Alle innlegg av Ronnaug

Fem skrivefeil du vil unngå

Inspirert av diverse nettdebattar og avisinnlegg, har eg i dag laga mitt eige oversyn over nokre skrivefeil du kan vera på vakt mot. Eg har rangert dei i tilfeldig rekkjefølgje.

Det er ikkje tvil om at språk engasjerer og skrivefeil irriterer. Men berre når du veit kva som er rett. Norsk, som dei fleste andre språk, er vanskeleg. Her er nokre tips om vanlege skrivefeil og korleis du kan unngå dei.

Bilete av to gipshjarter oppå ei oppslegen bok, eit raudt jordbær på ei oppslegen ordbok, eit nake tre ute.
Tid for rettskriving
  1. Blanda bruken av «også» og «og så». Nei, du kan ikkje nytta dei om eit anna. Ja, det er ein skilnad på dei. Desse kjem i same kategorien som «altfor» og «alt for», som du finn eit innlegg om her.

Ein hugseregel her er at «også» kan bytast ut med «òg». Du nyttar det når du skal forklara at noko er i tillegg til. Til dømes: «Veslebroren ville også vera med». Eit anna døme er: «Også Are likte musikken», dersom du skal byta ut med «òg» her, må du endra ordstillinga til «Are likte musikken òg».

«Og så», derimot, brukar du når du meiner «deretter skjedde dette». Dersom du til dømes skriv «Og så likte Are musikken», føreset det at noko skjedde i førekant som gjer at Are liker musikken no. Han gjorde det ikkje før.

Dersom du legg desse hugsereglane på minnet, vil det hjelpa deg når du er i tvil om kva uttrykk du skal velja.

 

  1. Feilstaving av ord.
    1. Døme på ord det er vanleg å stava feil er: blant (blandt), potensial (potensiale), uttrykk (utrykk), dessverre (desverre), sjeldan (skjeldan), interessant (interesant), nysgjerrig (nyskjerrig), om lag (omlag), an (ann), original (orginal), vondt (vont), misforstå (missforstå), arbeidsam (arbeidssam), areal (areale), parentes (parantes),osv.

    Lista er lang. For ordens skuld: Rett stavemåte står først, feil står i parentes.

     

  1. Blanding av uttrykka «ovanfor» og «overfor».
    1. Dersom nokon til dømes sit på ein stol på hi sida av bordet og stirer deg inn i augo – då sit vedkomande «overfor» deg.

    Dersom same person reint fysisk sit over deg, i eit tre eller liknande, sit vedkomande «ovanfor» deg. Politiet kan stå «overfor» ei sak, du kan bli beden om å svara på spørsmåla «ovanfor» i boka.

    Når noko bokstavleg tala er over noko anna eller er nemnt tidlegare i ein tekst, nyttar du «ovanfor». Når noko er ved sidan av, framfor eller i høve til noko, nyttar du «overfor».

 

  1. Å skriva titlar og overskrifter etter engelske skrivereglar – stor bokstav i kvart ord. Døme på dette er «Det Kvite Hus», som på norsk skal skrivast «Det kvite hus» (berre stor bokstav i det første ordet), «Den Store Dagen» (Den store dagen), osv.

 

  1. Diverse ordelingar: Fårikål (ikkje får-i-kål), sommarferie (ikkje sommar ferie), norsklærar (ikkje norsk lærar, med mindre du snakkar om ein lærar som er norsk), fiskestang (ikkje fiske stang, med mindre du skal fiska ei stang), osv.

 

Det var ei lita liste over vanlege grammatiske feil ein kan gjera. Det er mange fleire, så det kan henda du har andre forslag. Då er det berre å skriva ein kommentar under her. Dersom du likte og hadde nytte av innlegget, er det flott om du trykkjer på like- eller deleknappen under. Elles ynskjer eg deg ein strålande dag!

Me snakkast!

 

Klem,

Rønnaug

Fjord og fjell

Dagens innlegg handlar om gåing. Eller nesten. Det handlar om kva eg plar å gjera når eg skal kopla av. Som frilansar som jobbar med tekst og omsetjing, kan dagane mine (og til tider nettene) verta veldig stillesitjande. Difor er eg glad i å koma meg ut i naturen og gå på tur. Helst ein gong om dagen.

Når det er mogleg føretrekkjer eg som regel å koma meg til fjells. Å vera i aktivitet skal også påverka kreativitet og hjerneaktivitet positivt, så det er mange grunnar til å koma seg opp av stolen og ut.

Under ser du nokre bilete som illustrerer kvifor eg likar det så godt. Særleg i fjellet er det ei eiga ro.

