med optimisme.

Er det så viktig?

Det er mange år sidan besta døydde no, er det ikkje fint at innstillingane og verdiane hennar framleis sit att i dei som kjende ho? Eg tykkjer at det er både flott og skummelt at ting eg seier og gjer har innverknad på dei som er rundt meg. Kven vil eg vera? Kva verdiar har eg lyst til å gje vidare i verda? Det er mange ting å tenkja på.

Ja, det er viktig!

Eg prøver å overføra besta si innstilling til andre delar av livet mitt òg. Tanken er ikkje å gå rundt som ein evig drøymar, men heller det å sjå fram mot eit mål og nyta vegen dit.

Besta sette ikkje berre si lit til trollmyra. Ho gjorde eit grundig førearbeid kvar sesong. Om ho ikkje fekk teke seg fjellturar og sjekka sjølv, intervjua ho alle ho trefte som hadde vore på ein liten fjelltur og var fullt orientert om stoda før ho byrja på sjølve bærplukkinga. Ho visste også at sjølve trollmyra ikkje dukka opp av seg sjølv – ein måtte leita etter ho. På sjølve turen var ho full av liv, smil og humor.

Slik har eg lyst til å leva livet mitt. Drøyma stort, jobba grundig og nyta turen.

Heilt til slutt

Takk for følgjet gjennom innlegget! Dersom du tykkjer du har nytte av innlegget og likte det du las, er det supert om du trykkjer på like- eller deleknappen under, eller om du legg att ein kommentar under. Kanskje har du eit førebilete som har påverka og framleis påverkar deg? Kanskje har du tankar om kva verdiar du vil gje vidare til andre. Om du ikkje kommenterer, så håpar eg at du tek deg tid til å tenkja gjennom det.

Klem,

Rønnaug

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.