Alle innlegg av Ronnaug

Den raustleiken her i verda kan fylla ein med age

I dag har eg fått fat i ei synonymordbok som heiter På godt norsk, og som handlar om omsetjingar frå bokmål til nynorsk. For ei lukke!

Eg er generelt sett veldig entusiastisk når det gjeld synonymordbøker, og denne var jo fin. Vanlegvis har eg nytta slike bøker i samanheng med omsetjingar eller når eg skriv engelske tekstar. Men når eg ser kor mykje snodig ein kan finna i slike bøker, er det umogleg å ikkje lura på om eg kan ha gjort nokre bommertar når eg har funne eit flott og imponerande ord som eg aldri har høyrt før, og som kanskje ikkje høyrest så naturleg ut som det eg hadde tenkt at det skulle.

Bilete av eit daudt tre i ein skog, bløming og av ein solnedgang.

Synonym

Eit synonym er eit ord som har same eller liknande tyding som eit anna. Det er der ordet berre har liknande tyding at det kan verta litt komplisert. Raustleiken i overskrifta er eit synonym til hjelpsemda (bm: hjelpsomheten). Fylla ein med age er føreslege i staden for overvelda. Det er jo ganske fint! Og i den rette samanhengen kan det passa godt inn. Helst i ein litt lyrisk tekst.

Litt peiling kan vera greitt å ha

Eit synonym for botemiddel, som finst på både nynorsk og bokmål, er rådgjerder. Ein kan setja inn førebyggjande rådgjerder (eller også åtgjerder) mot sniglar i hagen, til dømes. Ord som kan nyttast i staden for kvit (hvit) er blakk, blass, falma og gusten (blant andre). Ein som har fått eit draugslag er plaga med hekseskot og har vondt i ryggen.

Det er mange flotte ord å velja i, men det er ein liten fordel å ha så noko lunde oversyn over kva dei ulike orda tyder. Eg tvilar på at det hadde slege an om eg sa til nokon at «Du har så fine og gustne tenner!».

Heilt til slutt

Takk for at du var innom bloggen min i dag! Dersom du likte innlegget, er det strålande om du trykkjer på like- eller deleknappen under, eller legg att ein kommentar til meg. Finn deg gjerne ei synonymordbok sjølv og leit fram nokre ord du ikkje har nytta på lenge, eller som du kanskje aldri har nytta før. Det er moro! Ynskjer deg elles ein flott dag vidare!

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

Kjelde: På godt norsk av Magne Rommetveit

Slå eit slag for norsken din!

Eg er over gjennomsnittet glad i engelsk, noko blant anna utdanninga og yrkjet mitt ber preg av. Eg likar lydane, at skriftspråket deira er så overjordisk langt frå talemålet deira, at det kan nyttast på så mange måtar i så mange land. Ja, at det fungerer som eit lingua franca i mange høve i dag. Det er jo ikkje ei korrekt nemning, sidan eit lingua franca er eit kunstig språk – ei blanding av fleire språk, eit handelsspråk eller eit fellesspråk samansett av språka det dekkjer, men engelsk er dugande som eit fellesspråk i mange situasjonar no til dags.

Det eg ikkje er så oppglødd over er innblandinga av engelske ord i norsk. Ikkje for det, eg gjer det sjølv òg, meir enn eg likar å vedgå, men eg prøver å vera medviten om kva ord eg vel så langt det let seg gjera.

Det er det dagens innlegg skal handla om – ord som snik seg inn i språket mitt, men som eg lett som ein plett kan kvitta meg med dersom eg gjer ein liten innsats.

Bilete av ein raud nellik

Forengelsking og fornorsking

Både gjennom skulegong, vidare utdanning og i arbeidslivet har det kasta ut idear vore ein innfallsvinkel til dei fleste oppgåvene som skal gjennomførast. Påverka av engelsk som eg er har eg ofte sagt (og fleire med meg) «No tek me ein brainstorming». I dei seinare åra har eg gått meir over til å kalla det idémyldring i staden. Sjølve orda gjev for meg om lag like mykje meining, det er ikkje meir logisk å snakka om hjernestorming enn det er å seia idémyldring. Ordet idédugnad kan vera eit meir logisk val, men verkar litt framandt for meg enno.