Bilete 1: Sti i ein granskog, bilete 2: Sti på fjellet, bilete 3:Eit tjern, bilete 4: Eit fjellvatn (Halsavatnet)
Desse bileta er tekne frå og på veg frå Nuken i Sogndalsdalen. Det er ein topp som vert mykje besøkt både av meg og andre i området.
Bilete 1: Skålatornet, bilete 2: Sti i steinrøys, bilete 3: Utsikt over ein dal og eit vatn, bilete 4: Høge toppar og ein dal med eit vatn i botnen.
Bilete frå tur til Skåla i Nordfjord og frå Tylderingen og Togga i Sogndalsdalen.
Bilete 1: Vatn i botnen av ein dal, bilete 2: Utsikt over eit vatn/innsjø og mange telt, bilete 3: Utsikt over fjell og dalar, bilete 4: Sola bryt gjennom skydekket og ned på fjorden, som ligg mellom fjell.
Bilete frå Togga i Sogndalsdalen, frå Gjendesheim under fjellfilmfestivalen, utsikt frå Besshøe og utsikt over fjorden frå Kaupangerholten.
Bilete 1: Trang dal i haustfargar, bilete 2: Fjelltopp med snø og skoddehav under, bilete 3: Naust ved eit frose fjellvatn og bilete 4: Ei dame som sit framfor eit stup der ein kan sjå ei bygd under.
Bilete frå Frudalen i Sogndalsdalen, over skoddehavet på Nuken, ved Halsavatnet (begge Sogndalsdalen) og frå Bøttejuvet, der ein kan sjå ned til Årdal.
Bilete 1: EIn hund som ser nedover ein fjellsti, bilete 2: Deltakarar som står og snakkar på ein fjelltopp, utsyn over ei bygd, bilete 3: Eit fjellvatn ein sommars dag.
Med hund på veg til Molden frå Marifjøra, frå motbakkeløpet Klondyke Opp på Voss og frå fjellvatnet Kyrauga i Sogndalsdalen.
Bilete 1: Fjell med fjord i botnen i haustfargar, bilete 2: Blå himmel og skyer speglar seg i eit fjellvatn.
Utsikt frå vegen opp til Molden frå Mollandsmarki og ein idyllisk sommardag ved Holmavatnet i Sogndalsdalen.
Bilete 1: Ei raud hytte på ei steinrøys, bada i dei siste solstålane for dagen, bilete 2: Ein fjellrygg i solnedgang, bilete 3: Solnedgang.
Frå turisthytta på Fannaråken. Solnedgang.

Om du har lyst til å sjå bileta i litt større format, er det berre å trykkja på dei. Neste gong skal eg skriva meir, men for no tenkte eg at bileta skulle få tala for seg sjølve.

Dersom du likte innlegget, er det supert om du trykkjer på like- eller dele-knappen under. Eller legg att ein kommentar. Kanskje du har andre tips til korleis ein kan kopla av etter ein stillesitjande arbeidsdag?

Me snakkast!

Klem,
Rønnaug

«Fornuft og følelse»

Eg kunne ikkje unngå å nytta tittelen til ei av favorittbøkene mine i dette innlegget. Me skal snakka om overtydingsteknikkar og denne gongen skal me sjå nærare på kjensledelen. I retorikken snakkar me om etos, patos og logos. Dersom du skal overtyda nokon om noko må desse tre vera på plass. Eg har tidlegare skrive innlegg om etos og logos, og i dag skal me konsentrera oss om patos.

Patos?

Når du har overtydd tilhengjaren om at du er ein truverdig person (etos) og om at saka du kjempar for ikkje er heilt på jordet (logos), er det på tide å få tilhøyraren til å forstå kvifor du kjempar for akkurat denne saka. Du må få kontakt med kjenslene til dei du snakkar til. Elles vil du ikkje klara å engasjera tilhøyrarene til å gjera det du ber dei om – dei vert likegyldige til resultatet, og det vil du sjølvsagt unngå.

Bilete av fotballbana under kamp mellom Sogndal og Haugesund.
Sogndal – Haugesund: Eg har vore på fotballkamp!

Patos og fotball

Patos vert ofte rekna synonymt med lidenskap. For å illustrera dette skal eg ta dykk med ein tur på Fosshaugane Campus, der eg var på laurdag. Sogndal spelte denne gongen mot Haugesund, og det var ein typisk skjebnekamp. Sogndal måtte vinna denne kampen for å ha sjansen til å halda seg i toppdivisjonen neste år.

Bakgrunnen for publikum var altså slik at alle visste kva som stod på spel. Det var inga logisk tvil om at saka (kampen) var viktig. Fotballaget til Sogndal har jo også naturleg truverd i denne samanhengen. Spørsmålet var om dei greidde å skapa engasjement og lidenskap. Dei var avhengige av at publikum brydde seg om utfallet i saka (kampen).

Slik er det også med deg

Slik er det i alle samanhengar der du prøver å overtyda nokon om eitkvart du brenn for. Dersom du vil at folk skal handla på ein særskilt måte, må du skapa engasjement – du må få dei til å bry seg! Måten du gjer dette på, er å appellera til kjenslene deira. Poenget er at dei skal kjenna seg att i problemstillinga du legg fram for dei. Dei skal kjenna glede, sinne, frykt osv. Dei skal kjenna noko her og no – slik at dei ynskjer å handla no.

Dette kan du oppnå ved å velja ord som understrekar stemninga eller kjensla du er ute etter å vekkja, ved bruk av ironi, metaforar eller samanlikningar. Dersom du fortel ei personleg historie med detaljerte skildringar, kan det hjelpa tilhøyraren med å identifisera seg med deg og med saka du legg fram.

I ein munnleg situasjon viser du dei med framferda di og tonefallet at dette er noko du brenn for. Du vil skapa lite engasjement dersom du brukar eit monotont stemmeleie og står heilt i ro. Responsen du er ute etter er som regel ei konkret handling.

Heia Sogndal

Attende på Fosshaugane, var den konkrete handlinga laget ville oppnå heia-rop og klapping frå publikum. Positiv energi til spelarane. Korleis skulle dei få til dette? Dei måtte først og fremst visa at dei likte seg på bana. At det var viktig for dei å gjera ein god jobb og at det var viktig for dei å halda seg i toppdivisjonen til neste år. At dei var villige til å kjempa for plassen.

