Kjært barn har mange namn…

I bloggen i dag skal me sjå litt på ulike ord me har som dekkjer det same. Dei fleste har nok høyrt om eskimo-folket som har haugevis med ord for snø? Mellom 20 og 200 ein plass har eg høyrt. Fasinerande, er det ikkje?

Diverre er det visst ikkje noka sanning i det. I røynda skal dei ha mellom to og fire ord for snø. Historia mister litt av kuriositeten og poenget sitt når ein blandar inn fakta, så det bør ein helst ikkje gjera. Men om me går vidare, kan me sjå litt på kva ord me har som dekkjer det same.

Bilete av tre bøker oppå kvarandre, den øvste er oppslegen. Bilete av ei opa bok med eit hjarte. Bilete av eit naust ved eit fjellvatn.
Er boka skriven eller forfatta? Notert, kanskje? Naustet ligg i alle fall ved Halsavatnet.

Om me vel eit ord som skriving, har me eit mangfald av synonym å ta av. Me kan notera, skribla, russa, føra ned, eller meir nymotens ord som blogga, teksta, chatta osv.

Eg har fundert litt på om me treng desse orda, og kvifor me lagar oss nye ord for noko me allereie har. Med litt hell skal eg få deg til å grubla over det same.

Er det lengda som avgjer?

Attende til skrivinga. Ein kan altså notera på eit notat eller blogga på ein blogg. Men eg har enno ikkje høyrt om nokon som «romanar» på ein roman.

Kvifor ikkje? Kan det ha noko med lengda på teksten ein skriv å gjera? Er det eit punkt der det går frå å vera t.d. notering til at det vert den meir seriøse skrivinga? Når du har passert visst mange sider med tekst, vert det då skriving? Det spelar kanskje inn, men eg har aldri høyrt om nokon som «annonsar» ei annonse heller, derimot har eg, ein og anna gongen, høyrt om forfattarar som forfattar forfattarskapa sine.

Latskap?

Kanskje skiljet går ein annan stad? Det kan jo vera at me lagar nye ord for å skildra saker me gjer til dagen. At me lagar ord fordi me er late eller har for dårleg tid til å seia heile setninga. I staden for å seia at «No skriv eg på bloggen», seier eg heller «Eg bloggar». Då får eg liksom dekkja alt på ein gong. Eg kunne sjølvsagt berre sagt «Eg skriv», men då hadde kanskje folk spurt meg om kva eg skreiv på osv. I latskapens namn er blogging eit meir effektivt og dekkjande uttrykk.

Eg kan jo heller ikkje la vera å kommentera at me har adoptert ordet frå engelsk. Det same har me gjort med chatting, til dømes. Me kan jo enkelt omsetja begge orda: blogg frå web log, kan omsetjast til nettdagbok og chat kan omsetjast til nettprat eller rett og slett småprat. Men det er enklare å nytta dei engelske uttrykka, så då gjer me heller det.

Nokre på veg inn, andre på veg ut

Men dette var ei avsporing. Attende til kvardagslege ord – det er rart å tenkja på at ord ein nyttar til dagleg var ukjende for kort tid sidan. Dusjing, til dømes, ville nok ikkje vera eit vanleg innslag i daglegtale for 50 år sidan. Og «googling» høyrdest rart ut for berre tiår sidan (eller søkjemotorsøkjing, som me kanskje heller burde ha kalla det – det er mogleg at ikkje alle forslaga mine er like gjennomtenkte).

Andre ord er på veg ut. Til dømes er eit av yndlingsverba mine på veg ut av språket, i den grad det nokon gong var skikkeleg inne. Ordet du ikkje kan seia utan å føla eit visst snev av andakt medan du uttalar (du føler deg samstundes litt fjollete og tilårskomen), trekk pusten djupt og sei: «Eg telefonerer». Fint, ikkje sant?

Til slutt

Poenget med dagens tekst kan vera litt vanskeleg å gripa tak i. Eg ville rett og slett setja i gong nokre tankeprosessar rundt dette med språk. Kva ein funderer seg fram til er ikkje alltid så viktig, men at ein tenkjer gjennom det.

Tusen takk for følgjet denne gongen. Teksten vart litt lang og kronglete. Dersom du sette pris på teksten og hadde nytte av han, vert eg veldig takksam om du trykkjer på like- eller deleknappen under, eller legg att ein kommentar til meg. Kanskje du har nokre språkting du grublar på og som du vil dela.

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.