Kategoriarkiv: Skrivetips

3 tips som garantert vil gjera skriving enklare – del 3

Dette er innlegg nummer tre av tre om korleis ein legg eit godt fundament for å skriva ein kva som helst slags type tekst. Dersom du ikkje har lese dei andre innlegga, kan det vera lurt å sjå på dei først, du finn det første her og det andre her.

Tre bøker av Steven Pressfield (Do the Work, The War of Art og Turning Pro. Ei humle. Krussedullar i ei kladdebok.
Har teke med eit bilete av dei inspirerande bøkene til Steven Pressfield, ei humle som kom på besøk og eit døme på korleis mine kladdebøker ser ut…

No har du både hatt ei idémyldring for å få idear, og du har snevra inn temaet og fått ei meining om kva du ynskjer å fokusera på. Du har rangert viktige og mindre viktige ord og tankar. Det du ikkje har vore innom enno, men som syner seg å vera veldig viktig når ein skriv ein tekst (eller held ein tale), er strukturen.

Korleis skal du byggja opp teksten? Som me har snakka om tidlegare, handlar det å laga ein disposisjon om kva du skal putta inn kvar, og steg nummer tre handlar om akkurat dette.

Dagens tips

Det tredje og siste tipset mitt er å dela teksten inn i ei byrjing, ein midte og ein slutt. Det høyrest kanskje enkelt ut, men eg har faktisk teke dette frå Aristoteles (Poetikken). Rett nok snakka vel han om greske tragediar, men det bryr ikkje me oss om. Er det godt noko for Aristoteles, er det godt nok for oss.

Sjølv om det verkar logisk å dela teksten inn i ei byrjing, ein midte og ein slutt, så er det ofte dette punktet ein står fast på. Kva skal ein putta inn kvar? Kva skal koma først osv. Svaret på dette kjem an på kva type tekst (sjanger) du skriv. Dei fleste sjangrane har ganske faste reglar for kva som skal inn kvar, og då er det berre for deg å fylla inn.

Korleis gjer ein det, eigentleg?

Reint praktisk kan du finna deg eit blankt ark, dela det inn i dei tre punkta og så fylla inn det som skal inn under kvart og vips så har du ei oppskrift for korleis teksten skal vera. Då er det berre å setja i gong å skriva. Noko som kan vera lurt å tenkja på når du skal laga disposisjonen er at midten alltid skal vera den lengste delen, så han treng mest plass på arket.

Pass på

Elles skal du passa på at disposisjonen ikkje vert for lang, då hemmar han berre resten av skrivinga. I følgje Steven Pressfield, som har skrive nokre veldig gode bøker om skriving og det å utsetja ting, skal ein disposisjon for ein roman dekkja ca. eit A4-ark (litt større enn det). Det gjev deg ein idé om kor detaljert disposisjonen skal vera. Han skal vera eit utgangspunkt for teksten, eit hjelpemiddel.

Heilt til slutt

Dette er det siste og avsluttande innlegget om korleis ein lagar ein disposisjon. Eg håpar dette er til nytte for deg og at du finn det enklare å skriva tekstar dersom du nyttar tipsa mine. Det hender rett som det er at eg slurvar med disposisjonen sjølv når eg skal skriva noko. Som regel endar eg opp på same måten som på ungdomsskulen. Eg skriv fleire variantar og endar opp med å gjera mykje meir arbeid enn om eg hadde byrja med disposisjonen frå starten av.

Dersom du likar innlegget er det fint om du trykkjer på like- eller dele-knappen, eller skriv ein kommentar under. Lukka til med disposisjon og skriving!

 

Klem,

Rønnaug

 

3 tips som garantert vil gjera skriving enklare – del 2

Dette er innlegg nummer to av tre om korleis ein lagar ein god disposisjon, noko som vil gjera sjølve skrivearbeidet til ei enklare sak. Dersom du ikkje har lese det første innlegget, kan det vera lurt å lesa gjennom det først – du finn det her.

Utsikt frå Nuken med eit gamalt skilt og bilete av ein regnboge på same turen.
Dagens bilete er inspirert av dagens tur på Nuken. Dette vart teke ein haust for eit par år sidan. Vakker regnboge og dei gamle, fotogene, men heilt uleselege skilta.

Me held fram der me avslutta sist. Når du no er ferdig med idémyldringa, har du laga deg eit godt grunnlag for det vidare arbeidet. Du har fått eit oversyn over kva du kan om emnet, du har sikkert fått ein peikepinn på kva du må undersøkja litt nærare. Kvar du treng å sjekka fakta, rett og slett.

Eit kritisk blikk

No skal du sjå på orda du har skrive ned med eit litt meir kritisk blikk. Kva kjenneteiknar orda, setningane og teikningane du har skrive ned? Er det snakk om kjensler eller logikk?

Det er no det vert spennande, for no skal du snevra inn temaet ditt. Du skal definera emnet ditt klårt og tydeleg.

Dagens tips

Tips nummer to er å stilla spørsmålet: Kva er det viktigaste eg vil at lesaren skal sitja att med?

Dette spørsmålet er todelt. Det handlar om deg og det du ynskjer å seia om emnet ditt, men peiker også på lesaren og kva som må til for å nå fram til han. Her skal du altså ikkje berre tenkja på deg sjølv og dine ynskje, men også setja deg inn i situasjonen til den du ynskjer å nå fram til.