Det var moro å vera på kamp denne dagen. Sjølv for meg, som er under middels interessert i fotball og som manglar ein del grunnleggjande kunnskap om sjølve spelet. Du kunne sjå at spelarane likte å spela fotball og at dei gjorde sitt aller beste der ute. Greidde dei å engasjera publikum?

Vel, dei siste tre-fire minuttane, frå dei 90 minuttane var spelte til tilleggstida var ute, stod heile stadion og klappa for laget. Me følte ei lita stund det same som dei følte.

Heilt til slutt

For å skapa denne typen engasjement må du altså få folk til å engasjera seg for utfallet i saka du snakkar om. Det gjer du ved å kommunisera med kjenslene deira. Få dei til å føla det same som det du føler. Det er patos. Lukka til!

Takk for at du er innom bloggen min og les innlegget mitt! Målet mitt er å skriva innlegg som er nyttige og underhaldande for andre – dersom du tykkjer eg lukkast med det, er det fint om du trykkjer på like- eller deleknappen under. Du kan også leggja att ein kommentar – både om du likar det eg skriv eller om du har nokre nyttige tips til meg.

Me snakkast!

 

Klem,

Rønnaug

 

Drit i det!

I bloggen i dag skal me sjå litt på kor viktig det er å ta pausar, men samstundes skal me også tenkja litt gjennom språket me nyttar når me gjer det.

Når du treng ein pause

I ein travel kvardag med mykje «støy» hender det at ein lyt ta seg ein pause frå alt maset. Favorittuttrykket mitt når det tettar seg til er «Drit i det!». Det gjev hjernen min signal om at det er på tide å ta seg ein pause. Ein liten siesta frå kompliserte tankar, ein pust i bakken, få perspektiv på ting og sjå problema sine frå ein annan vinkel.

Bilete av lauvsprett. Av ei oppslegen bok og ein kaffikopp. Diverse scrappe- og kortlagingsutstyr. Bilete av ei øy som speglar seg i eit fjellvatn.
Ting eg gjer når eg treng ein pause: Går tur, nyt naturen, les ei bok, drikk kaffi eller driv med ein kreativ hobby.

Drit i det, eller?

Ordlyden «drit i det» kan på nokon verka vel sterk og kanskje til og med støytande. Ikkje for meg. For meg understrekar orda akkurat kor bagatellmessige og uviktige mange av problemstillingane eg blæs opp er. For om eg skal vera ærleg, så hender det at eg gjer akkurat det – vert ei dramadronning, noko som er slitsamt både for meg sjølv og omgjevnadane. Inntrykket mitt er at resten av verda slit med akkurat det same – det som er fint, er at alle saman som regel ikkje er dramatiske på akkurat same tid.

Som den språknerden eg er, let eg meg provosera at det «nye» uttrykket som ser ut til å ta litt over for favorittuttrykket mitt – nemleg «føkk it/det». Det kjem frå engelske «fuck it», og som dei fleste engelske kraftuttrykka er det knytt til kropp. Våre eigne kraftuttrykk er for det meste knytt til religion.

Kor bokstavleg skal ein vera?

«Drit i det» er knytt til kroppslege funksjonar, og gjev eit veldig tydeleg og ettertrykkjeleg bilete av akkurat kor uviktig saka er for deg.

«Føkk it» , derimot, er noko meir utydeleg i biletbruken sin. Dersom du omset det til norsk, gjev det heilt andre assosiasjonar og signal enn det det norske uttrykket gjev. Tenk på det.

Ein skal jo passa seg for å omsetja ting direkte, det er som regel ikkje mogleg. Alt eg veit er at når eg vegrar meg for å seia det på norsk, noko som er tilfelle her, så bør eg kanskje ikkje seia det i det heile.

Eg er ganske sikker på at engelsktalande også heller hadde valt uttrykket «shit in it» enn «fuck it» dersom dei hadde fått valet den gongen. Kva trur du?

Heilt til slutt

Uansett kva du endar på når det gjeld val av uttrykk, så kan me vera samde om at pausar og nytt perspektiv i kvardagen er viktig for oss alle saman.

Takk for følgjet gjennom innlegget! Dersom du likte det du las, vert eg veldig glad om du trykkjer på like- eller deleknappen under, eller om du legg att ein kommentar. Me snakkast att om ikkje så lenge!

 

Klem,

Rønnaug

 

 

Logos – er det logisk?

For ei tid attende skreiv eg eit innlegg om etos, som er ein del av retorikken og taleteknikk, du finn det innlegget her.

Etos peiker mot at du er truverdig som person, men er det nok når du prøver å overtyda nokon om noko du brenn for? Nei, du kan vera så truverdig du berre vil, men dersom du berre pratar tull, kjem du truleg ingen veg likevel. Logos, som me skal sjå på i dag, er det som vil hjelpa deg med å oppretthalda truverdet ditt som avsendar.

Fire bilete av fjellområde. På det eine er det eit uthus og nokre kyr med.
Eg har valt nokre fjell- og dyrebilete i dag sidan delar av innhaldet handlar om jordbruk.

