Kor fordomsfull er du?

Dagens innlegg handlar om kommunikasjon. Det tok litt tid å skriva dette innlegget, me skal nemleg sjå litt på fordomane mine, og det er ikkje alltid like moro. Me skal sjå på kva som gjer at me oppfattar nokon som truverdige innan ulike tema, og korleis måten folk står fram på påverkar korleis me oppfattar det dei seier eller skriv.

Bilete av jordbær og blåbær, og eit bilete av ei hengekøye på ei øy.
Det er lov å kosa seg litt om sommaren.

Vatning og dramatikk

«Eg håpar du har tenkt å bruka den vasskanna òg!» Eg kvekk til av den hissige, høge røysta og snur meg. Det er seint på kvelden ein godvêrsdag og eg er på kyrkjegarden for å vatna blomane på familiegravene. Eg har alltid god tid når eg gjer dette og ruslar som regel rundt og steller litt med blomane. Denne gongen trefte eg ein kjenning ved krana der ein fyller på kannene. Han var nettopp ferdig å vatna og gav vasskanna vidare til meg. Me vert ståande i kanskje ti minutt og snakka, medan andre «vatnarar» ruslar rundt oss og fyller på kanner.

Den skarpe røysta tilhøyrer ei ganske stor dame med eit sint uttrykk i andletet. Bak ho går ei lita flis av ein mann med armane i kross og skuler på meg. Eg ler litt usikkert og avvæpnande og seier at «Jau … det er no liksom planen…» «Ja, det håpar eg verkeleg!», svarar dama surt, medan ho slenger frå seg ei vasskanne attmed krana.

«Trong du …» Eg kjem ikkje lenger før dama held fram «Det går an å tenkja på andre! Ikkje berre stå og halda på ei kanne slik – det kan vera andre som treng ho! Det går an å visa omsyn!» Mannen skuler om mogleg endå meir intenst på meg og nikkar samd.

Fordomsfull? Eg?

Eg ser jo poenget til dama. Det var kanskje egoistisk av meg å halda på vasskanna medan eg slo av ein prat med ein kjenning. Eg må innrømma at eg ikkje tenkte på det i det heile, eg la ikkje merke til nokon som mangla kanne og eg plar ha så god tid sjølv at eg ikkje tenkjer slik.

Men trur du at den første reaksjonen min var å seia meg samd? På ingen måte – eg hadde meir lyst til å svara noko usakleg og frekt som «Fysj, kor brune sko du har!» (Eg hadde eigentleg ingenting å utsetja på mennesket, men hadde forferdeleg lyst til å seia noko stygt…) Heldigvis sa eg ikkje det, eg mumla halvhøgt medan dei hasta vidare at «Det går an å spørja i staden for å koma med slengkommentarar i etterkant.» (Noko som i og for seg er meir enn uhøfleg nok).

Så kva er det som gjer at eg ikkje ynskjer å ta til meg lærdom frå denne dama i denne situasjonen? Argumentet hennar er vel tydeleg nok?

Retorikk

For å finna svaret på dette, må me sjå på taleteknikk, nærare bestemt retorikken. Retorikken kan kort definerast som kunsten å tala for å overtyda. Retorikken kan overførast både til skriftlege tekstar og dagleglivet, som i historia ovanfor. Kva var det som skurra for meg då dama prøvde å overtyda meg om at eg var egoistisk og lite omtenksam? Eg trur det har med etos å gjera.

Etos er noko som vert skapt mellom talar og tilhøyrar. Dersom talaren har høg etos, har han stor evne til å overtyda tilhøyraren berre i kraft av å vera den personen han eller ho er. Talaren er med andre ord truverdig (eit døme på ein person med høg etos er Oprah Winfrey – ho kan overtyda tilhøyrarane sine om det meste).

Etos og korleis det fungerer

Eigenskapane som skal til for at du skal ha høg etos, kan, i følgje Aristoteles (igjen), delast inn i velvilje (evnoia), dygd/moralsk kvalitet (arete) og sunn fornuft (fronesis). Velvilje handlar om at du verkar til å vera ein person som vil medmenneska dine godt. Du står fram som ein triveleg og grei person. Dygd handlar om at tilhøyraren oppfattar deg som ein moralsk god person. Sunn fornuft seier seg vel eigentleg sjølv, du vert oppfatta som ein fornuftig og intelligent person.

Er etos noko du som talar skaper heilt på eiga hand? Nei, absolutt ikkje. Etos vert skapt i lag med den som høyrer på deg eller les det du har skrive. Det kjem an på kva kulturell bakgrunn og fordomar tilhøyraren har med seg.

Kor truverdig du verkar, endrar seg også frå situasjon til situasjon. Statsministaren kan ha høg etos når det er snakk om politikk, men når det kjem til t.d. sauehald, vil ikkje det at ho er statsministar gjera ho truverdig.

Jau, litt fordomsfull

Så om me vender attende til opplevinga mi på kyrkjegarden, kan me slå fast at eg ikkje oppfatta at dama med vasskanna hadde særleg høg etos.

Dersom bodskapen du prøver å få fram, er at ein person bør vera meir omtenksam og ta meir omsyn til andre, bør du sjølv stå fram som ein omtenksam og grei person.

Då hadde nok reaksjonen min vore annleis, og fordomane mine hadde ikkje fått herja fritt. Eg oppfatta ho ikkje som eit omtenksamt menneske, men kan ikkje sikkert seia at ho ikkje er det.

Hadde bakgrunnen min vore annleis, hadde eg også vore stressa og hatt dårleg tid då eg skulle vatna, hadde eg nok også oppfatta dama annleis.

Noko å tenkja på

Etos er altså noko du bør tenkja på både når du er avsendar (snakkar eller skriv) og når du er mottakar. Bør du skilja sak og person? Er du meir fordomsfull enn du treng vera? Vert du oppfatta slik du ynskjer i denne situasjonen?

Dette vart ein lang tekst, så eg set stor pris på at du framleis er med meg! Dersom du likar teksten, er det fint om du trykkjer på like- eller dele-knappen under, eller skriv ein kommentar. Elles ynskjer eg deg nokre strålande sommardagar fram til neste gong me møtest!

Klem,

Rønnaug

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.