I Internett-verda snakkar me ofte om den og den linken. Internett er jo bygd opp av slike, og det er dei me nyttar for å finna den informasjonen me leitar etter. Først gjekk eg over til den fornorska versjonen «lenkja», men når eg omset ein tekst i dag, kallar eg det for ei kopling.

Hjørne-kva-for-slag?

Sidan eg er frå Sogndal, kjem me ikkje utanom fotball og alle klisjeane ein støyter på der. Ordet keeper, til dømes, kan lett bytast ut med ordet målvakt. Målmann kan vera litt forvirrande, sidan det også viser til medlemar av Noregs mållag, som er opptekne av nynorsken sin posisjon i landet (det er mogleg at dette berre er ei nemning som me nyttar innbyrdes). Corner kan bytast ut med hjørnespark/kast (det er meir logisk enn å gaula HJØRNE). Nokre har til og med byrja å kalla mål for goal . . . det meiner eg at verkar litt overflødig.

Bilete av blomar og bløming.
Bløming

Random, seier du?

Dersom me vandrar vidare inn i musikken, så har me ord som disk-jockey (DJ), der me heller kan nytta dei fornorska orda platekusk eller plateryttar. Er ikkje det nokre fantastiske alternativ?

Noko anna me ofte snakkar om er business, og merkeleg nok føler me oss meir viktige enn når me snakkar om forretningar, som eigentleg gjev meir meining om du er norsk. Det er rart med det. Me snakkar også om commitment når me skal binda oss til noko. Eller fastfood i staden for snøggmat. Feedback i staden for tilbakemelding. Finish når me meiner sluttspurt (eller finpuss). Du snakkar om at noko er fair når du meiner rimeleg. Random når du meiner noko er tilfeldig. Lista er lang. Om du er interessert i fleire slike døme, og å verta meir medviten på språket du nyttar kan du gå inn på Språkrådet sine sider på denne koplinga.

Heilt til slutt

For min eigen del, tykkjer eg det er viktig å vera medviten om kva ord eg nyttar og kvar dei kjem frå. Eg vert litt engsteleg dei gongene eg nyttar engelske ord fordi eg ikkje kjem på det norske i farten, og det skjer. No kan eg skulda på at eg jobbar med omsetjing til dagen, men eg trur ikkje det berre er det som spelar inn. Det er kanskje heller slik at eg vert særs merksam på at engelsken snik seg såpass inn daglegtala fordi jobben min handlar om å finna gode norske alternativ.

Tenk på det sjølv, kanskje kjem du på nokre ord som du nyttar vel ofte, og som du kan byta ut med norsk i framtida. Skriv gjerne ein kommentar under her, dersom du ynskjer å dela det. Elles er eg takksam for at du tok turen innom bloggen i dag, og vert veldig glad om du trykkjer på like- eller deleknappen under. Elles ynskjer eg deg ein flott dag vidare!

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

Bloggen fyller år!

No har eg drive og blogga i eit år allereie, og det er på tide med eit lite attendeblikk. Tida har gått fort. I byrjinga tykte eg at det å leggja ut eit innlegg var noko av det skumlaste eg kunne gjera, men no er terskelen låg.

Bilete av blomar, eit 17. mai-tog, fyrverkeri og ei marsipankake.
Bloggen er eitt år! Ok, så er kanskje ikkje blomane, kaka, toget og fyrverkeriet til ære for bloggen … men kake er kake, seier no eg…

Gjennom året som har gått har eg for det meste teke føre meg tema som har med tekst, språk og skriving å gjera, og det har vore artig å finna nye tema og å prøva å vinkla det på ein måte som gjer det interssant å lesa.

For det er det som er målet – å gjera bloggen til ei interessant oppleving når du er innom her. At du plukkar opp noko du kanskje ikkje visste frå før, eller at du vert inspirert til å gjera noko du har lyst til å gjera.

I mai i fjor skreiv eg om kommunikasjon og prøvde å berga ordspråket til Kongen, det kan du lesa om her.

I juni skreiv eg om fordomar, retorikk og skrivetips. Juli var tida for enno/endå og perspektiv.

I august tok eg føre meg førebilete og logos. September var tida for å drita i det. I oktober stod skrivefeil og patos i fokus. I november var me innom rettskriving og for lite brukte ord.

Desember tok føre seg jul, nyttår og tradisjonar. På nyåret gjekk me gjennom akronym, eufemismar og førsteinntrykk.