Irriterande for alle partar

Noko av det som kan irritera oss aller mest her i verda er folk som har veldig bastante meiningar om noko utan å ha sett seg inn i saka. Diverre går me alle saman i den fella rett som det er. Me meiner masse utan å ha sett oss inn i det me snakkar om. Eg er i alle fall skuldig i det somme tider. Forferdeleg pinleg å verta ferska på slikt.

Grunnen til at ein hamnar i slike situasjonar er at ein let fordomar og kjensler springa av garde med seg. For å unngå det må ein hugsa på logos, som er sjølve saka du diskuterer. Dei saklege og objektive argumenta som understøttar konklusjonen din. Du kan ikkje overtyda nokon om at du har rett dersom du ikkje kan forklara dei kvifor du har rett.

Logos

For å stadfesta at bodskapen vår er «sann», må me understøtta han med fakta, statistikkar og prov. Det er dette me i retorikken kallar logos. Logos er argument som er baserte på objektive fakta, du kan også inkludera sannsynlege fakta, slik som estimerte modellar og utrekningar og liknande.

Kontrollspørsmål du kan stilla deg sjølv for å vera sikker på at du er sakleg er: Gjev det eg påstår meining? Er det basert på fakta og statistikk? Er den konklusjonen eller løysinga eg legg fram logisk i høve til resultatet eg vil oppnå?

Logisk?

Me kan kort laga eit døme på dette ved å sjå på argumenta for å driva jordbruk her i landet, og ikkje berre importera mat frå utlandet.

Eg meiner at me skal halda fram med jordbruk her i landet, sjølv om det er subsidiert og dyrt i drift, fordi det er koseleg med dyr og bonden treng ein jobb og buplass. Det er dessutan stas å halda på tradisjonane.

Trur du eg kjem langt med desse argumenta, og er dei særleg logiske? Kort sagt – nei.

At det er koseleg med dyr, er det mange som er samde i, men det er ikkje ei ålmenn lov. Dei som er livredde for sauer tykkjer ikkje det er særleg koseleg med dyr. At bonden treng eit hus og ein jobb, er for så vidt sant. Men han kan få ein annan jobb, og me treng ikkje kasta ut bonden sjølv om me legg ned drifta på garden hans. Å halda på tradisjonar er fint, men det er mange tradisjonar som går dukken, så det er ingen grunn til å sjå på jordbruket som ekstra viktig i den samanhengen.

Påstandane mine ovanfor er altså noko veike når me snakkar om logos. Dersom eg vil slå eit slag for jordbruket, må eg altså gjera noko med argumenta mine. Eg må først og fremst basera dei på fakta. Eg gjer eit nytt forsøk:

Logisk

Eg meiner at me lyt halda fram med jordbruk her i landet, sjølv om det kostar ein del skattekroner, fordi me er rekna blant verdas rikaste land. I dag importerer me rundt 50 % av maten me treng. Mat er den einaste reelle verdien her i verda. Utan tilgong på mat døyr du. Dersom det oppstår ei krise i verda, som gjer at det ikkje er mogleg å få frakta maten til landet vårt, vil truleg fleire av oss i praksis svelta i hel.

Krisemaksimering? Det var det dei trudde i 1872 òg då det vart slutt på toll på import av landbruksvarer til Noreg. Bøndene klaga den gongen òg, men fekk lite gehør. Importert mat var billegare, ferdig med den saka. Smellen kom først med den første verdskrigen. Store delar av det norske folket, særleg i byane, svalt. Etter det vart tollpolitikken stramma inn, og det vart sett fokus på å kunna brødfø sitt eige land. Basert på dette meiner eg at det er lurt å halda fram med jordbruk i Noreg.

Er det eg påstår her logisk? Ja, du kan gjerne vera usamd med meg, men det eg seier er basert på fakta og ålmenn sanning. Me er rekna blant verdas rikaste land, me importerer 50 % av maten me treng, utan mat døyr du og under den første verdskrigen svalt nordmenn. Alt dette kan etterprøvast og det underbyggjer konklusjonen min.

Til å stola på?

Er argumentasjonen din alltid til å stola på dersom du hugsar å grunngje han med logiske prov? Berre delvis. Me kan sjølve velja kva argument me vil leggja vekt på og kva for nokre me vil tona ned eller utelata. Dette kan vera lurt å hugsa på om ein er avsendar eller tilhøyrar.

Heilt til slutt

Tusen takk for følgjet! Innlegget vart langt, og eg er takksam for at du framleis er her. Dersom du likte innlegget og ynskjer å dela det med andre, kan du trykkja på like- eller deleknappen under. Eg vert òg veldig glad dersom du vil leggja att ein kommentar i kommentarfeltet.

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

Molteplukking, trollmyrer og livsfilosofi

Kva vil du aller helst verta hugsa for her i livet? Som gründar som utviklar sin eigen arbeidsstad tek eg mange kurs. Både amerikanske og diverse norske.

Førebilete

Felles for desse kursa er at dei alltid pirkar bort i kven du er. Dei gjev deg alltid store spørsmål som du skal tenkja gjennom. Dette har fått meg til å tenkja på mine eigne førebilete og kor mykje dei har prega meg opp gjennom åra. Det vil seia at eg har påverkingskraft til å påverka andre rundt meg, vil det ikkje? Noko å tenkja på. Dagens innlegg handlar om besta, som er eitt av førebileta mine, bærplukking og verdiar.