Når du no ser på alt du skreiv ned under førre punkt, så kan det henda at fokuset ditt endrar seg. Kanskje nokre av dei argumenta du skreiv ned der ikkje er så relevante meir. Kanskje andre vert viktigare enn du tenkte først. Kanskje noko kan verka forvirrande på lesaren. På denne måten får du sila ut informasjonen som ikkje er av så stor interesse i den samanhengen du ser føre deg.

Om du er interessert i å lesa meir om akkurat dette, kan du sjå på dette innlegget som handlar om noko av det same.

Heilt til slutt

Som nemnt i førre innlegg er det ikkje ei oppskrift som gjer seg sjølv eg har gjeve deg, du må gjera jobben. Men som med alt anna vert det enklare med øving og resten av skriveprosessen går fortare når ein har gjort eit grundig førearbeid. Det er i alle fall mi erfaring.

Uansett kva type tekst du skal skriva, vil denne måten å tenkja på før du byrjar, hjelpa deg med å strukturera teksten så han vert meir heilskapleg.

No har eg berre eitt tips att i denne serien, og det kjem neste gong. Håpar du har nytte av tipsa eg gjev deg og at du finn noko du kan ta med deg vidare.

Kommenter gjerne og dersom du likar innhaldet, kan du trykkja på like- eller dele-knappen under. Eg set stor pris på tilbakemeldingane eg får!

Klem,

Rønnaug

3 tips som garantert vil gjera skriving enklare – del 1

Ein kan ikkje ha ein skriveblogg utan å koma innom temaet tekstarbeid, så i dette innlegget skal eg ta føre meg førearbeidet – det du gjer før du byrjar på sjølve skrivinga. Før me set i gong vil eg takka for responsen eg har fått på dei tidlegare innlegga – eg set veldig stor pris på tilbakemeldingar!

Fotografi av eit blømande tre, ein kaffikopp og ei bok og joggeskokledde føter i ei myr.
Tre ting som inspirerer meg for tida – blomar og bløming, kaffipause med ei god bok og fjellturar i joggesko (som går om ein ser litt stort på det).

Hender det at du tykkjer at det er vanskeleg å setja i gong med teksten du skal skriva? Det kan vera ein rapport du skal levera på jobb, ei oppgåve du må levera på skulen, ein tale du skal skriva til eit festleg lag eller kva som helst (dette fungerer på alle typar tekstar – også dei som skal framførast munnleg). Mange tykkjer det er vanskeleg å koma i gong eller vita kvar ein skal byrja, rett og slett.

Eg har no laga ein serie på tre innlegg der eg gjev deg eit nytt tips kvar gong som garantert vil gjera det enklare å skriva tekstar. I alle fall har det vore slik for meg.

Kladd og innføring

Først skal me attende til då eg gjekk på ungdomsskulen og me hadde tentamen i norsk. Då måtte me først skriva ein kladd med gråblyant på eit litt ekkelt voksa papir, for så å føra inn med penn på finare papir. Eg har alltid vore glad i lesing og skriving, så eg såg litt fram til desse skrivedagane, om enn med litt skrekkblanda fryd.

Kvar einaste gong skreiv eg ein versjon på kladden, men følte at noko vart feil, og enda opp med å skriva ein heilt ny tekst på innføringa. Dette fungerte fint, heilt til lærarane bestemde at me skulle levera inn både kladden og innføringa for at dei skulle forvissa seg om at me gjorde begge delar. Heile systemet mitt fall i saman og eg har sjeldan kjeda meg så heilhjarta og vore så misnøgd med noko eg har skrive.

Kladding var altså ikkje for meg. Eg var nok gladare i den kreative delen enn i finpussen. Noko eg heller skulle ha ynskt at eg hadde lært den gongen, og som har hjelpt meg å strukturera tekstar seinare, er å laga ein disposisjon.

Det «magiske» ordet

Det er det me skal sjå på no – korleis laga ein god disposisjon. Først av alt må me sjå på kva ein disposisjon er. Disposisjonen er eit oversyn over kva ein skal putta inn kvar i teksten – ein slags jukselapp som hjelper deg med planleggjinga.

Kva skal ein eigentleg med han? For meg handlar det om at det er lurt å ha sett på kartet før du reiser av garde på ein tur, ikkje etter at du har gått deg vill. Du får ein idé om kvar du skal med skrivinga.

Dagens tips 

Det første tipset mitt er det første steget til å laga ein god disposisjon. Du må setja deg ned med eit blankt ark og ha ei idémyldring. Det du skal gjera er å dumpa ned alt du kjem på som kan vera relevant på arket. Det kan vera stikkord, enkle setningar og teikningar. Her skal du skriva ned absolutt alt du kjem på og ikkje vera kritisk i det heile.

Det er enklare å skriva ned ting dersom du har eit avgrensa emne, men det er ikkje naudsynt. Du kan fint finna emnet seinare utifrå det du skriv ned på papiret. Kvifor er idémyldringa så viktig? Ho gjev deg grunnlaget for både å laga disposisjonen og skriva teksten.

Heilt til slutt

Som du sikkert forstår, så er ikkje tipsa mine magiske trylleformular som skriv teksten for deg, du må nok gjera jobben sjølv. Likevel er gode verktøy viktige for godt handverk. I neste innlegg kjem tips nummer to.

Plar du bruka idémyldring når du skal skriva ein tekst? Korleis er di erfaring? Kommenter gjerne under!

 

Klem,

Rønnaug