Februar baud på å setja seg mål, ord, uttrykk og grammatikk. Den første vårmånaden var fylt med skriving av pressemelding, faste uttrykk og nokre bokmeldingar til påsketida. I april slo me eit slag for føremiddagsmaten. Og då er me rundt.

Håpar du har hatt ei fin reise med meg dette året. Eg har i alle fall tykt at det er stas å skriva desse epistlane om ting eg grublar på. Dersom du har nokre tips til meg om tema eg kan ta opp eller elles har nokre kommentarar, vert eg veldig glad dersom du legg att ein kommentar til meg under. Som alltid vert eg glad for at du trykkjer på like- eller deleknappen.

Takk for følgjet dette første året, og takk for at du stakk innom i dag!

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

 

Snodige bøker og god stemning

I går var eg i Den norske bokbyen i Fjærland, der fann eg ei bok eg ikkje kunne gå forbi. Slikt vert det innlegg av.

Den norske bokbyen vart grunnlagd i Munndal i Fjærland i 1995. Dei baserer seg på gjenbruk både når det gjeld bøker og utsalshus. Dette gjer konseptet unikt, og det er vel verdt å ta seg ein tur innom og oppleva stemninga og finna bokskattar.

Bilete av ei vindauge med utsyn til fjorden med bøker rundt, to bilete av fjell og landskap i Fjærland.
Ute og inne i Den norske bokbyen.

Bøker ein ikkje kan gå forbi

Det er dei beste bøkene, dei ein ikkje greier å gå forbi. I dette tilfellet heiter boka Nynorsk etymologisk ordbok av Alf Torp. Ho er frå 1963 og er akkurat passe sær og gamal. Her kjem eg nok til å finna mange ord du ikkje visste at du sakna.

Bilete av ei bok og ei handdokke
Kuppet mitt frå Bokbyen (i lag med eit par romanar av André Bjerke). Reven kjem frå Samlingsboksen.

Kva med å nytta ordet fjagla neste gong du skal kurtisera nokon? For kurtisera er jo eit ord du nyttar til dagen … Eller kvifor ikkje gleina (senda bistre blikk) på nokon neste gong dei irriterer deg?

Dette er nok ei bok du kjem til å høyra meir om på bloggen framover.

Ein unik stad

Som nemnt innleiingsvis, er Den norske bokbyen i Fjærland absolutt verdt eit besøk. I alle fall dersom du er over middels interessert i bøker. Reis på skattejakt du òg!

Bilete av eit stort, kvitt hotell, ei utsalsbu ved fjorden og hyllemeter med bøker.
Bokbyen og hotellet i bygda.

Heilt til slutt

Takk for at du var innom bloggen min i dag. Det er kjempekoseleg dersom du trykkjer på like- eller deleknappen under, eller om du legg att ein kommentar til meg. Elles ynskjer eg deg ein strålande dag vidare!

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

 

Avlange, flate, tunne plankar

No er det ei stund sidan sist innlegg. Opphaldet var ikkje planlagt, men somme tider vert det slik. Dagens innlegg handlar om ski. Mest fordi det er vår og eg er byrja å venta på neste sesong i fjellet, med varme dagar og fjellvatn.

Ski er jo noko dei fleste som har vokse opp i Noreg har eit forhold til. Sjølv hadde eg ein beste som var veldig glad i ski og som gjekk på treskiene sine til han var over åtti. Diverre går ikkje alltid skidugleik i arv, men ski har alltid vore ein del av vinterhalvåret for min del. Og sjølv om det skortar noko på dugleiken på plankane, så prøver eg, og det får vera det viktigaste. Moro er det i alle fall!

Ulike bilete av snølandskap
Bilete frå helgas High Camp på Turtagrø i Jotunheimen.
Ulike bilete av snølandskap og skispor.
Desse bileta er frå skiturar i Sogndalsdalen.

Ordet kjem frå det norrøne ordet «skið», som tyder «kløyvd ved(stykke)». På walisisk heiter det sgi, på spansk esqui og på italiensk sci. Ganske likt over heile fjøla, altså.