Besta og moltene

Sidan før eg kunne gå har eg vorte dregen med på bærplukking. Som lita hugsar eg endelause turar saman med mamma og besta og resten av familien. Bær for oss har alltid vore molter. «Såg du om det var kome blomar? Vert det bær i år?». Standardspørsmåla frå besta kvar gong nokon av oss hadde vore på ein liten fjelltur. «Knyter dei seg? Såg du kart?».

Fire bilete av fjellvatn med bakgrunn av fjelltoppar eller kun vatnet med siv og vassliljer. Eitt bilete av molter som er plukka.
Her har eg berre teke med diverse skrytebilete for å visa fram landskapet som eg er så heldig å få boltra meg i. Eg elskar fjellvatn! Minst ein gong kvar moltesesong går eg ein runde slik at eg ser alle dei sju vatna som ligg i området. Ein tur eg vil tilrå alle!

Ho lærte oss godt opp. Den dag i dag kan eg ikkje gå på ein fjelltur utan å leggja merke til moltene og utviklinga deira gjennom sesongen. Og når dei er modne får eg utferdstrong og må på bærplukking. Det som gjorde mest inntrykk på meg var den urokkelege iveren og optimismen hennar. Eg gjekk ikkje på ein moltetur i lag med besta utan at ho snakka om trollmyra som ho alltid jakta på.

Trollmyra

Ei trollmyr er som i eventyra, ei myr full av molter, der det dukkar opp nye etter kvart som du plukkar, der det aldri vert tomt. Dette var ein av dei store draumane hennar. Besta fann nok aldri den trollmyra i si livstid – i alle fall fortalde ho aldri meg om det. Men det ho fann var kanskje endå meir verdifullt. Ho fann gleda i det å sjå fram mot noko, og denne gav ho vidare til oss andre.

Når eg no reiser på ein moltetur, har eg akkurat same innstillinga som besta. Eg går på jakt etter ei trollmyr, og ventar at ho skal dukka opp kvar einaste gong. Dette fører til at eg får ein flott tur full av gode kjensler kvar gong. Eg er full av pågangsmot når eg set av garde, og dersom eg ikkje har funne noko særleg med molter når eg går heim, tenkjer eg allereie på neste moltetur med optimisme.

Er det så viktig?

Det er mange år sidan besta døydde no, er det ikkje fint at innstillingane og verdiane hennar framleis sit att i dei som kjende ho? Eg tykkjer at det er både flott og skummelt at ting eg seier og gjer har innverknad på dei som er rundt meg. Kven vil eg vera? Kva verdiar har eg lyst til å gje vidare i verda? Det er mange ting å tenkja på.

Ja, det er viktig!

Eg prøver å overføra besta si innstilling til andre delar av livet mitt òg. Tanken er ikkje å gå rundt som ein evig drøymar, men heller det å sjå fram mot eit mål og nyta vegen dit.

Besta sette ikkje berre si lit til trollmyra. Ho gjorde eit grundig førearbeid kvar sesong. Om ho ikkje fekk teke seg fjellturar og sjekka sjølv, intervjua ho alle ho trefte som hadde vore på ein liten fjelltur og var fullt orientert om stoda før ho byrja på sjølve bærplukkinga. Ho visste også at sjølve trollmyra ikkje dukka opp av seg sjølv – ein måtte leita etter ho. På sjølve turen var ho full av liv, smil og humor.

Slik har eg lyst til å leva livet mitt. Drøyma stort, jobba grundig og nyta turen.

Heilt til slutt

Takk for følgjet gjennom innlegget! Dersom du tykkjer du har nytte av innlegget og likte det du las, er det supert om du trykkjer på like- eller deleknappen under, eller om du legg att ein kommentar under. Kanskje har du eit førebilete som har påverka og framleis påverkar deg? Kanskje har du tankar om kva verdiar du vil gje vidare til andre. Om du ikkje kommenterer, så håpar eg at du tek deg tid til å tenkja gjennom det.

Klem,

Rønnaug

Enno? Endå? Ennå? Enda? Forvirra?

Det er ei stund sidan førre innlegg no. Grunna sommaren. Eg reknar med at det er fleire enn meg som tek seg tid til å nyta sommaren me har i år!

Som du kanskje ser av overskrifta er dagens tema skrivereglar, og kor forvirrande enkelte ord kan vera. Det gjer det ikkje enklare at me har to målformer her i landet, men eg er veldig takksam for at eg får skriva på eit språk som er tilnærma likt måten eg snakkar på. Uansett, i dag har eg tenkt å snakka om adverb. «Jippi!» tenkjer du no. Slapp av, eg har tenkt å berga meg inn med nokre søte bilete av ein katt under, så det er berre å halda ut!

Adverb

Sidan dette innlegget skal handla om to ulike, konkrete adverb, og ikkje ordklassa generelt, skal eg bruka veldig lite tid på å forklara kva adverb er for noko. Kort sagt er det eit ord som skildrar noko – eit ord som står til eit verb, adjektiv, andre adverb eller setningar. I dette innlegget skal eg berre konsentrera meg om skilnaden mellom enno og endå – sidan det er to adverb som ofte vert nytta om eit anna, men som har litt ulike meiningar. Ja, eg veit at du kan velja å berre nytta endå, og kutta ut enno heilt, men det er jo berre trist, så det skal me prøva å unngå.

Den store skilnaden

Så kva er skilnaden? Reint teknisk er skilnaden at endå er eit gradsadverb og enno er eit tidsadverb. Jau, fine ord, men det seier vel ikkje så veldig mykje om kva skilnaden er? Om ein bryt det ned, kan ein seia at enno (som tidsadverb) handlar om tid (notid) og kan bytast ut med ordet framleis. Døme: Han tenkte på det enno/Han tenkte på det framleis.