Sjølv om me i Noreg gjerne føler ein viss eigarskap til skiene, er det funne eldre restar etter ski både i Sverige, Finland og Russland. I Sverige, faktisk, det er noko å tenkja på. Det er òg funne holemåleri av jakt på ski i Kina. Truleg har ski vore eit framkomstmiddel i 10 000–20 000 år, men dei eldste som er funne i Noreg er om lag 5 000 år gamle, og er frå Nordland.

Noko eg tykkjer er litt interessant er at fram til 1700-talet var det vanleg å nytta ei ski på om lag tre meter saman med noko som vart kalla andoren, som måla om lag to meter. Den lange skia vart nytta til å gli på, medan andoren, som var kledd i skinn, vart nytta til å sparka ifrå med. Eg kan ikkje anna enn å undra meg over korleis det må ha vore å styra noko slikt. Anten må dei som nytta dei ha vore usannsynleg dyktige på plankane, eller så er det mogleg at eg hadde følt meg elegant i den flokken …

Takk for at du var innom bloggen min i dag! Eg set stor pris på besøk! Håpar innlegget var til nytte og inspirasjon for deg. Eg vert veldig glad dersom du trykkjer på like- eller deleknappen under her, eller legg att ein kommentar til meg! Uansett ynskjer eg deg ein fortreffeleg dag vidare!

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

Kjelder: Wikipedia og Norsk etymologisk ordbok av Yann de Caprona

Ord du ikkje visste at du sakna – føremiddagsmat

Eit ord eg gjerne skulle ha gjeninnført i det norske språket er «føremiddagsmat». Det er eit ord dei fleste har høyrt  og som mesteparten veit kva tyder (det seier seg vel eigentleg sjølv), men det har i dei seinare åra måtta vika plass for det engelske ordet «lunch». 

Midt på dagen

Rett nok har me fornorska det til «lunsj» eller «lønsj». Det er litt usikkert kva som er opphavet til dette ordet, men det kan stamma frå det mellomengelske «noneschench», som byggjer på «none» frå latinske «nona hora», som tyder den niande timen (ni timar etter den første timen i 3-4-tida etter dei gamle klosterreglane), og «schench», som tyder «skjenke». Altså eit måltid midt på dagen.

Egg, brød, bok, te og grønsaker, delt i fire bilete. Ein katt og ei fargerik leiketøyslarve er med.
Føremiddagsmat – husets katt og larva som aldri vert mett (frå Samlingsboksen) er med på måltidet.

Mellommåltid

Føremiddagsmat var nok opprinneleg eit mellommåltid mellom frukosten og middagen, og etter gamalt vart han nok innteken ganske tidleg på dagen.

Då eg gjekk på skulen, kalla me alltid maten me inntok der for føremiddagsmat. Det var jo som regel snakk om nokre brøskiver eller kjeks innpakka i ein matboks eller matpapir og ein tilhøyrande termos eller flaske.

Dei særs få gongene eg hadde gløymt å teke med meg maten er vel dei eg minnast best. Det verste var ikkje å gå utan mat, men at alle visste om det. Noko så flautt . . . Eg trur ikkje det hadde vore like pinleg om det hadde skjedd meg i dag.

Matpause

På dei fleste arbeidsplassane snakkar ein vel om lunsjpause i dag, sjølv om det enno finst dei som kallar det middagspause. Etter gamal bondeskikk vart jo middagen innteken seinast klokka tolv på dagen, noko som ikkje er så rart sidan dagane ofte byrja før klokka fem om morgonen.

Eg slår med dette eit slag for å gjeninnføra ordet «føremiddagsmat» i det daglege språket vårt. Det er lett forståeleg og litt retro, og det passar betre når me omtalar matpakka vår enn det «lunsj» gjer. Det er i alle fall mi meining.

Heilt til slutt

Takk for at du tok turen innom bloggen i dag! Det er supert om du trykkjer på like- eller deleknappen under dersom du likte innlegget. Eller om du legg att ein kommentar til meg. Elles ynskjer eg deg ein strålande dag vidare!

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

Kjelde: Norsk etymologisk ordbok – Yann De Caprona

Bokmelding: Stalker

«Det var ikke før det første liket ble funnet at man tok filmen på alvor»

Slik byrjar den femte boka i Joona Linna-serien. Det er den første boka eg har lese av kriminalserien til Lars Kepler, og sidan eg hadde høyrt ein del om desse bøkene på førehand, var eg spent på om eg likte ho.