Korleis ein skal nytta endå er hakket meir komplisert. Du kan nytta det når det er snakk om tid som er forbi – til dømes «I forgårs hadde me endå ikkje sett noko til han». Du kan også nytta det når det er snakk om grad, til dømes «endå meir», «endå betre», «endå finare». Som substitutt for «trass alt/likevel». Døme: «Det fekk han då endå få lov til, dersom … » Eller du kan nytta det dersom du vil utheva noko, som til dømes «Endå ein gong».

Kattebileta!

Dette var ei kort innføring i skilnaden mellom enno og endå. Håpar det er til nytte for deg! Under har eg sett inn dei nemnde kattebileta for å illustrera hovudskilnaden mellom enno som tidsadverb og endå som gradsadverb.

Fire bilete av ein svart katt som nærmar seg eit pinnsvin i ein hage.
Demonstrasjon av endå som gradsadverb: Ein nysgjerrig og litt skeptisk katt undersøkjer gjesten i hagen. Han kjem nærare, endå nærare, endå nærare og endå nærare. Rett etterpå hoppa han ein halv meter i lufta etter nærkontakt med piggane …
Tre bilete av ein svart katt som kviler i graset.
Demonstrasjon av enno som tidsadverb:
Ligg du der enno? LIGG DU DER ENNO?

Heilt til slutt

Takk for følgjet gjennom dette innlegget! Dersom du likte innlegget og tykte det var nyttig, vert eg veldig glad om du trykkjer på like- eller deleknappen under, eller om du legg att ein kommentar i kommentarfeltet. Elles ynskjer eg deg ein strålande sommar vidare! Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

Kor nifst kan du få det?

I bloggen i dag skal me snakka om korleis me brukar ord på ulike måtar når me skildrar hendingar, andre menneske, eigne opplevingar osv. Overskrifta kunne like gjerne ha vore «Kor fint kan du få det?» eller «Kor kjedeleg kan du få det?», men nifst er meir spennande, så eg gjekk for det.

Temaet me skal ta føre oss i dag er perspektiv. I tekstsamanheng kan ein gjera dette temaet så innvikla ein berre vil. Då eg jobba som lærar var det ofte tema som perspektiv og synsvinkel som skapte mest forvirring og frustrasjon blant elevane. Me skal ikkje innom dei tekniske delane av temaet i dette innlegget, men berre konsentrera oss om det heilt grunnleggjande.

Ein dag ved Nidarosdomen

Det første du kan gjera er å ta ein titt på bileta under her. Begge bileta vart tekne same dag, faktisk med berre eitt minutts mellomrom. Lyset har altså ikkje endra seg, ikkje vêret heller, omgjevnadane er heilt like. Likevel er bileta ganske ulike i framtoningane sine, er dei ikkje? Dei representerer ulike perspektiv og fortel såleis ulike historier.

To bilete av Nidarosdomen. Det eine viser katedralen bada i sol, medan det andre er teke frå ein annan vinkel. Der ein får eit meir dystert inntrykk.
Ein vårdag ved Nidarosdomen. Dei to bileta representerer to ulike stemningar og perspektiv. Det eine er lyst og koseleg, medan det andre er meir dramatisk og har eit gotisk preg.

Perspektiv og inntrykk

Kva perspektiv du vel når du skal fortelja noko, er avhengig av kva stemning du ynskjer å skapa. Det styrer ordvalet og stilen på heile forteljinga. Eg skal vera så modig at eg prøver meg på å gje deg eit døme:

Ho stod rett overfor meg. Augo var grøne og munnen var smal som ein strek. Ho stod eigentleg altfor nær. Eg kunne sjå porene i huda på nasen hennar og eg høyrde pusten hennar. Ho var rasande. Kvifor var det alltid eg som måtte unngjelda?

Dersom me no snur på flisa – utan å endra synsvinkel – kan historia sjå slik ut:

Ho stod heilt nær meg – i augehøgd. Augo gnistra som grøne steinar og munnen var komisk smal. Det at ho stod så nær gjorde at eg kunne sjå porene i den elles plettfrie huda. Det var fint å sjå at ho var menneskeleg som oss andre. Pusten hennar var varm og gjekk i små hiv. Eg snudde meg for å skjula eit smil. At ho var sint, gjorde heile personen friskare og meir     levande.

I dei to døma ovanfor har eg valt ulike ord og ulike fokus i skildringa av dama. Det gjer at den som les eller høyrer på det eg fortel, dannar seg ulike bilete både av dama, meg og situasjonen.

I det første dømet har eg valt eit litt sytete perspektiv. Der eg (som forteljar) ser på meg sjølv som eit offer for dette forferdelege mennesket. Ein får ikkje noko positivt inntrykk korkje av meg, dama eller sjølve situasjonen. Om sympatien ligg nokon stad, så er det kanskje hjå meg – offeret.

I det andre dømet har eg valt eit meir likeverdig perspektiv. Utifrå orda eg har valt ser du at eg eigentleg ser litt opp til dama, sjølv om eg ser på oss som likeverdige.

Det at eg legg til detaljen «skjula eit smil» gjev deg eit hint om at eg ikkje er heilt uskuldig i raseriet hennar. Dessutan ser eg på det som ein positiv ting at ho er sint. Sympatien ligg her meir hjå dama enn hjå forteljaren.