Det som er litt interessant med forfattaren av desse bøkene, er at dei er to. Lars Kepler er eit pseudonym som forfattarekteparet Alexander Ahndoril og Alexandra Coehlo Ahndoril nyttar når dei skriv om Joona Linna.

Bilete av ei bok og eit gult telys i ein gul lysestake.
Stalker av Lars Kepler.

Kvifor i alle dagar byrja eg med den nyaste boka då eg skulle sjekka ut serien? Vel, akkurat det er litt tilfeldig – eg hadde gløymt å avtinga boka i bokklubben eg er med i, så ho dukka opp i posten. Då ho først var her, tenkte eg at ja, ja… Får byrja her då.

Boka byrjar med litt forvirring rundt kven som er i live og kven som er død av heltane og kjeltringane frå føregåande bøker. Sidan eg ikkje hadde kjennskap til desse frå før, forstod eg ikkje heilt kor viktig dette var før litt ut i boka. Av den grunn vil eg tilrå deg å byrja på byrjinga om du kan. Det går heilt fint å hoppa inn i handlinga slik som eg gjorde, men det er like greitt å byrja med den første boka når det er mogleg.

 

Bilete av nakne lauvtre i eit snølandskap.
Snø og påske høyrer saman, slik som krim og påske.

 

Det eg generelt sett ikkje likar så godt med kriminalromanar er at dei skildrar valdsscener og kjem med bloddryppande detaljar i hytt og pine. Men det går fint å mentalt halda seg for augo under desse skildringane og så gå vidare i handlinga. Kepler er flink til å gje gode bilete av karakterane, og du vert glad i dei du kretsar mest rundt, samstundes som du held ein distanse til personane, slik det er vanleg å gjera i kriminalromanar.

Noko anna som er gjort på ein god måte i boka, er dei kjappe sceneskifta og korleis spenninga vert bygd opp. Forteljaren vandrar frå hovud til hovud, og me får innblikk i kva offera og hovudpersonane tenkjer. På denne måten får me mange spennande brotstykkje å forhalda oss til, og me prøver å pusla dei saman så godt me kan. Det er ikkje alt som er like truverdig i det som skjer, men historia er såpass spennande at du greier å velja å ikkje hengja deg opp i det.

Frå boka – slik at du får eit inntrykk:

Politibetjenten som gikk inn for å forsikre seg om at offeret ikke kunne reddes, sitter i trappa til oppgangen ved siden av. Han er askegrå i ansiktet og mørk i blikket. Ambulansepersonell legger et pledd rundt ham og sjekker blodtrykket hans mens Adam snakker med ham.

Om du ser etter litt spenning og krim i kvardagen, kan eg tilrå denne boka. Eg hadde nokre underhaldande timar med Joona Linna.

Takk for at du tok turen innom bloggen min i dag! Eg vert glad for kommentarar eller om du trykkjer på like- eller deleknappen under. Kos deg med ei bok i dag, uansett kva for ei du måtte velja.

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

 

Bokmelding: Tilbake til Riverton

Sidan det er påske og, for mange, lesetid, tenkte eg at eg skulle dela nokre av favorittane mine på bloggen. Først ut er boka Tilbake til Riverton av Kate Morton.

Boka enda opp i bokhylla mi då eg vandra rundt i ulike bokhandlar i Oslo for nokre år attende, på jakt etter lett sommarlektyre. Eg fann boka på tilbod og ho vart kjøpt saman med Den glemte hagen av same forfattar. På den tida hadde eg ikkje høyrt så mykje om korkje bøkene eller forfattaren.

Bilete av ei bok.
Tilbake til Riverton av Kate Morton.

Kate Morton er ein australsk forfattar og sjangeren hennar er historiske romanar, blanda med litt krim/mysterie. Bøkene er oppbygde slik at du vekslar mellom fortid og notid heile vegen, og etter kvart som du les nøstar du opp mysterie. Fokuset ligg på menneske og korleis me oppfører oss i ulike situasjonar.

Etter at eg tilfeldigvis plukka opp Tilbake til Riverton den gongen, har dei bøkene som er komne etterpå òg fått plass i bokhylla mi. Eg har lese alle i engelske utgåver, og kan slik sett ikkje seia så mykje om dei norske omsetjingane, men språket og forteljingane er i alle fall flotte i dei versjonane eg har lese.