Og moralen er . . .

Det er ikkje berre i skriftlege tekstar det kan vera moro å leika litt med perspektiv. Eg prøver å gjera det så ofte som mogleg i dagleglivet også.

Det er vanskeleg å halda fram med å vera irritert over ein person eller ein situasjon dersom ein stadig skifter perspektiv og prøver å sjå alt i eit anna lys. Så spørsmålet eg stiller meg (etter at eg har kasta vekk meir eller mindre tid på å vera sint, sjølvsagt) er: Kan eg sjå dette på ein annan måte?

Heilt til slutt

Det fungerer som regel for meg. Håpar du sette pris på denne korte innføringa om perspektiv. Me kjem nok attende til temaet i seinare innlegg. Dersom du likar det du har lese, er det fint om du trykkjer på dele- eller like-knappen nedanfor, eller skriv ein kommentar under. Me snakkast!

 

Klem,

Rønnaug

Kor fordomsfull er du?

Dagens innlegg handlar om kommunikasjon. Det tok litt tid å skriva dette innlegget, me skal nemleg sjå litt på fordomane mine, og det er ikkje alltid like moro. Me skal sjå på kva som gjer at me oppfattar nokon som truverdige innan ulike tema, og korleis måten folk står fram på påverkar korleis me oppfattar det dei seier eller skriv.

Bilete av jordbær og blåbær, og eit bilete av ei hengekøye på ei øy.
Det er lov å kosa seg litt om sommaren.

Vatning og dramatikk

«Eg håpar du har tenkt å bruka den vasskanna òg!» Eg kvekk til av den hissige, høge røysta og snur meg. Det er seint på kvelden ein godvêrsdag og eg er på kyrkjegarden for å vatna blomane på familiegravene. Eg har alltid god tid når eg gjer dette og ruslar som regel rundt og steller litt med blomane. Denne gongen trefte eg ein kjenning ved krana der ein fyller på kannene. Han var nettopp ferdig å vatna og gav vasskanna vidare til meg. Me vert ståande i kanskje ti minutt og snakka, medan andre «vatnarar» ruslar rundt oss og fyller på kanner.

Den skarpe røysta tilhøyrer ei ganske stor dame med eit sint uttrykk i andletet. Bak ho går ei lita flis av ein mann med armane i kross og skuler på meg. Eg ler litt usikkert og avvæpnande og seier at «Jau … det er no liksom planen…» «Ja, det håpar eg verkeleg!», svarar dama surt, medan ho slenger frå seg ei vasskanne attmed krana.

«Trong du …» Eg kjem ikkje lenger før dama held fram «Det går an å tenkja på andre! Ikkje berre stå og halda på ei kanne slik – det kan vera andre som treng ho! Det går an å visa omsyn!» Mannen skuler om mogleg endå meir intenst på meg og nikkar samd.

Fordomsfull? Eg?

Eg ser jo poenget til dama. Det var kanskje egoistisk av meg å halda på vasskanna medan eg slo av ein prat med ein kjenning. Eg må innrømma at eg ikkje tenkte på det i det heile, eg la ikkje merke til nokon som mangla kanne og eg plar ha så god tid sjølv at eg ikkje tenkjer slik.

Men trur du at den første reaksjonen min var å seia meg samd? På ingen måte – eg hadde meir lyst til å svara noko usakleg og frekt som «Fysj, kor brune sko du har!» (Eg hadde eigentleg ingenting å utsetja på mennesket, men hadde forferdeleg lyst til å seia noko stygt…) Heldigvis sa eg ikkje det, eg mumla halvhøgt medan dei hasta vidare at «Det går an å spørja i staden for å koma med slengkommentarar i etterkant.» (Noko som i og for seg er meir enn uhøfleg nok).

Så kva er det som gjer at eg ikkje ynskjer å ta til meg lærdom frå denne dama i denne situasjonen? Argumentet hennar er vel tydeleg nok?

Retorikk

For å finna svaret på dette, må me sjå på taleteknikk, nærare bestemt retorikken. Retorikken kan kort definerast som kunsten å tala for å overtyda. Retorikken kan overførast både til skriftlege tekstar og dagleglivet, som i historia ovanfor. Kva var det som skurra for meg då dama prøvde å overtyda meg om at eg var egoistisk og lite omtenksam? Eg trur det har med etos å gjera.

Etos er noko som vert skapt mellom talar og tilhøyrar. Dersom talaren har høg etos, har han stor evne til å overtyda tilhøyraren berre i kraft av å vera den personen han eller ho er. Talaren er med andre ord truverdig (eit døme på ein person med høg etos er Oprah Winfrey – ho kan overtyda tilhøyrarane sine om det meste).

Etos og korleis det fungerer

Eigenskapane som skal til for at du skal ha høg etos, kan, i følgje Aristoteles (igjen), delast inn i velvilje (evnoia), dygd/moralsk kvalitet (arete) og sunn fornuft (fronesis). Velvilje handlar om at du verkar til å vera ein person som vil medmenneska dine godt. Du står fram som ein triveleg og grei person. Dygd handlar om at tilhøyraren oppfattar deg som ein moralsk god person. Sunn fornuft seier seg vel eigentleg sjølv, du vert oppfatta som ein fornuftig og intelligent person.