Handlinga i Tilbake til Riverton utspelar seg i fortid (særleg sommaren 1924) og i notid (1999), og kretsar rundt Grace Bradley, som var tenestejente i Riverton-hushaldet på den tida då Hartford-systrene Hannah og Emmeline budde der. Dei to glamorøse sosietetsdamene var velkjende i samtida, men har i seinare tid framstått som gåtefulle etter ei tragisk hending der ein ung poet tok livet sitt under ein av dei mange festane deira.

Mange år seinare, i 1999, held eit filmselskap på å laga film om hendinga. 20-åra verkar framleis som ein forførande draum, og kva er betre enn ei tragisk historie med mange lause trådar?

I samband med filmen vert Grace intervjua om tida då ho arbeidde i herskapshuset ved Riverton, og det spesielle bandet ho hadde til bebuarane, særleg Hannah Hartford.

Bilete av ein vassdam der du ser spegelbilete av himmelen og trea rundt.
Sola og trea speglar seg i ein dam eg vandra forbi på søndagstur.

«Last November I had a nightmare.»

I november hadde eg eit mareritt.

Dette er første setninga i boka, og er viktig fordi ho fører oss inn i handlinga (eg har skrive litt om kor viktig den første setninga i bøker er her). Me ser med ein gong at det er ein eg-forteljar, i tillegg vert me nysgjerrige på kva personen har drøymt om som var så fælt og kvifor det er så viktig at vedkomande fortel oss dette allereie under første møte.

Eg skal ikkje gå så mykje inn i handlinga i boka, dersom du ikkje har lese ho, men det eg likar er at ho, blant anna, gjev eit godt bilete av den historiske tida ho skildrar, og skilnaden på fattig og rik og elles samfunnet som var på den tida.

Det er også interessant å sjå korleis forfattaren skildrar menneskelege relasjonar og menneska i seg sjølve med både gode og dårlege sider.

Som menneske har me jo ein tendens til å døma folk utifrå handlingane me ser dei utfører, men som regel ligg det meir under overflata enn det me til ei kvar tid ser. Dette tykkjer eg kjem fint fram i denne boka, og i denne typen bøker generelt.

Elles likar eg at historia kjem fram litt etter litt gjennom at me går att og fram i tid, i staden for å følgja handlinga frå start til slutt. Det er litt det same som å leggja eit puslespel der biletet kjem fram etter kvart som dei ulike bitane kjem på plass.

Det eg likar aller best med boka er at ho er godt skriven. Med det meiner eg at forfattaren greier å uttrykkja kjensler og hendingar på ein veldig levande og samstundes reflektert måte. Eg vert overraska av tankane forteljaren gjer seg, og får eit glimt av livet i eit anna lys. Når eg les slike bøker, sit eg att med ei kjensle av at eg er vorten rikare på ord og erfaringar. Det er faktisk berre det som skal til for å endra livet til nokon bitte litt, og kor fantastisk er ikkje det?

 

Godt sitat frå boka (mi omsetjing):

Blikket mitt fanga jenta i spegelen ein augneblink, og eg tenkte at det var eit veldig alvorleg ansikt ho hadde. Det gjev ei uhyggjeleg kjensle, dei sjeldne gongene du heilt uforvarande får sjå eit glimt av deg sjølv. Ein uvakta augneblink, strippa for alt kunstig. Når ein til og med gløymer å lura seg sjølv.

 

Dersom dette høyrest ut som noko du kan lika, vil eg absolutt tilrå boka. Eg fekk meg nokre timar i ei anna verd då eg las ho, og det er jo ikkje akkurat feil.

Tusen takk for at du var innom bloggen min i dag! Lukka til med å finna boka som passar for deg akkurat no. Dersom du likte innlegget, vert eg utruleg glad om du trykkjer på like- eller deleknappen under. Eller kanskje du vil leggja att ein kommentar til meg. Eg tek gjerne i mot tips om bøker du meiner at eg bør lesa. Eg ynskjer deg ei triveleg lesestund og ein flott dag vidare!

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

 

Rosina i pølsa

Faste uttrykk har ofte opphavet sitt som eit språkleg bilete. Me nyttar noko handgripeleg frå kvardagslivet som ein metafor for noko større i livet. Etter ei stund set desse bileta seg fast i språket som ein klisjé eller som eit fast uttrykk. Etter ei tid er dei såpass inngrodde i språket at me ikkje lenger hugsar kvar dei kom ifrå.