Er etos noko du som talar skaper heilt på eiga hand? Nei, absolutt ikkje. Etos vert skapt i lag med den som høyrer på deg eller les det du har skrive. Det kjem an på kva kulturell bakgrunn og fordomar tilhøyraren har med seg.

Kor truverdig du verkar, endrar seg også frå situasjon til situasjon. Statsministaren kan ha høg etos når det er snakk om politikk, men når det kjem til t.d. sauehald, vil ikkje det at ho er statsministar gjera ho truverdig.

Jau, litt fordomsfull

Så om me vender attende til opplevinga mi på kyrkjegarden, kan me slå fast at eg ikkje oppfatta at dama med vasskanna hadde særleg høg etos.

Dersom bodskapen du prøver å få fram, er at ein person bør vera meir omtenksam og ta meir omsyn til andre, bør du sjølv stå fram som ein omtenksam og grei person.

Då hadde nok reaksjonen min vore annleis, og fordomane mine hadde ikkje fått herja fritt. Eg oppfatta ho ikkje som eit omtenksamt menneske, men kan ikkje sikkert seia at ho ikkje er det.

Hadde bakgrunnen min vore annleis, hadde eg også vore stressa og hatt dårleg tid då eg skulle vatna, hadde eg nok også oppfatta dama annleis.

Noko å tenkja på

Etos er altså noko du bør tenkja på både når du er avsendar (snakkar eller skriv) og når du er mottakar. Bør du skilja sak og person? Er du meir fordomsfull enn du treng vera? Vert du oppfatta slik du ynskjer i denne situasjonen?

Dette vart ein lang tekst, så eg set stor pris på at du framleis er med meg! Dersom du likar teksten, er det fint om du trykkjer på like- eller dele-knappen under, eller skriv ein kommentar. Elles ynskjer eg deg nokre strålande sommardagar fram til neste gong me møtest!

Klem,

Rønnaug

3 tips som garantert vil gjera skriving enklare – del 3

Dette er innlegg nummer tre av tre om korleis ein legg eit godt fundament for å skriva ein kva som helst slags type tekst. Dersom du ikkje har lese dei andre innlegga, kan det vera lurt å sjå på dei først, du finn det første her og det andre her.

Tre bøker av Steven Pressfield (Do the Work, The War of Art og Turning Pro. Ei humle. Krussedullar i ei kladdebok.
Har teke med eit bilete av dei inspirerande bøkene til Steven Pressfield, ei humle som kom på besøk og eit døme på korleis mine kladdebøker ser ut…

No har du både hatt ei idémyldring for å få idear, og du har snevra inn temaet og fått ei meining om kva du ynskjer å fokusera på. Du har rangert viktige og mindre viktige ord og tankar. Det du ikkje har vore innom enno, men som syner seg å vera veldig viktig når ein skriv ein tekst (eller held ein tale), er strukturen.

Korleis skal du byggja opp teksten? Som me har snakka om tidlegare, handlar det å laga ein disposisjon om kva du skal putta inn kvar, og steg nummer tre handlar om akkurat dette.

Dagens tips

Det tredje og siste tipset mitt er å dela teksten inn i ei byrjing, ein midte og ein slutt. Det høyrest kanskje enkelt ut, men eg har faktisk teke dette frå Aristoteles (Poetikken). Rett nok snakka vel han om greske tragediar, men det bryr ikkje me oss om. Er det godt noko for Aristoteles, er det godt nok for oss.

Sjølv om det verkar logisk å dela teksten inn i ei byrjing, ein midte og ein slutt, så er det ofte dette punktet ein står fast på. Kva skal ein putta inn kvar? Kva skal koma først osv. Svaret på dette kjem an på kva type tekst (sjanger) du skriv. Dei fleste sjangrane har ganske faste reglar for kva som skal inn kvar, og då er det berre for deg å fylla inn.

Korleis gjer ein det, eigentleg?

Reint praktisk kan du finna deg eit blankt ark, dela det inn i dei tre punkta og så fylla inn det som skal inn under kvart og vips så har du ei oppskrift for korleis teksten skal vera. Då er det berre å setja i gong å skriva. Noko som kan vera lurt å tenkja på når du skal laga disposisjonen er at midten alltid skal vera den lengste delen, så han treng mest plass på arket.

Pass på

Elles skal du passa på at disposisjonen ikkje vert for lang, då hemmar han berre resten av skrivinga. I følgje Steven Pressfield, som har skrive nokre veldig gode bøker om skriving og det å utsetja ting, skal ein disposisjon for ein roman dekkja ca. eit A4-ark (litt større enn det). Det gjev deg ein idé om kor detaljert disposisjonen skal vera. Han skal vera eit utgangspunkt for teksten, eit hjelpemiddel.

Heilt til slutt

Dette er det siste og avsluttande innlegget om korleis ein lagar ein disposisjon. Eg håpar dette er til nytte for deg og at du finn det enklare å skriva tekstar dersom du nyttar tipsa mine. Det hender rett som det er at eg slurvar med disposisjonen sjølv når eg skal skriva noko. Som regel endar eg opp på same måten som på ungdomsskulen. Eg skriv fleire variantar og endar opp med å gjera mykje meir arbeid enn om eg hadde byrja med disposisjonen frå starten av.

Dersom du likar innlegget er det fint om du trykkjer på like- eller dele-knappen, eller skriv ein kommentar under. Lukka til med disposisjon og skriving!

 

Klem,

Rønnaug