Sidan me ikkje lenger hugsar kvar dei kom ifrå, er det ofte slik at tydinga av uttrykka endrar seg utan at me eigentleg forstår kva som skjer. Me veit berre nesten kva dei tyder, så me let det passera. På den måten får me faste uttrykk som ikkje alltid gjev så mykje meining. Dette har eg teke føre meg tidlegare her.

Bilete av eit vinterlandskap. Tre og ei elv.

Ei rosin?

Rosina i pølsa er eit døme på akkurat dette. Alle skjønar me at når nokon snakkar om rosina i pølsa, så meiner dei eit høgdepunkt. Noko eg sjølv har stussa over er den bokstavlege tydinga av ei rosin i pølsa. No er ikkje eg særleg glad i pølser i utgangspunktet, men eg er ikkje sikker på om eg hadde tykt det var noka gledeleg overrasking om det plutseleg dukka opp ei rosin inni der.

Mikroskopiske endringar

Det er likevel det det er snakk om – ei rosin som tradisjonelt vart putta inn i slutten av dei heimelaga pølsene som ei lita overrasking – ein ekstra god smak heilt på slutten. Då er ikkje dette det beste dømet på faste uttrykk som endrar tyding, meiner du kanskje. Det er heilt sant, men det som er interessant, slik eg ser det, er at tydinga av uttrykket endrar seg etter kvart som samfunnet endrar seg. Me snakkar ikkje lenger om rosina i pølsa berre som eit «gledeleg endepunkt». No til dags kan rosina eigentleg koma kva tid som helst i den biletlege pølseetinga. Det er desse mikroskopiske endringane som til slutt fører til at me får uforståelege faste uttrykk.

Sidan me i samfunnet i dag, i stor grad, er meir opptekne av høgdepunkta enn av kvardagen, tilpassar me språket etter det.

Heilt til slutt

Takk for at du var innom bloggen min i dag – stor stas! Legg gjerne att ein kommentar til meg under, eller trykk på like- eller deleknappen dersom du likte innlegget. Då vert eg veldig glad!

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug

Ord du ikkje visste at du sakna – fysak

I bloggen i dag skal me sjå på ord att. Det hender at me kjem på ord me ikkje har nytta på lenge, og som me har gløymt at me saknar. Tidlegare har eg teke føre meg apal og klopp, i dag skal me sjå på ordet fysak.

Ikkje at fysak er eit uvanleg ord i norsk daglegtale i dag, i alle fall ikkje om du har ei tilknyting til skulekvardagen, men då vert ordet ofte skrive med store bokstavar , og er ei forkorting for fysisk aktivitet.

Bilete av gras med rim på og eit vatn med is på.

Same ordet – ulike meiningar

Fysak, i den samanhengen som me skal sjå på no, har ingenting med fysisk aktivitet å gjera, og er litt meir uvanleg i dag enn det var tidlegare.

Fysak er ei litt negativ nemning for «fyr» eller «kar». Ein fysak er ein litt klossete fyr, og det mest vanlege er å nytta ordet i omtale av personen, ikkje direkte til vedkomande. Ofte er det nytta på ein litt fleipete måte som til dømes «Kvar er han fysaken?». Eg ville då ha tolka det som «Kvar er han typen/tullebukken?». Det varierer etter samanhengen kor negativt lada ordet eigentleg er, men det er ikkje ein udelt positiv ting å kalla nokon.

Ein eigen kontakt?

Då eg søkte litt rundt på nettet etter bruken av ordet fysak i dag, dukka det opp setningar som «Bli fysak-kontakt ved skolen vår» … Hmmm, fristande… «Vi er en fysak-kommune» … Ja vel … Takk for informasjonen, greitt å vita på førehand!

Heilt til slutt

Språket er i konstant endring, men det er kjekt å trekkja fram dei orda me ikkje nyttar så mykje lenger. Dersom du har nokre forslag til slike ord sjølv, er det supert om du legg att ein kommentar nedanfor. Elles vert eg veldig glad dersom du trykkjer på like- eller deleknappen under, dersom du sette pris på innlegget.

Eg ynskjer deg ein flott dag vidare, det er kjekt at du var innom bloggen i dag!

Me snakkast!

Klem,

Rønnaug